Bryllaupskyrkja i Kana

25/01/2017

Bilde #6 frå vandringa på Jesus trail

Den fransiskanske bryllaupskyrkja i Kana

Den arabiske byen Kfar Kana i Galilea er tradisjonelt rekna som staden der Jesus gjorde vatn til vin i «bryllaupet i Kana». Den kristne minoriteten i byen er svært stolt over denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet.

Bildet viser den fransiskanske Bryllaupskyrkja i Kana. Det er tatt frå terrassen på Cana Wedding Guest House, ein naturleg overnattingsstad på vandringa på Jesus trail.

I kyrkja møter me både ein lokal kyrkjelyd og mange tilreisande. Det er faktisk mange som kjem hit for å gifta seg. Det er også mange ektepar som fornyar ekteskapsløfta sine i eller utanfor kyrkja.

Bryllaupskyrkja er litt over 100 år gamal og bygd på ein gamal kyrkjestad. Den skal vera ein kopi av katedralen i Salzburg i Østerrike, bygd slik på grunn av ein prest frå Salzburg som gjorde teneste i Kana då kyrkja blei bygd. Dei to kyrkjetårna skal i følgje Jacob Firsel i boka Go to Galilee symbolisera brud og brudgom. Og kuppelen? Jo, den symboliserer den evige kjærleiken mellom dei to. Altartavla i kyrkja har sjølvsagt også motiv frå bryllaupet der Jesus var gjest.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea

Kana i Galilea

09/01/2017

Bilde #5 frå vandringa på Jesus trail

Kfar Kana

Dette bildet er tatt på ettermiddagen den første dagen på Jesus trail. Me ser i retning byen Kfar Kana der me skal ha éi av overnattingane på den fire dagar lange fotturen i Galilea.

Kana er i dag ein arabisk by med muslimsk og kristen befolkning. Me skal bu hos det kristne ekteparet Sami og Suad som driv Cana Wedding Guest House.

I bibelsk samanheng er byen kjent frå teksten om at Jesu gjorde vatn til vin i bryllaupet i Kana (Joh 2,1-12). Dei kristne i byen er stolte av denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet. Her blir det meir enn gjerne servert Cana Wedding Wine!

Kana er i følgje Johannesevangeliet også staden for Jesu andre teikn (Joh 4,46-54) og det er heimstaden til disippelen Natanael (Joh 21,2), som tradisjonen seier er den same som Bartolomeus. Det var derfor også ei Bartolomeus-kyrkje rett i nærleiken av gjestehuset.

Det bibelske Kana blir i følge gamal tradisjon lokalisert til Kfar Kana. Men eg vil óg nemna at det er dei som meiner at «Kana i Galilea» låg ein annan stad, der det i dag heiter Khirbet Kana. Dette er ein ubebygd stad med romerske og bysantinske ruinar, 9 km nordvest for Nasaret.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa

%d bloggarar likar dette: