God bok om Dødehavsrullane

Sjå Anders Aschim si bokmelding Nordlys over Dødehavsrullene.

Dette gjeld boka Dødehavsrullene. Deres innhold, historie og betydning.

Eg er godt i gang med å lesa boka, som er redigert av Årstein Justnes. Det eg hittil har lese, er svært interessant og lett tilgjengeleg. Dette er ei artikkelsamling, så du treng ikkje lesa alt i samanheng, – du kan (først) velja ut dei innfallsvinklane som vekkjer mest interesse.

Anders kallar boka innsiktsfull og epokegjerande. Det er ikkje vanskeleg å underskriva.

Jaffaporten

Jaffaporten i Gamlebyen i Jerusalem er nyleg gjenopna etter ein periode med vedlikehaldsarbeid.

The Washington Post har ein interessant artikkel om staden:

Jerusalem reopens popular Old City gate
Israel reopened a 16th-century gate to Jerusalem’s Old City on Wednesday, completing a two-month renovation and cleaning project that drew criticism from Palestinian officials.
Jaffa Gate, one of four main entrances to the Old City, was built by Jerusalem’s Ottoman rulers and inaugurated in 1538. It is the most common entrance for tourists entering the walled Old City – home to key holy sites in Christianity, Islam and Judaism, as well as a popular outdoor marketplace. (Les meir)

(via BiblePlaces Blog)

Heime igjen!

Askefast i Sør-Afrika, april 2010

Nå er eg heime igjen (27.04.2010) etter åtte askefast-dagar i etterkant av studieturen til Stellenbosch. Dei to vekene i Sør-Afrika blei altså til tre.

Det var ein spesiell situasjon å vera meir enn 10.000 km heimefrå då askeskya la seg over Europa. Men som eg har nemnt i eit notat undervegs: me var trass alt priviligerte i forhold til dei mange kompliserte situasjonane folk kom i pga vulkanutbrotet.

Då flya var i lufta igjen mellom Sør-Afrika og Europa, delte gruppa vår seg i mindre grupper for å koma raskast mogleg heim. Nå er alle 24 tilbake i Norge/Sverige. Me var sju som var igjen til slutt, og me reiste frå Cape Town i går ettermiddag via Johannesburg og Frankfurt.

Eg har opplevd enormt mykje. Studiet var kjempebra. Samtidig har eg fått eit interessant (men sjølvsagt bare eit lite) innblikk i dei utfordringane det sørafrikanske samfunnet møter nå i tida etter apartheid. Og eg har fått eit første møte med kyrkjelivet i dette landet, som er langt mindre sekularisert enn vårt.

Området rundt Cape Town er dessutan utruleg flott! Stellenbosch var ein utmerka by å bu i, og eg fekk dessutan med meg mange interessante stadar i regionen; Hermanus, Table Mountain, VM-stadion, Waterfront, Bo Kaap, Robben Island, Kirstenbosch botaniske hage, Cape Point og Kapp det gode håp. Som ein ekstra bonus var eg den siste helga på sykkeltur i Jonkershoek naturreservat og på tur til Franschhoek med besøk i hugenott-museet og ein avslutningslunch som overgjekk det meste. Dersom tida strekk til, blir det vel nokre bloggnotat av dette i tida framover.

Nå er det GODT å vera heime igjen! Men eg satsar på at dette ikkje var siste gong eg besøkte Sør-Afrika. Det var derfor ikkje vanskeleg å ta imot helsinga som stod på veggen på flyplassen i Cape Town: We can’t wait to welcome you back!

Kapp det gode håp

Askefast i Sør-Afrika 2010

Eg har vore på tur på Kapphalvøya i dag (22.04.2010) og har opplevd utruleg mykje. Det blei ein enda betre dag enn eg hadde tenkt på forhånd. Skal prøva å skildra nokre av opplevingane her.

Høgdepunktet var den råe naturen ved Cape Point og Kapp det gode håp, men det var også ei stor oppleving med det spesielle dyrelivet i nasjonalparken (Table Mountain National Park). Me såg store dyr som bavianar, bontebukk (ein utryddingstrua antilopeart) og struts på nært hald og dessutan ein flokk med svære eland-antilopar på avstand. Elles såg me smådyr som fjellgrevling og ein spesiell stripete museart. Bavianane tok førsteprisen. Det skal eg koma tilbake til.

Cape Point og Kapp det gode håp

Cape Point blir rekna som staden der Atlantarhavet og det indiske havet møter kvarandre, sjølv om det reint geografiske punktet ligg litt lenger aust. Her på sørspissen av Kapphalvøya er det rikeleg med ville klipper og skummande hav. Eg var så heldig å få oppleva dette i varmt (26 gr.) og klart ver og hadde ein fantastisk sikt utover havet. Sjølvsagt blåste det kraftig, men det er som det skal vera ein slik stad. I tillegg til at me var heldige med veret, fekk me høyra at me var heldige sidan dei andre europearane som normalt ville vore her, nå ikkje var her (pga askeskyen og konsekvensane av den).

Cape Point er den austlege klippa, med fyrtårn, og Kapp det gode håp er den vestlege klippa. Dei to klippene ligg heilt sør på Kapphalvøya eit par km frå kvarandre, og heile området blir ofte kalla Kapp det gode håp. Staden har alltid, heilt sidan oppdagingsreisene på slutten av 1400-talet, hatt stor symbolverdi.

Vandring over til Kapp det gode håp

Nesten heile gruppa vår, som altså sit askefast og ventar på billettar heim, var med på turen i dag. Nokre av oss gjekk etter lunch ved Cape Point stien vidare til Kapp det gode håp for å få mest mogleg naturopplevingar ut av dagen. Alternativet var å bli køyrt rundt med buss. Det var ein frisk og herleg tur! Me var tre som gjekk saman, og her var me rett og slett aleine med naturkreftene. Me møtte ikkje nokon andre. Stien gjekk høgt opp over havet og me passerte Cape Maclear og Diazstranda. Me såg ned på skarvekoloniar og annan sjøfugl. Til slutt gjekk me bakkane opp til toppen av Kapp det gode håp.

Ytterst på klippen, eit par hundre meter (?) over det skummande havet, kom forslaget; nå passar det godt å be! Me var overvelda av skaparverket og fulle av inntrykk frå vekene i Sør-Afrika. Desse inntrykka har sjølvsagt ofte prega bønene våre desse vekene, men ingen ting var meir naturleg enn også å gje høglydt uttrykk for dette på denne spesielle staden. Me bad for Sør-Afrika og alle utfordringane landet står overfor, for det afrikanske kontinentet, for kyrkjene her og for heimreisa vår (som framleis er heilt i det blå). Me takka for naturen og ikkje minst alt det dei afrikanske kristne har å læra oss om å vera ei misjonal kyrkje.

Bavianran

Men tilbake til bavianane ved Cape Point. Dei var kjappe, innpåslitne og ganske intelligente. Dessverre har dei endra livsstil pga omfattande foring frå turistar, slik at dei nå går relativt direkte til verks når dei vil ha mat. Mens me sat og spiste ved kafeen, kom ein flokk heilt innpå.

Ein av dei stakk inn i kafeen og forsynte seg raskt med eit par chipsposer frå hylla. Ein annan hoppa frå taket ned på eit restaurantbord og stakk av med litt av maten.  Ein tredje tok maten ut av handa på ei kvinne. Alt dette skjedde sjølvsagt til stor jubel frå oss som var så heldige å vera vitne til ranet. Slike opptrinn er visstnok så vanlege at det nå går vaktar som prøver å halda bavianane borte frå folk. Desse vaktene gjorde det dei kunne (les: jaga dyra og kasta stein mot dei) for å få dei vekk.

Det gode håp

Turen til Kapp det gode håp og traktene rundt var ei stor oppleving på mange plan. Dagane våre her i Stellenbosch er også gode, på mange vis. Likevel er det slik at det gode håpet for oss som sit askefast her nede, akkurat nå dreier seg om å koma heim!

Askefast i Stellenbosch

April 2010: Eg sit askefast i Stellenbosch i Sør-Afrika. VG har faktisk i dag eit oppslag om at gruppa vår på 24 norske prestar sit fast her og ber om askehjelp! Les her

Når først situasjonen er som den er, er ikkje Stellenbosch nokon dårleg plass å vera! Faktisk har eg det veldig bra her. Dette er ein utruleg flott by, plassert i eit vakkert bølgjande landskap og med ruvande fjell i bakgrunnen. Dessutan er gruppa vår godt samansveisa og me har det bra saman. Alle (trur eg) ønskjer seg heim igjen til kvardagen med familieliv og teneste i kyrkja, men det er nok litt ulikt kor kritisk me opplever situasjonen.

Sjølv skulle eg ha delvis studiepermisjon dei komande vekene. Men trass i at eg hadde planlagt redusert arbeidstid på kontoret framover, har eg ansvar for ein del saker og deltar i viktige prosessar som det er vanskeleg å vera borte frå.

Dei to siste vekene har eg altså vore på studieopphald på universitetet her, og i går var opplegget vårt slutt. Samtidig fekk me den endelege stadfestinga på at flyet til London var kansellert og at me ikkje kan vita kva tid me kan koma oss heimover. I dag har me fått beskjed om at den tidlegaste avreisa for gruppa vår, er om fire dagar. Det har gjeve oss litt meir ro til å strukturera dagane som ligg framfor oss.

Dei to neste dagane skal me ha ei morgonsamling etter frukost, med bibelstudium og oppdatering omkring situasjonen me er i. Deretter blir det mogleg å bruka resten av dagen til sjølvstudier på det teologiske fakultetet eller  ta seg ut på eigne opplegg. På ettermiddagen vil me ha ei fagleg samling (om kyrkjelydsutvikling, som er temaet vårt) for dei som vil få med seg det. Om kvelden blir det god tid til sosialt liv. Eg ser ikkje bort frå at eg vil bruka litt tid til å oppdatera bloggen, også.

Etter dette, tar me oss truleg ein dagstur for å oppleva litt meir av landet her, før me gjer oss klar til eventuell heimreise på fredag.

Som de forstår, eg har det foreløpig godt her i Stellenbosch. Men me er sjølvsagt svært spente på kor lenge det går før flya begynner å gå til Europa igjen. Drar dette ut, vil det bli ein krevjande situasjon. I så fall kan det nok dukka opp mange meir eller mindre kreative løysingar på korleis me skal passera Kongo, Sahara, Middelhavet og det europeiske kontinentet for å koma oss heim. For det er slik det blir sagt i ordtaket: borte bra, men heime best.

(Oppdatert 20.04.2010)

Bridgebuilders

Denne påsken foregår eit viktig forsoningsprosjekt ute i ørkenen ein stad i Midt-Austen. Bridgebuilders samlar ti kristne palestinarar, ti messianske jødar og ti nordmenn, alle i alderen 20-25 år. Denne gjengen var også samla til del I av opplegget her i Norge i august i fjor. Nå i påsken er dei saman igjen, i ørkenen i Jordan, ein stad der det er mogleg for dei å møtast.

Eg har tru på dette opplegget. Det er ikkje enkelt å driva forsoningsarbeid i Midt-Austen, men gjennom dette arbeidet får deltakarane frå Israel og dei palestinske områda møta kvarandre og bli kjent på tvers av alle politiske og kulturelle skiller. Dei har trua på Jesus felles, men elles er det svært mykje som skil dei. Her får dei oppleva fellesskap og vennskap på tvers, og dei vil ta med seg desse opplevingane når dei reiser heim til sine lokalmiljø. Eg trur også dei norske deltakarane vil få med seg utruleg mange impulsar til framtidig engasjement for fred mellom jødar og palestinarar.

Les meir om Bridgebuilders her.

Her er nokre ord frå Bibelen, til inspirasjon for alle som vil arbeida for fred og forsoning i den fastlåste situasjonen i Israel og dei palestinske områda:

Eg vil høyra kva Gud, Herren, seier.
For han talar fred til sitt folk,
til sine trugne,
– berre dei ikkje vender seg til dårskap!
Ja, hans frelse er nær
for dei som ottast han;
hans herlegdom skal bu i vårt land.
Godleik og sanning skal møta kvarandre,
rettferd og fred kyssa kvarandre.
Truskap skal gro opp or jorda
og rettferd sjå ned frå himmelen.
Då gjev Herren det som godt er,
og landet vårt ber si grøde.
Rettferd går framføre han,
og frelse fylgjer i hans fotefar.
(Sal 85,9-14)