Fødselskyrkja AD 1900

Adventsblogg 20. desember Adventsbloggen i dag blir enkel; eit gamalt foto av Fødselskyrkja i Betlehem. Eg såg bildet då eg var i Betlehem i haust, og tok bilde av bildet! Kyrkja er svært viktig; tradisjonen seier at den er bygd over Jesu fødestad. Eg kjem tilbake til staden i adventsbloggen i dagane som kjem. I kveldLes meir «Fødselskyrkja AD 1900»

Hurtado om Megiddo-mosaikken

Professor Larry Hurtado skriv at det er fagleg debatt om dateringa av mosaikken som er funnen i Megiddo. Godt at dei sensasjonsprega avisoppslaga får litt fagleg motstand! Den israelske arkeologen som har hatt ansvar for funnet, meiner mosaikken kan vera frå ca år 230, ei oppsiktsvekkjande tidleg datering med tanke på det tydelege kristne innhaldet.Les meir «Hurtado om Megiddo-mosaikken»

Ein tur opp til Susita/Hippos

For nokre år sidan hadde eg ein tur åleine i området rundt Gennesaretsjøen, i leigebil. Eg stoppa og såg stadar eg elles aldri hadde kome til. Den mest spesielle opplevinga var nok besøket i ruinane etter byen Susita (med det greske namnet Hippos). Ein fantastisk flott stad! Utgravingsområdet står ope og tilgjengeleg for alle, menLes meir «Ein tur opp til Susita/Hippos»

Den heilage ande og eld

Notat til søndagens tekst 18. juni 2017: Matt 3,11-12 Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, fødd deg på nytt og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Gud styrkje deg med sin nåde til det evige livet. Fred vere med deg. Dette blir sagt til den som er døypt, rett etter dåpshandlinga,Les meir «Den heilage ande og eld»

Dua, symbol for Den heilage ande

Eg ønsker god pinse med dette symbolet som eg har på stolaen på prestedrakta mi. I pinsen brukar me røde kyrkjetekstilar og helst symbol som kan knyttast til Den heilage ande. Symbolet på stolaen er ei due med korsforma glorie. Kona mi, Inger, er tekstilkunstnar. Ho har designa stolaen, – og har vevd stoffet og brodert symbolet.Les meir «Dua, symbol for Den heilage ande»

Hole Q12 funne i Qumran

I dag har eg fått ei overraskande og interessant nyheit tilsendt: ei pressemelding om funn av hittil ukjent hole i Qumran i ørkenen ved Dødehavet, staden der Dødehavsrullane blei funne. Funnet blir omtalt som det viktigaste i Qumran på 60 år! Det er The Hebrew University of Jerusalem som kunngjer dette i dag (08.02.2017). Hola blirLes meir «Hole Q12 funne i Qumran»

Undersøking av Jesu grav 2016

Jesu grav i Gravkyrkja i Jerusalem blir nå grundig undersøkt. Dette skjer i samband med at det er sett i gang heilt nødvendig restaurering av The Edicule, den litle bygningen (eit kapell) som står på staden der Jesu grav truleg låg. Bildet viser inngangen til kapellet. The Edicule blei sist bygd opp i 1810 ogLes meir «Undersøking av Jesu grav 2016»

Magnar Kartveits avskjedsforelesing

I dag kjenner eg meg inspirert og berika. Då professor Magnar Kartveit hadde si avskjedsforelesing på VID Misjonshøgskolen i dag, blei det invitert til eit ope arrangement. Til og med dei tilsette sitt kakeselskap med helsingar til jubilanten blei opna opp. Og eg som ein bibelfagleg interessert prest, tok imot invitasjonen. Magnar var min førsteLes meir «Magnar Kartveits avskjedsforelesing»

Den gode samaritanen

Notat til søndagens tekst: Lukas 10,25-37 Jesu forteljing om den gode samaritanen er ei litterær perle frå Bibelen: «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. SåLes meir «Den gode samaritanen»

Magdalasteinen

The New York Times har denne veka ein interessant artikkel om Magdalasteinen, som gir ny kunnskap om jødedomen i Galilea på Jesu tid. Symbolikken på steinen (i sentrum av bildet) er nært knytt til det samtidige templet i Jerusalem. Avisa lar forskarar som arbeider med funnet, uttala seg om tydinga. A Carved Stone Block UpendsLes meir «Magdalasteinen»

Caspari Center 12/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for desember 2015. CC er eit studie- og ressurssenter som blir drive av Den Norske Israelsmisjon i samarbeid med andre aktørar. Fokus er på leiarutvikling, disippeltrening og forsking. CC er også ein viktig brubyggjar mellom den messianske bevegelsen og den verdsvide kyrkja.Les meir «Caspari Center 12/2015»

Taizé, 10 etter Bror Roger

Etter hvert har det økumeniske klosteret i Taizé utviklet seg til et unikt åndelig sentrum i Europa, ikke minst for unge mennesker. Under broder Rogers veiledning har brødrene inkarnert sin enhetsvisjon gjennom å leve den. Deres lavmælte liv er en skarp protest mot splittelsens skandale i Kristi kirke. Slik skriv Peter og Joel Halldorf omLes meir «Taizé, 10 etter Bror Roger»

Kraft om Selja

Det er Seljumannamesse i dag, 8. juli. Eg markerer dagen med eit lite notat i skjæringspunktet mellom to av interessene mine; pilegrimsreiser og gamle bøker. Eg fann i går kveld fram Krafts Haandbog over Norge, ei av dei gamle geografibøkene eg har i bokhylla, for å sjå korleis denne boka omtaler klosterruinane på Selja. SeljumannamesseLes meir «Kraft om Selja»

Utgraving av teater i Izmir

Den bibelske byen Smyrna heiter i dag Izmir. Eg har tidlegare skrive om utgravinga av agora i Smyrna. Nå er ein i ferd med å avdekke restane etter eit romersk teater i byen. Dette kan kanskje vera staden Polykarp blei drept som martyr ca år 155? Myndigheitene arbeider med å ekspropiera eigedomar og fjerna husLes meir «Utgraving av teater i Izmir»

Charlesworth om Jesu påske

Det finst mykje interessant bakgrunnsstoff for påsken i Bibelen. Vår kristne påskefeiring handlar om Jesu liding, død og oppstode. Men bak dette ligg den jødiske påsken, fridomsfesten som Jesus og disiplane feira. Dette er ikkje to påskefeiringar som bør haldast frå kvarandre. Tvert imot, nettopp når me ser etter samanhengar og kryssreferansar mellom GT ogLes meir «Charlesworth om Jesu påske»

Caspari Center 3/2014

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for mars 2014. Hovudoppslaget er om den jødiske purimfesten som i år kjem søndag 16. mars (feiringen startar laurdag kveld): Purim – Den skjulte Gud? Elles er det ein artikkel om at fleire kristne arabarar enn tidlegare går inn i det israelskeLes meir «Caspari Center 3/2014»

Kaj Munks preiker

Eg set stor pris på Kaj Munks to preikesamlingar som kom ut her i Norge like etter krigen. Med sin heilt personlege stil forkynte den danske diktarpresten på ein frimodig og – for nazistane – provoserande måte. Det førte til at han blei drept av tyskarane (januar 1944). Preikesamlingane hans er relativt lette å fåLes meir «Kaj Munks preiker»

Berekraftig reiseliv, Nasaret

Eg har vore innom gjestehuset Fauzi Azar Inn fleire gonger dei siste to åra. Kvar gong blir eg slått av kor entusiastisk folka der fortel om betydninga som staden har fått i Nasaret. Det spesielle gjestehuset blir drive i eit 200 år gamalt arabisk herskapshus. Eg skreiv første gong om staden i notatet Nye opplevingar iLes meir «Berekraftig reiseliv, Nasaret»

Menorah, Jerusalem ca 600

Det er i dag kunngjort eit spennande funn av ein gullmedaljong med jødisk symbolikk, bl a ein menorah. Funnet er gjort på området like sør for tempelplassen i Jerusalem. (Foto: Ouria Tadmor / Copyright: Eilat Mazar). Medaljongen skal vera frå bysantinsk tid, dvs byens kristne periode. Arkeologane knyter funnet til dei urolege tidene omkring 614, dåLes meir «Menorah, Jerusalem ca 600»

Tekstfunn ved Gihon

Det er gjort funn nokre svært gamle tekstfunn ved Gihonkjelda i den eldste delen av Jerusalem. Israelske arkeologar antyder at tekstane er frå ca 700 f.Kr. og at ein Sakarja som er nemnt i Andre Krønikebok (2. Krøn 20,14), kan vera nemnt i eit av tekstfragmenta. Bildet viser det aktuelle fragmentet. Foto: Clara Amit, Israel AntiquitiesLes meir «Tekstfunn ved Gihon»

Evangeliet etter Matteus?

Kven har eigentleg skrive dei ulike delane av Bibelen? Det er eit stadig tilbakevendande spørsmål i forskinga. Matteusevangeliet har ingen opplysningar om kven som er forfattar av skriftet. Ein gamal kyrkjeleg tradisjon seier at evangeliet er skrive av tollaren Matteus i Kapernaum (Matt 9,9). Derfor har skriftet frå gamalt av hatt namnet Evangeliet etter Matteus.Les meir «Evangeliet etter Matteus?»

Fyrst posta Israel Tours:
The Dead Sea is less than an hour drive from Jerusalem so it’s an area that I guide often. I always point out the two black lines on the rocks to the right of the highway across from Ein Feshka, the levels of the sea as recorded by the Palestine Exploration…

Ramadanfestivalen

I kveld har eg vore på ei samling i regi av Ramadanfestivalen på Internasjonalt Hus i Stavanger. Det var eit temamøte om Islam i møte med norsk og vestlig kultur. Møtet opna musikalsk ved Pearls of Islam. Vidare var det innlegg ved Jan Opsal, islamekspert ved Misjonshøgskolen, skribenten Iffit Z. Quershi og Ahmed Larous, grunnleggjarLes meir «Ramadanfestivalen»

Israelske bokbål

Det har denne veka vore avisoppslag om det som kan tyda på ein aukande motstand mot messianske jødar i Israel. Det er enkelte ortodokse miljø som går hardt ut mot dei Jesustruande jødane, og dei er villige til å bruka sterke verkemiddel. Vårt Land skriv: Politiet i Israel etterforsker nå hvorfor flere hundre nytestamenter bleLes meir «Israelske bokbål»

Gjev fred på jorda

Fredsbøna til kyrkja Allmektige, evige Gud, du som kan leia og bøya menneskehjarte, vi bed deg: Hjelp og styrk alle dei som i dag har det store ansvaret for fredssaka i verda. Ta i di mektige hand leiarane i nasjonane, vend hjarta deira til deg og gjev dei kraft i striden mot alt det somLes meir «Gjev fred på jorda»