Søndagstankar, palmesøndag

Bibelhistoria om Jesu inntog i Jerusalem

Her er søndagstankar knytt til palmesøndag 2021 frå Hinna kirke sin YouTube-kanal. Filmen bygger i stor grad på notat eg tidlegare har skrive her på bloggen, så viss du heller vil ha det i skriftleg form, kan du f eks sjå her: Palmesøndag.

Marias lovsong

Notat til søndagens tekst: Luk 1,46-55

Foto: FreeBibleimages.com / www.LumoProject.com

Det er fint å kunna dykka ned i det store underet, at Gud blei menneske, også utanom julehøgtida. Maria bodskapsdag er ein søndag ca ni månadar før jul. Dagen handlar ikkje bare om Maria og hennar teneste og lovsong. Den handlar om Jesus. Det handlar om inkarnasjonen. Maria bodskapsdag er ein viktig dag i kyrkjeåret.

På Maria bodskapsdag er det naturleg å gje plass både for undring og lovsong. Det er utan tvil ein interessant samanheng mellom adventstida og denne søndagen ni månadar før jul. Maria undra seg. Og faktisk: ho gleda seg! Ho såg seg tilbake og tenkte på bibeltekstane ho kjende frå Det gamle testamentet. Ho såg framover mot ei framtid med håp for henne sjølv og for folket ho tilhøyrde.

Ja, slik evangelisten Lukas har formulert lovsongen hennar, trur eg ho såg enda lenger. Eg trur ho gjennom Guds løfte til Abraham i eit glimt såg at barnet ho bar, skulle bli til velsigning for alle slekter på jorda.

Dagens preg gjer at det er mykje å henta i det som er skrive til adventstida og julehøgtida. Før jul i fjor las eg dette i ein artikkel om Maria:

For kirkefedrene var inkarnasjon og frelse to sider av samme sak. (…) Slik de ser det, forenes i Jesus Kristus det helt uforlikelige. Det ubegrensede med det begrensede, det evige med det forgjengelige, det opphøyde med det fornedrede, det allmektige med det svake. Og den paradoksale enheten blir mulig fordi Jesus er et helt virkelig menneske. Maria er garantisten for det. Han ble til i hennes livmor og vokste under hennes hud – slik som vi alle har blitt til inne i en kvinne.».

Erling Rimehaug i Vårt Land 15.12.2020

Den store lovsongen til Maria, som altså Lukas skriftleg gjengir før han fortel juleevangeliet, blir kalla Magnificat. Namnet kjem frå dei første orda i den latinske omsetjinga av teksten. Slik begynner Marias lovsong:

Mi sjel høglovar Herren,
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.

Luk 1,46-49, utdrag frå Marias lovsong. Les heile teksten her.

Det følgjande er ein bearbeidd versjon av det eg har skrive til denne søndagen på Prekenverkstedet i 2021. Dette er Den Norske Israelsmisjon si ressursside for forkynnarar og andre interesserte. I denne tekstgjennomgangen ser eg Marias lovsong i lys av Det gamle testamentet og Lukas sine skrifter i Det nye testamentet (Luk og Apg).

Finn fram Bibelen, eller gå inn på bibel.no, og bli med på ein gjennomgang av søndagens tekstar!

Litt om lesetekstane

Første lesetekst er henta frå Jer 33,14-17. Samanhengen er eit avsnitt om frelse for Jerusalem og Juda. Herren skal oppfylla den gode lovnaden; Messias skal koma som ein evig etterfølgjar av David. Han er «ei spire» som kjem med rett og rettferd. Herrens spire er eit av namna som blir brukt om Messias, sjå Jes 4,2 og Jer 23,5f. 

Andre lesetekst er frå Ef 1,3-6. Samanhengen er ei lovprising som tar oss med tilbake til skapinga, ja, til og med til æva før skapinga. Det dreier seg om Guds store plan om utveljing, ei verdshistorie med Kristus i sentrum. Utveljinga er kollektiv; det er snakk om me og oss. Efesarbrevet legg stor vekt på at frelsa i Jesus Kristus sameinar jødar og ikkje-jødar (Ef 2,11-22).

Meir om preiketeksten

Lukas gir oss Maria sin versjon av alt som skjedde før Jesu fødsel og i barndomen hans, ho som gøymde alt i hjartet sitt og grunda på det (Luk 2,1 og 2,51).

Marias lovsong blir til i møtet med den eldre slektningen og støttespelaren Elisabet, eit møte mellom to sterke kvinner som begge har ei viktig teneste i overgangen mellom den gamle og den nye pakt. Lovsongen er ein del av ei større forteljing som går frå vers 39 til vers 56.

Marias lovsong er ein hymne som er prega av gamle lovsongar i 2 Mos 15, Dom 5 og 1 Sam 2. Hymnen er forma som klassisk hebraisk poesi, for eksempel ser me allereie i v 46f den typiske hebraiske parallellismen med éi utsegn om mi sjel og éi om mi ånd. I innhaldet er hymnen fylt av ord og uttrykk frå ulike delar av den hebraiske bibelen. 

Hymnen opnar i vers 46-47 med ei stor glede. Maria «frydar seg», eit uttrykk som går igjen i forhistoria til Jesu fødsel hos Lukas, jfr Luk 1,14 og 1,44.

Gud blir kalla Herre og frelsar. Dette er ord som sidan blir brukt om barnet som Maria ber. Frelsarperspektivet viktig for Lukas; Jesus er frelsar (Luk 2,11), han kjem med frelse (Luk 19,9) og bodskapet om Jesus er til frelse (Apg 13,26 og 28,28).

I vers 48 gjentar Maria at ho er ei tenestekvinne, jfr. Luk 1,38. Uttrykket «frå no av skal alle slekter prisa meg sæl» seier at verda ikkje lenger er den same. Gud skapar noko nytt. I ettertid ser me at det dreier seg om den nye pakt knytt til frelsa i Jesus Kristus.

I overgangen frå vers 49 til 50 endrar perspektivet i lovsongen seg. Guds miskunn med Maria viser seg å vera ein miskunn mot alle som ottast han.

Når det står at Gud gjorde storverk med sin sterke arm er dette ein såkalla antropomorfisme, det vil seia eit uttrykk der teksten brukar menneskelege eigenskapar for å skildra Gud. Det er mange slike i GT, me møter for eksempel Guds arm i 2 Mos 6,6 og Sal 89,11.

Når det står at Gud spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet dreier det seg om menneske si haldning og tankegang. Lukas viser oss mange situasjonar der hovmodet blokkerer for å sjå Guds nærvere: sjå Luk 5,21-22; 5,30; 7,39; 13,14; 16,14-15 og 18,9.

I vers 52-53 får me sterke utsegn om Gud som snur alt om i verda; han sender dei store nedover samtidig som han løfter dei låge opp. Det same forkynner Jesus i Slettepreika, som hos Lukas svarar til Bergpreika hos Matteus, gjennom sterke ord om dei sæle og usæle i Luk 6,20-26.

Lovsongen kulminerer med orda i vers 54-55 om at Gud oppfyller sine løfter til Abraham og hans ætt gjennom det som skjer ved Jesu fødsel. Dette fører oss tilbake til 1 Mos 12,2-3 der Herren lovar at alle slekter på jorda skal velsignast gjennom Abraham og hans ætt. Den ikkje-jødiske Lukas la stor vekt på Guds løfte til Abraham (og hans ætt) i mange samanhengar i forfattarskapet sitt, sjå Luk 1,73; 3,8; 19,9; Apg 3,25; 7,2-17. 

Guds miskunn (hebraisk: chesed) er eit sterkt uttrykk for Guds trufaste kjærleik. Sjå for eksempel 2 Mos 34,6. Det at Gud skal koma i hug si miskunn, finn me både som bønetema (Sal 25,6-7) og som stadfesting (Sal 98,3). Og med tanke på at dette blir knytt til Jesu fødsel, kan me seia at ingen har vist oss Guds trufaste kjærleik, hans miskunn, som Jesus har gjort det!

Marias lovsong tolkar det som skal skje ved Jesu fødsel. Ho lovprisar Gud for hans store og trufaste kjærleik. Det han har gjort mot henne personleg, blir utvida til å gjelda alle som ottast han (vers 50). Gud løftar dei fattige, låge og svoltne som henne (vers 48, 52-53), og akkurat det veit me at Jesus heldt fram med. Gud tok seg av Israel, sin tenar, ved å oppfylla sine løfte til Abraham og hans ætt (vers 54-55). Han som skulle bli født, er frelsaren for alle slekter på jorda (1 Mos 12,3).

Til preika

Eg foreslår å bruka heile eller delar av den gamle adventssalmen Folkefrelsar, til oss kom:

Folkefrelsar, til oss kom, / fødd av møy i armodsdom! / Heile verdi undrast på / kvi du såleis koma må.

Herrens under her me ser, / ved Guds Ande dette skjer. / Livsens ord frå himmerik / vert i kjøt og blod oss lik.

Utan synd han boren er / som all synd for verdi ber. / Han er både Gud og mann, / alle folk han frelsa kan.

Frå Gud Fader kom han her, / heim til Gud hans vegar ber, / ned han fór til helheims land, / oppfór til Guds høgre hand.

Du som er Gud Fader lik, / ver i vanmakt sigerrik! / Med din guddomsvelde kom, / styrk oss i vår armodsdom!

Klårt di krubba skina kan, / ljoset nytt i natti rann, / naud og natt til ende er, / trui alltid ljoset ser.

Lov og takk, du Herre kjær, / som til verdi komen er! / Fader god og Ande blid, / lov og takk til evig tid!

Tekst av Ambrosius før år 397. Omsett til norsk av Bernt Støylen 1905. Norsk salmebok nr 2.

Denne adventssalmen, som går heilt tilbake til kyrkjefedrane si tid, tar oss på ein flott måte inn i undringa og lovsongen i møte med Jesu fødsel. Det same gjer bibelhistoria. Forteljinga om Maria begynner med det undrande spørsmålet Korleis skal dette gå til? (Luk 1,34). Og forteljinga går over i Marias lovsong, som er dagens tekst. Salmen kan også vera ein hjelp til å halda fokus på Jesus, han som er folkefrelsaren.

Eg vil også visa til eit par andre homiletiske tilnærmingar.

Olav Skjevesland skriv om å ta teksten ut i livet gjennom stikkorda tiltale, tro og takk. «Tiltalen blir en påminnelse om å gi Gud det som rett er: takk og tilbedelse. Troen hører en trefoldig lovprisning til Gud som (1) frelseren i Marias liv, (2) som den suverene Herre i folkenes historie og (3) som den som er trofast mot sin tjener Israel. Takken går til Gud som – i sin høyhet – samtidig er nær de små på jorden.» (Olav Skjevesland: Ord til tro. Verbum 2011. Side 140)

Carl Henrik Martling skisserer ei preike med denne disposisjonen:

Hela Guds kyrka sjunger med Maria

  1. – med helig förundran över Herrens mäktiga verk
  2. – med himmelsk fröjd över frälsningens närhet
  3. – med saligt jubel över Herrens storhet

(Carl Henrik Martling: Mitt i verkligheten, bd 1, Göteborg 1983, side 119)

Elles har eg i dette tekstarbeidet hatt stor nytte av Luke Timothy Johnson: The Gospel of Luke, Sacra Pagina, Minnesota 1991.

Relatert stoff: Maria bodskapsdag (notat om Luk 1,39-45)

Oppdatert 12. mars 2024

Det eldste klosteret?

Klosteret i Bahariya-oasen i Egypt. Foto: Victor Ghica/MF. Gjengitt med tillating.

In English: Unveiling the World’s Oldest Known Monastery

For eit par dagar sidan kom den interessante nyheita om at forskarar frå MF har funne eit klosteranlegg frå ca år 350 i ørkenen i Egypt. NRK publiserte ein artikkel om saka og hadde same dag eit innslag i Kveldsnytt. I dag har Vårt Land eit stort oppslag om saka.

Det er flott å få så god og kvalifisert medieomtale av ei slik sak. Men så er det jo også eit veldig spesielt arkeologisk funn som verkeleg har tyding i kultur- og kyrkjehistorisk samanheng.

Her er MF sin omtale av funnet med lenker til forskingsprosjektet si hovudside og til ulike medier sine reportasjoner: Verdens eldste kloster funnet i Egypt av MF-forskere.

Det er neppe grunnlag for å seia at det er det eldste klosteret som nå er funne. Me kan jo ikkje vita kva som ennå ikkje er funne. Men det skal vera det eldste klosteret som til nå er funne, på verdsplan. Og det er ikkje lite! Dette poenget blir også framheva av professor Victor Ghica, som har leia prosjektet.

NRK skriv (og har mange bilde):

– Det er utrolig gøy og spennende. Dette ser ut til å være det tidligst daterte kristne klosteret i verden, sier Victor Ghica, som er arkeolog og professor i antikken og den tidlige kristendom.

(…)

– Funnene endrer vår forståelse av den tidlige kristendom. Allerede rundt år 350 e.kr fantes det veletablerte klostersamfunn helt i ytterkanten av Romerriket, noe som er ekstremt tidlig.

NRK.no

Vårt Land skriv:

– Dette viser at det allerede rundt år 350 e. Kr. fantes veletablerte klostersamfunn helt i ytterkanten av Romerriket. Dette er noe vi ikke har vært klar over før, sier Victor Ghica, som er arkeolog og professor ved MF vitenskapelig høyskole.

Han har ledet utgravningsarbeidet i Bahariya-oasen i den vestlige ørkenen i Egypt, rundt 370 kilometer sørvest for Kairo. Arbeidet har pågått i tre omganger, sist i desember 2020. Utgravningene har vært et samarbeid mellom Institut Français d’Archéologie Orientale og MF Vitenskapelig Høyskole. (…)

Veggene i klosterets kirke er dekket av religiøse tekster skrevet på gresk. Noen av tekstene er sitater av munken Evagrius Ponticus (345-399). Andre er hentet fra den assyriske teologen og dikteren Efrem Syreren (306-373). (…)

– Det går ikke an å overdrive klosterbevegelsens betydning for kirken. Og alt startet her i Egypts ørken på 300-tallet, sier Haanes som også er professor i kirkehistorie.

vl.no

Staden heiter Tall Ğanūb Qaṣr al-‘Ağūz og den ligg i Bahariya-oasen. Som me ser i artikkelen frå Vårt Land, skal dette vera i den vestlege ørkenen i Egypt.

Det som er spesielt oppsiktsvekkande ved utgravinga, er den sikre dateringa forskarane har gjort gjennom det som er funne. Vårt Land skriv om dette:

Ghica mener funnet endrer fortellingen om tidlig kristendom. Til nå har det ikke vært gjort funn av klostre som kan dateres til så tidlig som til 300-tallet. Karbondateringer og funn av mynter, keramikk og glassobjekter bekrefter at klosteret stammer fra rundt år 350, eller kanskje enda tidligere. (…)

Ghica ser funnene av klosteret som del av et stort puslespill og understreker at det unike er at klosteret er så vel bevart og mulig å datere.

– Vi kan ikke si at dette verdens første kloster, men det er det eldste vi kjenner til som har overlevd og som dateres med sikkerhet, sier Ghica.

vl.no

Her er eit par andre flotte bilde frå staden, tatt av professor Victor Ghica:

Skrifta på veggen. Klosteret i Bahariya-oasen i Egypt. Foto: Victor Ghica/MF. Gjengitt med tillating.
Frå utgravinga av klosteret i Bahariya-oasen i Egypt. Foto: Victor Ghica/MF. Gjengitt med tillating.

Andre omtalar:

Ahram Online: In Photos: Oldest archaeologically attested monastic site discovered in Egypt’s Bahariya Oasis

Biblical Studies Carnival 180

Biblical Studies Carnival 180 for februar 2021 er publisert på bloggen Dust. Eg likar å sjå gjennom denne månadlege oversikta over bibliobloggar, denne gong med stoff om TNK (den hebraiske Bibelen), språk, NT og minneord.

Denne gong merka eg meg spesielt ei lenke til videoar om dei bibelske språka: Biblingual: Biblical Languages and Linguistics på bloggen AWOL.

Travis (i Cambridge) skriv om videoane sine:

My mission is to revitalise passion and interest in the languages of the Bible by helping you learn them more naturally and effectively.