Om Jesu fødsel

Adventsblogg 23. desember

Stjerna i Fødselsgrotta
Stjerna som markerer Jesu fødestad i grotta under Fødselskyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Eg syns det er vanskeleg å tru at Josef og Maria blei avviste då dei kom til Betlehem og at dei måtte klara seg sjølv då Jesus blei født. Kven ville avvist ei høggravid ung dame? Og dette er bare eitt av fleire kritiske punkt i ei tradisjonell forståing av juleevangeliet!

Dette har eg tenkt mykje på dei siste åra. Både fordi eg er prest med forkynnaransvar i julehøgtida og fordi eg har reist ofte til Betlehem og har opplevd staden mange gonger.

Det er mykje me ikkje veit om Jesu fødsel. Det er jo veldig lenge sidan det skjedde. Samtidig har me to kjeldeskrift frå det første hundreåret og dei gir ein del truverdig informasjon. Eg trur at det dei seier, passar inn i den lokale kulturen. Problemet er bare at me har mange lag med forestillingar som ikkje kjem frå Bibelen. Noko av dette kjem frå Jakobs protevangelium. Desse forestillingane kan vera koselege og hyggelege, men dei gjer at forteljinga om Jesu fødsel lett får eit legendarisk preg over seg. Kanskje mange rett og slett trur juleevangeliet er eit eventyr?

Sjølv om eg er veldig glad i julekrybber og barn som opptrer med julemusikalar og liknande, trur eg me med fordel kan sjå med nye og friske auge på bibelforteljnga. Det bør vera relativt enkelt å ta bort verten i «herberget» i Betlehem. Han er ikkje bibelsk. Men kanskje me bør gå meir drastisk til verks? Eg veit ikkje, for eg er ikkje ferdig tenkt omkring dette.

Eg har dei seinare åra lese Kenneth E. Bailey si tolking av fødselsforteljinga i boka Jesus Through Middle Eastern Eyes. Det har vore inspirerande. Han skriv som ei innleiing til det aktuelle kapitlet:

A diamond ring is admired and worn with pride, but with the passing of time, it needs to be taken to a jeweler to be cleaned to restore its original brilliance. The more the ring is worn, the greater the need for occasional cleaning. The more familiar we are with a biblical story, the more difficult it is to view it outside of the way it has always been understood. And the longer imprecision in the tradition remains unchallenged, the deeper it becomes embedded in Christian consciousness. The birth story of Jesus is such a story.

Eg trur faktisk at Jesus blei født i eit hus, hos slektningar av Josef. Kanskje i ei grotte i tilknyting til huset, eller kanskje i ein nedre del av hovudrommet, der familien hadde dyra sine om natta. Eg trur det var mange folk i huset. Gjesterommet var allereie fullt. Ja, for i Betlehem som elles i Midt-Austen, er og var gjestfridom høgt verdsett. Husa hadde to rom; eit hovudrom der menneske og dyr levde saman, og eit gjesterom. Slike hus var visstnok i enkelte tilfelle i bruk i området fram til for mindre enn 100 år sidan.

Her er eit forsøk på å gjenfortelja Lukas si forteljing om fødselen med ei slik fargelegging:

Det hadde vore heilt naturleg at Maria blei med Josef til Betlehem då han drog dit for å skriva seg i manntalet. Men det blei ei krevjande reise sidan ho snart skulle føda. Dei blei heldigvis tatt godt imot av Josef si slekt i byen. Slektningane viste stor omsorg for henne i den situasjonen ho var, og ho var veldig takknemlig. Det hadde ikkje vore plass til dei i det overfylte gjesterommet, men dei fekk bu saman med husfolket i det vanlege opphaldsrommet.

Barnet blei født mens dei var i Betlehem. Alle mennene blei sendt på dør, og ho fekk god hjelp av kvinnene i huset. Då guten var født, sveipte ho han på tradisjonelt vis. Ho fann ei varm seng til han i ei krybbe i den delen av rommet der dyra heldt til om natta. Og den natta fekk dei besøk av ein gjetarflokk frå markene utanfor byen. Gjetarane hadde sett englar og fått høyra om barnet! Éin engel hadde sagt at dette barnet var Messias. Og ein heil himmelhær av englar hadde sunge lovsong: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»

Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.

(fritt etter Lukas 2,1-20)

Det greske ordet katalyma som før blei omsett herberge, blir nå omsett husrom. Eg tenker dette er ei god omsetjing som kan opna for ulike tolkingar. Men det er også slik at ordet faktisk kunne vore omsett gjesterom. Lukas brukar det slik i 22,11. Og han brukar eit anna ord når han skriv om herberget i forteljinga om den miskunnsame samaritanen (10,34).

For så lenge sidan som i 2006, skreiv eg om slike tema her på bloggen i notatet Krubba i juleevangeliet. Då hadde eg ikkje lese Bailey, men aktuelle delar av Raymond E. Browns store kommentar The Birth of the Messiah. Begge desse bøkene gir meg mykje stoff til forståing av forholda rundt Jesu fødsel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.