Jerusalem. Turminne frå Berge og Vassbø 2023, del 4

Familietur til Israel og dei palestinske områda

Vestmuren. Foto: Arne Berge 2023

Jerusalem er ein veldig interessant by å besøka. Gruppa vår avslutta sommarturen med eit opphald her. Byen blir rekna som ein heilag by innan jødedomen, kristendomen og islam.

Bildet over viser Vestmuren (Klagemuren), som er ein jødisk heilagstad. Det er den delen som ligg til venstre for gangbrua opp til tempelplassen, som fungerer som ein friluftssynagoge. Her gjekk me heilt inn til muren, samtidig som me opplevde høglydt jødisk bøneliv på nært hald.

Den ortodokse jødedomen er mykje meir synleg i bybildet i Jerusalem enn det me opplevde tidlegare på turen. Det neste bildet viser ein ortodoks familie på veg inn i Gamlebyen, like utanfor Jaffaporten. Ved muren står ei vogn der det er sal av brød krydra med zaatar.

Ved Jaffaporten i Jerusalem. Foto: Arne Berge 2023

Gamlebyen var også eit mål for oss. Me gjekk til delar av Via Dolorosa. Og me besøkte sjølvsagt Gravkyrkja, som truleg er bygd over Golgata og Jesu grav. Golgataklippa er bygd inn i sjølve bygningsstrukturen, slik at me går ei bratt trapp opp til kapella som ligg der.

Bogen mellom det latinske og det greske kapellet på Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Den delen av kyrkja som ligg rundt Jesu grav var prega av restaurering av golvet og dermed av arkeologisk arbeid då me var der. Det er interessant å sjå at kyrkja, som har ei lang og komplisert historie, nå blir grundig undersøkt og dokumentert. Men det gir sjølvsagt ei noko redusert oppleving å koma ein slik stad akkurat når den er ein arbeidsplass.

Det å koma til Gamlebyen i Jerusalem, er også å oppleva tronge og travle marknadsgater. Me konsentrerte oss om Muristan, eit område i det kristne kvarteret, like ved Gravkyrkja. Her hadde me lunsj og her fekk dei som ønska det, handla.

Me hadde også tilbod om seine kveldsturar etter middag på hotellet, for å oppleva folkelivet i byen på kveldstid. Ein kveld gjekk me i det arabiske Aust-Jerusalem, i Nablus Road og ved Damaskusporten, og langs bymuren opp til plassen som skil dei austre og vestre delane av byen. Ein annan kveld gjekk me i sentrum av det jødiske Vest-Jerusalem, i gågatene Ben Yehuda og Jaffa Street. Det var to veldig forskjellige kveldsturar som på ein interessant måte viser kor mangfaldig Jerusalem er.

Det store minnesenteret og museet over Holocaust var også eit viktig mål på turen. Staden gir mange sterke inntrykk. Eg tar med eit lite avsnitt frå ein artikkel eg har tatt vare på frå Stavanger Aftenblad.

Vil du prøve å forstå jødene og Israel – og menneskeheten – bør du dra til Yad Vashem. Mange har vært i Auschwitz og Birkenau eller andre tidligere konsentrasjonsleirer og forsøkt å ta tragedien inn over seg. Du slås til marken av ondskapens omfang og grundighet, men hvor lett er det til å trekke trådene til i dag? Yad Vashem gjør det. Derfor er det jødenes og Israels viktigste minnesmerke.

Harald Maaland i Stavanger Aftenblad 27.01.2006

Det er aldersgrense på 10 år i Yad Vashem. Me hadde derfor eit alternativt opplegg med tur til den bibelske zoologiske hagen for dei yngste deltakarane. Her hadde ei gruppe av barna saman med nokre tenåringar og foreldre ein kjekk tur der dei fekk sjå mange spanande dyr, som elefant, nashorn, krokodille og aper. Ja, Jerusalem byr på så mangt!

Frå Biblical Zoo, Jerusalem. Foto: Inger Bakke Berge 2023

Ein morgon var me oppe på Mount Scopus og såg den flotte utsikta over Jerusalem. Her er det mogleg å sjå samanhengen mellom Oljeberget, Kedrondalen og byen, og dette gir eit interessant perspektiv til mange bibeltekstar knytt til Jesu opphald i Jerusalem.

Me besøkte også Getsemanehagen ved foten av Oljeberget. Her hadde me ei andaktssamling i den «private» hagen.

Herren velsigne deg og vare deg. Foto: Inger Bakke Berge 2023

Etterpå gjekk me inn hagen med dei store og spesielt gamle oliventrea, og vidare inn i den store Alle Nasjonars kyrkje. Denne kyrkja blir også kalla Basilica of the Agony (smerte). Framfor altaret er det ein stor flat stein som etter tradisjonen er staden for Jesu bønekamp.

Eg sluttar denne serien med notat frå sommarturen til Israel og dei palestinske områda her i Getsemane. Samtidig minner eg om orda i Salme 122, som er ein salme som i gamal tid spesielt blei brukt under reisene til Jerusalem i samband med dei store høgtidene. Salmen set ord på gleda over å koma til denne staden, og inneheld samtidig ei viktig oppfordring til bøn. Les gjerne heile denne teksten i Bibelen din!

Ein song til festreisene. Av David.
        
          Eg vart glad då dei sa til meg:
          «Vi vil gå til Herrens hus.»
          
     2 Føtene våre står
          i portane dine, Jerusalem.

(…)

    6 Bed om fred for Jerusalem!
          Må dei som elskar deg, leva trygt!
          
     7 Må fred råda innanfor dine vollar,
          tryggleik i dine borger!
          
     8 For mine brør og vener skuld
          vil eg seia: «Fred over deg!»

Salme 122, bibelen.no

Les heile serien om turen:

Jordandalen, Judaørkenen og Betlehem. Turminne frå Berge og Vassbø 2023, del 3

Familietur til Israel og dei palestinske områda

Dødehavet sett frå Masada. Foto: Arne Berge 2023

Ekstrem natur, interessante stadar og spesielle opplevingar. Det er stikkord for notata frå turen ned gjennom Jordandalen til Dødehavet og vidare gjennom Judaørkenen. I denne samanhengen er det også naturleg å ta med besøket i Jesu fødeby Betlehem, som ligg i utkanten av Judaørkenen.

Mens me ennå var i det frodige landskapet sør for Gennesaretsjøen, stoppa me ved dei varme kjeldene i Sachne ved Beit Shean. Her er vatnet 27 gradar året rundt. Nå om sommaren kjennest det faktisk godt og avkjølande. I parken rundt bassenga og fossane er det mogleg å finna skugge, og dette er derfor ein populær stad for bading og avslapning, ikkje minst for den lokale befolkninga.

Varme kjelder i Sachne / nasjonalparken Gan Hashlosha. Foto: Arne Berge 2023

Reisa vidare nedover Jordandalen følger Jordanelva, og sør for Beit Shean køyrde me inn på den palestinske Vestbreidda. Me stoppa ved Qasr al-Yehud og gjekk heilt ned til elva. Her blei Jesus døypt av Døyparen Johannes, – det er i alle fall her gamle tradisjonar seier at det skjedde.

Folk frå heile verda kjem til Qasr al-Yehud, Jesu dåpsplass. Foto: Arne Berge 2023

Me brukte besøket ved dåpsplassen til å minna kvarandre om vår eigen dåp. Etter at me hadde lese om Jesu dåp og vår dåp, kunne dei som ville koma fram til Eva og meg som stod ute i elva. Me tok vatn frå elva og teikna dei som kom fram med eit kors av vatn på handa. Samtidig sa me: Eg teiknar deg med det heilage korsmerket, for at du skal huska at du er døypt og tilhøyrer den korsfesta og oppstadne Jesus Kristus.

Dette var det me hadde planlagt å gjera på staden. Men det skjedde meir her! I det me var ferdige med dåpspåminninga, kom to damer med ein gamal mann i rullestol. Den eine dama, som var ortodoks nonne, bad om hjelp til å løfta mannen ut i elva. Og fem sterke mannfolk (vaksne og tenåringar) frå gruppa vår blei dermed med som hjelparar då mannen blei døypt! Etter dåpen fekk me vita at han var 90 år og kom frå Ukraina.

Dåp i Jordanelva. Foto: Arne Berge 2023

Det var nonna som døypte han ved å ausa vatn tre gonger over hovudet. Ho kalla han Abba. Kanskje var han faren hennar? Eller kanskje det var ei respektfull form for tiltale til den gamle? Gruppa vår blei kyrkjelyden som stod rundt og skapte fellesskap rundt dåpshandlinga. Me stod der i undring og respekt for det som skjedde. Då me gjekk opp frå elva etter dåpen, song me. Laudate omnes gentes, laudate Dominum. Syng lovsong heile jorda, syng lovsong for vår Gud. «Eg sluttar aldri å forundra meg over det spesielle som skjer, dei flotte opplevingane me får utan at dei er planlagde.» Omtrent slik ordla ei i reisefølget seg seinare på turen, då det blei snakka om denne dåpen.

Jordanelva er i dag langt frå imponerande, men den er viktig og har stor symbolkraft (les meir). Den inneheld visstnok nå bare 2 % av vassmengda som var der så seint som på 1950-talet. Og vatnet i elva er i dag dessverre brunt av forureining. Kanskje denne økologiske situasjonen er noko Israel, Palestina og Jordan ein gong i framtida kan gjera noko med i eit felles prosjekt? Ja, av og til drøymer eg slik!

Her er eit gamalt bilde som viser elva i 1894, då det var mykje meir vatn:

Jordanelva i 1894. The New York Public Library

Etter sterke opplevingar ved dåpsplassen køyrde me vidare til Dødehavet. Innsjøen ligg meir enn 400 muh, og er den lågaste staden på jorda. Me hadde lunsj i Qumran, der Dødehavsrullane blei funne. Overnatting hadde me i Ein Bokek i sørenden av sjøen. Der var me tilbake i Israel etter reisa gjennom Vestbreidda. Ein Bokek har fine strender og dermed var det freistande å bada i det spesielle vatnet. Eit bad i Dødehavet er ei underleg oppleving. Vatnet er mineralrikt og det inneheld meir enn 30 % salt. Nokre syns det er heilt fantastisk å bada der, andre vil helst opp på landjorda etter kort tid i vatnet!

Neste dag drog me til Masada, den mektige fjellborga som kong Herodes bygde. Staden er berømt for kampen dei jødiske opprørarane kjempa mot romarane etter at Jerusalem hadde falle i år 70. Bildet i starten av dette notatet viser den storslåtte utsikta frå Masada. Firkanten me ser nede i ørkenen er arkeologiske restar etter éin av dei romerske militærleirane under beleiringa av borga. Me gjekk ned frå fjellet ved rampen som romarane brukte då dei erobra staden, og reiste vidare til beduinleiren Kfar Hadokdim. Og etter mottaking og lunsj hos beduinane, venta ein tur ut i ørkenen på kamel!

Kamelturen var flott, men på ettermiddagen fekk me ei krevjande oppleving. Airconditionen i bussen svikta på veg til Jerusalem, det var ca 35 grader ute og etter kvart var me midt i eit trafikk-kaos på veg inn i byen! Me køyrde med opne luker i taket og tok ekstra is- og bruspause. Situasjonen gjorde at me måtte snu litt på programmet og reisa direkte til hotellet, der me visste det var basseng! Heldigvis fekk sjåføren fiksa problemet til neste dag.

Den siste dagen på turen var me på dagstur frå Jerusalem til Betlehem. Det er ikkje langt, bare ca 10 km frå sentrum til sentrum. Jesu fødestad har naturleg nok ein heilt spesiell posisjon i vår kristne kulturkrets. På Jesu tid var dette ein liten jødisk landsby med ei stolt historie knytt til David og med profetiar som knytte Messias til staden. I dag er Betlehem ein palestinsk by på Vestbreidda, med blanda befolkning av kristne og muslimar.

Me reiste først til Hyrdemarkene. Her song englane det som har blitt utgangspunkt for lovsongen i kristne kyrkjer over heile verda: Gloria in excelsis Deo, ære vere Gud i det høgste. Me samla oss om juleevangeliet og song julesongar, sjølv om det var midt på sommaren. Det var tid for refleksjon omkring Jesu fødsel.

Hyrdemarkene utanfor Betlehem. Foto: Inger Bakke Berge 2023

Vidare reiste me opp til sentrum i Betlehem, der Fødselskyrkja ligg som eit stort kyrkje- og klosteranlegg. Det var heldigvis relativt lite folk der, og me kunne gå ned i Fødselgrotta under hovudaltaret i den gresk-ortodokse kyrkja. Her fann me sølvstjerna med innskrifta Hic de Virgine Maria Jesus Christus natus est (her blei Jesus Kristus født av jomfru Maria). Og her song me julesongen Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom.

Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderom,
der samles mine tanker
som i sin hovedsum.

Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme,
velsignet julenatt!

Tekst: Hans Adolph Brorson. Norsk salmebok nr 38, vers 1

Så gjekk vegen vidare til eit lite prangande lokale i utkanten av Betlehem. Der hadde me avtalt å besøka Immanuel Evangelical Church. Me møtte pastoren og eit par unge medarbeidarar. Dei hadde laga lunch. Og etter maten hadde pastoren ein utfordrande tale om visjonen deira og om å vera kristen på Vestbreidda i dag. Det gjorde sterkt inntrykk å høyra bodskapet hans og det var ikkje vanskeleg å ta imot oppfordringa til forbøn for den kristne minoriteten i dei palestinske områda.

Ved inngangen til Immanuel Evangelical Church i Betlehem. Foto: Arne Berge 2023

Les heile serien om turen:

Galilea og Gennesaretsjøen. Turminne frå Berge og Vassbø 2023, del 2

Familietur til Israel og dei palestinske områda

Frå Saligprisingsfjellet ved Gennesaretsjøen. Foto: Arne Berge 2023

Gruppa vår var tre dagar i Galilea. Me besøkte fleire av dei stadane der Jesus levde, stadar som er kjende frå Det nye testamentet. Dessutan hadde me flotte naturopplevingar i området rundt Gennesaretsjøen.

Først brukte me ein del tid i Nasaret. Her vaks Jesus opp, og her budde han det meste av livet sitt. Han var så knytt til staden at han seinare i livet, då han truleg var kjend i heile landet, blei kalla Jesus frå Nasaret.

På føremiddagen var me i Nazareth Village, ein park midt i byen. Der har evangeliske kristne på ein fin måte gjenskapt Nasaret på Jesu tid. Det blir tatt utgangspunkt i at arkeologar har funne restar etter jordbruk frå det første hundreåret på staden. Så har ein bygd vidare på dette og laga hus og verkstadar slik ein tenker seg dei kan ha vore på Jesu tid. Me fekk sjå vinpresse og olivenpresse, møta vevaren «Maria» og bygningsarbeidaren «Josef». Den lokale guiden utnytta mange bibeltekstar i guidinga, for ikkje å seia forkynninga si. Turen enda opp i synagogen, der me høyrde om Jesu besøk i synagogen i Nasaret. Etter dette hadde me «bibelsk lunsj», det vil seia kylling, linsesuppe, salat, krydderblanding og brød.

Etter dette reiste me til Bodskapskyrkja (eller Bebudelseskirken) som er bygd der tradisjonen seier at Maria fekk bodskapet om at ho skulle bli Jesu mor. Ordet blei menneske og tok bustad mellom oss, står det på latin på fronten av kyrkja. Inne er det ei stor samling bilde frå heile verda av Maria med Jesusbarnet. Det underlege er at Maria og Jesus blir teikna heilt forskjellig i ulike kulturar. Her er asiatiske, latinamerikanske, europeiske og afrikanske Maria’er og Jesusbarn. Me blir minna om at også me har våre Jesusbilde! Det var spesielt og fint å knela stille ned saman med barna og ungdomane rundt grotta under kyrkja, og tenka på dette at Jesus verkeleg blei ein av oss.

Slik kunne eg fortsatt! Kvar stad me besøkte, har si historie. Det er både dei bibelske tekstane, som me ofte las på staden, og dei ulike historiske laga av kultur og tradisjon som har forma stadane. Eg syns dette er veldig interessant, og håper å ha fått formidla noko av gleda ved dette til deltakarane på turen.

Det første synet av Gennesaretsjøen var spesielt. Me stoppa bussen på ein avkøyrsel i høgda over sjøen, og såg utover landskapet som er så sentralt i NT. Her hadde me ei kort samling knytt til det at Jesus flytta frå Nasaret til Kapernaum ved sjøen då han begynte si offentlege gjerning. Me snakka litt om sjøen og landskapet, og spørsmålet kom sjølvsagt: får me lov å bada i denne sjøen? Ja, heldigvis, me får faktisk det!

For oss kristne er området rundt Gennesaretsjøen sterkt knytt til Jesus. Nokre kallar den «søndagsskolesjøen». Men for den vanlege israelar, som ikkje har eit forhold til NT, er dette ein heilt vanleg sjø. Den er likevel uhyre viktig for landet, fordi ferskvatn er så viktig. Samtidig er landskapet rundt sjøen eit frodig og landleg område, der også israelarar reiser på ferie.

I Kapernaum ved Gennesaretsjøen. Foto: Inger Bakke Berge 2023

I dagane me var der, køyrde me rundt heile sjøen og me besøkte Kapernaum («Jesu eigen by»), Saligprisingsfjellet, Magdala og stranda ved Tabgha, der Jesus skal ha møtt disiplane etter oppstoda. Me las relevante bibeltekstar. Me såg på kyrkjer og natur, – og på restar etter tidlegare kulturar. Nokre stadar delte me oss opp, slik at dei yngste fekk ei tilpassa formidling og slapp å høyra om historie og arkeologi.

Slike stadar blir på ein måte bibeltekstane jordfesta! Kor var det for eksempel Jesus lærte folket om brødet frå himmelen, etter at han hadde metta fem tusen? Evangelisten Johannes fortel: «Dette sa han medan han underviste folket i synagogen i Kapernaum.» (Joh 6,59).

Me var også på båttur på sjøen. Her las me om då Jesus stilte stormen og då han gjekk på vatnet. Etterpå dansa me israelsk folkedans på dekket. Stemninga var ganske høg, kan me seia.

Ein dag var me oppe på Arbelfjellet, som ligg ca 400 meter over sjøen. Her hadde me både utsikt og oversikt over det bibelske landskapet. Me hadde også lagt inn fottur ned frå fjellet for dei som ønskte det. Me gjekk ned ein bratt stig og fekk sjå dei flotte Arbelklippene på nært hald. Dei fleste var med på turen, som tok ca halvannan time. Men nokre tenkte det var best å la vera å gjera slikt i det veldig varme veret.

På veg ned frå Arbelfjellet ved Gennesaretsjøen. Foto: Inger Bakke Berge 2023

Sjølv om me opplevde mykje desse dagane, passa me på å koma tilbake til Maagan Holiday Village, der me budde, tidleg på ettermiddagen. Her var det godt å vera, anten me ville bada eller finna skugge. Maagan er ein flott stad med grassletter, palmar og blomar. Det er låge rekkehus som me budde i, eit fint bassengområde og eigen strand i Gennesaretsjøen. Her var det rom for trening og bad før frukost, men på dette punktet må eg innrømma at eg melde pass! Her hadde me mørke og varme kveldar der barn og ungdom leika seg med fotball og annan aktivitet. Og seint på kvelden samla me oss på eit nes, med bølgeskvulp rundt oss og magisk belysning av området rundt sjøen. Galilea leverer!

Maagan Holiday Village ved Gennesaretsjøen. Foto: Arne Berge 2023

Les heile serien om turen:

Kor er bagasjen? Turminne frå Berge og Vassbø 2023, del 1

Familietur til Israel og dei palestinske områda

Stranda i Netanya. Foto: Arne Berge 2023

Eg har nyleg kome heim frå ti dagar på opplevingstur med ei super gruppe som fungerte veldig bra! Turen var ein familie- og vennetur der alle kjente mange frå før, men ingen kjente alle. Eg var reiseleiar saman med Inger, kona mi, og kollega Eva Vassbø. Det var Eva som hadde fått med seg folka på turen. Over halvparten av deltakarane var barn og unge i alderen 5-22 år, og dei fleste av desse var tenåringer. Totalt var me femti personar.

Turen begynte dårleg! Då me hadde kome oss gjennom passkontrollen i Tel Aviv, viste det seg at koffertane ikkje var blitt med på flyet frå Warszawa. Femti personar utan bagasje, og eit «lost & found»-system som var manuelt og treigt! Tre timar seinare kunne me omsider forlata bagasjehallen og setja oss på bussen til første stoppestad, Netanya. Men allereie denne første kvelden viste kvaliteten på gruppa seg. Humøret og forventingane var på plass, heile tida.

Me hadde heldigvis sett av heile den neste dagen til avslapning i badebyen Netanya ved Middelhavet. Dermed hadde me tid til å besøka eit handlesenter og gjera nødvendige innkjøp før me landa på stranda og fekk nyta sanden og havet. Slike gonger er det godt å ha gode ordningar i reiseforsikringa!

Ei lita gruppe i gruppa hadde planlagt å bruka også denne dagen til å suga inn historie og kultur. Dei hadde bede om ein ekstra dag med guide, og fekk ein flott tur til Akko og Cæsarea, litt lenger nord langs kysten. Trass i komplikasjonane gjennomførte dei dette etter ein rask visitt innom handlesenteret. Og jammen kom dei ikkje tilbake og fekk seg ein dukkert i Middelhavet, før me alle var samla til Bli-kjent-samling og middag.

Eg kjem tilbake til inntrykk frå resten av turen, men kan allereie nå seia at me hadde gode dagar saman i Galilea, Jordandalen, Judaørkenen og Jerusalem. Turen var på ein måte bibel- og trusopplæring for barn, ungdom og vaksne. Og me bada kvar dag, i Gennesaretsjøen og Dødehavet, i varme kjelder og i bassenga på hotella. Dessutan: Kvar gong eg er i det heilage landet, lærer eg noko nytt. Både om bibel- og kulturhistoria, og om det samansette samfunnet i landet i dag.

Bagasjen fekk me forresten levert på hotellet i Netanya, ca 22 timar forsinka. Heldigvis!

Gå i fred stod det på store oppslag på stranda, på hebraisk, engelsk og arabisk. Eit fint og bibelsk uttrykk å ta med seg på turen vidare frå Netanya.

Les heile serien om turen: