God påske 2019!

21/04/2019
Disciples_running_by_EB

Eugène Burnand (1898): Peter og Johannes spring til grava.
Kjelde: Wikimedia Commons

På dette bildet viser kunstnaren Eugène Burnand koss han ser for seg disiplane Peter og Johannes springa til grava, då Maria Magdalena hadde fortald at grava var tom.

Johannes «såg og trudde». Det som møtte dei då dei kom fram til grava, var med på å skapa tru. Men dei trong nok tid til å forstå og til å lesa Skrifta på ny, i lys av oppstoda.

I stillhet snudde han verden opp ned,
og forlot graven, ikke ødelagt, men ryddig,
som en omtenksom gjest som reiser tidlig.
(frå Pasjon 2019, Stavanger domkirke)

Og her er bibelteksten om den tome grava og det første møtet med den oppstadne Jesus, henta frå Evangeliet etter Johannes, kapittel 20:

Den tomme grava
Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava. 2 Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» 3 Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava. 4 Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava. 5 Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6 Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7 og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. 8 Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde. 9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde. 10 Så gjekk læresveinane heim.

Jesus syner seg for Maria Magdalena
11 Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12 fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13 «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» 14 Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15 «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.» 16 «Maria», seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. 17 Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»

18 Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.

Advertisements

%d bloggarar likar dette: