Nikolai Astrup: Getsemane

Eg har stor sans for kunsten til Nikolai Astrup (1880-1928). Her har han måla eit særprega Getsemane-bilde der bibelhistoria er plassert rett inn i norsk natur. Det bibelske Getsemane er hagen ved foten av Oljeberget i Jerusalem, der Jesus var inne i ein djup bønekamp og der han blei arrestert og ført bort kvelden førLes meir «Nikolai Astrup: Getsemane»

Langfredag i Hinna kirke

Nå i den stille veka har eg lyst til å visa fram Victor Sparre sin store glaskunst i Hinna kirke enda ein gong. Les om kunsten her: Victor Sparre: Golgata. Du kan også lesa kunstnaren sin artikkel Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri her: Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke.

Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 3 Victor Sparre (1919-2008) er kunstnaren bak den store glaskunsten i Hinna kirke. Kunsten var  ferdig til vigslinga av kyrkja 29. oktober 1967. Dette var første gong kyrkjekunst blei støtta av det relativt nye Norsk Kulturråd. Størstedelen av utgiftene på kr 120.000 til kunsten blei likevel gitt fråLes meir «Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke»

Dua, symbol for Den heilage ande

Eg ønsker god pinse med dette symbolet som eg har på stolaen på prestedrakta mi. I pinsen brukar me røde kyrkjetekstilar og helst symbol som kan knyttast til Den heilage ande. Symbolet på stolaen er ei due med korsforma glorie. Kona mi, Inger, er tekstilkunstnar. Ho har designa stolaen, – og har vevd stoffet og brodert symbolet.Les meir «Dua, symbol for Den heilage ande»

Victor Sparre: Golgata

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden. Hinna kyrkje har ein heil vegg med monumental glaskunst av Victor Sparre (1919-2008). Kunstnaren har utsmykning i 25 kyrkjer. Han var aktiv som kunstnar, debattant og menneskerettsforkjempar.Les meir «Victor Sparre: Golgata»

Barluzzi-kunst i Gravkyrkja

Arkitekten Antonio Barluzzi laga flott mosaikk-kunst i det latinske kapellet på Golgata i Gravkyrkja då han restaurerte dette kapellet på 1930-talet. Motiva er knytt til at Jesus blir festa til korset. Han viser også til gamaltestamentleg bakgrunnsstoff for dette. Utgangspunktet hans er ein liten medaljong med mosaikk bevart frå korsfarartida. Barluzzi er kjent som Det heilageLes meir «Barluzzi-kunst i Gravkyrkja»

Bernini: Den heilage ande

Det er pinse, og eg hentar fram eit av dei store verka til Bernini (1598-1680); Dove of the Holy Spirit i Peterskyrkja i Roma. Me feirar den kristne pinsen fordi Gud er trufast og sender si ånd til oss. Kristen tru er nærvere, relasjon, kjærleik og tillit. Jesus sa: Eg vil ikkje la dykk vera attLes meir «Bernini: Den heilage ande»

Påskekunst: Golgata

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden. Hinna kyrkje har ein heil vegg med monumental glaskunst av Victor Sparre (1919-2008). Kunstnaren har utsmykning i 25 kyrkjer. Han var aktiv som kunstnar, debattant og menneskerettsforkjempar. LesLes meir «Påskekunst: Golgata»

Jesus – som ei høne!

Notat til søndagens tekst: Matt 23,37-39 Jerusalem, Jerusalem. Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. Desse orda frå Jesus er ein del av preiketeksten denne søndagen. Når eg les dette, tenkjer eg på denne mosaikken frå altaret i kyrkja Dominus Flevit påLes meir «Jesus – som ei høne!»

Born som lar lovsongen lyda

Eg ønskjer alle lesarane av bloggen god påske 2014 med dette lovsongsmotivet. Det er er inspirert av hosiannaropa til borna på tempelplassen i Jerusalem den dagen Jesus rei inn i byen på eit esel. Altså den hendinga som har gitt opphavet til vår palmesøndagsfeiring. Borna som dansar og syng er brodert av Inger, kona mi.Les meir «Born som lar lovsongen lyda»

Cimabue: Frans av Assisi

Basilikaen som er reist over Frans av Assisi si grav, inneheld mykje flott kunst. Eg har nyleg kome heim frå ein studietur til Assisi, og besøka i basilikaen var blant høgdepunkta på turen. Denne fresken, Maestà av Cimabue, er først og fremst interessant fordi kunstnaren har måla Frans inn i bildet, til høgre for hovudmotivet.Les meir «Cimabue: Frans av Assisi»

Mariapilegrim i Nasaret

Klokkespelet spelar og vinden svalar i den varme lufta i Nasaret. Det er kveld og den siste turistbussen har køyrt. Eg ruslar opp bakken til den store Bodskapskyrkja. Vakta forstår at eg kjem for å vera stille, så eg får sleppa inn. Offisielt er kyrkja stengt etter klokka seks. Me er bare nokre få menneskeLes meir «Mariapilegrim i Nasaret»

Dei eldste kristne symbola

Dei eldste kristne symbola var truleg T-forma kors, fisk – både som bilde og som ordspel – og (den gode) gjetaren. Professor Larry Hurtado, Edinburgh, har arbeidd mykje med dei første kristne hundreåra. Nå har han nyleg vore her i Norge og halde foredrag om “Early Christian Writers on Christian Symbols” på ein konferanse på UniversitetetLes meir «Dei eldste kristne symbola»

Altartavla i Time kyrkje

Krucifikset er et merkelig og skjønt arbeide – i særdeleshed benene og de vidunderlig behandlede føtter – de hører til de mest plastiske detaljer vi har av den slags. Slik skreiv Dominico Erdmann, representant for Riksantikvaren, som restaurerte altartavla i Time kyrkje i 1921. Denne altartavla er eigentleg sett saman av fleire delar eldre kyrkjekunstLes meir «Altartavla i Time kyrkje»

Rubljov: Treeininga

Ikonet Den heilage treeininga frå ca 1410 fascinerer også i vår tid. Det er 650 år sidan kunstnaren Andrej Rubljov blei født. Jubileet har ført til fornya fokus på kunsten hans. Eg les for tida ei ny, norsk bok om dette ikonet. Morgenbladet skriv denne veka (papirutgåva 7.-13. januar 2011) om Rubljov: Ikonmaleren som samletLes meir «Rubljov: Treeininga»

Apostelportrett frå ca 400

Det er i dag blitt kjent at det er funne portrett av apostlane Andreas, Johannes, Peter og Paulus i St. Tecla-katakomben nær Pauluskyrkja, like utanfor bymuren i den gamle delen av Roma. Bileta blir datert til siste del av 300-talet eller første del av 400-talet. Dette er dermed dei eldste kjente bileta av apostlane. ReutersLes meir «Apostelportrett frå ca 400»