Bysantinsk funn i Jerusalem

29/10/2011

“a miniature Christian prayer box”

Det blir stadig gjort interessante funn i utgravingane i Davidsbyen i Jerusalem. Denne veka blei det kjent at det er funne eit lite objekt med kristen ikonkunst frå det sjette eller sjuande hundreåret, det vil seia frå bysantinsk tid (som i Jerusalem tilsvarer perioden 325-638 e.Kr).

Funn er gjort på parkeringsplassen Givati i Davidsbyen, like utanfor Gamlebyen.

Arutz-7 skriv:

Byzantine Prayer Box Found in Jerusalem Dig
Miniature box adorned with cross dates from 6-7 century CE. Contained two icons surrounded by gold leaf.
By Gil Ronen

Archaeologists in Jerusalem discovered a miniature Christian prayer box that dates back to the sixth or seventh century CE.

The box was found at the “Givati parking lot” dig in Ir David. Dig supervisors noted that illustrated Byzantine holy objects are very rarely found in the Holy Land.

The box contained two icon paintings surrounded by gold leaf and was probably a personal prayer object. It is 2.2 cm. (about 0.9 inch) long by 1.6 cm. wide and is made from the bone of a large animal – cattle, a camel or a horse.

The find was presented by dig supervisor Yana Tchekhanovets, along with Israel Antiquities Authority’s Dr. Doron Ben Ami.

One painting inside the box depicts a bearded man with dark hair, wearing what appears to be a white tunic. The other painting seems to show a female figure dressed in blue. Similar boxes were found on bodies discovered in burial caves in the Moshchevaya Balka site in the northern Caucasus.

Sjå artikkel med bilete.

(via BiblePlaces Blog)

Oppdatering: Israel Antiquities Authority har lagt ut ei pressemelding om saka: An Ancient Christian Prayer Box was Discovered in Excavations in Jerusalem 


Nedslag midt i språket

21/10/2011

Lanseringa av Bibel 2011 denne veka har ført til mange medieoppslag. Eg tar med ei lenke til Alf Kjetil Walgermo si bokmelding i Vårt Land. Eg delar hans leselyst i møte med denne boka:

Bibelen for vår tid
Den nye nynorskbibelen har alt som skal til for å bli folkelesnad. Omsettinga gjer nedslag midt i språket.

Det finst stunder då ein bokmeldar skal innsjå sine avgrensingar. Slik er det i alle fall no, her eg sit med ein open Bibel 2011 framføre meg. Å skulle melde Guds Ord, ein heilag tekst for så mange, må vere toppen av overmot i denne verda. Attpåtil på sperrefrist. Trass dette skal eg prøve å formidle nokre inntrykk eg har fått ved møtet med den nyomsette bibelteksten på nynorsk.

(…)

Eg får lyst både til å lese langt i ein strekk, og til å fordjupe meg i enkeltpassasjar og enkeltvers.

Les meir


Bibel 2011 er her!

19/10/2011

Språket er ein rotete affære. Det ser vi dersom vi t.d. samanliknar med matematikkens eksakte teiknsystem – og det er dét som gjer språket så vidunderleg, og så fullt av muligheter.

Det er Paal-Helge Haugen som skriv dette i sin artikkel Å lese korrektur på Skrifta i antologien Bibelsk. Han er éin av 12 skjønnlitterære forfattarar som har vore med i arbeidet med Bibelen som “stilistar”.

Eg er blant dei som den siste tida har gleda meg som ein unge til lanseringa av Bibel 2011. Det er flott at Bibelselskapet nå, etter fleire års grundig arbeid, er ferdige med den nye omsetjinga av Bibelen. Eg har brukt den foreløpige NT-utgåva som kom i 2005, og gleder meg nå til å få eit like godt (og kanskje enda betre) GT.

Bibel 2011 skal vera ei omsetjing som er nærare kjeldetekstene og som likevel har eit nytt og levande språk, i følgje Bibelselskapet (les meir). Du finn den nye Bibelen her. Og sjølvsagt i hos næraste bokhandlar.


Nye tekstavsnitt i Bibelen

18/10/2011

Den nye bibelutgåva som blir lansert i morgon, har faktisk nokre små tekstavsnitt som er heilt nye i norske biblar. Dei er henta frå Dødehavsrullane og er så godt stadfesta at Bibelselskapet har tatt dei inn i bibelteksten. Dei aktuelle tekstavsnitta er sjølvsagt merka så me som er lesarar kan vita samanhengen.

Her er eit utdrag frå artikkelen Ein hjartevenleg bibel i Vårt Land (papirutgåva 15.10.2011), der bibelomsetjar Elisabeth Levy uttaler seg:

Eitt av dei interessante aspekta ved den nye omsettinga er at ein har funne bibeltekst i Qumran som har mangla i dei andre grunntekstane. Såleis finst det nokre vers ekstra i 2011-utgåva av til dømes Salmane og Samuelsbøkene. I Salme 145 er det komme inn eit ekstra vers om at Herren er påliteleg i alt han seier og trufast i alt han gjer. Og i 1. Samuelsbok 10 er det  komme inn ei kort og brutal forteljing om kongen over ammonittane, som stikk ut det høgre auget på israelittane.

Då Bibelselskapet skulle byrje på omsettinga av Samuelsbøkene, fekk dei raudt lys så og seie direkte frå Jerusalem. Det vil seie frå Torleif Elgvin, som sit i Qumran-gruppa i Israel: Omsettarane burde venta til Qumran-versjonen av Samuelsrullen (4QSam frå 1. hundreåret f. Kr.) var offentleggjort i 2005, og ikkje berre gå ut frå den såkalla Leningrad-kodeksen frå det 11. hundreåret.

– Det ville vore synd dersom vi ikkje hadde tatt Qumran-skriftet med i omsettingsarbeidet. Det er så godt stadfest av andre kjelder at vi tok det inn. Dermed er det kome inn litt ny bibeltekst som ikkje har stått tidlegare i norske biblar, seier Levy.

Dei nye tekstavsnitta er godt merka i bibelteksten, og det blir forklart i fotnotene kvifor dei er tekne inn. God merking er det også for såkalla alfabet-salmar. Her er dei 22 hebraiske bokstavane plasserte i margen til venstre. Salme 119 består til dømes av åtte vers per bokstav i det hebraiske alfabetet.


Evangelisten Lukas sin dag

18/10/2011

Kalenderen viser at det er evangelisten Lukas sin dag i dag (18. oktober).

Eg viser til to tidlegare notat her på bloggen:

  • Evangelisten Lukas fortel om eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet i forhold til dei andre evangelia.
  • Avslutninga av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonen om Lukas si grav i Thiva (Theben) i Hellas.

Caspari Center 10/2011

17/10/2011

Caspari Center i Jerusalem har nyleg lagt ut den norske utgåva av nyheitsbrevet for oktober 2011 på nettet.

Her er senteret sin eigen presentasjon av nyheitsbrevet frå mailen som eg fekk for nokre dagar sidan, mens eg var i Israel:

I dette nyhetsbrevet fokuserer vi på en del av vårt arbeid som er i høyeste grad strategisk viktig. Det handler om arbeidet med enslige messianske jøder som vi i løpet av det siste året har utviklet i partnerskap Hagefen Publishing. I en liten bevegelse som den messianske bevegelsen i Israel møter denne gruppen store utfordringer. Å finne en livsledsager og å vite hva som er Guds vilje for den enkelte på dette området kan være veldig vanskelig. Her handler det i høy grad om vår framtid som en bevegelse av Jesus-troende jøder i Israel. Vi gleder oss over å være en del av dette arbeidet. Men som i alt arbeidet vi gjør er vi også her helt avhengig av din støtte og forbønn. Det betyr utrolig mye for oss.

Med ønske om Guds rike velsignelse,
Caspari-staben

For ei veke sidan besøkte eg Caspari Center i deira nye lokale i HaNevi´im Street 55. Gruppa vår fekk då eit interessant foredrag om den messianske bevegelsen ved Alec Goldberg. Han nemnte også då det han skriv om i nyheitsbrevet, at Caspari Center har samlingar der målet er å kopla einslege messianske jødar. Dette kan verka fjernt for oss i vår norske kontekst. Eg syns likevel dette er eit ganske interessant nyheitsbrev som seier ein heil del om opplevinga dei messianske jødane har av å vera ein liten minoritet i det jødiske samfunnet (dei utgjer 1-2 promille av den jødiske befolkninga i Israel).


Shalomtur haustferien 2011

16/10/2011

Eg er heime igjen frå ein ti dagars haustferie i Israel og dei palestinske områda.  Inger og eg har vore reiseleiarar for ei Shalomtur-gruppe. Me har hatt mange og gode opplevingar undervegs.

Eg tar med ei oversikt over kva som var på programmet.

I Jerusalem:

  • Vandringar i Gamlebyen med yrande folkeliv og mange heilage stadar
  • Gravkyrkja med Golgata og Jesu grav
  • Getsemane, Betesda, Lithostrotos, Via Dolorosa
  • Sionshøgda og Hanegalskyrkja
  • Vestmuren (Klagemuren)
  • Omvisning og nattverdgudsteneste i Gravhagen
  • Besøk på Caspari Center med foredrag om dei messianske jødane
  • Israels Museum med Dødehavsrullane og modellen av Jerusalem på Jesu tid
  • Lysshowet The Night Spectacular i The Tower of David Museum
Utanfor Jerusalem:
  • Betlehem; Hyrdemarkene, Fødselskyrkja og kyrkjelydsbesøk hos palestinske kristne i den lutherske kyrkja i Beit Jala (gudsteneste, kyrkjekaffi, lunch og møte med pastoren)
  • Dødehavsområdet: Masada, Ahavafabrikken, bading i Dødehavet
  • Jeriko; “Sakkeustreet”, Elishas kjelde og utgravingsområdet med svært gamle bymurar. Dessutan visitt hos kristne palestinarar
  • I Jesu fotspor i Galilea: Gudsteneste i kapellet til YMCA, Saligprisingsfjellet, Tabgha, Kapernaum, båttur på Gennesaretsjøen. Nokre i gruppa var med og gjekk ned frå Saligprisingsfjellet
  • Kveldstur til Tiberias
  • Arkeologiske utgravingar i Bet Shean (på Jesu tid: Skytopolis)
  • Bading i varme kjelder i Sachne
  • Muhraqa på Karmelfjellet (historia om profeten Elia og Baalsprofetane)
  • Gudsteneste i Immanuelkyrkja i Tel Aviv og møte med pastoren i forkant av gudstenesta
Eg syns alltid eg lærar noko nytt når eg er på reise i Israel og dei palestinske områda. Dette gjeld både bibelhistoria, jødedommen, den kristne trua sine jødiske røter, den allmenne historia, den aktuelle konflikten og livet i dei moderne samfunna i området. Eg kjem nok derfor tilbake med bloggnotat relatert til turen og stadane me besøkte.

%d bloggarar likar dette: