Å kom, bli med til Davids by. Del 1

Originalversjonen av denne artikkelen stod i papirutgåva av Jærbladet 29. desember 2006. Eg har nå bearbeidd den for bloggen, og delt den opp i tre delar. Teksten er formulert som skildring av ein dagstur til Betlehem og er skriven på grunnlag av fleire besøk i byen dei siste åra.

Gloria
Å kom, bli med til Davids by
hvor engler synger under sky!
Å la oss gå på marken ut
hvor hyrder hører nytt fra Gud!

Når me syng dette verset i julesongen Det kimer nå til julefest, er det Betlehem me syng om. Kong David kom frå Betlehem og Josef, som ”høyrde til Davids hus og ætt”, måtte i følgje juleevangeliet reisa hit for å skriva seg inn i manntalet.

Jesu fødestad har naturleg nok ein heilt spesiell posisjon i vår kristne kulturkrets. På Jesu tid var dette ein liten jødisk landsby med ei stolt historie knytt til David og med profetiar som knytte Messias til staden.

TanturI dag er Betlehem ein palestinsk by på Vestbreidda, med blanda befolkning av kristne og muslimar. Det er normalt ikkje vanskeleg for ein norsk reisande å koma inn i byen. Men for lokalbefolkninga kan det vera svært problematisk å få passera grenseposten ved den omstridde muren.

Me skal nå leggja ut på ei reise inspirert av julesongen. Det er mykje å oppleva her, og me startar rett innanfor muren med å be sjåføren i ein av dei mange drosjane køyra oss til Hyrdemarkene.

Den nøyaktige staden der møtet mellom gjetarar og englar fann stad, kan av naturlege grunnar ikkje påvisast. Men tradisjonen om englane som synte seg for gjetarar på nattevakt, har alltid vore knytt til eit dalføre aust for Betlehem, og sjåføren veit kvar han skal køyra oss.

Han set oss av ved fransiskanarane sin eigedom i Beit Sahour. Heilt opp til vår tid har det vore beitemarker her, og faktisk treff me i dag ein gjetar som er ute med saueflokken sin i området.

Ein munk viser oss inn i ei stor naturleg grotte som i dag er gjort om til kapell. Det er ikkje så vanskeleg å sjå for seg at denne grotta i tidlegare tider kan ha vore overnattingsstad både for gjetarar og dyr.

HyrdemarkeneMe finn fram nytestamentet og les: ”Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.”

kapelletMunken tar oss også med inn i Englekapellet som fransiskanarane bygde på 1950-talet. Kapellet er forma som eit telt og er innvendig dominert av tre store veggmaleri som skildrar juleevangeliet. Her song englane det som har blitt utgangspunkt for lovsongen i kristne kyrkjer over heile verda: Gloria in excelsis Deo, ære vere Gud i det høgste. Forsiktig testar me den spesielle akustikken i kapellet, og her er det ikkje vanskeleg å bli inspirert til å bidra i den verdsvide lovsongen!

Les del 2 og del 3

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: