Monumentet på Hattins horn

04/07/2017

Heilage stadar bør bli vist respekt av alle menneske, uavhengig av religion. I særleg grad gjeld dette kyrkjer, synagogar, moskear og andre gudshus. Men eg syns også at andre og mindre monument bør få stå i fred. Det er naturleg for meg å respektera andre religionar sine heilage stadar. Og eg forventar som kristen tilsvarande respekt tilbake.

Det var derfor ein skuffelse å koma til det kristne monumentet ved Hattins horn då eg gjekk fottur på Jesus trail i mai 2017. Eg hadde ikkje vore på staden sidan hausten 2013. Staden var blitt endra på desse åra ved at det var sett opp eit nytt monument, ein svart stein som etter mitt skjøn ikkje passa inn i terrenget slik det gamle monumentet gjorde. Mi vurdering av dette er likevel uvesentleg. Det som gjorde meg trist var at det var gjort grovt hærverk på det nye monumentet, slik at all tekst var uleseleg.

Det er truleg brukt vinkelslipar eller liknande for å gjera teksten uleseleg. Eg syns det er veldig trist at nokon kan gjera noko slikt. Eg veit ikkje kven som har gjort dette og vil ikkje spekulera i kven det kan ha vore.

Eg har tidlegare skrive om staden i notatet Jesus på fjellet Hattins horn? Her er det bilde av det gamle monumentet (tatt i 2012). I dette notatet skriv eg om tidlegare teoriar om at det var her Jesus heldt bergpreika. Eg har også med nokre sitat frå litteratur knytt til staden og til temaet. La meg med ein gong ta med at for meg blir dette spekulasjon. Eg syns likevel det er interessant at kristne har knytt Jesus til staden.

Då eg skreiv dette tidlegare notatet, kjende eg ikkje historia til staden. Det viser seg at det er ei internasjonal pinsekyrkje som i 1962 sette opp det første monumentet og som i 2014 erstatta dette med eit nytt. Informasjonen om dette har eg funne på nettsida Israel and You. Nettsida har bilde både av det gamle og det nye (før det blei vandalisert) monumentet. Denne kyrkja lokaliserer visstnok framleis Jesu bergpreike til denne staden, slik det for 100 år sidan var meir vanleg å tenka.

Det er sikkert ulike meiningar om slike monument skal få stå i ein nasjonalpark. Og det kan sikkert også diskuterast om eit slikt monument treng reknast som «ein heilag stad». Eg meiner likevel at ein skal respektera eit religiøst monument og la det få stå i fred, på same måte som eg meiner at kyrkjer, synagogar og moskear skal visast respekt, jfr Universal Code of Conduct on Holy Sites:

The Universal Code maps out a practical code of conduct and policy for sacred places worldwide, aiming to improve the protection of holy sites and promote inter-religious reconciliation. Completed in 2011 after a three-year development process, the Universal Code is now endorsed by senior religious leaders from over ten faiths and numerous religious institutions. Field projects implementing the Universal Code in local contexts are being implemented in several countries around the world.

Les meir


På Hattins horn

27/03/2017

Bilde #9 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 391

Dette bildet viser terrenget på Hattins horn, eit vulkansk fjell i Galilea. Det me ser her, er det som kan minna om eit krater.

Staden er kjent for slaget som stod her 4. juli 1187 mellom Saladin og korsfararane. Saladins hær vann ein knusande siger som fekk stor historisk tyding. Den som har lese Jan Guillou sin trilogi om Arn, kan nok sjå for seg dette slaget!

På 1800-talet var det vanleg å seia at det var her Jesus heldt Bergpreika. Sjå notatet Jesus på fjellet Hattins horn?

Den fire dagar lange pilegrimsløypa Jesus trail går over Hattins horn. Her er det ein flott utsikt over store delar av Galilea. Neste notat i denne bildeserien skal visa noko av utsikta.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


Jesus på fjellet Hattins horn?

18/03/2017

Bilde #8 frå vandringa på Jesus trail

Konstruksjon med bibelsitat, Hattins horn 2012

Bildet er tatt i bakkane opp på Hattins horn i Galilea. Eg kjenner ikkje historia til desse murane, men eg har forstått at det på 1800-talet var relativt vanleg å seia at Jesus heldt Bergpreika på dette fjellet. Murane var truleg ikkje reist i 1863, då den norske skuleleiaren Volrath Vogt reiste i området. Han skreiv seinare om tradisjonen som knytte Jesus til staden, utan å omtala byggverket.

På muren står det ein tekst frå Markusevangeliet, på hebraisk og gamal engelsk:

Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. (Mark 3,13)

Det at dette skjedde på «fjellet», har ei viss teologisk tyding. Det er mange viktige bibelske hendingar som skjer til fjells. Men det er ikkje mogleg å seia kva fjell det skjedde på. Teksten frå Mark 3 om kallinga av disiplane fortel elles om ei anna hending enn den såkalla Bergpreika. I dag blir gjerne Bergpreika knytt til den katolske eigedomen på «Mount of Beatitudes», eit høgdedrag nær Gennesaretsjøen.

Den merka pilegrimsruta Jesus trail går over Hattins horn, på dag 3 frå Kibbutz Lavi til Moshav Arbel. Stien passerer murkonstruksjonen på bildet. Denne må vera bygd av kristne som knytte Jesus til dette fjellet. Dette blir etter mitt skjøn spekulasjon, sjølv om Jesus heilt opplagt må ha vore godt kjent i området. Når han gjekk mellom Nasaret og Kapernaum, var Duedalen den mest naturlege vegen å gå i bakkane på vestsida av Gennesaretsjøen. Då var han ikkje langt frå Hattins horn.

Mange bibelske tekstar kan meir eller mindre sikkert knytast til kjende stadar. Eg syns det er interessant å oppsøka desse stadane. Men eg syns også det er interessant å sjå koss folk har lokalisert bibeltekstar når det ikkje er haldepunkt for dette. På Hattins horn har ei slik lokalisering blitt festa til staden gjennom ein fysisk konstruksjon ute i terrenget. Likevel er det få kristne pilegrimar som oppsøker dette fjellet, som eigentleg bare er eit høgdedrag, når dei er på reise i Israel.

Eg har skrive om Hattins horn før (her og her). Nå har eg nyleg kome over litt meir informasjon om den gamle tradisjonen som knyter Jesus til staden.

Den nemnte Vogt skreiv nøkternt om dette «sagnet»:

Hornene ved Hattin. Saa kaldes, efter Byen Hattin i Nærheden, to «Horn» eller Bjergknauser, som hæve sig 60 Fod op af en Slette, der ligger omkring 1100 Fod over Gennesarets Sø og 500 over Havet. De kaldes ogsaa Salighedernes Bjerg, da efter Sagnet Jesus derfra holdt Bjergprædikenen, hvis 9 første Vers begynde med : «Salige ere». Da Sagnet først omtales af Brocardus (1283), er det rimeligvis opkommet blandt Latinerne under Korstogene. Det godkjendes ikke af den græske Kirke.

Fotnote til opplysningen om Brocardus: Brocard. 4,7

Volrath Vogt: Det hellige land. Kristiania 1879. Side 28 (les om boka her)

Elles har eg funne ein omtale av tradisjonen i ei original (men ikkje vitskapleg) bok frå 2009. Denne boka argumenterer faktisk for at Jesus heldt Bergpreika på Hattins horn!

Before the Church of the Beatitudes was built in 1938, most Christians considered the Horns of Hattin to be the place where Yeshua (Jesus) taught the Avinu Prayer (Fadervår) as part of the Sermon on the Mount. A traveler who visited the Horns of Hattin in 1905 referred to it matter-of-factly as the «mountain or hill … known to the pilgrims as the Mount of the Beatitudes.» Even the Catholic Encyclopedia, published in 1913, identifies the Horns of Hattin as the traditional Christian site of the Sermon on the Mount. For generations, Christian pilgrims used to walk to the Horns of Hattin from Tiberius …

Gordon and Johnson: A Prayer to Our Father. Hebrew Origins of the Lords Prayer. Side 76.

(Boka har fotnotar med referansar til tekstane frå 1905 og 1913. Eg har sjølv lagt til parentesane som forklarar dei hebraiske orda i teksten.)

Sjå oversikt over heile bildeserien her.

Oppdatering juli 2017: Det viser seg at monumentet blei sett opp av ei pinsekyrkje i 1962. Det blei erstatta av eit nytt monument i 2014. Nå i 2017 er dette nye monumentet dessverre vandalisert. Les meir i notatet Monumentet på Hattins horn.


Jesus på Hattins horn?

22/07/2014

Notat til dagens tekst: Mark 3,13-19

I skråninga opp til Hattins horn i Galilea er det sett opp ein murkonstruksjon med teksten frå Mark 3,13 på hebraisk og gamal engelsk. Kanskje nokon har meint at det var her Jesus var då han kalla disiplane til seg?

Det Markus skriv, er at Jesus valde ut dei tolv næraste disiplane sine på eit fjell. Geografisk er det sjølvsagt ikkje mogleg å lokalisera dette. Men teologisk har det si tyding, med tanke på alle dei viktige bibelske hendingane som skjer på ulike fjell.

Her har eg skrive om Hattins horn og om ein teori frå 1800-talet om at det var her Jesus heldt Bergpreika. Etter mitt skjøn blir dette rein spekulasjon, men det er interessant å tenkja gjennom korleis folk til ulike tider har knytt enkelttekstar i Bibelen til konkrete stadar.

Oppdatering 24.01.2016: Caspari Center Media Review 22.01.2016 viser faktisk til ein israelsk artikkel som omtaler Hattins Horn som ei mogleg lokalisering av Bergpreika!

Status HaTzafon, January 1, 2016
This article protests the planning of a housing project on the southern slope of Karnei Hittin, as it is not only the location of famous battles such as the Crusader defeat by Saladin in 1187, but also one of the possible locations of the Mount of Beatitudes.

Les meir om fottur over Hattins Horn her.

Her er nokre bilder frå staden:
Galilea 2012 373
Galilea 2012 371
Galilea 2012 374


Hattins horn

23/09/2012

Notat frå Jesus trail IV

Sjølv om Hattins horn ikkje hever seg så høgt over slettelandet, er det ei utruleg flott utsikt over store delar av Galilea frå fjellet. Turløypa Jesus trail går over den vulkanske toppen, og her spanderte Inger og eg på oss ein lang pause då me gjekk der i sommar, sjølv om det var tidleg på dagen og sola ikkje hadde begynt å ta skikkeleg i (så det hadde også vore fint å gå vidare). Rundt oss sprang nysgjerrige fjellgrevlingar.

Hattins horn er mest kjent for det store slaget mellom korsfararhæren og Saladin 4. juli 1187. Korsfararane leid eit fullstendig nederlag som snudde den historiske utviklinga i området og som var byrjinga på slutten av korsfarartida. Ikkje så trist, syns du kanskje? Du er i så fall ikkje åleine om å tenkja slik. Med vår tids auge er det eit stort paradoks at korsfararane kunne vera så råe og ukristelege i si kamp for å etablera eit kristent styre i Det heilage landet.

A militant and truculent Christianity, as false as the relics of the «True Cross» round which it was rallied, met its judicial end within view of the scenes where Christ proclaimed the Gospel of Peace, and went about doing good.

(George Adam Smith: The Historical Geography of the Holy Land. Først utgitt 1894. Revidert 1931. Nytt opptrykk 1974. Side 285)

Les om slaget på Hattins horn her.

Staden har også ei mykje eldre historie. Blant anna var det ein israelittisk by her i gamaltestamentleg tid. Sjå informasjonsteksten på biletet (som blir større om du klikkar på det).

Eg hadde vore ein gong tidlegare på Hattins horn, faktisk på datoen for slaget, 4. juli, i fjor. Då var eg uheldig (uklok?) og gjekk opp frå austsida gjennom eit ubehageleg kratt, utan å finna nokon sti. Nå fulgte me god sti opp frå sørsida og ned på nordsida, slik Jesus trail går over toppen.

På veg opp passerte me ein konstruksjon der det er skrive eit sitat frå NT. Her kunne me lesa Mark 3,13 (på gamal engelsk):

Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han.

Eg kjenner ikkje historia til denne staden, men ser ikkje bort frå at den er knytt til ein teori frå 1800-talet om at Jesus heldt Bergpreika her. Dette er nemnt på Wikipedia:

Some scholars have identified the hill with the Mount of Beatitudes, where Jesus delivered his Sermon on the Mount. Writing in 1864, Fergus Ferguson describes it as the «supposed» site, because although «its position corresponds with the particulars of the narrative», no one can declare with any certainty that He gave a sermon at that exact spot.»

Er det nokon som kjenner til historia til denne konstruksjonen, er eg interessert.

Oppdatering 24.01.2016: Caspari Center Media Review 22.01.2016 viser faktisk til ein israelsk artikkel som omtaler Hattins Horn som ei mogleg lokalisering av Bergpreika!

Status HaTzafon, January 1, 2016
This article protests the planning of a housing project on the southern slope of Karnei Hittin, as it is not only the location of famous battles such as the Crusader defeat by Saladin in 1187, but also one of the possible locations of the Mount of Beatitudes.

Sjå alle notat frå turen:


%d bloggarar likar dette: