Museum ved Vestmuren?

Det er planlagt eit nytt museum like ved Vestmuren/Klagemuren i Gamlebyen i Jerusalem. Utfordringa er at det under bakken der bygget skal reisast, ligg flotte restar etter ein romersk hovudveg. Ved bygging av det planlagte museet, vil det bli umogleg å arbeida vidare med desse funna frå romersk tid. Det er derfor strid blant arkeologarLes meir «Museum ved Vestmuren?»

Landsmøte i Israelsmisjonen

Denne veka skal eg delta på landsmøte i Den Norske Israelsmisjon i Stavanger. Organisasjonen inviterer til dagar med fellesskap, fornying, lovsong, livsglede, visjon og misjon. Tema for dagane er Løft blikket! Eg har tidlegare skrive mykje her på bloggen om engasjementet mitt i DNI. Eit av dei første innlegga her på bloggen (i januar 2005)Les meir «Landsmøte i Israelsmisjonen»

Apostelportrett frå ca 400

Det er i dag blitt kjent at det er funne portrett av apostlane Andreas, Johannes, Peter og Paulus i St. Tecla-katakomben nær Pauluskyrkja, like utanfor bymuren i den gamle delen av Roma. Bileta blir datert til siste del av 300-talet eller første del av 400-talet. Dette er dermed dei eldste kjente bileta av apostlane. ReutersLes meir «Apostelportrett frå ca 400»

Synagogen (?) i Magdala

Ein av dei store nyheitene i bibelsk arkeologi i fjor, var funnet av ein synagoge i Magdala ved Gennesaretsjøen. Nå blir det stilt spørsmål ved om det som er funne, verkeleg var ein synagoge. Bloggaren Tom Powers meiner det er gode grunnar for å stilla spørsmålsteikn ved synagogeteorien: However, I must ask certain questions about theLes meir «Synagogen (?) i Magdala»

Utgravingar i Omrit 2010

Dei arkeologiske utgravingane held nå i juni 2010 fram i Omrit nær Cæsarea Filippi, nord i Galilea. Her er det blant anna funne eit interessant tempel. Utgravingane har sin uoffisielle blogg som også har bilder frå staden, sjå Omrit 2010. Jerusalem Post skreiv i fjor om at dette kunne vera eit tempel bygd av HerodesLes meir «Utgravingar i Omrit 2010»

Kartveit om politisk arkeologi

Professor Magnar Kartveit, MHS, har i dag (17.06.2010) ein kommentarartikkel i Stavanger Aftenblad (papiravisa) om politiseringa av arkeologien i Israel. Han brukar arkeologen Eilat Mazar sine funn (her), som veldig tydeleg og truleg ganske ukvalifisert blir knytt til kong David, som eksempel. Samtidig refererer Kartveit til korleis ein annan kjent israelsk arkeolog, Israel Finkelstein, tenkjerLes meir «Kartveit om politisk arkeologi»

Katolske eigedomar i Israel

Den katolske kyrkja har mange interessante eigedomar i Israel og dei palestinske områda. For staten Israel er ikkje dette uproblematisk. Det har derfor vore ført krevjande forhandlingar omkring desse eigedomane gjennom fleire år. Eg har tidlegare skrive om Nattverdssalen på Sionhøgda i Jerusalem, ein av dei stadane som verkeleg skapar problem. Her har israelarane lagtLes meir «Katolske eigedomar i Israel»

«The time of Jesus»

Eg pleier naturleg nok å nytta uttrykket på Jesu tid når eg skriv om forhold i Israel og dei palestinske områda i første halvdel av det første hundreåret. I israelsk samanheng er det meir vanleg å kalla perioden det andre templets tid eller romersk tid. Derfor syns eg det er interessant at den israelsk avisaLes meir ««The time of Jesus»»

Ei helg i Selje

Selje var målet for oss som var på pilegrimsreise nordover langs kysten frå Stavanger. Me hadde ei flott helg her på og ved Stadlandet. På søndagen var me på tur ut til den litle øya Selja som er ein viktig stad for den eldste kyrkjehistoria vår: Øya er knytt til tradisjonen om Sta Sunniva ogLes meir «Ei helg i Selje»

Kinna-kyrkja

Me hadde mange flotte opplevingar på pilegrimsreisa vår langs kysten frå Stavanger til Selje. Eit av dei absolutte høgdepunkta var besøket på Kinn, ei øy med åtte fastbuande langt ute mot havet utanfor Florø. Den gamle kyrkja frå 1100-talet er heilt spesiell, og her blei me tatt imot på ein måte som gjorde inntrykk! HeileLes meir «Kinna-kyrkja»

Frå Stavanger til Selje

Eg har i kveld kome heim frå ei pilegrimsreise langs kystleia frå Stavanger til Selje. Nokre vil kanskje undra seg over at eg kallar denne turen ei pilegrimsreise, for eg har ikkje gått så mykje. Det har derimot vore ein tur med mykje kollektivtransport (i båt) og kanskje er det rettare å seia at egLes meir «Frå Stavanger til Selje»