Paulus om kjærleiken

31/07/2008

Tru, håp og kjærleik. Samansetninga av desse tre orda er eit kjent uttrykk, og dette uttrykket er ofte, f eks i smykke, symbolisert med eit kors, eit anker og eit hjarte. Det er henta frå den teksten som blir kalla kjærleiken sin høgsong, eit flott avsnitt i Bibelen.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT. Julisitatet er henta frå Første Korintarbrev (utdrag frå kap 13):

Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. (…) Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Les gjerne heile kapittel 13 i Første Korintarbrev. Det er ein flott tekst! Skildringa viser oss den fullkomne kjærleiken, den guddommelege kjærleiken. Den kjærleiken som me er heilt avhengige av. Samtidig kan denne kjærleiken vera eit sterkt og viktig ideal for oss. Og me kan også merka oss at skildringa av den fullkomne kjærleiken passar veldig godt som ei skildring av Jesus!

Oppdatering: Eg har markert Paulusåret med regelmessig å skriva litt i tilknyting til sitat frå dei paulinske breva i NT. Her er ei oversikt over desse notata:

Advertisements

Bokbyen ved Skagerrak

25/07/2008

Nokre timar i Tvedestrand, bokbyen ved Skagerrak. Det var eitt av mange ferieønskje for den turen Inger og eg er på nå. Ein bokby er ein liten stad med mange antikvariat og bokutsal. Så vidt eg forstår, er det visse kriterium som skal til for at ein stad kan kalla seg ein bokby. I Norge har me to slike bokbyar; Fjærland og Tvedestrand. 

Inger valde å sjå på kunsthandverk i Risør den dagen, og eg hadde nokre timar då eg bare kunne gå og sjå i bokhyller og bøker. Ja, eg fann også eit par bøker eg kjøpte, men det er ikkje hovudsaka ein slik dag. Det er spennande i seg sjølv bare å gå og leita, lesa, tenkja, drauma og sjå. Sola skein både ute og inne!

Kvart bokutsal har sin sjarm. Skal eg dela ut blomar, vil eg seia at Skagerrak Antikvariat og Ex Libris gav dei største opplevingane. Slik skildrar dei seg sjølve:

  • Skagerrak Antikvariat – bokhus i tre etasjer med 60.000 eksponerte bøker. Allment antikvariat med spesialkompetanse på nynorske bøker.
  • Ex Libris – «i antikvariatet med 67 hjørner finner du sikkert en krok etter ditt hjerte. Ti rom fulle av bøker og godstoler som innbyr til lesing, filosofering og kaffe»
Då eg kom tilbake til bilen, kom eg fort ned på jorda igjen. Eg hadde fått parkeringsbot.

Mark Twain i Jerusalem

17/07/2008

Humorist og forfattar Mark Twain var i Jerusalem i 1867 og budde då på Mediterranean Hotel. Her skreiv han visstnok ein liten del av reiseskildringa The Innocents Abroad.

Nå har forskarar og arkeologar funne ut kvar dette hotellet låg; det er den same bygninga som i dag kallast The Wittenberg House. Bygninga ligg i det muslimske kvarteret i Gamlebyen.

Les om saka i Haaretz

(via PaleoJudaica)


Verdas eldste bloggar er død

15/07/2008

Her kjem ei melding som må passa på denne bloggen. Sjølv er eg nok over gjennomsnittsalderen på bloggarar. Men det betyr ingenting når eg i kveld les om den australske kvinna Olive Riley som er død, 108 år gamal. Ho hadde blogg og kalla seg sjølv verdas eldste bloggar. Vårt Land skriv:

Ifølgje hennar oldebarn var nettsyslane med på halde henne åndsfrisk. Uansett er det nok ikkje mange over hundre år som har den same bloggerfaringa som trebarnsmora på 108 år.

Sjå Vårt Lands omtale, bloggen hennar og bloggen World’s Oldest Blogger.


Avi Snyder

15/07/2008

Den messianske jøden Avi Snyder er leiar av organisasjonen Jews for Jesus i Europa. I forrige veke var han i Norge i samband med Israelsmisjonen sitt sommartreff. DagenMagazinet har hatt eit intervju med han. Her er eit utdrag:

I Europa driver Jews for Jesus arbeid i fem land – Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Ukraina. Snyder er bosatt i Tyskland, men har tidligere bodd i Russland og Ukraina i flere år.

– Vi er jøder som misjonerer for jøder, og vi jøder er gjerne åpne og direkte med hverandre. Derfor er vi også det når vi formidler evangeliet, sier han.

(…)

Selv om Snyder kjenner godt til at noen mener han sviker sin jødiske arv ved å forkynne evangeliet, mener han å være av de mest jødiske:

– Hvis Jesus er den jødiske Messias, vil det mest jødiske være å tro på ham, sier han. (les meir)


Comenius om biblioteket

13/07/2008

Et bibliotek er et apotek der man oppbevarer medisiner mot tankesykdommer i esker som kalles bøker.

Det er den tsjekkiske pedagogen Johann Amos Comenius (1592-1670) som har gjeve oss denne definisjonen. Eg fann sitatet i Aschehougs kulturguide for Praha, side 239.


Ein innhaldsrik dag

12/07/2008

Sist laurdag reiste Inger og eg på dagstur ut av Praha for å besøkja konsentrasjonsleiren Terezín (Theresienstadt).

Det blei ein innhaldsrik og lærerik tur. Den første delen av dagen hadde fokus på Holocaust, triste skjebnar og jødisk lidingshistorie. Men det er likevel ikkje dette bloggen skal handla om nå. I kveld vil eg heller skriva om turen tilbake til Praha på ettermiddagen, ei reise med forviklingar som verkeleg gjorde dagen innhaldsrik.

Kortversjonen er slik: Denne ettermiddagen gjekk ikkje bussane frå Terezín til Praha. Ei tilfeldig samansett gruppe av turistar frå fleire land reiste derfor med lokaltog tilbake til hovudstaden.

Denne kortversjonen er på ingen måte usann. Samtidig yter den ikkje reisa nokon form for rettferd. Kortversjonen fortel lite om det som eigentleg skjedde. Den fortel ikkje om vandring langs landevegen, om tjekkiske småbyar og nedslitne lokaltog. Og den fortel slett ikkje om fellesskapet som oppstod mellom oss som hamna i denne situasjonen, heller ikkje om gode samtalar og mykje latter. For å seia det slik: kortversjonen fortener ikkje ein gong å bli nemnt.

Eg tar derfor med ein litt meir omfattande versjon om denne reisa som gjekk via Bohusovice nad Ohri og Roudnice nad Labem. (Dessverre greier eg ikkje å få pc-en til å skriva alle desse teikna som det tsjekkiske språket krydrar orda med. Det teiknet eg akkurat nå saknar, er ein mindre versjon av ^, med spissen ned.)

Reisa begynte med at Inger og eg sat på busshaldeplassen i Terezín og venta på bussen tilbake til Praha. Me prata med Frank frå Canada, ein gild kar som me hadde blitt kjent med tidlegare på dagen. Nå sat me og prata om alle inntrykka frå besøket i konsentrasjonsleiren. Dessutan kom me i prat om heimlanda våre, om levekår, natur og potensielle reisemål. Som de forstår: me ante fred og ingen fare.

Då kom ei kvinne bort til oss og fortalde at det ikkje ville koma nokon buss her i dag! Ho kunne litt tsjekkisk og hadde oppdaga at oppslaget på haldeplassen (med lita skrift) sa at ruta ikkje blei køyrt på ettermiddagen 05.07 og 24.12! Me kom raskt i kontakt med dei andre som venta på bussen, og etter litt usikker drøfting gjekk ein liten delegasjon inn til billettdisken på museet like ved. Det viste seg å vera heilt korrekt oppfatta. Bussane gjekk ikkje fordi det var kvelden før heilagdagen til minne om Jan Hus! Men me kunne gå til ein småby 2 km unna og ta tog til Praha derfrå. Me fekk til og med vita at toget gjekk om bare 40 minutt.

Gruppa bestod nå av tre kinesiske ungdomar, eit tysk ektepar, ein engelskmann, ein ire og den russiske kvinna som kunne litt tsjekkisk, i tillegg til Frank, Inger og meg. Me fann ut at me var godt rusta for situasjonen; engelskmannen hadde GPS og russaren kunne som sagt det lokale språket. Kva trong me meir? Humøret var på topp frå første augeblink.

Russaren tok rolla som reiseleiar. Den litle byen med jernbanestasjon heitte Bohusovice nad Ohri. Ho kjøpte gruppebillett til oss (bilete 1), og etter ei stund kom toget (bilete 2). Då billettøren hadde stempla billetten, spurte me kva tid toget ville koma til Praha. Han kunne fortelja at dette toget slett ikkje skulle dit! Men me kunne gå av i Roudnice nad Labem. Der kunne me skifta til eit tog som skulle til Praha. Like etter var me i Roudnice (mon tru kvar me hadde hamna dersom me ikkje hadde spurt om ankomsttida til Praha?). Det viste seg at hurtigtoget som me skulle følgja vidare, ville koma ein og ein kvart time seinare. Dermed blei det tid til ein tur på byen, som var riktig vakker (bilete 3). Me fann oss ein spisestad, sjølvsagt like ved ein skulptur av Jan Hus.

Det som var så flott, var at gruppa hadde det så fint saman. Ho som budde i Praha var nok mest frustrert, for ho hadde eigentleg ein avtale for kvelden. Me andre var jo på ferie og hadde tida disponibel. Samtalen veksla mellom det heilt seriøse og det heilt useriøse. Det var mykje lått og løye. Plutseleg sat den samansette gruppa og snakka om emne som koss det var for tyskarar å koma til den tidlegare konsentrasjonsleiren og få høyra forteljinga om kva som var skjedd der. Me var også innom koss det var for den russiske kvinna å busetja seg i Tsjekkia, eit land som har lidd under kommunismen i 40 år (og det i nyare tid).

Hurtigtoget vidare frå Roudnice var ikkje nytt og det gjekk heller ikkje hurtig. Men det stoppa ikkje på alle småstasjonane. Ca kl 19.30 stod me i sentrum av Praha, ca tre timar seinare enn det me hadde berekna.

Inger og eg hadde eigentleg tenkt oss på konsert i Smetana Hall med musikk av Mozart og Vivaldi den kvelden. Det hadde me på eit tidleg tidspunkt slått frå oss. Nå stod me plutseleg der, nær konsertsalen, og såg at me likevel kunne rekka det viss me lét vera å eta og å gå heimom og skifta. Så eg gjekk på konsert i kortbukse og med ryggsekk. Det var visst heilt greitt. Det var alle variantar av antrekk i salen. I pausen tok eg buksebeina på! Det var ein flott konsert der eg sette spesielt stor pris på å få høyra Dei fire årstidene av Vivaldi.


%d bloggarar likar dette: