Dei gamle stiane

18/09/2005

Img_3478_2 Det er ei flott oppleving å følgja dei merka stiane innover på fjellet, enten eg følgjer dei rødmerka løypene til turistforeninga eller eg går på gamle stiar som er merka med små steinvardar.

Det gir meg ein frihetsfølelse som er heilt enorm. Samtidig veit eg at andre har gått føre meg, og at dei har merka stien fram til målet.

Min påstand i dag: Det nyttar å følgja dei merka stiane! Både dei stiane som går på fjellvidda og dei stiane som går gjennom livet. Gjennom den kristne trua kan me finna gode stiar gjennom livet. Stiar som menneske har gått på før oss, og enda viktigare: stiar som fører oss til eit mål, stiar som gir oss framtid og håp, stiar som fører oss til Gud.

Midt inne i ein veldig gamal tekst i profeten Jeremia si bok i Det gamle testamentet, står det noko om dette: Stå på vegane og sjå! Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Ferdast på den, så skal de finna kvile. (Jer 6,16)

Dette var utgangspunktet for preika på gudstenesta med presentasjon av nye konfirmantar i torgteltet på Bryne i dag. Eg brukte desse orda frå profeten Jeremia og trakk trådane til mi eiga interesse for å gå i fjellet. Vil du lesa meir av preika, finn du ei lett redigert utgåve under ”Continue reading”.

Les resten av dette innlegget »

Advertisements

Potetfestivalen 2005

17/09/2005

A_potetlogo Det er potetfestival på Bryne denne helga. Det betyr stor aktivitet med kultur og handel, og ikkje minst aktivt sosialt liv i sentrum av Bryne. Eg skal nytta dagen idag til å få med meg ein heil del av dette. Eg skal på opning av kunstutstilling i Mølla og eg skal på underhaldning med Han Innante i teltet på torget. Og i tillegg reknar eg med å treffa mange folk som det er kjekt å drøsa med!

Torgteltet blir brukt til mykje forskjellig av løpet av helga, det er f eks både underhaldning, servering og dans. Men sundag morgon sørgjer festivalleiinga for å rydda og reingjera teltet så det er klart for gudsteneste! For kyrkja er også med på Potetfestivalen. Sundag kl 11 flyttar Bryne kyrkje gudstenesta frå kyrkja til torgteltet. Kyrkja er «ei vedkjennande, tenande, misjonerande og open folkekyrkje». Derfor er det flott å vera med og prega programmet på ein så folkeleg festival! I år har kyrkja lagt presentasjonen av dei nye konfirmantane til denne potetgudstenesta.

Nokre kallar Potetfestivalen for Jæren sin hausttakkefest. Ikkje så dumt! Men dette ordet er jo eigentleg eit kyrkjeleg ord. Det er ein gamal tradisjon å takka Gud for «markens grøde» om hausten, for livsgrunnlaget og alle dei goder som me får frå Skaparen gjennom naturen.


Septemberhelsing frå Musalaha

15/09/2005

Bilde_187 Eg er blant dei som abonnerer på nyhetsbrev frå Musalaha, ein kristen organisasjon som arbeider for fred i Midt-Austen. Eg har så vidt skrive litt om dei tidlegare, i ein artikkel om kristne palestinarar.

Biletet viser Arne Dag og meg i samtale med leiaren deira, Salim J. Munayer, då me fekk møta han i Betlehem i april.

I kveld har eg lyst å dela det siste nyhetsbrevet deira med dykk som les bloggen min. Nyhetsbrevet inneheld først ein artikkel av Salim J. Munayer om å sjå på katastrofesituasjonar som ein mulighet for å skapa forsoning. Vidare inneheld brevet ein reportasje frå ein barneleir der dei har samla jødiske og palestinske barn for å skapa tillit på tvers av den mistilliten som eksisterer mellom dei to folka. Til slutt tar dei med nokre bøneemne som dei ønskjer forbøn for.

Les resten av dette innlegget »


Sirdalsheiane

11/09/2005

Sirdal

Koss er det Arne, har du fri ei av dei første helgene? Eg har så lyst på ein tur til fjells!

Det var Ole, bror min, som var på telefonen. Det passa eigentleg utruleg godt. Eg hadde ei frihelg nå i september og eg hadde lyst på på ein fjelltur. Og eg visste at Inger hadde noko anna ho skulle vera med på denne helga, så førstevalget mitt som turpartnar var uaktuelt. Dermed låg alt til rette for at Ole og eg for første gong på mange år skulle få oss ein tur saman. God ide, Ole!

Me køyrde til Ådneram og tok drosje inn anleggsvegen mot Svartevass. Så gjekk me ein runde med overnatting på Taumevatn og Storevatn turisthytter.

Eg kunne skriva mykje om korfor dette blei ei veldig vellukka helg. Skal bare nemna at me hadde flott haustver, me hadde ein utruleg kjekk kveld på Storevatn saman med ein familie frå Stavanger (Fredrik & Co, viss de les dette: Håper me treffes igjen på ein ny fjelltur!). Og sist, men ikkje minst: Ole og eg hadde det fint saman. Godt for brødre å ikkje bare møtast i familieselskap!

Alt dette veg opp at eg kom heim med skrubbsår på den eine hofta og i den eine handa etter eit idiotisk fall, då eg var litt uforsiktig, for å seia det mildt.

Biletet er på stien mellom Grønaplasstjørna og Godfardalen, på veg tilbake til anleggsvegen i dag.


Ja, det blei ein festdag

04/09/2005

Img_4384_1 For ein flott gjeng med ungdomar som var konfirmantar i kyrkja i dag! Og når eg seier ein flott gjeng, tenkjer eg først og fremst på dei menneskelege kvalitetane! Ei anna sak er at dei var ganske flotte i dei nye finkleda sine ….

Dette biletet tok eg då den første gruppa var på veg inn i kyrkja. Me stiller opp i prosesjon nede utanfor kyrkja og går opp til hovuddøra. Resten av dagen hadde eg andre og viktigare oppgåver, så det blei ikkje til at eg tok fleire bilete.

Men Pål var der og tok mange gode bilete i kyrkja. Her viser han fram nokre av bileta sine.

Preika handla om kva det betyr at Jesus seier han er "vegen". Uttrykket er henta frå Joh 14,6 der Jesus seier: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg."

Det var fint å få vera med og be for alle desse ungdomane. Ja, for konfirmasjonsgudstenesta er først og fremst ei forbønsgudsteneste der me legg den enkelte fram for Gud i bøn. Me ber for kvardagen deira og for framtida deira, og me ber om at dei må få leva i den trua dei ein gong blei døypte til.


%d bloggarar likar dette: