NY Times om Jesus Trail

Oppdatering 2020: Dette notatet blei skrive før eg sjølv første gong gjekk The Jesus Trail i 2012. Det er mange nyare notat om denne turløypa her på bloggen, sjå kategorien Jesus Trail.

Eg les om The Jesus Trail denne helga. Dette er ei pilegrimsrute som går i Jesu fotspor i Galilea. Løypa er 62 km og går frå Nasaret til Kapernaum.

Matteusevangeliet fortel at Jesus, då han tok til med si gjerning, flytte nettopp frå Nasaret til Kapernaum, der han busette seg (Matt 4,13). Det nye testamentet gir også vidare inntrykk av at han sidan stadig var på vandring.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia nøyaktig kvar Jesus gjekk og kvar han overnatta. Men terrenget ligg der framleis, med mange spennande reisemål.

New York Times skreiv denne veka om The Jesus Trail:

Hiking Through Biblical Backcountry

AROUND the corner from Nazareth’s Old City market, in the shadow of 200-year-old Ottoman mansions, there’s a cobblestone street so narrow you can almost touch the houses on either side. An arrow pointing up some stairs is painted on one rough wall, along with the words “Jesus Trail.” It’s the de facto trailhead for a 40-mile hike through the Galilee region of Israel in the footsteps, more or less, of the man who made Galilee famous.

Les meir

Sjå også tidlegare stoff her på bloggen: Menneska ved The Jesus Trail.

Bilete frå innsetjinga i Hinna

Eg har fått tilsendt dette biletet frå 10. juni då eg blei sett inn i tenesta i Hinna menighet (les meir). Her er eg saman med to viktige kollegaer; kapellan Eva Vassbø og prost Sigfred Sørensen.

Fotograf: Arne Augedal.

Reidar Bakke (1926 – 2012)

Minneord over svigerfar ved gravferda i Høyland kyrkje 15.06.2012

Oppvekst / ungdomstid

Reidar var født 19. juli 1926 i Bjerkreim. Foreldra Nilla Bertine og Ole Matias Bakke, som begge var frå Jølster i Sunnfjord, hadde året før flytta til Bjerkreim og kjøpt Oremo, der dei dyrka opp garden frå grunnen av. Det blei etter hvert åtte barn i familien, tre eldre enn Reidar og fire yngre. Familien budde og arbeidde på Oremo i svært enkle kår. Då foreldra flytta dit, var det f eks ikkje bilveg fram til plassen. Og strøm fekk garden først etter at Reidar hadde flytta heimefrå.  Ungdomstida var naturleg nok prega av krigen, som braut ut då Reidar var snautt 14 år gamal.

Reidar fekk likevel muligheten til å dra til Bryne for å gå på gymnas. Han tok eksamen artium i 1948 og sikta etter hvert inn mot å arbeida i skulen. Frå oppveksten hadde han med seg ei tydeleg kristentru med forankring i kyrkja, ein sterk rettferdighetssans og ei omsorg for dei som falt utanfor. Dette var verdiar som sidan prega han heile livet.

Omsorga for dei som strevde i livet, ser me spor av allereie i dei første stillingane han hadde. Først arbeidde han eit år på Bergen Guttehjem, og etter at han hadde tatt lærarskulen i Oslo, var han lærar for hjelpeklassen på Kvaleberg skule i Stavanger.

Det var i tida som ung student han ein sommar tok sykkelen med og reiste på eiga hand på studietur til England. Her møtte han ei ny og spennande pedagogisk tenking, og han fekk faglege impulsar og kontaktar som sette spor. Då han skulle heim frå England, tok han like godt båt over til Frankrike og sykla heim gjennom Europa! Dette var ein tur han sidan ofte kom tilbake til og fortalte om.

Familieliv

Reidar blei kjent med Sissel i Oslo i 1952 mens han studerte pedagogikk, etter lærarskulen. Det er ei kjent forteljing i familien at han var veldig forelska, men at det gjekk ei tid før Sissel let seg overtala. Sidan har Reidar fortalt om kor viktig det er å venta på ”den rette”. Sissel og Reidar gifta seg i 1955, og dei har hatt svært mange gode år saman med ein tydeleg kjærleik til kvarandre. Då Reidar siste gong talte til Sissel, i hennar 80-års dag, hadde han bare fokus på henne og på kjærleiken!

Sissel og Reidar fekk fire barn; Inger, Kirsten, Norunn og Sjur. Sidan har familien vakse med ein stor flokk med svigerbarn, 15 barnebarn og 1 oldebarn. Familien betydde mykje for han. Han var ein moderne mann som gjerne kunne bryta det som den gong var vanlege kjønnsrollemønster. Han var involvert i barna sine liv og var også gjennom dette forut for si tid. Samtidig er det ikkje å leggja skjul på at han, då barna var i oppveksten, var ein travel far med lange arbeidsdagar. Men i helgene tok han dette igjen, og var glad i å vera i aktivitet og på tur saman med barna.

Når han skulle kopla av, sette han helst i gang med hagearbeid, vedhogging eller turar i heia. Det var også naturleg å bruka tid på å hjelpa andre, anten det var med rådgiving eller med praktisk arbeid. Han var ein svært god støtte for mange i familien og slekta.

Røtene i Jølster var også viktige for han. Han drog gjerne på ferieturar dit, først med heile familien, seinare aleine med Sissel. Det betydde mykje å kunna springa på fjelltur opp til breen og å halda på kontakten med slekta i Stardalen, den vakre bygda som både mors- og fars-slekta kom frå.

Pedagogen

Reidar var ein pedagog med engasjement og sterk fagleg interesse. Dette førte han tilbake til Oslo og til vidare studium fram til magistergraden i pedagogikk. Så gjekk vegen vidare til stillinga som skuleinspektør i Egersund og Hetland og som skulesjef i Sandnes. Då Reidar blei tilsett i Egersund var han 32 år og den yngste skuleinspektøren i landet. Den lengste perioden hadde han i Sandnes, der han var skuleinspektør og skulesjef i over 20 år.

Som ledar såg han heile tida framover, og var opptatt av å følgja med i utviklinga. Det blir sagt at innsatsen hans var prega av stor kunnskap og innsikt. Han var blant anna ein pådrivar i innføringa av den 9-årig skulen og det blei bygd mange nye skular for ungdomane i Sandnes i hans tid som skuleledar. Den praktiske bakgrunnen hans og det faglege synet på læring gjorde at han la stor vekt på elevane sin yrkespraksis og arbeidslivserfaring. Dette hadde han også forskingspermisjon for å arbeida meir med, ved det som den gong heitte Rogalandsforskning.

Reidar var opptatt av samspelet mellom skulen og kulturlivet, og han var blant anna ein støttespelar ved oppstarten av Sandnes Musikkskole. I denne samanhengen er det også naturleg å nemna det nære forholdet han hadde til korarbeidet som Audun Vagle dreiv gjennom Ganddal Pikekor og dei mange skulekora. Reidar hadde eit sterkt engasjement for dette arbeidet, der også alle fire barna var aktivt med.

Reidar var ein tydeleg ledar som kunne vera kompromisslaus for det han hadde tru på. Dermed møtte han også motgang, og på 80-talet blåste det kraftig rundt han. Men Reidar blei ståande gjennom stormen, og fullførte arbeidet som skulesjef fram til han blei pensjonist.

Pensjonistliv og familieliv

Då Reidar blei pensjonist, begynte ein ny og rik periode i livet hans. Han fekk meir tid til familien og meir tid til frivillig arbeid for det som engasjerte han.

Reidar hadde lenge hatt ein draum om å oppleva Afrika. På 90-tallet reiste han og Sissel på tre større Afrika-turar, først og fremst til området rundt Viktoriasjøen. Dei besøkte norske misjonærar og dei reiste gjerne med enkel og offentleg kommunikasjon slik at dei kom i nær kontakt med det vanlege folkelivet. Desse turane skapte bare eit enda større engasjement for Afrika, og dette var i stor grad med og prega pensjonisttida til Reidar.

Sissel og Reidar engasjerte seg også i eit arbeid for teltmakarmisjon, og gjennom dette miljøet fekk dei kontakt med den kristne nødhjelporganisasjonen Food for the Hungry International  (FHI), – og den lille norske avdelinga Hungershjelpen – Norge. Her blei etter hvert Reidar leiar for den norske avdelinga og medlem av det internasjonale styret. Dette førte til mange reiser til styremøte i USA og i andre land. Me ser her ei linje frå Reidars pedagogiske arbeid for dei som strevde med livet, til hans sterke engasjement for dei som lid i verda i dag. Dette engasjementet hadde eit tydeleg utgangspunkt i nestekjærleiken, og gjennom dette står Reidar fram som eit viktig forbilde for oss alle.

Engasjementet som var tent, viste seg også i at Reidar ivra for at han og Sissel skulle gjera noe for innvandrarar som kom til Norge. Han tok kontakt med kommunen og dei blei kontaktpersonar for folk som kom frå Gambia. Desse besøkte dei og inviterte heim til seg. I fleire år var ein gambisk familie til middag første juledag hos Sissel og Reidar.

Me som utgjer den nære familien rundt Reidar, vil først og fremst minnast han som ein stabil og trygg samtalepartnar og støttespelar. Barnebarna har veldig mange gode minne knytt til morfar og farfar. Han var god til å fortelja historier. Han var med på leiken. Han fant på kjekke ting å gjera, som å laga dusj ute i hagen. Han tok dei med ned i verkstedet i kjellaren og fiksa gamle ting. Han kunne kle seg ut, med bart og bastskjørt. Mange ganger kom det vel med at han var ein samlar av dei sjeldne. Det var ikkje bare bøker han samla på!

Då Reidar fylte 80 år og framleis var heilt frisk, inviterte han til fjelltur for heile familien på Friluftsgarden Mån. Det var ei stor oppleving for alle som var med. Me var saman eit heilt døgn i leik og alvor, og om kvelden hadde me fest med taco og talar. Barnebarna sa noe med utgangspunkt i ”Når eg tenkjer på morfar/farfar, tenkjer eg på …”. Det blei mange flotte og gode ord om jubilanten!

Dei siste åra var ikkje helsa den same. Han trong meir hjelp, og det siste året har han hatt fast plass på Åse Bo- og aktivitetssenter. Den siste tida hadde han problem med å uttrykkja seg, og dette var nok til størst frustrasjon for han sjølv. Aller best hadde han det når Sissel var ved hans side, og når han fekk besøk av dei minste i familien, dei to nye barnebarna Sofia og Omar, og oldebarnet Solveig som han strålte opp over å få sjå.

Me vil alle huska at han hadde det lune smilet med seg, lenge etter at orda forsvann. Torsdag 7. juni sovna han stille inn, mens Sissel heldt han i handa.

Me lyser fred over minnet etter Reidar Bakke.

Relatert stoff: Reidar Bakkes bibliografi

Beinkista til Jakob, Jesu bror?

Juni 2012: Det har dei siste åra gått ei sak om ei beinkiste som er funne i Jerusalem. Kista har påskrifta Jakob, Josefs son, Jesu bror.

Det har vore stor usemje om innskrifta. Spørsmålet er om den er autentisk. Siste ord er neppe sagt om dette, sjølv om Biblical Archaeology Society i dag har sendt ut følgjande pressemelding:

“Brother of Jesus” Proved Ancient and Authentic

A new analysis and new evidence proves that the controversial “Brother of Jesus” inscription on an ancient bone box, or ossuary, is authentic, according to the July/August issue of Biblical Archaeology Review (BAR), the world’s largest circulation magazine devoted to Biblical archaeology.

After a 5-year trial, Jerusalem judge Aharon Farkash recently acquitted the defendants of all charges of forgery. But his verdict doesn’t mean the Aramaic inscription on the bone box, “James, son of Joseph, brother of Jesus,” is authentic. It only means that the prosecution failed to present evidence beyond a reasonable doubt that the inscription is a forgery.

In a post-verdict analysis, former U.S. Department of Justice lawyer and BAR editor Hershel Shanks explains why it can be said beyond reasonable doubt that the inscription is authentic, and he presents new evidence not available at the trial to support this conclusion.

Les meir

70 eller 72 disiplar?

Jesus hadde mange fleire disiplar enn dei tolv. I Lukas 10 står det at han sende ut ein heil flokk i par på to og to.

Men kor stor var denne flokken? Mange handskrift seier 72. Andre seier 70. Norske bibelutgåver har hittil skrive 70. Men nå har faglege vurderingar ført til at Bibelselskapet i Bibel 2011 har følgt dei manuskripta som seier at Jesus sende ut 72 disiplar.

Vårt Land skriv om saka:

La til to ekstra disipler i ny bibeloversettelse

(…)

I en fotnote i den nye utgaven vises det til at mange håndskrifter opererer med tallet 70. Tallet skal trolig symbolisere alle jordens folk og at forkynnelsen skal nå fram til dem.

– I den hebraiske grunnteksten sier slektstavlen i 1. Mosebok at det er 70 folkeslag på jorden, mens Septuaginta, den greske oversettelsen, har 72 navn. Etter jødisk tradisjon var det også 72 språk i verden, framholder Mongstad-Kvammen.

Om håndskriftoverleveringen forklarer hun at noen har tallet 70, andre 72.

– Og flertallet av håndskrifter av Det nye testamente har det siste. I arbeidet med oversettelsen Det nye testamentet har vi i dette tilfellet valgt å følge andre håndskrifter enn vi gjorde utgavene som kom 1978 og 1985. De to tradisjonene har alltid eksistert side om side. På skandinavisk område har svensk utgave lenge hatt 72, mens dansk og norsk begge har endret fra 70 til 72 i siste utgave.

Les meir

Loeb 100 år

Loeb Classical Library er 100 år nå i 2012. Dette er ein serie med viktige greske og latinske klassiske verk på originalspråket og med engelsk omsetjing på motståande side. Mange av desse bøkene har stor tyding for bibelske og kyrkjehistoriske studier.

Det var James Loeb (1867-1933) som tok initiativ til serien, som nå blir gitt ut av Harvard University. Her er James Loeb sin introduksjonstekst frå 1912.

Med åra har dette blitt ein stor serie på over 500 bøker, og det blir framleis gitt ut nye band. Harvard University Press skriv:

The Loeb Classical Library® is the only existing series of books which, through original text and English translation, gives access to all that is important in Greek and Latin literature. Epic and lyric poetry; tragedy and comedy; history, travel, philosophy, and oratory; the great medical writers and mathematicians; those Church fathers who made particular use of pagan culture—in short, our entire classical heritage is represented here in convenient and well-printed pocket volumes in which an up-to-date text and accurate and literate English translation face each other page by page. The editors provide substantive introductions as well as essential critical and explanatory notes and selective bibliographies.

Les meir

Mange band i den store serien er nå tilgjengeleg på nettet. BiblePlaces Blog hadde nyleg eit oppslag om dette:

Many volumes in the Loeb Classical Library are now in the public domain and available for free download in pdf files. Loebolus has made these conveniently available, including a zip file with all 245 volumes. The list there is organized by volume number, but we find organization by author easier to navigate. Below we have listed the available volumes of works most relevant to our studies. These are not necessarily the best editions to read. For instance, for Josephus’s Jewish War, we recommend the Penguin edition. But for study and access to the original language, the Loeb Classical Library is best.

Les meir

Det bør her også nemnast at det finst norske utgåver av enkelte klassiske verk som er av tyding for bibel- og kyrkjehistoria, f eks av Josefus sine verk og av dei apostoliske fedrane. Og når det gjeld Eusebius si kyrkjehistorie, er eg godt nøgd med mi svenske utgåve. Men skal ein ha originalteksten til slike tekstar, er det Loeb som er løysinga.

Døypte Jesus og disiplane?

Notat til søndagens tekst: Joh 3,26-30

Søndagens tekst er ein av to stadar i Johannesevangeliet der det står at Jesu disiplar (og kanskje også Jesus?) døypte i Judea, på tilsvarande vis som Døyparen Johannes gjorde det.

Dette er på ingen måte hovudpoenget i preiketeksten, men eg må innrømma at eg blir litt nysgjerrig når eg les dette.

Du finn dei to tekstane i Joh 3,22-26 og Joh 4,1-2. I den første av desse tekstane står det at Jesus var saman med disiplane sine og døypte. I den andre teksten står det at det eigentleg ikkje var Jesus sjølv som døypte, men disiplane hans.

Her gjengir truleg Evangeliet etter Johannes ein gamal tradisjon, som dei synoptiske evangelia ikkje har tatt med, om den første tida av Jesu offentlege gjerning. Dette kan vera frå tida like etter Jesu eigen dåp ved Døyparen Johannes, før han drog til Galilea for å konsentera seg om undervisning, forkynning og helbredande teneste (Matt 4,23).

Det som er viktig å halda klart, er at denne dåpen som Jesu disiplar (og kanskje også Jesus sjølv) ei tid praktiserte, ikkje er den same dåpen som den me har i den kristne kyrkja i dag. Vår kristne dåp byggjer på Jesu død og oppstode. Johannes-dåpen (og dermed også denne dåpen som Jesus og/eller disiplane praktiserte i Judea) var ein omvendingsdåp eller bots-dåp som peika framover mot den frelsa som Jesus Messias kom med frå Gud.

Og her er dei aktuelle tekstane:

22 Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26 Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» (Joh 3,22-26)

1 Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.  2 No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. (Joh 4,1-2)

Caspari Center 06/2012

Caspari center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for juni.

Her er senteret sin eigen presentasjon av nyheitsbrevet, henta frå mailen eg fekk om det i dag:

Kjære venn av Caspari Center,

Her kommer juniutgaven av vårt nyhetsbrev. Dette nyhetsbrevet fokuserer på ungdomsarbeid i Israel. Dette er naturlig nok et utrolig viktig arbeid med tanke på den fremtidige veksten i den messianske bevegelsen i Israel. De siste årene har Caspari Center utviklet en rekke ulike prosjekter som støtter opp om ungdomsarbeid i landet og bidrar til at både ungdommene og deres ledere styrkes i troen og utrustes til tjeneste.

Som alltid er vi veldig takknemlige for fortsatt forbønn og støtte til Casparis arbeid.

God lesing!

Med ønske om Guds rike velsignelse,
Caspari-staben

Hovudoppslaget er eit intervju med Joel Goldberg, leiaren for ein messiansk ungdomsorganisasjon i Israel. Dette er altså ein organisasjon som arbeider for å skapa eit miljø for Jesus-truande jødiske ungdomar på tvers av ulike kyrkjelydar i Israel. Når me les intervjuet skal me huska at dei Jesus-truande jødane er ein svært liten minoritet i Israel, og at talet på ungdomar totalt sett derfor er lite. Desto viktigare er det at nokon tar tak i dette arbeidet.

Caspari Center skriv om si eiga rolle i denne samanhengen:

Håndbok for ungdomsledere

Oppgaven til Caspari Center er å utruste de troende for tjenesten – og å møte strategisk viktige behov i det messianske fellesskapet. Vi utfører dette oppdraget på ulike måter, blant annet ved å trykke opplæringsmateriale. Tidligere har vi primært vært fokusert på barnearbeid, og vi har gitt ut en håndbok for barnearbeidere og aktivitetsbøker for barn i ulike aldre. Så, for noen år siden, fikk en av våre medarbeidere ideen om å ivaretabehovene til ungdomsarbeidere også. Slik endte vi opp med arbeidstittelen The Youth Book – ungdomsboka, som fikk den hebraiske tittelen Hamadrich lamadrich (Ungdomslederens håndbok). Ordspillet kommer dessverre ikke helt fram i oversettelsen. Denne håndboka for ungdomsarbeidere vil bli utgitt av Caspari i løpet av få måneder. Våre forfattere er respekterte lokale pastorer og ungdomsledere med lang erfaring fra ungdomsarbeid i Israel. De har skrevet omlag et dusin artikler om ulike emner som er spesielt viktige for ungdomsarbeidet her. Behovet for en slik bok henger sammen med manglende muligheter for både teologisk utdannelse og utdannelse for ungdomsarbeidere. Vi er trygge på at kvalitetsmaterialet som vi presenterer for dem vil ha stor betydning og være til velsignelse. Boka vil bli utgitt på både hebraisk og russisk, og hver menighet får minst et par gratis eksemplarer på de språkene de trenger.

Sokneprest i Hinna 2012

Eg har i dag (01.06.2012) begynt som sokneprest i Hinna. Velkomen til innsetjingsgudsteneste søndag 10. juni kl 11. Eg har nå i nokre år vore avdelingsleiar for kyrkjelydsutvikling i Stavanger bispedømme, og ser fram til å vera «vanleg» prest i ein lokal kyrkjelyd igjen. Tida vil visa koss dette vil merkast her på bloggen.

Eg har eit spesielt forhold til Hinna frå før. Dette er kyrkja der eg blei konfirmert i 1971 og ordinert i 1984.

Sjå Hinna kirke si heimeside.

Oppdatering søndag kveld 10. juni: Innsetjingsgudstenesta og fest-kyrkjekaffi etterpå var ei flott oppleving og ein god oppstart i tenesta for meg. Takk for gode ord frå prosten, menighetsrådet og frå mange andre i kyrkjelyden. Som spesiell helsing frå prost Sigfred Sørensen, som stod for innsetjinga, fekk eg eit vers frå dagens episteltekst: Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden. (Gal 3,29)