Men okse der og asen stod

Men okse der og asen stod,
og asen stod,
og så den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Dette er det fjerde verset i Et barn er født i Betlehem (Norsk Salmebok nr 29). Den kjente julesongen er eigentleg ein gamal latinsk salme frå 1300-talet, Puer natus in Betlehem. Grundtvig omsette den til dansk i 1820. Vår julesong er ei fornorsking av Grundtvigs tekst.

Men kvar kjem tradisjonen om desse dyra frå? Juleevangeliet fortel om gjetarar med dyr ute på Betlehemsmarkene, men nemner ikkje nokon dyr på fødestaden. Nå er det sjølvsagt ikkje utenkjeleg at det var dyr der, sidan det blir fortalt at Maria la sin førstefødde i ei krubbe. Men bibelteksten seier altså ikkje noko om dette.

Så vidt eg kjenner til er dyra som omkransar Jesusbarnet, første gong nemnt i Pseudo-Matteus eller Matteus’ barndomsevangelium, eit apokryft evangelium av ukjent opphav (les meir):

And on the third day after the birth of our Lord Jesus Christ, the most blessed Mary went forth out of the cave, and entering a stable, placed the child in the stall, and the ox and the ass adored Him. Then was fulfilled that which was said by Isaiah the prophet, saying: The ox knows his owner, and the ass his master’s crib. (Isaiah 1:3) The very animals, therefore, the ox and the ass, having Him in their midst, incessantly adored Him. Then was fulfilled that which was said by Abacuc the prophet, saying: Between two animals you are made manifest. In the same place Joseph remained with Mary three days. (Pseudo-Matteus 14)

Relatert stoff:

Krubba i juleevangeliet: Om herberget som blei borte frå juleevangeliet, om Jesus blei født i fattigdom, om den bibelske bakgrunnen for krubba om barnet “som blei sveipt”.

Josef fortel: Min variant av Josef sine opplevingar ved Jesu fødsel.

Èitt svar til Men okse der og asen stod

  1. […] Men okse der og asen stod (2009) […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: