caspari.com i ny drakt

21/03/2012

Caspari Center for bibelske og jødiske studier i Jerusalem har fått ny (eller rettare: fornya) nettside som eg gjerne vil anbefala.

Sjå www.caspari.com

Her ønskjer internasjonal direktør Knut Helge Høyland, som er norsk prest, velkomen til sida:

Dear friends of Caspari,

It is a great pleasure for me to finally introduce our new website. Over the past months we have worked hard to produce not only a visually pleasing and functional website, but also a website which will provide you a more up-to-date and better understanding of our ministry work in Israel and internationally. The site will give you unique access to many of the resources we have available at our center. You will also find information about how you can get involved in the Caspari ministry!

Advertisements

Pave Shenouda III

19/03/2012

Den koptiske paven Shenouda III døydde laurdag 17. mars. Han hadde då vore ein markant leiar av den koptisk-ortodokse kyrkja sidan 1971.

Eg opplevde den koptiske paven på ei kveldssamling i Markuskatedralen i Kairo på ein studietur i 2008. Det var ei interessant oppleving. Midt i den opphøgde personfokuseringa, la han vekt på å vera nær folket. Kyrkja var fylt av fleire tusen koptarar, og paven svarte på spørsmål frå salen omtrent som ein norsk konfirmantprest. Dei handla om alt frå ekteskapsrådgjeving til spørsmål om bøn og dogmatiske tema.

Pave Shenouda vil bli huska som ein modig kyrkjeleiar. Den koptiske kyrkja har markert seg som ei positiv kraft i samfunnet i hans tid. Så vidt eg forstår, har Shenouda spesielt markert seg gjennom eit sterkt fokus på undervisning av dei kristne i Egypt og gjennom eit sterkt økumenisk engasjement.

I samband med den koptiske julefeiringa i januar i år, refererte eg (her) til pave Shenouda si julehelsing i ei hardt pressa tid: han la hovudvekta på at me skal vera gode mot kvarandre.


Kathisma-kyrkja

19/03/2012

Den bysantinske kyrkja Kathisma låg ved vegen mellom Jerusalem og Betlehem, ved det som i dag heiter Hebron Road (nær Eliaklosteret). Kyrkja var bygd på 400-talet på ein stad der Maria i følgje tradisjonen sette seg og kvilte på veg til Betlehem. Kathisma (καθισμα) betyr sete.  Tradisjonen kjem frå Jakobs protevangelium.

Sjå omtale av kyrkja her.

Tidsskriftet «Atiqot har nå ein artikkel om dei siste utgravingane som er gjort på staden. Artikkelen kan kjøpast online. Her er omtale av artikkelen på «Atiqot si nettside:

The Upper Aqueduct to Jerusalem, the Church of the Kathisma and Other Remains near Hebron Road, Jerusalem (with a contribution by Gabriela Bijovsky)

(Hebrew, pp. 69*–90*; English summary, pp. 160–162)

Ya‘akov Billig

Keywords: Water system, Christianity, agriculture, burial, numismatics, chronology

Sections of the Upper Aqueduct to Jerusalem were revealed while widening Hebron Road in Jerusalem, enabling a better understanding of its original route and date. Most of the finds scattered on surface level near the aqueduct—mainly pottery and coins—dated to the Late Roman and Byzantine periods; finds dating to the First and Second Temple periods were found as well. Other elements discovered during the excavation and surveys in the area include: agricultural terraces, burial caves, a winepress, a cistern and a quarry. In the surveyed area, at the site of Bir Qadismo, were numerous finds scattered on the surface, which pointed to the presence of a large public building, possibly a church from the Byzantine period: ashlars, column fragments, a pedestal, marble items, roof tiles and a colorful mosaic floor. These were identified as the remains of the Church of Kathisma Palaeon.


Bibeltilvisingar i bloggen

04/03/2012

Bloggen har nå fått ei oversikt over bloggnotat som er direkte relatert til bestemte bibeltekstar.

Eg set alltid pris på slike register i bøker som viser til bibeltekstar. Derfor har eg også tenkt at det er på tide at bloggen får dette hjelpemidlet som gjer det enklare å finna fram til det ein leitar etter.

Nå er dette ferdig og klar til bruk her.


%d bloggarar likar dette: