Forventninga sin adventssøndag

Adventsblogg 8. desember

Her er ein kortversjon av preika eg hadde i dag på 2. søndag i adventstida i Hillevåg kirke.

Det står skrive i Evangeliet etter Johannes:

1 Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2 I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? 3 Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen. (Joh 14,1-4)

Advent

Advent handlar om at Jesus kjem til oss. Han kom som broren vår då han blei født i Betlehem. Han kjem til oss i dag. Han skal ein gong koma igjen så me kan vera der han er. Andre søndag i adventstida blir kalla forventninga sin adventssøndag. Det dreier seg om forventningar til Jesu kome ut frå alle desse tre perspektiva. Mange av oss har forventningar til jula som ligg framfor oss. Men 2. søndag i adventstida handlar eigentleg meir om forventningar knytt til Jesu nærvær, nå og i det evige livet.

Tru som tillit

Dagens tekst taler til meg om tru som tillit. «Tru på Gud og tru på meg!» sa Jesus. Avsnittet er henta frå ein situasjon der Jesu næraste venner var prega av uro og redsel. Så begynner Jesus å tala om tru som tillit. Det er som han seier til dei, så sterkt han kan: Dokker kan stola på meg!

I min Fars hus er det mange rom

Jesus teiknar eit varmt og godt bilde for oss: Det er eit Farshus som ventar. Det er målet for livet. Dette er ein av dei bibeltekstane der det evige Guds rike blir teikna som ein bolig. Eit hus. Og her står det at Fars hus har mange rom.

Bildet fortel oss om ein stad med plass for alle Guds barn. Der er det rikeleg med plass. Der treng ingen stå utanfor. Dette er ein tekst som opnar dører, ikkje ein tekst som lukkar dører.  Jesus gir oss opne rom, han fortel om ein romslighet hos Gud. NT-forskaren Hans Kvalbein sa ein gong i eit avisintervju om denne teksten: ”Det blir Guds store gjestfrihet som står igjen som budskapet i det Jesus sier.” (VL 19.04.2002)

Eg har lese at det greske ordet som betyr bolig eller rom (monæ), har betydningsnyansar i retning eit herberge, ein vegkro og ein kvilestad for påfyll, altså ein midlertidig bolig. Men evangelisten sprenger grensene for kva ordet kan bety. Her betyr det ikkje ein midlertidig bolig, men ein bolig for varig opphald! Dette greske ordet er faktisk bare brukt to gonger i heile NT, og begge gongene er i dette kapitlet i Johannesevangeliet. Presten Sjur Isaksen har peika på at i vår tekst (vers 2) blir det brukt om ein bevegelse nedanfrå og opp, om å flytta inn i ein varig bolig i Guds nærhet. Litt seinare i kapitlet, i vers 23, blir ordet brukt om den motsette bevegelsen; om at Gud kjem ned og tar varig bolig hos menneske som elskar han. Bildet framhever i begge tilfelle tryggleiken i det varige og fullkomne fellesskapet med Jesus.

Uro

Jesu ord om at han skal koma og henta oss så me skal vera der han er, har gitt håp og trøyst til mange menneske, både i møte med ein krevjande kvardag og i møte med døden. Orda var opprinneleg tala inn i ein vanskeleg situasjon for disiplane. Dei kjente på stor uro for kva påskedagane i Jerusalem skulle føra til. Og Jesus seier med ettertrykk til dei: Lat ikkje hjartet dykkar uroast!

I bokmålsomsetjinga har Bibelselskapet vald ei litt anna vinkling (her må eg i parentes bemerka at i Hillevåg kirke las eg bibelteksten på bokmål). Her står det: La ikke hjertet bli grepet av angst. Eg trur ordet angst gjennom bokmålsomsetjinga har fått for stor vekt i denne samanhengen. Eg forstår grunnteksten som denne taler meir om forvirring og uro. Me skal huska at angst er eit sterkt ord medisinsk sett, og sånn sett eit ord me gjerne kan vera forsiktige med å bruka. Eg som ikkje sjølv har kjent på angst, forstår i alle høve ikkje djupna i dette. Men uro og redsel i ulike situasjonar, det er ein allmen-menneskeleg erfaring. Me kan jo også merka oss den verkeleg gamle bokmålsomsetjinga, den klassiske omsetjinga frå 1930. Her stod det: «Eders hjerte forferdes ikke!» Uansett kva ord me brukar på den indre uroen, – Jesus vil gje tryggleik og livsmot til oss, midt i kvardagen vår. Og han er Frelsaren som faktisk har opna huset med dei mange romma for oss.

Han vil visa veg

Jesus opnar rom, han lukkar dei ikkje. Han snakkar om eit hus med mange rom og god plass. Samtidig fortel han at han sjølv vil vera den trygge vegvisaren fram til dette huset og denne gode plassen. Å tru er å vera undervegs saman med han, i tillit til han. Og der han er, er det godt å vera.

Jesus lar oss ikkje leita oss gjennom livet i blinde. Han går framføre og viser veg. Han har gått opp kursen i førevegen. Det er nok mange andre òg som kan læra oss noko om å leva eit godt liv. Men Jesus har alltid meir å gje enn andre me kan lytta til og følgja. Det er fordi han er Guds Son, den fullkomne, og samtidig tenaren som kjenner vår menneskelege verd fullt ut. Like etter det som er vår tekst i dag, seier han dei kjente orda: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.

I kristen tru blir målet i nokre samanhengar kalla ”ein evig heim”. Det er eit spanande uttrykk. Det seier oss at å nå fram til det evige liv hos Gud er å koma til ein fullkomen og god heim. Ein bolig med mange rom. Opne rom. Trygge rom. Her er det plass for deg! I dag på forventninga sin adventssøndag blir me minna om å ha forventningar til Jesus. Han er nær oss kvar dag i livet. Eg er med dokker alle dagar så lenge verda står, sa han. Og han vil også vera nær oss i det evige livet, i Fars hus med mange rom.

Eg må vera i huset åt Far min

Notat til søndagens tekst: Luk 2,40-52

Forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet i Jerusalem, er preiketekst i kyrkjene førstkomande søndag (07.01.2018). Jesu ord «Eg må vera i huset åt Far min» er ei hovudutsegn i teksten. Men ordet ”hus” står faktisk ikkje i den greske teksten, der manglar det som for oss er det sentrale substantivet. Sjå notatet Jesus (12) i Fars hus.

Ulike bilde kan gje totalt ulike stemningar knytt til ein tekst. Det første bildet viser ein detalj frå Der zwölfjährige Jesus im Tempel av Max Liebermann (1847–1935), teikna i 1879. Kjelde: Wikimedia Commons. Det neste bildet er ein dansk skuleplansje (Jesus som 12 Aars barn i Templet) som eg kjøpte i ein brukthandel på Jylland sist sommar. Det er teikna av Paul Steffensen i 1913. 

Oppdatert 09.01.2018

Liebermann_Jesus_1879_det

IMG_5109

Jesus (12) i Fars hus

Notat til søndagens tekst (4. januar 2015): Luk 2,40-52

Lukasevangeliet har med éi fortelling frå Jesu oppvekst; historia om då Jesus som tolvåring var med til tempelet.

Guten sat mellom lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Ikkje bare det: Han svara på deira spørsmål. Dette var tydeleg ein unik situasjon som skapte undring både for dei som høyrde på og for foreldra då dei oppdaga kva som skjedde.

Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min? Dette er dei første orda som blir lagt i Jesu munn i Bibelen.

Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han. Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

Kristi openberringsdag er ein av dei eldste kristne kyrkjeårsdagane. Frå først av var feiringa av Jesu fødsel lagt til denne dagen; dette blei seinare flytt til 25. desember. Andre namn på dagen er Heilage tre kongars dag og Epifania (= openberring). Dagen blir gjerne markert som ein misjonssøndag.

Lesetekstane: Jes 49 har eit sterkt universelt innhald. Rom 15 legg vekta på skriftene, spesielt på det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.

Evangelieteksten frå Lukas kapittel 2 er den einaste bibelfortellinga om Jesu ”skjulte år”, hans oppvekst i Nasaret. Det er mange slike fortellingar i dei apokryfe evangelia. Lukas trengte ikkje tatt med fortellinga for samanhengen si skuld; han kunne gått rett frå 2,40 til 3,1 og slik vore meir i harmoni med Markus og Matteus. Men han ville tydelegvis ha med denne eine fortellinga der Jesus har gått frå å vera barnet Jesus (to paidion: 2,17, 27 og 40) til guten Jesus (ho pais: 2,43). Teksten har eit viktig kristologisk sikte; Jesus har ein himmelsk Far, han er Guds son.

Teksten blir ramma inn av ord om Jesu utvikling og mogning, versa 40 og 51-52. Lukas har liknande vers om Døyparen Johannes si utvikling i 1,80. Det finst fleire liknande utsegner i GT, truleg er orda om Samuel i 1 Sam 2, 21b og 26 ein viktig bakgrunn. Det er ein tydeleg samanheng mellom rammeversa si vektlegging av Jesu visdom (v 40 og 52) og fortellinga om hans klokskap i møte med dei eldste i tempelet (v 47).

Maria (og Josef) skjøna ikkje kva Jesus meinte, men Maria gøymde ”alt dette” i hjartet sitt, på same måte som ho hadde gjort 12 år tidlegare i samband med fødselen. Kva tid tok ho fram dette som ho hadde gøymt? Lukas får fram at Maria står for ein viktig kontinuitet frå Jesu barndoms-historie til den første kristne kyrkja (Apg 1,14).

Pilegrimsreise med dramatisk avslutning

Jesu familie var jødar som reiste på pilegrimsreisene opp til Jerusalem. Det normale var nok at barna var med, men i den lukanske historie-fortellinga er dette Jesu første reise ”opp til Jerusalem”, og den får dermed ein viktig plass i evangeliet. Det står ikkje noko om feiringa av påskehøgtida, den er underforstått. Men Jesus har altså her vore med på den store feiringa av  påsken på og rundt tempelplassen i Jerusalem. Høgdepunktet var påskenatta med påskemåltidet, ei vakenatt med sterk Messiasforventning.

Nokre tenkjer seg at denne påskehøgtida var ei markering av Bar Mitsva for Jesus, det som i dag er den jødiske ”konfirmasjonen” for 13 år gamle gutar. Dette er tvilsamt; skikken er truleg ikkje så gamal. Andre ser for seg at det dreier seg om ein forløpar for Bar Mitsva. Men dette har me heller ingen historisk kjennskap til.

Jesu familie må ha reist i lag med eit stort følgje med slektningar og kjenningar. Då dei var på veg heim etter høgtida, tenkte foreldra hans at han ”var med i følgjet”, og slappa faktisk av med det den første dagen på heimreisa. Dette er underleg sett med vår tids auge, men det seier noko sterkt om at Jesus har vakse opp i eit trygt miljø.

Først etter tre dagar fann dei han i tempelet; truleg betyr det tre dagar etter at dei hadde reist frå Jerusalem: Ei dagsreise mot Nasaret, ei dagsreise tilbake, og ein dag med leiting i folkehavet i Jerusalem. Ole Chr. Kvarme oppgir i si bok ”Åtte dager i Jerusalem” at byen hadde mellom 50.000 og 100.000 innbyggjarar, og at det kunne vera 100.000-200.000 tilreisande i valfartshøgtidene.

Arkeologen Dan Bahat skriv at Jesu foreldre truleg fann Jesus ein bestemt stad i dei store trappene som gjekk opp til tempelplassen frå sør. Bahat hevdar dette på bakgrunn av ein inskripsjon som blei funnen der og som kan tyda på at dei eldste hadde fått tildelt ein bestemt stad i desse trappene. (Dan Bahat: ”Jesus and the Herodian Temple Mount” i Charlesworth (red): Jesus and Archaeology. Grand Rapids/Cambridge 2006, side 300-308).

Sentrum i teksten

Jesus sat midt mellom lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål (v 46). Neste vers tilseier at han også svara på deira spørsmål (v 47). Han var klok. Dette var tydeleg ein unik situasjon som skapte undring både for dei som høyrde på han (det var altså fleire), og for foreldra då dei oppdaga kva som skjedde.

Jesus lyttar til lovlærarane, stiller dei spørsmål og gir sjølv svar på deira spørsmål. Dette viser fram mot Jesu seinare debattar med dei lovkyndige om innhaldet i lova. Men her ser me ikkje noko til den avstanden det seinare skulle bli mellom Jesus og dei skriftlærde. Det er ikkje ein stridssamtale. Teksten er i ei heilt anna verd; barndomsfortellingane ber preg av tempel-fromheita som Jesus vaks opp i (Luk 1-2 og Matt 1-2).

Eg må vera i huset åt Far min

Dette er eit hovudutsegn i teksten. ”Eg må” er forståeleg når me les Jesu ord som ei stadfestinga av at han er Guds son. Jamfør Luk 4,43; 22,37; 24,7 og 24,26. Men ordet ”hus” står faktisk ikkje i den greske teksten, der manglar det som for oss er det sentrale substantivet. Den knappe teksten kan omsetjast slik: ”Eg må vera i det/dei (som er) min Fars”. Det kan dreia seg om ein lokalisering (hus, tempel), ein aktivitet (samtale om lova) eller eit fellesskap (knytt til den himmelske far framfor den jordiske familie).

Alternative forslag til omsetjingar, fritt gjengitt på nynorsk av meg:
• Heime hos far (Per Lønning: Følg meg. Side 80)
• Eg må halda meg til min Fars saker (Knut Grønvik: Dager som kommer. Oslo 2014. Side 138).

Lokaliseringa av hendinga i tempelområdet (og truleg også formuleringa i Joh 2,16 der teksten har ordet hus) har ført til den tradisjonelle (og gode) omsetjinga ”i min Fars hus”. Fars hus er eit kjent omgrep i GT, men det blir ikkje brukt om tempelet. Slik sett er ordbruken nyskapande, slik også Jesu omtale av Gud som far, er det.

Til forkynninga over teksten

Ein enkel disposisjon til ei fortellingspreike over teksten kunne vera:

  1. Jesu oppvekst i eit trygt miljø. Jødiske tradisjonar. Valfart til påske i Jerusalem.
  2. Jesus i djup samtale med lærarane i tempelet. Spørsmål og svar.
  3. ”Eg må vera i huset åt Far min”.
  4. Maria gøymer på det ho ikkje forstår og tar det fram sidan.

Paul Erik Wirgenes, som har vore sentral i oppbygginga av trusopplæringa i Den norske kyrkja, skriv med utgangspunkt i teksten i spalten Ettertanke i Vårt Land 2013 (fritt gjengitt):

  1. Heldige er dei foreldre som finn igjen sitt bortkomne barn i eit heilagt hus der det kan vera trygt. Det er mange barn og unge som er mykje i kyrkjene sine. La oss gjera kyrkjene til trygge stadar for dei.
  2. Heldig er det barn som finn eit trygt heilagt hus å søkja tilflukt i når det har kome bort eller stukke av frå foreldra sine. Mange har behov for tilknyting til stadar og fellesskap utanfor eigen familie.
  3. Heldig er det trussamfunn som har vaksne som lar seg fascinera av tolvåringars spørsmål og svar. Me treng vaksne som kan føra dei lange og gode samtalane med barn og unge.

Carl Henrik Martling foreslår følgjande disposisjon i ”Mitt i verkligheten”, bd 1, side 63-65:

  1. Endast den som saknar Jesus söker honom
  2. Endast den som söker Jesus finner honom
  3. Endast den som finner Jesus ser hans härlighet

Dette notatet er skrive for Den Norske Israelsmisjon sin preikeverkstad til Kristi openberringsdag 2015.

Oppdatert 03.01.2015