Nytt om Dødehavsrullane 2016

26/07/2016

Hole 4, Qumran

Dødehavsrullane er ikkje ferdig utforska. Dei berømte pergamenta med gamle tekstar blei funne for snart 70 år sidan i holer i ørkenen ved Dødehavet, i og rundt Qumran. Men dei er «fortsatt en tekstsamling som utfordrer gammeltestamentlere, nytestamentlere, arkeologer og historikere» (sitat Torleif Elgvin).

Bildet av hole 4, der mange av tekstane blei funne, tok eg i Qumran for nokre år sidan.

Dødehavsrullane inneheld mange ulike typar tekstar: for det første bibeltekstar (GT), for det andre forskjellige tekstar som er utforma av fellesskapet som heldt til i Qumran («Samfunnet», truleg essearar) og for det tredje ulike jødiske tekstar som blei lesne i dette fellesskapet. Samfunnet heldt til i Qumran i første hundreår f. Kr. og første hundreår e. Kr. fram til romarane øydela staden i år 68. Dei var altså der på Jesu tid.

Torleif Elgvin er ein av forskarane som arbeider med desse tekstane. Han har dei siste åra leia eit forskringsprosjekt der ein har undersøkt tekstar og gjenstandar frå Qumran med ny teknologi. Arbeidet er nå presentert på norsk i artikkelen Nye perspektiver på dødehavstekster i Teologisk Tidsskrift 2/2016 og meir grundig i boka Gleanings from the Caves som kjem ut seinare i år.

Eg hadde med meg tidsskriftartikkelen til fjells nå i sommar. Eg kunne ta meg eg god tid; lesinga blei bare forstyrra av eit par koppar kaffi og den flotte utsikta mot Taumevassnuten. Og eg blei ikkje skuffa. Sjølv om eg ikkje har greie på dei avanserte metodane til forskingsteamet, syns eg det var interessant å lesa om arbeidet deira og ikkje minst om koss forskarane tolka dei funna dei har gjort.

Eg la spesielt merke til at pergamentanalysen skal støtta opp om ein teori som seier at essearane var ei ressursrik og talrik gruppering som gjorde seg gjeldande i byar og landsbyar i Judea, altså ikkje ei perifer gruppe som var avgrensa til ørkenen ved Dødehavet. Vidare at analysen av eit linklede som skal ha vore brukt til å pakka inn Tempelrullen, kan tyda på at rullen er plassert i hola (hole 11, tre km nord for Qumran) etter år 70. Men det er også mange andre interessante funn og teoriar som blir presenterte.

Teologisk Tidsskrift har ein introduksjon til Elgvins artikkel, skriven av Hallgeir Elstad og Reidar Hvalvik: Nytt lys over gamle tekster.

Det er elles ganske spesielt at objekta som forskingsprosjektet har arbeidd med, høyrer til i ei norsk samling; Schøyen-samlinga, som skal vera den største private skriftsamlinga i verda!


Sommardagar på Taumevatn

25/07/2016

IMG_3324Eg har nyleg kome heim frå ei herleg veke til fjells. Inger og eg har vore hyttevertar på Taumevatn. Me har hatt nokre gode dagar i Sirdalsheiane.

Les om Taumevatn på Ut.no.

Det er alltid kjekt når det kjem folk til hytta. Ekstra kjekt var det at eitt av barnebarna med foreldre tok turen opp til mormor og morfar på Taumevatn. Det var framleis tidleg i sesongen og ikkje så mange som var ute på tur. Den natta me var flest på hytta, var me 19 som overnatta. Eit par netter var det faktisk ikkje andre enn oss to.

Stavanger Turistforening har 45 hytter og nær 2000 km med løyper som skal vedlikehaldast. Mykje skjer på dugnad. Det viktigaste prosjektet på Taumevatn dette året, var å mala hytta. Inger, som liker slike ting veldig godt, fekk gitt delar av hytta eit nytt lag med rødmaling. Eg var handlangar. Elles har det også vore god tid til lesing og dagsturar, og for Ingers del, strikking.

Me har éin gong før vore hyttevertar på Taumevatn, i 2006. Eg tar med noko av det eg då skreiv på bloggen:

Dugnadsoppgåva som hyttevakt går først og fremst ut på å vera foreninga si “forlenga arm”. Hytta på Taumevatn er sjølvbetjent, dvs at folk sjølv har ansvar for å laga maten sin, vaska opp og halda hytta rein. Men når det er mykje folk i fjellet, og det også er mogleg å reservera rom og liggja i ro på hytta i fleire dagar, kan det vera greitt at nokon har ansvar for at drifta fungerer.

Dei som kjem til ei slik hytte, kjem som oftast i grupper på 2-5 personar. Det kan vera eit par eller ein familie med barn og ungdomar, eller det kan vera to eller fleire venner som går i fjellet saman. Men det er også ein del som går aleine på tur. På ei turistforeningshytte er det rom for alle. Ingen blir avvist. Men ein må læra seg å ta omsyn til kvarandre når ein bur så tett innpå nye folk kvar dag. Dette gjer at det har utvikla seg ein eigen “kultur” for livet på hyttene. Dei som er nye i fjellet, lærar seg dette fort. Det er utruleg kor flott det fungerer til vanleg. (…)

Sjølv om eg har vore i desse heiane fleire gonger før, må eg seia at det gjorde noko med meg å vera i ro på hytta ved Taumevatn over fleire dagar. Eg fekk stor sans for kvalitetane både ved hytta og ved området der den ligg. (les meir)


I Jesu fotspor, mai 2017

06/07/2016

Galilea 2012 301

Vil du vera med på pilegrimsvandring i Jesu fotspor i Galilea og i Jerusalem? Inger og eg skal vera reiseleiarar på ein tur 20.-27. mai 2017.

Du finn turprogram, reisefakta, pris og informasjon om påmelding her:

I Jesu fotspor. Pilegrimsvandring i Galilea og Jerusalem.

Her er innleiinga frå turbrosjyren:

Dette blir ein tur prega av friluftsliv og bibelhistorie. Me vil bokstavleg talt vandra i Jesu fotspor i Galilea og i Jerusalem. Samtidig vil turen gje oss innblikk i både jødisk og arabisk kultur og historie.

Pilegrimsvandringa i Galilea går frå Nasaret til Magdala ved Gennesaretsjøen. Fotturen følgjer den merka ruta Jesus trail som er inspirert av at Jesus gjekk mykje i dette området (sjå f.eks Matt 4,12-13 og Joh 2,11-12). Undervegs er me innom flotte kulturhistoriske stadar og går over høgder med fantastisk utsikt. Me bur i ulike kulturelle samanhengar, både hos jødar og arabarar. Overnattingane blir dels på gjestehus, dels på hotell.

Dette er ein tur der me brukar beina meir enn bussen. Deltakarane må derfor vera i normalt god form og ha interesse for å gå til fots, både i Jerusalem og i naturen i Galilea. Dagsetappane blir opp mot 20 km lange. Me får transport av bagasjen frå overnattingsstad til overnattingsstad under fotturen. Me kan rekna med varmt ver, og må passa på å bera med oss nok vatn for kvar dag.

Her kan du lesa det eg tidlegare har skrive om Jesus trail.

Det neste bildet viser den flotte utsikta frå Oljeberget mot bymuren og tempelplassen, med Vest-Jerusalem i bakgrunnen.

IMG_8802


%d bloggarar likar dette: