Pilegrimskyrkja i Magdala

Foto: Helge Brunstad 2015

Foto: Helge Brunstad 2015

Eg besøkte nyleg Magdala Center. Dette er eit nytt katolsk pilegrims-senter ved Gennesaretsjøen. Her er det bygd ei vakker og enkel kyrkje som gjorde sterkt inntrykk på meg.

Kyrkja blei vigsla i 2014. Det er sjeldan det blir bygd kyrkjer i dette området, og eg tenkjer derfor at det er ei viktig hending. Ikkje minst er kyrkja viktig fordi den er bygd på ein stad som det er så naturleg å knyta til Jesu liv og verksemd.

Kyrkja heiter Duc in Altum (Legg ut på djupet). Uttrykket er henta frå Jesu ord då han talte til ei folkemengde frå båten til Simon Peter: Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk (Luk 5,4). På latin: Duc in altum et laxate retia vestra in capturam.

Kyrkjerommet har eit altar som er forma som ein båt, og altartavla er ein stor glasvegg ut mot stranda og Gennesaretsjøen.

Ein brosjyre for prosjektet Magdala Center, omtaler kyrkja som “Duc in Altum” Spirituality Center og seier følgjande om intensjonane med bygget:

It will be a place for liturgical and sacramental prayer to help pilgrims understand and celebrate the events of Jesus´public ministry that took place in the area and it will also provide an environment for Ecumenical and Inter-faith dialogue.

I kyrkjerommet er det bilde av dei 12 disiplane. Forhallen er vigd til kvinnene som følgde Jesus. Rundt forhallen er det fire kapell med mosaikkunst frå ulike bibelforteljingar:

  • Mark 5,41 – dotter til Jairus
  • Matt 4,19 – dei første disiplane
  • Matt 14,30 – Peter går på vatnet
  • Luk 8,2 – Maria Magdalena

I underetasjen er det eit enkelt økumenisk kapell som ikkje er innvigd som katolsk kyrkjerom.

Pilegrimssenteret Magdala Center er framleis under oppbygging. Her er det i tillegg til kyrkja prosjektert hotell, restaurant, konferansesenter og multimediasenter. Og ikkje minst: Det er gjort svært viktige arkeologiske funn på staden.

Det er turkamerat Helge Brunstad har tatt dei flotte bilda frå kyrkja.

Foto: Helge Brunstad 2015

Foto: Helge Brunstad 2015

2 svar til Pilegrimskyrkja i Magdala

  1. […] Mykje av Jesu offentlege verksemd skjedde geografisk på eit relativt lite område på nordvest-sida av Gennesaretsjøen. Eg har reist mykje i dette området og syns det er flott å koma til dei ulike stadane som er knytt til Jesu liv. Nå har eg for første gong vore i Magdala Center, eit katolsk pilegrimssenter som er under oppbygging. Her er det gjort interessante arkeologiske utgravingar og (foreløpig) bygd eit flott kyrkjebygg. […]

  2. […] funnen (bildet). Etter besøket i februar 2015 skreiv eg om staden i notata Synagogen i Magdala og Pilegrimskyrkja i Magdala. Seinare var eg tilbake på staden saman med Inger i sommar. Eg satsar på at me kjem tilbake til […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: