Haustferie i Israel

Nå er brosjyren akkurat blitt klar for ein Israelstur som eg har planlagt saman med Inger. Me skal vera reiseledarar for ein Shalomtur i perioden 4.-15. oktober. Du finn detaljert program for turen her. Det vil bli nokre innhaldsrike dagar. Men sjølv om dei er innhaldsrike, ønskjer eg ikkje at dei skal bli travle! Det … Hald fram med å lese «Haustferie i Israel»

Img_6312_soloppgang_ii

Nå er brosjyren akkurat blitt klar for ein Israelstur som eg har planlagt saman med Inger. Me skal vera reiseledarar for ein Shalomtur i perioden 4.-15. oktober. Du finn detaljert program for turen her.

Det vil bli nokre innhaldsrike dagar. Men sjølv om dei er innhaldsrike, ønskjer eg ikkje at dei skal bli travle! Det er også viktig å gje rom for refleksjon og bibellesing når me oppsøkjer stadar som er knytt til dei kjente historiene og personane frå Bibelen.

Det blir også mange flotte naturopplevingar på turen. Biletet viser ein soloppgang over Gennesaretsjøen, ein tidleg morgonstund i fjor.

Me skal bu det meste av tida i Jerusalem, og der legg me særleg vekt på stadane som er knytt til Jesu lidingshistorie. Men me skal også vera innom Haifa, Galilea, Golan, Dødehavsområdet og Tel Aviv. Og ein dag skal me inn på Vestbreidda og besøkja Jesu fødeby Betlehem.

Det vil dessutan vera ein viktig del av denne turen å besøkja Jesustruande jødar og palestinarar og å delta i deira gudsteneste-fellesskap.

Shalomtur er eit turkonsept som er utvikla i samarbeid mellom Fokus Reiser og Den Norske Israelsmisjon. Det er ein tur der me i tillegg til å sjå på viktige historiske stadar (med gamle steinar), også møter "dei levande steinane", dvs dei som trur på Jesus i dag. Uttrykket levande steinar er henta frå 1. Peters brev i NT, der det står: "Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud. Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus." (1. Pet 2,4-5)

Fekk du lyst til å vera med? Ta gjerne kontakt med oss eller med Fokus Reiser. Påmelding skjer direkte til Fokus Reiser.

Ein kveld med Wyller

Tankens Athen og troens Jerusalem var tittelen på foredraget som den over 80 år gamle professor Egil A. Wyller heldt på Hinna i kveld (29.03.2006). Den gamle mannen snakka så eg ikkje merka at tida gjekk, sjølv om han nok heldt på ein heil time. Han var fri frå manus og hadde mange interessante parentesar. … Hald fram med å lese «Ein kveld med Wyller»

Tankens Athen og troens Jerusalem var tittelen på foredraget som den over 80 år gamle professor Egil A. Wyller heldt på Hinna i kveld (29.03.2006). Den gamle mannen snakka så eg ikkje merka at tida gjekk, sjølv om han nok heldt på ein heil time. Han var fri frå manus og hadde mange interessante parentesar. Og etter kaffipausen var det rom for spørsmål og kommentarar. For ein interessant kveld!

(Oppdatering 10.03.2021: Egil A. Wyller døydde nyleg. Eg hugsar ennå møtet med Wyller for 15 år sidan som ein svært inspirerande kveld. I dag hentar eg fram det gode minnet om møtet med denne betydelege kristne filosofen).

Wyller sin bakgrunn er spesiell. Han blei oppdratt i ein bevisst human-etisk familie og utdanna seg til filosof med vekt på klassisk gresk filosofi. Då han var 35 år gamal, fann han med filosofien som utgangspunkt «sin veg til Kristus». Human-etikken har han forlate, – nå står han fram som ein kristen humanist som har arbeidd grundig med møtet mellom tanke og tru.

Etter at han blei pensjonist (!) har han gitt ut ein bokserie på 20 bind: Tanke – Tro. Henologisk skriftserie. Henologi betyr einskaplære. Det siste bindet heiter Navnet Jesus. Det ene. Lars Roar Langslet skriv om serien: «… en av de mest originale og kreative lederskikkelser i samtidens norske tankeliv … her er den kyndige popularisatoren Wyller i aksjon med en fremstillingskunst så levende og full av begeistring, at det må rive med selv de tregeste lesere.»

Her er eit lite utdrag av eit intervju ved 80-årsdagen hans i fjor:

– Det moderne kjennetegnes av at tvilen ses på både som tankens frigjøring og en forutsetning for tenkning. Hvordan har du det med tvilen?
– Jeg kjenner den nesten ikke. I mine første 35 år var jeg totalt avvisende til kristendommen. Det var noe gammeldags og foreldet. Platon var det vesentlige. Bibelen var en lukket bok. Jeg var ikke i tvil. Så var det som om noe åpnet seg. Det kom som en stormflod inn i mitt liv. Da var jeg så å si til stede med en gang. Det var særlig Johannesevangeliet som åpnet demningen så det bruste som et vannfall inn i min sjel. Jeg var ikke i tvil om at dette virkelig var Åndens kraft.

– Jeg anser all dyrkingen av tvilen i dag som en tviholdelse på foreldede posisjoner. Det begynte med Descartes som sa at «jeg tenker, altså er jeg». Jeg har laget en motsetning til det. Jeg anser femten-, sekstenåringers erfaringsverden for å være veiledende. Enten så tviler de og vender seg bort fra sine foreldres posisjoner i fortvilelse, eller man blir forelsket og glemmer alt annet. Min erfaring var at jeg ble forelsket.

(…)  For avismennesker er det utmerket at 20 bind kan oppsummeres i to forståelige setninger: «Jeg elsker, altså er Du» og «jeg elskes, altså er jeg». Enda bedre er det når veien til visdom kan berettes som en kjærlighetshistorie.

Men sjølv om Wyller er blitt kristen, meiner han den klassiske greske filosofien er grunnleggjande viktig for oss. Han oppfordra oss til å lesa filosofane sine verk heller enn bøker om filosofane. «Og begynn med det grunnleggjande og enkle!» sa han og la til: «Begynn med Sokrates forsvarstale av Platon.» Eit godt råd, som eg neppe vil følgja med det første, med tanke på alle dei interessante bøkene eg fekk til 50-års dagen min nyleg!

Møtet i Hinna kirke i kveld var eit samarbeid mellom Presteforeninga i Stavanger og Stavanger Kristelige Legeforening.

Eit besøk i Nasaret

Søndag 26. mars (2006) er det Maria Bodskapsdag. Dagen blir alltid markert den søndagen som er nærast ni månadar før jul. NT fortel at Maria fekk bodskapen om at ho skulle bli mor til Jesus i Nasaret, og at det var engelen Gabriel som kom til henne med den spesielle helsinga frå Gud: «Ver ikkje … Hald fram med å lese «Eit besøk i Nasaret»

Søndag 26. mars (2006) er det Maria Bodskapsdag. Dagen blir alltid markert den søndagen som er nærast ni månadar før jul. NT fortel at Maria fekk bodskapen om at ho skulle bli mor til Jesus i Nasaret, og at det var engelen Gabriel som kom til henne med den spesielle helsinga frå Gud: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud. Høyr! Du skal bli med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus.» (Du kan lesa heile historia i Luk 1,26-38)

Oppdatering: Eg har nå i 2014 lese gjennom dette notatet frå 2006. Eg har vore mange gonger i Nasaret etter at eg skreiv dette, men notatet står seg likevel som ei skildring av eit besøk i byen. Bilda måtte eg fjerna, då dei ikkje hadde overlevert konverteringa til wordpress som eg foretok etter at notatet var skrive.

Les nyare bloggnotat med tilknyting til Nasaret her.

I dag står det ei stor og moderne kyrkje (biletet) i sentrum av Nasaret til minne om denne hendinga. Den opne plassen framfor kyrkja (bak gjerdet på biletet) har dessverre vore gjenstand for mykje strid dei seinare åra fordi muslimar i byen ville byggja ein stor moske her. Dette er, så vidt eg veit, nå blitt endeleg stoppa pga at plassen ligg like ved kyrkja. Bebudelseskyrkja blir rekna for den tredje viktigaste kristne kyrkja i Israel, etter Gravkyrkja i Jerusalem og Fødselskyrkja i Betlehem.

Den moderne byen Nasaret er i hovudsak ein arabisk by. Det er få jødar i denne byen, sjølv om den altså er ein israelsk by. Tradisjonelt har Nasaret vore befolka av kristne arabarar, men det blir sagt at dette biletet nå endrar seg, og at den muslimske befolkninga er i ferd med å bli i fleirtal.

Bebudelseskyrkja blei bygd på 1960-talet og er den største kyrkja i Midt-Austen. Kyrkja har kyrkjerom i to etasjar og er bygd slik at ho omsluttar og nærast beskytter dei arkeologiske utgravingane som er gjort på staden. I det nedre kyrkjerommet er det nedgang til ei grotte som etter tradisjonen skal vera staden der Maria fekk bodskapen frå Gud.

Eg syns det er flott å koma til Bebudelseskyrkja. Over hovudinngangen er det skrive eit sitat frå Johannesevangeliet som fortel om betydninga av Jesu kome: «Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss» (Joh 1,14). Kyrkja har elles ei stor og interessant samling bilete av Maria med barnet. Det er bilete frå heile verda, og Maria og barnet ser ut som dei kjem frå ulike verdsdelar og kulturar, avhengig av kor bileta kjem frå!

Hald fram med å lese «Eit besøk i Nasaret»

Krigsveteranar. Fasteaksjonen 2006

«Å hjelpa ungdom ut av krig og krise» er tema for Kirkens Nødhjelp sin aksjon nå i fastetida dette året. I går kveld hadde me samling med konfirmantane i kyrkja, der dette var ein del av fokuset. Nils, som er diakon i kyrkjelyden, fortalte at å vera diakon er det same som å vera medmenneske, … Hald fram med å lese «Krigsveteranar. Fasteaksjonen 2006»

«Å hjelpa ungdom ut av krig og krise» er tema for Kirkens Nødhjelp sin aksjon nå i fastetida dette året. I går kveld hadde me samling med konfirmantane i kyrkja, der dette var ein del av fokuset. Nils, som er diakon i kyrkjelyden, fortalte at å vera diakon er det same som å vera medmenneske, og han utfordra ungdomane tydeleg både til å vera diakonar i kvardagen og til å delta på fasteaksjon for å samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Me såg blant anna ein film som på ein sterk måte fekk fram at mange ungdomar i verda i dag har blitt krigsveteranar allereie mens dei er tenåringar!

Kirkens Nødhjelp skriv på heimesida si:

  • Tema for fasteaksjonen 2006 er «Ungdom ut av krig og krise». Barn og unge er de som oftest rammes hardest av en krig eller krise. La deg engasjere til å gjøre en innsats for unge som trenger en ny fremtid!
  • Hva kan vi gjøre for ungdom som vokser opp i en krigs- eller krisesituasjon for å gi dem et nytt håp – og en framtid i fred? Hvordan forstår man hva fred er når man bare har opplevd krig og uro? Kirkens Nødhjelp arbeider for å forbedre levekårene for barn og unge i krig og krise og sikre deres rettigheter og behov for beskyttelse.
  • Barn og ungdom blir hardest rammet av krig og krise. Flere millioner er flyktninger eller internt fordrevne, ofre for sykdom, underernæring, kidnapping, menneskehandel og seksuell vold. De må alle leve med de psykologiske konsekvensene som krig og krise fører med seg.
  • Merk deg aksjonsdagen: 4. april 2006!

Euangelion

Eg utvider for tida lista mi over lenker til interessante bibliobloggar. Har nettopp lagt til Euangelion som presenterer seg som "A Post-Postmodern Blog on New Testament Studies, Christian Origins, and Following Jesus." Bloggen er skriven av Michael F. Bird som underviser i NT på Highland Theological College i Dingwall i Skottland. Artikkelen Fundamentalist versus Liberal … Hald fram med å lese «Euangelion»

Eg utvider for tida lista mi over lenker til interessante bibliobloggar. Har nettopp lagt til Euangelion som presenterer seg som "A Post-Postmodern Blog on New Testament Studies, Christian Origins, and Following Jesus." Bloggen er skriven av Michael F. Bird som underviser i NT på Highland Theological College i Dingwall i Skottland.

Artikkelen Fundamentalist versus Liberal er eit eksempel på kva du kan finna der. Her legg Michael fram mange grunnar for at han verken er fundamentalist eller liberal.

Hald fram med å lese «Euangelion»

Higgaion

Eg har nettopp lagt inn bloggen Higgaion i lista mi over Bibliobloggar. Bloggen inneheld "Meditations on biblical studies, church life, and any other topics I find to be of spiritual interest." Eg har lese bloggen for første gong i kveld (natt) og vågar ikkje gje nokon vurdering av den på sparket. Men eg merkar meg … Hald fram med å lese «Higgaion»

Eg har nettopp lagt inn bloggen Higgaion i lista mi over Bibliobloggar. Bloggen inneheld "Meditations on biblical studies, church life, and any other topics I find to be of spiritual interest." Eg har lese bloggen for første gong i kveld (natt) og vågar ikkje gje nokon vurdering av den på sparket. Men eg merkar meg at den er kåra til månadens biblioblog av biblioblogs.com og den er skriven av GT-professor Christopher Heard. Du kan lesa intervju med han her.

Kristne korstog?

Eg har truffe mange interessante menneske når eg har vore ute og reist, ikkje minst i Israel og dei palestinske områda. Ei kvinne som på mange måtar skil seg ut, er Søster Abraham, eller Kirsten Stoffregen Pedersen, som er hennar borgarlege namn. Søster Abraham er dansk, men har sidan 1967 budd i Jerusalem. Der lever … Hald fram med å lese «Kristne korstog?»

Eg har truffe mange interessante menneske når eg har vore ute og reist, ikkje minst i Israel og dei palestinske områda. Ei kvinne som på mange måtar skil seg ut, er Søster Abraham, eller Kirsten Stoffregen Pedersen, som er hennar borgarlege namn.
Søster Abraham er dansk, men har sidan 1967 budd i Jerusalem. Der lever ho eit enkelt liv som nonne på Oljeberget, samtidig som ho er ein lærd forskar og foredragshaldar. For fem år sidan, faktisk på 45-års dagen min, høyrde eg henne ha foredrag om ikonmaling og om den etiopiske kyrkja på Tantur Ecumenical Institute i Jerusalem. I dag blei eg minna på dette interessante møtet med henne, då eg kom over eit svar ho hadde skrive på den danske sida Religion.dk om koss kristne har kunna forsvara korstoga med utgangspunkt i Bibelen.
Her er hennar svar:
KORSTOG: Kirsten Stoffregen Pedersen forklarer, hvordan kristne har kunnet bruge Bibelen til at forsvare korstog. Det er svært at finde hjemmel i bibelen for korstog, siger søster Abraham.
Kære Martin Terkildsen! Man har bedt mig om at besvare dit spørgsmål om synet på anvendelsen af vold i Islam og i Kristendommen. Du vil gerne vide, hvor man har kunnet finde hjemmel i Bibelen for korstogene.

Ja, det er sandelig ikke let! Naturligvis findes der tale om krig til forsvar for Israel (det jødiske folk) i Gamle Testamente. Da Amalekitterne forbyder Israel at passere gennem deres land, fører det til krig mod Amalek fra generation til generation (2.Mosebog 17:16).

Men Jesus var modstander af krig og vold. På et sted, hvor Han forudsiger sin nært forestående lidelse og død, viser disciplene ham to sværd: "Herre, se her er to sværd. " Men Han sagde til dem: "Det er nok"”.(Lukas.22:38)

Da det kommer til stykket, og en af disciplene trækker sit sværd for at forsvare sin mester mod dem, der er ved at arrestere ham, og hugger ypperstepræstens tjeners øre af, så siger Jesus: "Stik dit sværd i skeden. For alle de som griber til sværdet, skal omkomme ved sværdet" (Mat.26:52).

Da Pilatus undrer sig over, at ingen kommer og forsvarer ham, når han nu selv har erklæret, at han er en konge, svarer Jesus: "Mit rige er ikke af denne verden."

Nej, det er meget svært i det Nye Testamente at finde forsvar for Korstogene.

Selv om Jesus også siger: "I skal ikke mene, at jeg er komet for at bringe fred på jorden. Jeg er ikke kommet for at bringe fred, men sværd." (Matth.10:34).

Det viser sig dog straks, at den krig, der her er tale om, er den, der foregår i disciplenes eget liv, nemlig at de ikke må foretrække nogen eller noget frem for Gud. Hvad, der gav stødet til Korstogene. var frem for alt den spændte og urolige tilstand i det Mellemste Østen og det Hellige Land fra slutningen af 900-tallet og op gennem 1000-tallet.

Den fatimidiske hersker i området, El-Hakim, som regerede fra Ægypten, havde i 1008 ladet de kristnes hovedkirke, den hellige Gravs Kirke i Jerusalem brænde ned til grunden og ødelagt en mængde andre kirker. De vestlige kristne magter rejste sig – og så rullede bolden videre.

Det var ikke den gang let at se, hvad man burde gøre. Men der var allerede den gang folk, som ikke gik ind for korstogene. Da man sagde til den hellige Birgitta af Sverige (1303-1373), at det måtte være en ukristelig gerning at slå hedninger ihjel, mente hun dog, at det var bedre for en hedning at dø ung, end at han kom til at leve længe og begå mange synder!

Men det var langt fra alle hendes trosfæller, som var enige med hende i dette, og i dag er det heldigvis svært at finde kristne med en sådan indstilling.

Dr. Kirsten Stoffregen Pedersen

Søster Abraham
forsker og forelæser, Jerusalem

Det vonde

"Men eg trur ikkje vondskap eksisterer — ikkje i seg sjølv. Vondskapen er rett og slett fråværet av det gode. Akkurat som mørke og kulde — bilete på vondskap som går gjennom heile Bibelen — er vondskap rett og slett fråværet av det gode, som er skapt av Gud. Det kan vere rart, vondskapen er … Hald fram med å lese «Det vonde»

"Men eg trur ikkje vondskap eksisterer — ikkje i seg sjølv. Vondskapen er rett og slett fråværet av det gode. Akkurat som mørke og kulde — bilete på vondskap som går gjennom heile Bibelen — er vondskap rett og slett fråværet av det gode, som er skapt av Gud. Det kan vere rart, vondskapen er jo reell. Men det same gjeld jo for både kulde og mørke — dei er begge reelle for oss. Men dei eksisterer ikkje i seg sjølv."

Skapkatolikken er Kjetil Kringlebotten sin interessante blogg. I sitt siste innlegg Har Gud skapt det vonde? tar han opp det såkalla teodiséproblemet, problemet om Gud og det vonde.

Eg syns han ser på det (uløyselege?) problemet frå ein interessant synsvinkel: sjølv om me menneske kan erfara det vonde som noko reelt, eksisterer ikkje vondskapen "i seg sjølv", men bare som fråvere av det gode! Skapkatolkken viser til at dette synet er støtta både av kyrkjefedrane (spesielt ørkenfedrane) og av den meir moderne forfattaren Tolkien. Blei du nysgjerrig på dette? Les gjerne heile artikkelen her.

Nattverd

Nattverden er eit sakrament, det vil seia ei heilag handling. Å forretta nattverd i gudstenesta er noko av det største eg gjer som prest. Å gje menneske brød og vin, og å vita at Jesus er til stades i denne handlinga, gjer sterkt inntrykk. Når eg registrerer menneske som ikkje er vant med å koma … Hald fram med å lese «Nattverd»

Nattverden er eit sakrament, det vil seia ei heilag handling. Å forretta nattverd i gudstenesta er noko av det største eg gjer som prest. Å gje menneske brød og vin, og å vita at Jesus er til stades i denne handlinga, gjer sterkt inntrykk. Når eg registrerer menneske som ikkje er vant med å koma og delta ved nattverdbordet, gjer det meg ekstra glad og takknemleg.

Nattverden betyr mykje for mange menneske. Av og til kjem det fram tankar om dette i avisintervju med ulike folk. Her er eit eksempel eg nyleg såg i eit stort intervju med forfattaren Edvard Hoem om hans kristne tru. Hoem vaks opp i ein kristen heim, men forlét kristen tru som tenåring og blei politisk revolusjonær. Sidan blei han ein av dei store forfattarane i nyare norsk litteratur. Dei siste åra har han funne tilbake til ei kristen tru og han har mange tankar om dette. Men tilbake til nattverden. Her er eit lite utdrag frå intervjuet:

«Forfattaren brukar å gå i kyrkja fleire gongar i månaden. Det er ei markant endring frå kyrkjeløysa for tretti år sidan.
– Men viss nokon seier til meg at eg har gjort «kuvending», blir eg sint. Dette har vore ein årelang prosess.
Og for nokre år sidan byrja Edvard Hoem å gå til nattverd igjen.
– Det er kanskje det nærmaste eg kjem ei omvending. Men det handlar ikkje om å leggje seg langflat og gje opp alt ein står for. Ein må tre inn i rekka og søke samfunn med det heilage, seier han.
Hoem har stor tru på det fellesskapet av truande som kallast kyrkja.
– Når vi ikkje klarer å tru, klarer kyrkja å tru for oss. Tru er meir enn kva vi sjølv til ei kvar tid kan stå inne for. Det evige håpet lever i Guds kyrkje på jorda.
– Kva skjer etter døden?
– Då kjem vi til himmelen.»

Illustrasjonen er henta frå Konfirmantbibelen.

Bare få veker igjen til påske

Det er bare nokre få veker igjen til påske. Nå i fastetida er det naturleg å fokusera på pasjonshistoria i Det nye testamentet. Historia om koss Jesus frivillig møtte liding og død i påsken i Jerusalem. Eller sagt med andre ord: historia om koss Jesus frivillig gjekk inn i motstandarane sin leir, blei arrestert og … Hald fram med å lese «Bare få veker igjen til påske»

Det er bare nokre få veker igjen til påske. Nå i fastetida er det naturleg å fokusera på pasjonshistoria i Det nye testamentet. Historia om koss Jesus frivillig møtte liding og død i påsken i Jerusalem. Eller sagt med andre ord: historia om koss Jesus frivillig gjekk inn i motstandarane sin leir, blei arrestert og torturert og til sist avretta på ein makaber måte.

Men historia som er knytt til påsken, sluttar ikkje der. Det er òg ei historie om ein grunnleggjande seier over døden. For historia i Det nye testamentet går vidare og fortel om at Jesus etter tre dagar blei levande igjen i ei nyskapande oppstode, og at han nå lever evig. Det er grunnen til at den kristne trua framleis gir menneske håp om evig liv. Eg håper lesarane av bloggen nyttar tida fram mot påske, og ikkje minst sjølve høgtida, til å fokusera på dette. Her finst det mykje spennande stoff for den som er interessert!

Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid! (Hebr 13,8)

Fastetida

I dag (01.03.2006) begynner fastetida. Det er ei 40 dagars førebuingstid før påske, og fastetida startar i dag på Askeonsdag. Vil du sjekka dette ut og telja dagane som er igjen til påske, må du vera klar over to detaljar for å få dette til å stemma: For det første tel ikkje søndagane! Dei er … Hald fram med å lese «Fastetida»

I dag (01.03.2006) begynner fastetida. Det er ei 40 dagars førebuingstid før påske, og fastetida startar i dag på Askeonsdag. Vil du sjekka dette ut og telja dagane som er igjen til påske, må du vera klar over to detaljar for å få dette til å stemma: For det første tel ikkje søndagane! Dei er ikkje fastedagar. For det andre dreier det seg ikkje om antal dagar til påskeferien, men til Første Påskedag, då den eigentlege påskefesten begynner.

Ein del kristne praktiserer faste i den forstand at dei (i ein periode) avstår frå mat eller andre goder. Eg har ikkje erfaring med dette. For meg er heller fastetida ei tid då eg har spesielt fokus på Jesu lidingshistorie, og på den måten er dette for meg ei viktig førebuingstid fram mot feiringa av påskehøgtida.

I tillegg til fokuset på pasjonshistoria (lidingshistoria), handlar også fastetida om tema som kamp og seier i kristenlivet og om vårt ansvar for å skapa rettferd i verda (derfor har Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon Brød for verda).

Les meir om kyrkjeåret her.

Forsking på Jesu samtid

«Tverrfaglig forskning gir et tydeligere bilde av Jesus som jøde, og sier oss mer om samtiden hans. Det kan åpne for dypere forståelse av så vel det han sa som det han gjorde.»

Fartein Valen-Sendstad får for tida (2006) mykje medieomtale omkring si bok om Palestina på Jesu tid. Nyleg hadde Vårt Land eit stort intervju med han om kva ei tverrfagleg Jesus-forsking kan seia oss. Eg tar her med nokre utdrag frå artikkelen.

Om Herodes den store, som får stor plass i boka:

Han har fått så stor plass fordi han er stor i historien, og var viktig for å skape det samfunnet Jesus ble født inn i, så vel sosialt og økonomisk som politisk og ikke minst arkitektonisk, med tempelområdet som hans kanskje viktigste bidrag. Dessuten finnes ikke like mange holdbare kilder eller arkeologiske funn i og om Galilea.

Valen-Sendstad har, særlig når det gjelder Herodes den store, bygget mye på Josefus, som lenge var omstridt som kilde til denne tiden. Imidlertid mener forfatteren at til tross for en del kritiske innvendinger som fremdeles står fast, har arkeologene gjennom sine funn bekreftet overraskende mange av Josefus´påstander, noe som nå har gitt denne kilden høyere troverdighet.

Om kva samtidshistorie kan seia oss (ut over det evangelia fortel oss om Jesus):

Et bredere overblikk over tiden og landet Jesus levde i kan få oss til å reflektere mer over vante forestillinger og presisere nye bilder av Jesus. Nyere forskning, som i motsetning til i tidligere tider nå i større grad foregår tverrfaglig, har arbeidet frem ny erkjennelse av den materielle kulturen, og dermed ser vi mer av bakteppet, av kulissene der Jesu liv utspilte seg. Jeg syntes selv det er mer spennende å lese historier om hvordan Jesus møtte mennesker når jeg kjenner byen, bygda og gårdsrommet, pluss livsstilen på den tiden.

Han tror ikke dette revolusjonerer våre forestillinger og fortellinger om Jesus. Men denne nye kunnskapen kan supplere, og gi en dypere forståelse av Jesu møte med ulike grupper og enkeltpersoner, og av det han sa og gjorde. Den nye tverrfagligheten har selvsagt også sine forutsetninger og kan være utfordrende, medgir han.

Om Jesu oppvekstmiljø i Galilea:

Så langt jeg kan se, tyder mye på at vi må forlate tanken om et tverrkulturelt og multikulturelt Galilea, som lenge var ansett som en kulturell smeltedigel, siden den nye kunnskapen vi har peker i retning av at Jesus vokste opp i et langt mer enhetlig jødisk samfunn.

Om kva Jesus-forskinga har hatt å seia for hans eiga tru på Jesus:

Den har så avgjort betydd mye. Arbeidet med Galilea på Jesu tid har utvidet, beriket og invitert meg inn til nye rom i troen. Særlig viktig har forholdet og kontrasten mellom gårdsrommet i Kapernaum, der Jesus møtte mennesker, og palasset i Tiberias eller villaen i Sepphoris, blitt.

Han drøfter i boken ulike argumenter for å tolke dette gårdsrommet som «hellenistisk», «israelittisk», «fattig eller velstående», «revolusjonært» eller som et «jødisk» rom. Hans konklusjon er at «gårdsrommet og livet der hadde klare kjente jødiske kjennetegn».
– På samme tid skjedde det noe der inne som snudde opp og ned på vanlige verdier og roller nedfelt overalt fra palasser og villaer til gårdsrom og huler. Jesus åpnet dørene for mennesker som var stengt ute, og inkluderte dem i et nytt og annerledes fellesskap, skriver han.
– Jesus kom for å tjene alle slags mennesker, og ikke for å bli oppvartet av tjenere, liggende på sjeselongen i villaen eller palasset, som datidens herrer. Til Jesus i gårdsrommet i Kapernaum kom derfor alle typer mennesker, fattige og rike, utskudd og elite, og ble møtt med en kjærlighet som tilgir og utruster, og som også er blitt utrustende og frigjørende for meg.
Denne grensesprengende kjærligheten formidler noe alle trenger, enten man tror på det ene eller det andre, eller er her eller der i livet, sier Fartein Valen-Sendstad til slutt.