Paulus om ånd, sjel og kropp

logo_anno_paolino2Uttrykket ånd, sjel og legeme som skildring av mennesket som ein heilskap, har følgt meg heilt sidan barndomen. Eg møtte dette uttrykket i KFUM-speidararbeidet i Ynglingen i Stavanger. Sjølv om eg nå ikkje lenger er aktiv i KFUM, er eg utruleg glad for den påverknaden eg fekk som menneske og kristen i dette miljøet. KFUM har henta uttrykket frå NT, nærare bestemt frå Paulus» første brev til tessalonikarane.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Januarsitatet er frå 1. Tess, og eg vel meg sjølvsagt verset som eg lærte å kjenna som ung speidar. I den bibelomsetjinga som eg nå les, brukar ein ordet kropp i staden for legeme/lekam:

Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! (1. Tess 5,23)

Korleis har uttrykket ånd, sjel og kropp blitt forklart i KFUK-KFUM?

Eg har i kveld funne fram til 3. Gradsheftet frå 1980-talet, eit hefte som eg sjølv var medredaktør i. Tredjegraden var speidarprogrammet for gutar i 11-12års alderen, og under overskrifta KFUM-speiderkunnskap, finn me følgjande forklaring på trekanten i KFUM-speidermerket:

Hjørnene i trekanten kan minne oss om ansvaret vårt overfor Gud, vår neste og oss selv, spissen peker mot oss og understreker ansvaret. Sidene i trekanten kan også symbolisere ånd, sjel og legeme:

– ånd – det som gjør at vi kan tro på Gud
– sjel – våre tanker og følelser, det som gjør oss til mennesker
– legeme, kropp – det vi kan ta på eller føle (f eks blod, pust)

Trekanten minner oss om at dette hører sammen, er en enhet. Et riktig KFUM-arbeid har noe både for ånd, sjel og kropp. Når Gud har skapt oss slik, er det for at vi skal utvikle alle sider ved oss selv og ikke bare satse på en eller to.

Tidlegare sitat:

Søsterkyrkjene på Gran

sosterkyrkjene-pa-gran

Kyrkjestaden på Gran på Hadeland er ein fascinerande stad. Eg var der nyleg, i samband med Israelsmisjonen sitt Rådsmøte. Søndag morgon fekk eg forretta ved ei gudsteneste for rådsmøtedeltakarane i Nikolaikyrkja (til høgre). Det sette eg pris på.

Mariakyrkja og Nikolaikyrkja er frå 1100-talet. Her er eit lite utdrag frå informasjonstavla som står på kyrkjegarden:

Søsterkirkene ble bygd ved et av innlandets vesentlige knutepunkt i middelalderen. Nikolaikirken er den største og er blitt hovedkirke, men fagfolk anser Mariakirken som eldste kjente kirkebygg på Granavollen – reist omkring år 1100. Den første Nicolai-utgaven stod trolig ferdig omkring det tidspunkt Nidaros ble Nordens erkebispesete; det var i år 1152. Det som gjør tidfesting av Søsterkirkene noe upresis, er at begge senere ble ombygd og utvidet.

(…)

Når det ble to kirker i Gran, sier det nettopp noe om stedets betydning. Oss gir det grunnlag for funderinger. Var den opprinnelige Mariakirken i mindre format ment som klosterkirke? Hva skulle så utvidelsen bare noen årtier etterpå være godt for? I byene var det ikke uvanlig med to eller tre kirker i samme nabolag, med hver sine formål. Kan knutepunktet Granavollen tilsvarende hatt én fylkes- og én soknekirke? Med disse spørsmålene gir vi ikke svar.

Aasmund Olavson Vinje er gravlagt på kyrkegarden ved Søsterkyrkjene. På minnesmerket står det: «daaen i Gran 30. juli 1870». Eg spurte vertskapet om ordet daaen, og fekk vita at det truleg var Vinje-mål. Det var i alle høve ikkje eit uttrykk som høyrde heime i dialekten på Gran.

1800 år gamal marmorfigur

Det blir stadig gjort interessante arkeologiske funn i utgravingane i og rundt Davidsbyen i Jerusalem. I går offentleggjorde Israel Antiquities Authority funnet av ein spesiell og interessant marmorfigur frå ca 200:

An 1,800 Year Old Marble Figurine in the Image of a Bearded Man, probably that of a Roman Boxer, was Discovered

The figurine was used as a suspended weight together with a balance scale. This is probably the only find of its kind from excavations in the country.

A figurine (bust) made of marble depicting a miniature image of a bearded man’s head was discovered in the excavations that the Israel Antiquities Authority is conducting in the area of the Givati car park in the City of David, in the Walls around Jerusalem National Park. (les meir og sjå bilete)

Oppdatering 28.01: Figuren er ca 5 cm stor. Sjå artikkel med bilete som viser storleiken her.

Kristne israelsvenner

Eg har tidlegare skrive ein del om engasjementet mitt i Israelsmisjonen. Dette er ein av store organisasjonane som vil definera seg som Israels venner i Norge. Men det er også mange andre Israelsvennlege organisasjonar, og dei ulike organisasjonane legg til dels svært ulikt innhald i korleis vennskapet blir definert. Dessutan er det store forskjellar i synet på misjon blant jødar og på profetiane i GT.

Vårt Land hadde i går eit stort oppslag om ein del av dei viktigaste av desse organisasjonane. Her kan du lesa om Israelsmisjonen, Ordet og Israel, Med Israel for fred og Den Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem:

Den Norske Israelsmisjon

Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann svarer:

– Vil din organisasjon kalle seg israelsvenner?

– Ja, uten tvil. Vi regner oss som venner av Israel og det jødiske folk, men det er alltid vanskelig å erklære seg selv som venn, fordi vennskap bygger på tillit og hvem som er deres venner er noe som først og fremst jødene selv må avgjøre.

– Hvorfor er dere venner av Israel?

– For det første har vi en forpliktelse som kristne til å vise solidaritet og vennskap med alle mennesker, men jødene spesielt. Det er på bakgrunn av den betydning de har hatt for vår kultur og tro. Vår støtte og kjærlighet til det jødiske folk er ikke betinget av staten Israels opprettelse, samtidig som vi vet staten betyr mye for det jødiske folks sikkerhet og identitet.

– Hvordan ble dere venner av Israel?

– Vi er vel alle israelsorganisasjoners mor i Norge. Vår virksomhet startet opp på et tidspunkt da jøder var utestengt i Norge. Det er nokså eksepsjonelt. Motivasjonen lå i en forståelse av at jødene var Guds utvalgte folk som Gud hadde en plan med. Det er en forståelse vi fortsatt deler. (les meir)

Jødefiendtlege haldningar

Vårt Land gjengjev nå hovudpunkta i ein resolusjon til støtte for norske jødar, som nå opplever jødefiendtlege haldningar i samfunnet vårt. Eg var med og vedtok resolusjonen på Rådsmøtet i Israelsmisjonen sist helg:

Israelsmisjonen oppfordrer til kamp mot rasistiske og jødefiendtlige uttrykksformer, og til å vise etniske minoriteter omsorg. (les  meir)

Oppdatering: Les heile resolusjonen Støtt norske jøder her.

Israelsmisjonen

dni-logoDette notatet er skrive i januar 2009.

Eg møter mange slags spørsmål frå folk som høyrer at eg er engasjert i Israelsmisjonen. Kva driv me eigentleg med? Kva haldningar står me for i konflikten mellom Israel og Palestina? Kva slags organisasjon er dette?

I helga var eg på Gran på Hadeland, på Rådsmøte i Israelsmisjonen. Nærare førti tillitsvalde og tilsette medarbeidarar var samla til ei helg med drøftingar omkring arbeidet i organisasjonen. Det blei ei flott og inspirerande helg!

Eg opplever at Israelsmisjonen er ein organisasjon med stor takhøgde for ulike synspunkt og meiningar. Ungdomane har sitt eige nettverk i return2sender og dei er med på å prega tenkninga i organisasjonen. Det gir håp for framtida! Hovudfokuset vårt er at det jødiske folket skal få møta evangeliet om Jesus og sjå at han er den Messias som GT handlar om. Derfor driv me med misjon, diakoni og freds- og forsoningsarbeid, i samarbeid med messianske jødar. Hovuddelen av dette arbeidet skjer i Israel, men me har faktisk engasjement i sju land!

Neste veke har Israelsmisjonen besøk av ein kristen palestinar som me samarbeider med, Salim Munayer. Han er leiar av Musalaha, ein organisasjon som arbeider for forsoning, først og fremst mellom messianske jødar og palestinske kristne. Eg har truffe han nokre gonger i Israel, men får dessverre ikkje høve til å delta på nokre av arrangementa denne gongen.

I forhold til landet Israel, er eg opptatt av at det jødiske folket skal ha ein trygg stad å bu i Midt-Austen. Eg ønskjer å vera ein venn av Israel. Men det betyr ikkje at eg er einig med den israelske politikken til ei kvar tid. Ekte venner må ha lov å vera ueinige! Israel er eit demokrati, ikkje eit teokrati. Gud styrer ikkje gjennom den israelske regjeringa på annan måte enn gjennom den norske regjeringa. Eg tenkjer at det er nødvendig at israelarane kjem fram til politiske løysningar som fører til ein fredeleg sameksistens med det palestinske folket, som også høyrer heime i dette området.

Når det gjeld den aktuelle konflikten i Gaza og dei store demonstrasjonane i Oslo, har generalsekretæren uttalt seg på vegne av organisasjonen, sjå Midtøstenkonflikt på norsk. På Rådsmøtet i helga blei det dessutan vedtatt ein resolusjon om støtte til norske jødar som opplever å bli møtt med fiendtlege haldningar i mange samanhengar i samfunnet vårt. Eg kjem tilbake til teksten på denne resolusjonen, når den blir tilgjengeleg på nettet.

Til slutt: Eg syns at eg har lært utruleg mykje interessant om den kristne trua sin jødiske røter gjennom Israelsmisjonen. Den som er opptatt av slike spørsmål, kan sfinna stoff på nettsida www.israelsmisjonen.no

Den heilage salven

Eg har tidlegare skrive om den heilage familie si flukt til Egypt. I kveld oppdaga eg ein artikkel av Eyvind Skeie på Norsk Misjon i Øst si nettside. Her skriv han om ein av dei mange legendene som blir fortalt om denne flukta:

Fortellingen om hvordan den hellige familie flykter til Egypt er helt grunnleggende for de kristne i Egypt. Det er ikke bare fordi Egypt var Jesu barndomsland, men også fordi flukten er et så viktig motiv for de egyptiske kristne. Flukt, farer og forfølgelse har vært deres daglige brød i mange hundre år.

Det finnes en rik tradisjon av fortellinger om hvordan Gud bevarer sine under flukten, slik Gud også gjorde med den hellige familie. En av disse fortellingene skal jeg arbeide med i løpet av neste år, i nært samarbeid med Mamma Maggie og hennes stab. Ung Kirkesang i Norge er også med.

Det handler om de to landeveisrøverne Dismas og Gestas, som … (les meir)