Matteusevangeliet er ein jødisk tekst. Kva skal kyrkja gjera med det?

Forskning.no om evangelisten Matteus

Matteus var jøde. Då han skreiv evangeliet sitt, skreiv han ein jødisk tekst. Professor Anders Runesson ved Universitetet i Oslo presenterer dette synet i ein artikkel på forskning.no, skriven av journalist Silje Pileberg:

Apostelen Matteus var ikke kristen, men jødisk

– Du kan kanskje kalle det begynnelsen på et paradigmeskifte. Jo mer vi leser disse tekstene – ikke fra et kirkelig perspektiv, men fra et vitenskapelig – jo mer ser vi at de er jødiske, sier Runesson. Jesus-troende, riktignok, men like fullt jødiske, poengterer han.

Les meir

Var dette ei nyheit? Det var i alle fall ein artikkel som blei lagt merke til, blant anna gjennom omtale i Vårt Land. Og det går nok på tvers av vanleg tenking omkring Det nye testamentet blant mange aktive bibellesarar og andre allment interesserte menneske. Men bibelfagleg står dette synet ganske sterkt.

Det er interessant å lesa artikkelen, som blant anna handlar om den mangfaldige jødedomen på Jesu tid. Dei Jesustruande jødane var éi retning blant mange. Seinare utvikla denne retninga seg vidare og tok opp i seg menneske som ikkje var jødar, – og blei etter kvart til «kristendomen». Matteus var absolutt med og la grunnlaget for denne utviklinga gjennom den berømte avslutninga av evangeliet sitt.

Artikkelen er skriven i samband med at Runesson har gitt ut boka Matthew within Judaism, med artiklar av internasjonale bibelforskarar:

Alle bidragsyterne til den nye boken er eksperter på Matteusevangeliet. De er ikke enige om alt, men de deler oppfatningen av at Matteus var jøde og skrev en jødisk tekst, forklarer han. 

Her er baksida av boka, med ulike omtalar:

Artikkelen sluttar slik:

Hvis det nå stemmer at Matteusevangeliet og andre nytestamentlige tekster er skrevet av jøder, er dette noe Kirken bør ta på alvor, ifølge Runesson.

For da har kristendommen ikke bare fått Det gamle testamentet, men også Det nye testamentet, fra jødene. Dette utgjør hele kristendommens fundament.

– Som historiker kan jeg ikke si hva dette betyr for Kirken og kristne, sier Runesson.

Men kanskje kunne man tenke i følgende baner, antyder han:

– Historisk har mange kristne ment at jødedommen har utspilt sin rolle, at den ikke lenger har noen verdi. Kanskje burde kristne heller ha en dypere respekt for det jødiske folket og jødedommen.

Det er ikke slik at alle kristne må bli jøder, legger han til.

– Nei, det er ikke slik teologi og kirke fungerer. Det nye testamentet inneholder et mangfold av perspektiver. Paulus har for eksempel et annet syn på ikke-jøder enn Matteus. Men mange kristne kan bli mer bevisste på at tekster tolkes og mer ydmyke for at sannheten kan tolkes på ulike måter. Det gjelder også de tekstene som er hellige for kirken.

Les meir

Kva betyr dette for kyrkja?

Professoren i bibelfag vil som historikar naturleg nok ikkje seia kva dette betyr for kyrkja og for kristne. Men eg, som er teolog og prest i Den norske kyrkja, har mine tankar om dette. Sjølv om eg foreløpig ikkje har lese boka.

Eg er opptatt av å framheva den kristne trua sine jødiske røter og er derfor glad for å lesa om denne boka. Slik eg oppfattar det, står den for ei lesing av evangeliet som utvidar bibelforståinga vår i den retninga.

Eg tenker også at me i forkynninga bør legga større vekt på kontinuitet enn på brot i forholdet mellom Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Det gjeld for eksempel eit uttrykk som «Guds folk». Eg trur det er rett å seia at me som trur på Jesus og som ikkje er jødar, ved dåpen og trua er tatt inn i eit utvida (men ikkje nytt) Guds folk. 

Vidare tenker eg det er viktig at me som er kristne, bør ha «en dypere respekt for det jødiske folket og jødedommen». I ei tid med aukande antisemittisme, er det eit svært viktig signal frå Runesson.

Eg meiner også det er mogleg å ha denne djupe respekten samtidig som eg ønsker å gi evangeliet om Jesus Messias tilbake til det jødiske folket. Det bør då skje slik at jødar som begynner å tru på han, ikkje treng skifta religion og bli «kristne». Dei kan også i vår tid, som i det første hundreåret, vera Jesustruande jødar.

Det er bra at Den norske kyrkja samarbeider med Den Norske Israelsmisjon gjennom Samarbeid menighet og misjon (SMM). Organisasjonen støttar dei jødane som i dag trur at Jesus er Messias, slik det blir forkynt i evangeliet etter Matteus og i resten av Det nye testamentet. Gjennom samarbeidet med dei messianske jødane hentar misjonsorganisasjonen verdifull kunnskap og erfaring heim til norske kyrkjelydar. Kanskje fleire kyrkjelydar burde gjera ein samarbeidsavtale med Israelsmisjonen?

Relevant stoff her på bloggen

Evangelisten Matteus er eit innlegg eg hadde på ei temagudsteneste i Bryne kyrkje i 2011. Her omtalte eg evangelisten som Matteus – den skriftlærde jøden med sans for kyrkja.

Fagartiklar om misjon blant jødar

NTM_1-2019_0

Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap har nyleg kome med eit temanummer om misjon blant jødar og om messianske jødar.

Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap utgis og publiseres av Egede Instituttet.  Det er det eneste og viktigste organ for misjonsvitenskapelig publisering på norsk eller nordiske språk med fagfellevurdering.

Artiklane kan lastast ned som pdf-filar via desse lenkene:

Reidar Hvalvik (gjesteredaktør): Leder, s. 3-4.  (PDF)

Knut Alfsvåg: «For jøde først»: Om kristen misjon til jøder og hedninger. s. 5-15.  (PDF)

Rolf Kjøde: «… at dei må bli frelste», eller treng dei det? Norsk teologi om jødemisjon i global kontekst. s. 16-30. (PDF)

Rolf Gunnar Heitmann: Er det legitimt å drive misjon blant jøder? Om endringene i de tyske protestantiske kirkene etter 2. verdenskrig. s. 31-39. (PDF)

Hilde Brekke Møller: Den jødiske Jesus og spørsmålet om antisemittisme i tysk jødemisjon. s. 40-49. (PDF)

Raymond Lillevik: Jødekristen identitet som ambivalens i israelsmisjonene i Norge, Sverige og Danmark 1890-1914. s 50-61. (PDF)

David Serner: Den messianske bevægelse i Israel- et forsigtig blik. s. 62-68. (PDF)

Richard Harvey: Messianic Jewish Theology: A Preliminary Topology. s. 69-83. (PDF)

Bokrevy:

Andreas Johansson: Messiansk identitet og misjon blant det jødiske folk. s. 84-97 (PDF)

Møte med BridgeBuilders

Forsoning. Respekt. Kjærleik. Kunnskap. Anerkjenning. Det finst unge som satsar på forsoning og som brukar slike ord i Israel og Palestina.

I dag reiste dei israelske og palestinske deltakarane på BridgeBuilders 2017-2018 heim frå den første delen av denne forsoningskonferansen. I påsken neste år skal dei samlast på nytt ein stad i Midt-Austen. Eg har hatt gleda av å møta dei før og etter sjølve konferansen som var på Furutangen i Ryfylke. Og eg har hatt ein leiar frå ei messiansk-jødisk forsamling buande heime hos meg nå i helga. Dagane har vore fylte av lange og interessante samtalar!

Deltakarne på konferansen er menneske som trur på Jesus og som dermed tilhøyrer minoritetar i dette konfliktfylte og komplekse samfunnet. Søndag hadde eg ein kristen palestinar og ein Jesus-truande jøde med på gudstenesta i Hillevåg kirke der eg var prest. Me las søndagens tekst på arabisk, hebraisk og norsk. Og dei to gjestane delte av opplevingar og erfaringar dei har med seg frå forsoningskonferansen. Dei la ikkje skjul på at dette hadde vore smertefullt, for her var vennskap bygd på tvers av konfliktfylte barrierer. Det var flott å høyra koss dei reflekterte omkring kva dette hadde gjort med dei. Dei andre deltakarane deltok på gudstenester i andre kyrkjer her i distriktet.

Søndag kveld blei denne delen av prosjektet avslutta med at heile gruppa deltok på eit møte i Bryne frikyrkje. Her fekk me høyra tilsvarande vitnemål frå eit par av dei andre deltakarane. Og den israelske leiaren talte over bibelteksten om Jesus og den samaritanske kvinna (Joh 4,3-26). Predikanten sa blant anna at det var mykje som skilte jødane og samaritanane, trass i at dei også hadde mykje felles. Ho sa at mens den samaritanske kvinna trakk fram barrierar knytt til kjønn, status, religion, etnisitet, teologi og nasjonalisme, var Jesus meir opptatt av å byggja bruer. Og han tilbaud faktisk ”fienden” levande vatn, det vil seia frelse.

Det er ikkje enkelt å driva freds- og forsoningsarbeid mellom israelarar og palestinarar, men her får ei lita og oversiktleg gruppe med deltakarar møta kvarandre og bli kjent på tvers av kulturelle og politiske skilje. Dei lærar å lytta til kvarandre sine forteljingar. Dei lærar å sjå kvarandre som søsken i trua på Jesus, til tross for alt som skil dei i kvardagen. Eg håper dei kan vera agentar for forandring i sine miljø når dei kjem heim.

Det kostar for desse menneska å delta på BridgeBuilders. Det er ikkje nødvendigvis populært i deira heimemiljø at dei har reist på ein forsoningskonferanse med folk frå «den andre sida». Det har sjølvsagt også vore krevjande for dei å gå inn i indre prosessar der fordommar blir utfordra. Eg syns det står respekt av desse unge som ønskjer å følga Jesus også på denne måten.

Les meir om BridgeBuilders.

 

Kretsjubileum i Israelsmisjonen

Stavanger krets i Den Norske Israelsmisjon 100 år

Arne-Paul III dag er det 100 år sidan Stavanger krets i Den Norske Israelsmisjon blei stifta i St. Johannes menighetshus 31. mai 1916. Kretsen markerte dette med ei innhaldsrik jubileumsfeiring sist helg. Til hausten blir det ny markering med kulturhelg for heile organisasjonen her i kretsen i september. Me er ikkje som «hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant». Kretsen er i høgste grad med i kyrkjelivet her i regionen. Det kan eg seia, «sånn heilt objektivt sett», sidan eg er leiar i kretsstyret og dermed godt involvert i jubileet 🙂

Den Norske Israelsmisjon er en misjons- og kompetanseorganisasjon som vil spre kunnskap om det jødiske folk, dele evangeliet med dem, vise kristen nestekjærlighet og bidra til forsoning.

På bildet står eg saman med misjonssekretær Paul Odland ved skulpturen av Johan Peter Lunde, stiftaren av kretsen, utanfor St. Johannes kyrkje. Foto: Trond Bø 2015.

Jubileumshelga starta fredag kveld med at me hadde sabbatsmåltid i Hinna kyrkje. Dette blei ein fin kveld med god mat, musikk ved Trygve Meyers trio (jazz) og mykje anna program. I staden for tale, hadde assisterande generalsekretær Jorunn Andestad Langmoen og eg ein samtale om kva trua sine jødiske røter kan bety for oss som kristne. Me la blant anna vekt på koss den jødiske sabbatstradisjonen med sin kombinasjon av kviledag og heilagdag kan hjelpa oss til å la helga vera annleis enn resten av veka.

Laurdag hadde me ei historisk byvandring i Storhaug bydel, leia av lokalhistorikar og forfattar Gunnar Roalkvam. Dette var veldig interessant. Roalkvam gjorde ein flott jobb. Veret var dessverre ikkje like flott; akkurat denne ettermiddagen hølja det ned, mens det resten av helga var fint ver. På byvandringa passerte me fleire viktige stadar i Israelsmisjonen si historie i Stavanger:

  • Charlottenlund (ved Breiavatnet) som var landstad for fogd Søren Daniel Schiøtz, ein sentral person ved stiftinga av organisasjonen i Stavanger i 1844
  • Me stod i Brødregata og såg ned til staden der Duesalen i si tid låg (Asylgt 6). Dette var Brødrevenene si samlingsstad i Schiøtz sin heim, oppkalla etter Stephan Due. Den Norske Israelsmisjon blei stifta her i 1844 (eventuelt på Charlottenlund)
  • Dagens kretskontor i Nedre Dalgt 9
  • Bygningen som i si tid var St. Johannes menighetshus, Tårngt 41, der Stavanger krets blei stifta av sokneprest Johan Peter Lunde i 1916. Huset er i dag bygd om til bustadar.
  • St. Johannes kyrkje, der Lunde var sokneprest. Utanfor kyrkja står altså skulpturen av han saman med eit par barn. Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann la ned blomar ved skulpturen før me avslutta vandringa her. Lunde blei seinare biskop i Oslo og blir omtalt som «barnebispen»

I tillegg hadde me fleire andre interessante stopp ved byvandringa. Me passerte forsamlingshus for ulike kristne organisasjonar og trussamfunn. Me hadde eit stopp ved minnesteinen over Lars Skrefsrud. Og me gjekk også til Figgjogt der to av snublesteinane i byen ligg. Snublesteinane er minnesmerke over ofra for nazismen under andre verdskrigen. Steinane i Figgjogata er til minne om det jødiske ekteparet Reichwald som budde her. Les meir om dette prosjektet her.

Etter byvandringa hadde misjonssekretær Paul Odland eit interessant foredrag om kretsen si historie. Han har sett seg godt inn i dette stoffet og er vel også den som for nokre år sidan «oppdaga» at me ville ha 100-års jubileum nå i 2016.

Laurdag kveld hadde me jubileumsfest på Misjonshøgskolen med festtale av generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann, song av gruppa Shalom frå Bryne (der Inger er med), helsingar og presentasjon av tidlegare tilsette og  utsendingar frå kretsen.

Søndag hadde me festgudsteneste i St. Johannes kyrkje. Her fekk eg ha preike og misjonsinformasjon, og dessutan dela på liturgien saman med sokneprest Aslaug Austbø. Gudstenesta inneheldt både dåp, nattverd og korsong ved Jærklang frå Bryne. I tillegg deltok utsendingar frå Den Norske Israelsmisjon på gudstenester og møte 11 andre stadar i kretsen denne søndagen.

Det har vore ei flott helg. Eg vil takka alle involverte, og ikkje minst St. Johannes menighet for at me fekk feira jubileumshelga i samarbeid med dei. Kyrkjelyden stilte flott opp for arrangementet på mange måtar, blant anna ved å ta ansvar for servering både laurdag og søndag, og ved å tildela jubileumsoffer til Israelsmisjonen.

Caspari Center 12/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for desember 2015.

IMG_4059CC er eit studie- og ressurssenter som blir drive av Den Norske Israelsmisjon i samarbeid med andre aktørar. Fokus er på leiarutvikling, disippeltrening og forsking. CC er også ein viktig brubyggjar mellom den messianske bevegelsen og den verdsvide kyrkja.

Sjå også Caspari Center si nettside.

Caspari Center 9/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for september 2015. Toppartikkelen handlar denne gongen om ulike kalendrar. I Israel blir det i dag brukt to ulike kalendrar. Slik var det truleg også på Jesu tid. Dette forklarar kanskje ei vanskeleg nøtt i forholdet mellom dei synoptiske evangelia og Johannesevangeliet. Les Elisabeth Levis artikkel om dette i nyheitsbrevet!

IMG_4059CC er eit studie- og ressurssenter som blir drive av Den Norske Israelsmisjon i samarbeid med andre aktørar. Fokus er på leiarutvikling, disippeltrening og forsking. CC er også ein viktig brubyggjar mellom den messianske bevegelsen og den verdsvide kyrkja.

Sjå også Caspari Center si nettside.

Caspari Center 3/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for mars 2015.

Tematisk tar dei denne gongen utgangspunkt i den jødiske høgtida Trea sitt nyttår og har fleire artiklar knytt til temaet tre og røter. Dei brukar dette til å fortelja om korfor Caspari Center er opptatt av å undervisa om den kristne trua sine jødiske røter.

Her er eit utdrag:

Trær for eksempel spiller en viktig rolle i Bibelen: fra Treet til kunnskap om godt og ondt i 1. Mosebok til Livets tre i Johannes» åpenbaring, og midt i Bibelen finner vi mandeltreet hos profeten Jeremia. I Daniels bok og i Salmene finner vi trær som mer symbolske illustrasjoner – for ikke å glemme trærne i Jesu lignelser og i Paulus» undervisning om oliventreet.

Et av de grafiske symbolene som Caspari senteret ofte bruker, er et tre. Hvorfor? Hadde det ikke vært like overbevisende ganske enkelt å ha bilder av klasserom, bøker eller lærere på våre kurs? Er det ikke et overforbruk av bilder av planter og trær?

Men det er noen biologiske fakta som ganske tydelig kan forbindes med utfordringer i Guds menighet i dag. Ingen forventer at det skal bli frukt på et tre som har fått røttene sine kappet av. Uten røtter: død. Slik vil det alltid være. Likevel finnes det kristne som tror at det ikke er nødvendig å kjenne kristendommens røtter. Erstatningsteologien overser det faktum at greinene som hungrer etter Gud, ikke får næring hvis det ikke er forbindelse til røttene.
Derfor må vi ha illustrasjoner som viser at røttene bærer greinene. Og derfor sørger Caspari senteret for undervisning om den kristne tros jødiske røtter. Vi trenger røtter, slik trærne gjør det.

Sjå også Caspari Center si heimeside: www.caspari.com

Helsing til kretsmøtet 2015

Kretsårsmøte 22. mars 2015 i Den Norske Israelsmisjon, Stavanger krets

Her er helsinga eg som kretsstyreleiar har skrive til årsmeldinga:

Det er ei glede å kunna invitera til Kretsmøtet 2015. Den Norske Israelsmisjon vil i ord og handling vera med på å bringa evangeliet om Jesus Messias tilbake til det jødiske folket. Samtidig vil me gjerne bidra til større forståing i den kristne kyrkja for at trua har djupe jødiske røter. Dette er eit viktig og interessant arbeid å vera ein del av.

Høgdepunktet for meg i kretsarbeidet i 2014 var kontakten med Bridgebuilders. Konferansen var lokalisert til Strand, og i etterkant var deltakarane gjestar i kyrkjelydar og heimar i Stavanger, Sandnes og på Jæren. Kretsen hadde ikkje direkte ansvar for Bridgebuilders, men me var likevel sterkt involvert i dette viktige arbeidet. Avslutningssamlinga i ei fullsett Bryne kyrkje var ei sterk oppleving og ei av dei største DNI-samlingane i 2014, også om me ser det i eit nasjonalt perspektiv.

Bridgebuilders sitt arbeid for fred og forsoning er viktig for oss i Israelsmisjonen. Deltakarane er blitt utrusta til å vera sendebod for Kristus, – som fredsagentar i nærmiljøet sitt, i Israel og dei palestinske områda og her i Norge.

Det er viktig å følgja med i økonomien i organisasjonen vår. Kretsstyret ønskjer å bidra til at DNI kan arbeida målretta og godt, både utanlands, for eksempel i den spennande nysatsinga i Tel Aviv, og i arbeidet her heime. Det gleder meg at me i 2014 har hatt ei svært god utvikling når det gjeld testamentariske gåver. Det gir all grunn til å vera takknemleg! Samtidig er det urovekkjande at det er ein litt fallande kurve på dei faste personlege inntektene. Dette kan me gjera noko med, kvar på vår plass!

Årsmeldinga viser at det er stor aktivitet og ikkje minst mange dyktige medarbeidarar i kretsen. Kretsstyret har lagt vekt på å vidareføra arbeidet med undervisningssamlingar for ambassadørane og andre medarbeidarar. Me trur at me alle treng stadig påfyll av ny kunnskap og at me gjennom dette kan få eit stadig fornya engasjement for formålet vårt.

Nå har me begynt å sjå framover mot 2016, året då Stavanger krets kan markera sitt 100-års jubileum. Me trur det vil bli eit godt høve til å markera oss her i landsdelen og me håper jubileet vil føra til fornya glede og frimod i tenesta.

Caspari Center 12/2014

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for desember 2014.

Hovudoppslag er artiklar om den jødiske Chanukkafesten og kristen julefeiring, om kva språk Jesus snakka (hebraisk og/eller arameisk?) og om Carl Paul Caspari, som har gitt namn til Caspari Center. Det er i år 200 år sidan Caspari blei født.

Helsing til kretsmøtet 2014

Kretsårsmøte 6. april 2014 i Israelsmisjonen, Stavanger krets

Her er helsinga eg som kretsstyreleiar har skrive til årsmeldinga:

Israelsmisjonen sitt kretsstyre er samansett av representantar frå ulike delar av kretsen. Me har ulik erfaring og bakgrunn i arbeidet i organisasjonen. Men me samlest om felles mål og me har gode relasjonar til kvarandre. Eg opplever rett og slett at det er kjekt å vera på møte i kretsstyret! Det er derfor ei glede å kunna invitera til Kretsmøtet 2014.

Israelsmisjonen er først og fremst ein misjonsorganisasjon. Me ønskjer å dela evangeliet om Jesus med det jødiske folket. Me vil vera ein del av Guds misjon i verda. Og me vil arbeida for auka kjennskap til trua sine jødiske røter i kyrkja.

Me ønskjer å gå inn i framtida med nye ressursar og ny inspirasjon, og satsar derfor nå målretta på å styrka den frivillige tenesta i organisasjonen. Dette gjer me gjennom ambassadørtankegangen. I haust var mange av ambassadørane samla til festkveld i Stavanger. Og nå i vinter har me hatt undervisningskveldar for å få påfyll til tenesta. Nokre av ambassadørane har til og med deltatt på ”VIP-tur” til Israel! Kretsstyret satsar på at denne gruppa av frivillige medarbeidarar, og ikkje minst variasjonen i oppgåver me er engasjert i, vil veksa vidare i løpet av det komande året. ”Tenester er mange, Anden er ein, Jesu Kristi Ande” står det i ein av dei nye salmane (Norsk Salmebok 2013 nr 537).

Samtidig som me gjerne vil framheva den frivillige tenesta, vil me uttrykkja glede over den tenesta misjonssekretæren utfører i og for kretsen. Paul Odland har oversikt, overskot og masse kunnskap som han raust delar med oss andre. Det set me stor pris på!

Nå i 2014 gleder me oss over å ha utsendingar frå kretsen i Israel; Signe og Peder Idland frå Jåttå i Stavanger arbeider for tida eit halvt år som frivillige medarbeidarar på Ebeneser-heimen i Haifa.

Og me gleder oss til Bridgebuilders 2014-2015 som vil ha sin norske base lokalisert her i kretsen. Arbeidet for fred og forsoning er viktig for oss i Israelsmisjonen. Me håper og trur at deltakarane vil bli utrusta til å vera sendebod for Kristus, – som fredsagentar i nærmiljøet sitt, i Israel og dei palestinske områda og her i Norge.

Kretsårsmøtet er på Moi. Me vil delta på gudstenester i tre kyrkjer i distriktet, – og har deretter middag, årsmøte og Messiasfest i Lund Menighetssenter. Sjå omtale av møtet på Israelsmisjonen si nettside.

Caspari Center 3/2014

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for mars 2014.

Hovudoppslaget er om den jødiske purimfesten som i år kjem søndag 16. mars (feiringen startar laurdag kveld): Purim – Den skjulte Gud?

Elles er det ein artikkel om at fleire kristne arabarar enn tidlegare går inn i det israelske forsvaret. Dette er sjølvsagt noko som det er ulike syn på. Vidare er det fleire artiklar, utdrag frå Media Review  og invitasjon til missiologikurset Jøden Jesus – et lys for folkeslagene (i november 2014).

Sjå også Caspari Center si heimeside: www.caspari.com

Shalomtur oktober 2013

På veg opp mot Arbelfjellet.Fottur i Jesu fotspor i Galilea. Vandringar på kryss og tvers i Jerusalem. Den siste veka har eg igjen hatt nærkontakt med den bibelske geografien og historia, – og ikkje minst hatt viktige møte med ulike menneske med interessante vinklingar og synspunkt på situasjonen i landet dei bur i.

Eg har akkurat kome heim frå Shalomtur til Israel og dei palestinske områda. Inger og eg var reiseleiarar saman, noko me trivst godt med. Me hadde med oss ei flott gruppe, beståande av venner og venners venner. Ingen kjende alle då turen starta, men det utvikla seg eit nært fellesskap i gruppa i løpet av dei 12 dagane me hadde saman.

Bildet er tatt ei tidleg morgonstund på veg opp mot Arbelfjellet. Me hadde mange flotte naturopplevingar, – og me besøkte viktige stadar for den nytestamentlege historia, som Betlehem, Cæsarea, Jerusalem, Kana, Kapernaum, Nasaret, Oljeberget osv. Turen inneheldt også meir spektakulære opplevingar, som klatring ned Arbelklippene og vandring i Hiskias tunnel frå år 700 f. Kr.

Dette var ein Shalomtur i regi av Den Norske Israelsmisjon. Me ville at turen skulle gje eit oppdatert inntrykk av korleis organisasjonen arbeider, gjennom møte med utsendingar i Immanuelkyrkja og Caspari Center. Begge stadane hadde me flotte samlingar som utvida perspektivet på kristen misjon for oss alle. I løpet av turen hadde me også mange andre interessante møtepunkt der me kunne lytta til ulike lokale stemmer, blant anna til messianske jødar og palestinske kristne.

Sjølv om Inger og eg har vore reiseleiarar mange gonger før, gav turen oss også denne gangen nye og viktige inntrykk og erfaringar.

Misjonalt og messiansk

Notat til søndagens tekst: Joh 20,24-31

Det er forteljinga om Tomas sin veg frå tvil til tru som står i sentrum for forkynninga i dag. Men sidan eg skal preike på misjonsgudsteneste i Fogn kyrkje i samband med Israelsmisjonen sitt kretsårsmøte, vil eg også leggja vekt på at Johannesevangeliet er både misjonalt og messiansk. Sjå kva som står i Joh 20,31:

Men desse (teikna) er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.

Evangeliet er misjonalt fordi det er skrive med ein hensikt: at lesarane skal tru på Jesus, og ved denne trua ha liv (jfr Joh 6,40). Dette gjeld både jødiske og ikkje-jødiske lesarar. Det gjeld både lokalt og globalt. Det gjeld oss.

Evangeliet er messiansk fordi det lesarane skal tru, er at Jesus er Messias, Guds Son. «Messiansk» er eit uttrykk som er godt kjent blant oss som er aktive i Israelsmisjonen. Det er eit av dei orda som dei jesustruande jødane i dag brukar om seg sjølve, heller enn ”kristne”. Dette er ikkje så underleg: Messias er eit hebraisk ord og betyr det same som det greske ordet Kristus.

Johannesevangeliet er misjonalt og messiansk. Det er skrive for at jødar og ikkje-jødar skal tru at Jesus er Messias, og for at me (jødar og ikkje-jødar) skal ha liv i Jesu namn!

Jerusalems sekulære religion

Eg les Montefiore sin Jerusalemsbiografi for tida. Det er ei stor bok i alle tydingar av ordet. Eg er fascinert og kjem sikkert tilbake til boka seinare.

I dag vil eg sitera frå eit par avsnitt som blei sjølvransakande for meg i mi interesse for Jerusalems arkeologi. Eg står sikkert i fare for å oversjå menneska mellom alt det som er religions- og kulturhistorisk interessant.

Eg har kome til skildringa av 1800-talet. I kapitlet om 1860-åra skriv han om arkeologien i samband med den engelske prins Albert Edward sitt besøk i 1862:

Prinsens besøk styrket følelsen av at Jerusalem på sett og vis var en liten del av England. (…) Prinsen ble vist rundt til severdighetene av domprosten i Westminster, Arthur Stanley, hvis uhyre innflytelsesrike bok om bibelhistorien og arkeologiske spekulasjoner fikk en hel generasjon briter til å tro at Jerusalem var «et land som fra barndommen er oss mer kjært enn selv England». Midt på 1800-tallet ble arkeologien ikke bare en ny historisk disiplin innen studiet av fortiden, men også en måte å forme fremtiden på. Ikke rart at arkeologien straks ble politisert. Den var ikke lenger bare en kulturell fetisj, en trend i tiden og en kongelig hobby, men imperiebygging med andre midler og en form for militær spionasje. Den ble Jerusalems sekulære religion og dessuten, i hendene på imperialistiske kristne som domprost Stanley, en vitenskap i Guds tjeneste. Hvis den kunne bekrefte at Bibelen og lidelseshistorien var sanne, kunne kristne kreve Det hellige land tilbake. (side 437-438)

Og litt seinare, om «troskyldige turister»:

Turistene, enten de var religiøse eller ikke, kristne eller jøder, enten de het Chateaubriand, Montefiore eller Twain, var flinke til å se hvor guder hadde stått, men nesten blinde når det gjaldt å se menneskene som nå bodde der. Gjennom historien har Jerusalem eksistert i fantasien til troende som befant seg langt unna, i Amerika og Europa. Nå som de kom i tusentall om bord på dampskip, forventet de å gjenfinne de eksotiske og farlige, pittoreske og autentiske scenene de hadde sett for seg ved hjelp av Bibelen, viktorianske rasefordommer og, etter ankomst, ved hjelp av tolker og guider. (side 442-443)

Dette gir, som sagt, god grunn til sjølvransaking for meg. Og sikkert også for andre som er glade i å reisa til Israel og dei palestinske områda.

Ved nærare ettertanke trur eg likevel eg kan seia at teologistudiet og engasjementet i Den Norske Israelsmisjon har gitt ein god ballast i møte med desse tendensane som Montefiore skildrar så treffande. Arkeologien er ikkje eit middel som beviser noko for meg som teolog. Den er heller med og utvider perspektivet eg har på Bibelen. Og i Israelsmisjonen har eg lært å vera opptatt av dei levande steinane, altså menneska, ikkje bare dei døde. Derfor går misjon og forsoningsarbeid hand i hand med interessa for bibelhistoria.

Caspari Center 06/2012

Caspari center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for juni.

Her er senteret sin eigen presentasjon av nyheitsbrevet, henta frå mailen eg fekk om det i dag:

Kjære venn av Caspari Center,

Her kommer juniutgaven av vårt nyhetsbrev. Dette nyhetsbrevet fokuserer på ungdomsarbeid i Israel. Dette er naturlig nok et utrolig viktig arbeid med tanke på den fremtidige veksten i den messianske bevegelsen i Israel. De siste årene har Caspari Center utviklet en rekke ulike prosjekter som støtter opp om ungdomsarbeid i landet og bidrar til at både ungdommene og deres ledere styrkes i troen og utrustes til tjeneste.

Som alltid er vi veldig takknemlige for fortsatt forbønn og støtte til Casparis arbeid.

God lesing!

Med ønske om Guds rike velsignelse,
Caspari-staben

Hovudoppslaget er eit intervju med Joel Goldberg, leiaren for ein messiansk ungdomsorganisasjon i Israel. Dette er altså ein organisasjon som arbeider for å skapa eit miljø for Jesus-truande jødiske ungdomar på tvers av ulike kyrkjelydar i Israel. Når me les intervjuet skal me huska at dei Jesus-truande jødane er ein svært liten minoritet i Israel, og at talet på ungdomar totalt sett derfor er lite. Desto viktigare er det at nokon tar tak i dette arbeidet.

Caspari Center skriv om si eiga rolle i denne samanhengen:

Håndbok for ungdomsledere

Oppgaven til Caspari Center er å utruste de troende for tjenesten – og å møte strategisk viktige behov i det messianske fellesskapet. Vi utfører dette oppdraget på ulike måter, blant annet ved å trykke opplæringsmateriale. Tidligere har vi primært vært fokusert på barnearbeid, og vi har gitt ut en håndbok for barnearbeidere og aktivitetsbøker for barn i ulike aldre. Så, for noen år siden, fikk en av våre medarbeidere ideen om å ivaretabehovene til ungdomsarbeidere også. Slik endte vi opp med arbeidstittelen The Youth Book – ungdomsboka, som fikk den hebraiske tittelen Hamadrich lamadrich (Ungdomslederens håndbok). Ordspillet kommer dessverre ikke helt fram i oversettelsen. Denne håndboka for ungdomsarbeidere vil bli utgitt av Caspari i løpet av få måneder. Våre forfattere er respekterte lokale pastorer og ungdomsledere med lang erfaring fra ungdomsarbeid i Israel. De har skrevet omlag et dusin artikler om ulike emner som er spesielt viktige for ungdomsarbeidet her. Behovet for en slik bok henger sammen med manglende muligheter for både teologisk utdannelse og utdannelse for ungdomsarbeidere. Vi er trygge på at kvalitetsmaterialet som vi presenterer for dem vil ha stor betydning og være til velsignelse. Boka vil bli utgitt på både hebraisk og russisk, og hver menighet får minst et par gratis eksemplarer på de språkene de trenger.

Solidaritet med jødane

Denne veka har eg vore med på å vedta følgjande uttale frå landsstyret i Den Norske Israelsmisjon:

Det er i år 70 år siden norske jøder ble fanget og deportert til utryddelsesleirene. Målet om kollektiv tilintetgjørelse av et helt folk, og den ideologi som lå bak, hadde dessverre altfor mange støttespillere i Norge. Vi er glade for at norske myndigheter har erkjent, bekjent og beklaget at norsk politi og embetsverk deltok i denne forbrytelsen mot våre jødiske landsmenn.

Som kristen organisasjon og misjon må vi også bekjenne at vi ikke hadde nok kraft og mot til et handlekraftig forsvar for vår jødiske minoritet når det gjaldt som mest. Det er ikke tilstrekkelig å skjule seg bak parolen om at vi ikke driver politisk virksomhet når vår nabos liv er truet.

Les meir

Kritikk for å ha sideblikk

Eg er engasjert i Israelsmisjonen og er dermed vant til å få kritikk både frå den eine og den andre sida. Det er mange som har sterke kjensler og mange meiningar når det gjeld Israel og dei palestinske områda.

Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann skriv om dette nå ved inngangen til påske:

I Israelsmisjonen er vi velsignet med mange årvåkne kritikere. Noen mener vi ser for mye til høyre. At vi i vår kjærlighet og omsorg for det jødiske folk glemmer andres lidelse og nød, og at vi i vår bekreftelse av at Guds løfter fortsatt gjelder det jødiske folk, overkjører andres krav til rettferdighet og fred.

Andre mener vi ser for mye til venstre. At vi i vår samtale med Israel-kritiske kirkeledere og palestinske kristne både støtter opp om nedarvede teologiske vrangforestillinger, og faller det jødiske folk og den jødiske nasjon i ryggen.

En tredje gruppe vil nettopp si at vårt fokus er for smalt eller feil innstilt. Det er ikke misjon i møte med det jødiske folk som nå er det viktigste, men støtte til og solidaritet med ett folk i deres kamp for å leve og overleve.

Ja, vårt fokus er muligens smalt. Men det betyr ikke at det er galt. For oss er det viktigste å gi evangeliet om Jesus Messias tilbake til det jødiske folk. Det burde være en prioritet for alle kristne, slik det var for den første kristne menighet.

(Les meir)

caspari.com i ny drakt

Caspari Center for bibelske og jødiske studier i Jerusalem har fått ny (eller rettare: fornya) nettside som eg gjerne vil anbefala.

Sjå www.caspari.com

Her ønskjer internasjonal direktør Knut Helge Høyland, som er norsk prest, velkomen til sida:

Dear friends of Caspari,

It is a great pleasure for me to finally introduce our new website. Over the past months we have worked hard to produce not only a visually pleasing and functional website, but also a website which will provide you a more up-to-date and better understanding of our ministry work in Israel and internationally. The site will give you unique access to many of the resources we have available at our center. You will also find information about how you can get involved in the Caspari ministry!

Korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om?

Notat til søndagens episteltekst: Rom 10,13-17

Teksten er henta frå eit større avsnitt der Paulus skriv om Guds veg med Israel, det vil i denne samanhengen seia det jødiske folket (Romarbrevet kap 9-11). Paulus fortel om korfor det er så viktig for han å forkynna evangeliet om Jesus for sine «sysken som er av same folket som eg» (9,3).

Paulus sine ord blir ofte i kristen forkynning brukt generelt om vitneteneste og misjon. Det er greitt. Men me skal ikkje gløyma at orda er skrive inn i ein samanheng og at Paulus allereie i innleiinga til brevet skriv at evangeliet er «ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar» (1,16).

I samanheng med dette tar eg med eit innlegg eg nyleg har skrive for Helgedagen nr 1/2012, kyrkjelydsblad for Bryne, Time og Undheim sokn:

Immanuelkyrkja i Tel Aviv

Eg har besøkt Immanuelkyrkja i Jaffa, den gamle bydelen i Tel Aviv, fleire gonger. Men korfor har eg, og fleire med meg på Bryne, ein relasjon til denne kyrkja?

Det dreier seg om eit misjonsengasjement. Bryne kyrkjelyd har valt eit misjonsprosjekt der me vil vera med og bringa evangeliet om Jesus tilbake til folket og landet evangeliet opprinneleg kom frå. I dag er den kristne trua dessverre i liten grad kjent blant jødar i Israel. Gjennom misjonsprosjektet støttar me Israelsmisjonen sitt arbeide, konkretisert til kyrkjelyden i Immanuelkyrkja og return2sender, som er organisasjonen sitt arbeid med å skapa engasjement for misjon og forsoningsarbeid blant unge.

Det er mange som blir usikre når dei høyrer om Israelsmisjonen, for det er fleire norske organisasjonar som har ”Israel” med i namnet sitt og desse organsasjonane er ganske ulike. Nokre kallar seg profetiske, andre humanitære eller politiske organisasjonar. Støttar Bryne kyrkjelyd verkeleg ein slik organisasjon?

Det er viktig å seia at Den Norske Israelsmisjon ikkje har ei slik sjølvforståing. Dette er ein misjons-organisasjon som arbeider i samarbeid med Den norske kyrkja og som har fokus på det jødiske folket, hovudsakleg i Israel, men også i fleire andre land. Dessutan har organisasjonen eit spennande engasjement for forsoningsarbeid i den vanskelege konflikten i Midt-Austen.

Immanuelkyrkja verkar faktisk som ein magnet på mange jødar i Tel Aviv i dag. Dei veit ofte lite om den kristne trua, men dei er nysgjerrige på denne kyrkja som ligg i eit spesielt nabolag med historiske bygningar. Gjennom ei vanleg veke kjem mange menneske innom for å oppleva ”noko annleis”. Og kyrkja inviterer også til månadlege konsertar som interesserer mange. Immanuelkyrkja er open og tar i mot alle som kjem, uavhengig av tru og bakgrunn. Og i helga samlar ei samansett forsamling seg til gudsteneste; det dreier seg faktisk om menneske frå alle kontinent og frå ulike sosiale miljø, både jødar og ikkje-jødar. Sjølv om dei er ulike, har dei éin viktig ting felles; trua på Jesus som Messias.

Paulus skriv: ”Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?” (Rom 10,14). Desse orda er skrive i eit avsnitt der Paulus set fokus på det jødiske folket sitt behov for å kjenna Jesus (Rom 9-11).

 

Caspari center 12/2011

Caspari center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for desember.

Her er senteret sin eigen presentasjon av nyheitsbrevet, henta frå mailen eg fekk om det i dag:

Kjære venn av Caspari Center,

Her kommer desemberutgaven av vårt nyhetsbrev. Nylig kunne vi se en annonse i Jerusalem Post med overskriften: «Ja til turister! Nei til misjonærer!». ”Misjon” er som et skjellsord å regne i Israel og misjonærer fremstilles som en trussel mot det jødiske folks eksistens. På tross av det har vi valgt å fokusere på nettopp dette kontreversielle emnet i dette nyhetsbrevet. Som Jesu etterfølgere kan vi ikke være enige i de ortodokse jøders forståelse av ordet ”misjon”. Misjon, i bibelsk forstand, hander ikke om å ”manipulere svake sjeler til å svikte sin tro og sitt folk”. Det handler om å ta del i Guds plan for frelse for det jødiske folk og for alle mennesker. Det handler om å leve ut inkarnasjonen og forkynne Jesus som verdens lys. Dermed er misjon også spesielt aktuelt i disse dager når vi forbereder oss til jule- og channuka-feiringen. Som alltid er vi veldig takknemlige for fortsatt forbønn og støtte til Casparis arbeid.

God lesing!

Med ønske om en velsignet jule- (og channuka-) høytid
Caspari-staben

Hovudoppslaget i nyheitsbrevet er ein artikkel om korleis ein tenkjer om misjon i den messianske bevegelsen. Artikkelen er skriven av dr. Richard Harvey. Han viser at det er ulike synspunkt på misjon blant dei messianske jødane. Han set temaet i samanheng med den nye misjonstenkinga som me finn i økumenisk kyrkjeliv i dag («det nye misjonsparadigmet») og avsluttar artikkelen slik:

Om misjon grovt kan defineres som «å finne ut av hva Gud driver på med og bli med» (Rowan Williams), må vi håpe at den messianske bevegelse kan «finne ut av det» og «bli med» i kallet om å gjøre alle folkeslag til disipler, først det jødiske folk og så hele verden.

LCJE om misjon blant jødar

Lausanne Concultation on Jewish Evangelism 2011

LCJE er Lausannebevegelsen si avdeling for misjon blant jødar. Dei arrangerte i forrige veke (7.-12. august) ein konferanse med temaet Misjon og evangelisering blant jøder – alltid og over alt.

Her er eit utdrag frå sluttdokumentet frå konferansen:

Vi er forskrekket over uviljen blant kristne til å dele evangeliet med det jødiske folk, siden ”det er Guds kraft til frelse for hver den som tror”. Vi beklager også dypt læren om ”To-pakts-teologien”, som benekter jødenes behov for evangeliet og derved forhindrer evangelisering for jøder. Vi ber kristne søsken om å erkjenne den negative virkningen disse synspunktene har i forhold til det ansvar vi har for å fullføre Misjonsbefalingen, der Jesus ber oss som hans etterfølgere om å dele evangeliet med alle folkeslag.

Vi gleder oss over evangeliets kraft som gjør messianske jøder og arabiske kristne i stand til å forsones i Kristus. Derfor oppfordrer vi hele kirken til alltid og over alt å bringe evangeliet til jøder først og til alle folkeslag.

Det er avgjørende at alle som er opptatt av det jødiske folks åndelige ve og vel står sammen med oss i å gi evangeliet tilbake til jødene. Vi kaller hele kirken til å bringe hele evangeliet til det jødiske folk, alltid og over alt.

”Jesus Messias er i går og i dag den samme, ja til evig tid.”

Les heile uttalen her.

Gå til LCJE si nettside med meir stoff om konferansen her.

Caspari Center 03/2011

Caspari Center i Jerusalem har nyleg lagt ut den norske utgåva av nyheitsbrevet for mars 2011 på nettet. (In English)

Her er deira eigen presentasjon av brevet, i mailen som eg fekk for eit par dagar sidan:

Kjære venn av Caspari,

Shalom. Vårt nyhetsbrev for mars er nå klart til dere! Den store flytteprosess til våre nye lokaler i Jerusalem er nå ferdig, med god hjelp fra volontører, forbedere og andre støttespillere. Vi kan nå igjen fokusere på våre mange prosjekter. I dette nyhetsbrevet vil vi fokusere på den russisk-talende delen av den messianske bevegelsen. Denne gruppen utgjør mer enn halvparten av de troende i dette landet, og er en nøkkelgruppe i den videre utviklingen av bevegelsen. Dette er også den gruppen som sliter med språkutfordringer og integrering. I de siste årene har mer og mer av vårt arbeid vært rettet mot russisk-talende troende. Vi har gitt dem undervisningsressurser og trening av ledere i menigheten og barnearbeid. Du er velkommen til å lese artiklene og delta i bønn for de russisk troende i landet.

Gud velsigne dere alle!,
Caspari Center staben

Israelsmisjonen og Budapest

Eg var nyleg (mars 2011) i Wien og Budapest på studietur med landsstyret i Israelsmisjonen.

Det blei nokre dagar fulle av inntrykk.

Hovuddelen av turen var lagt til Budapest (biletet) der me blant anna hadde fleire interessante møte med kontaktar i den ungarske lutherske kyrkja. Me fekk også sett oss inn i Israelsmisjonen si nesten 100-årige historie i byen.

Programmet inneheldt blant anna omvisingar i byane med vekt på jødisk historie og på misjon blant jødar i Sentraleuropa. Dessutan hadde me tid til eit utvida styremøte.

Israelsmisjonen sitt arbeid i Budapest er historisk sett sterkt knytt til misjonæren Gisle Johnson (1876-1946). Arbeidet vårt i byen i dag er organisert gjennom Gisle Johnson-instituttet.

Oppdatering 23.03.2011: Ein artikkel med utgangspunkt i turen er i dag lagt ut på Israelsmisjonen si heimeside:

Fornyet engasjement

Både den offisielle lutherske kirken og Indremisjonsbevegelsen i Ungarn ønsker nærmere samarbeid med Den Norske Israelsmisjon.

Det ble klart da landsstyret nylig møtte ulike representanter fra kirke- og kristenliv i Ungarn.

(…)

Det bor i dag ca 80.000 jøder i Ungarn, de aller fleste i hovedstaden Budapest. Ungarn er derfor det land i verden utenom Israel med flest jøder i forhold til folketallet. Vi registrerer også økende antisemittisme i enkelte grupper i landet.

Les meir

Nye israelsmisjonen.no

Den nye nettsida til Israelsmisjonen blei lansert i går (10.02.2011). Eg er godt fornøgd. Eg veit litt om det arbeidet som ligg bak, og gratulerer dei som har stått på for å få nettsida ferdig!

Her finn du mykje og godt stoff. Blant anna finn du ein preikeverkstad for forkynnarar. Der det vil bli lagt ut tekstgjennomgang for søndagens tekst. Knut Helge Høyland, internasjonal leiar av Caspari Center i Jerusalem, er først ute som skribent, sjå her.

Caspari Center i nye lokale

I dag (01.02.2011) opnar Caspari Center sine nye lokale sentralt i Jerusalem.

Det nye senteret ligg i bygningen til The Church and Missionary Alliance (CMA) i Rechov HaNevi’im (Profetgata). Dette er ei nesten 100 år gamal bygning som tidlegare har vore nytta som kyrkje. Her skal det vera god plass til bibliotek, kontor og undervisningsrom.

Eg reknar med å vera innom senteret eit par gonger det neste året, og det ser eg fram til!

Her er eit utdrag frå ein informasjonsartikkel frå Caspari Center:

I løpet av de siste to årene har det vært mange forandringer i Caspari-staben, så flyttingen kommer i en naturlig periode og gir nye muligheter innenfor vårt undervisningsarbeid. Biblioteket som vokste over sine grenser er nå blitt en god del større, slik at vi har plass til både mer materiale og flere brukere. Vi får tilgang til en møtesal, flere klasserom og et konferanserom, noe som passer bra med tanke på å ta imot internasjonale studentgrupper (i mars får vi 20 MF-studenter som skal være her i en måned) og lokale seminarer.  Vi har også noen gjesterom som kan benyttes av besøkende knyttet til Caspari og CMA.

I tillegg er det flott å kunne være en del av et større felleskap av messianske og arabiske kristne organisasjoner og menigheter som holder til i bygningen. Sammen kan vi være et vitnesbyrd for Jesus i denne delen av Jerusalem.

(Les meir)

Sjå også Caspari Center si heimeside her.

Caspari Center skal flytta

Caspari Center skal i januar 2011 flytta til nye og betre lokale, framleis sentralt i Jerusalem. Eg reknar med å vera innom senteret eit par gonger det neste året, og det ser eg fram til!

Caspari Center har vakse ut av lokala sine og har lenge ønskt seg meir plass. Dei har nå fått leiga rom i The Church and Missionary Alliance (CMA) i Rechov HaNevi’im (Profetgata). CMA er ei nesten 100 år gamal bygning som har vore nytta som kyrkje og som så vidt eg forstår, har gode lokalitetar for Caspari Center.

Midt i gleda over å skulle få flytta, opplevde dei at det i slutten av oktober var ein påsett brann i CMA. Det var truleg ultraortodokse jødar som motarbeider den messianske bevegelsen, som stod bak. Ti personar budde i bygningen, blant dei ein av voluntørane på Caspari Center. Heldigvis gjekk det godt!

Les om flyttinga og om brannen m.m. i nyheitsbrev frå Caspari Center 12/2010.

Jødisk-palestinsk forsoning

Det vekte oppsikt då ein kristen palestinar og ein Jesustruande jøde for få dagar sidan stod saman på scenen på den store Lausanne-konferansen i Cape Town. Den palestinske Shadia Qubti kjem frå ei baptistkyrkje i Nasaret og representerer forsoningsbevegelsen Musalaha. Den jødiske Dan Sered frå Tel Aviv kom frå ein sekulær jødisk familie, men er nå messiansk jøde og sentral i Jews for Jesus. Trass i alt som skil dei, har dei trua på Jesus felles. Det gjer at dei kan stå saman og snakka om forsoning.

Den Norske Israelsmisjon har vore representert i Cape Town.

Les brev frå generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann og sjå film med Shadia Qubti og Dan Sered her.

Caspari Center 09/2010

Caspari Center i Jerusalem har nyleg lagt ut den norske utgåva av nyheitsbrevet for september 2010 på nettet. Her er deira eigen presentasjon av brevet, i mailen som eg fekk i dag:

Shalom. September-utgaven av Casparis nyhetsbrev er endelig klart. I denne utgaven ønsker vi å introdusere våre nye internasjonale studieopplegg, gi dere muligheten til å bli kjent med en av våre samarbeidspartnere i Israel, gi et innblikk i hvordan israelsk presse ser på de messianske jødene og som vanlig avslutte med noen nye tanker fra pennen til Michelle van Loon. God lesing.

Gud velsigne dere.

Vennlig hilsen,
Caspari-staben

Artikkel om Immanuelkyrkja

Den danske publikasjonen Udfordringen har ein innhaldsrik artikkel om Immanuelkyrkja i Jaffa/Tel Aviv og om Lisbeth og Christian Rasmussen som arbeider i kyrkja:

Ung dansk præstefamilie i gamle Jaffa

Det danske præstepar, Lisbeth og Christian Rasmussen, er havnet i et internationalt miljø og er ofte omgivet af folk, der har 18 forskellige sprog som deres modersmål.

(les meir)

Eg trefte Lisbeth og Christian igjen tidlegare i sommar, på DNI sitt landsmøte. Det var gildt (for å seia det på godt jærsk)!

Kyrkjelyden som eg tilhøyrer på Bryne, støttar arbeidet i Immanuelkyrkja som vårt misjonsprosjekt.

(via Nyt fra Jaffo)

Brobyggere – mot alle odds

Endelig en bok som Bridgebuilders, om menneskene, utfordringene og undervisningen. Det utfordrer også oss i Norge – forsoningen er viktig her også.

Mange mener mye om situasjonen i Midtøsten. Det blir mange ord og sterke meninger.

Disse unge israelerne og palestinerne gjør noe.

Hvordan kan konflikten i Midtøsten løses? Ved at flere heier på palestinerne? Eller på israelerne? Hjelper det om vi roper høyere? Eller bidrar det bare til å forsterke konflikten?

Les meir

Les også om Bridgebuilders her.