Flukta til Egypt

den-heilage-familieBibelforteljinga om Den heilage familie (Maria og Josef med barnet Jesus) si flukt til Egypt, har blitt ny og levande for meg i 2008. Eg  var med på ein studietur til Kairo for snart eit år sidan og opplevde då kor mykje denne teksten faktisk betyr for egyptiske kristne i dag.

For oss kan denne teksten vera ei påminning om at forteljingane om Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krubbe, men også om ei dramatisk flukt.

Biletet viser ei vanleg koptisk gjengjeving av dette motivet. Josef går, Maria sit med barnet på eit esel, dei går langs Nilen og i bakgrunnen ligg det nokre pyramidar.

Her er dei aktuelle versa i Matteus-evangeliet:

Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.

(…)

Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israelslandet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israelslandet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear. (Matt 2,13-15 og 19-23)

Teksten seier ikkje noko om kor lenge den heilage familie var i Egypt, heller ikkje noko om kvar i Egypt dei søkte tilflukt. Men her har det vakse fram ein rik tradisjon blant egyptiske kristne. Tradisjonen fortel at dei var i Egypt i tre år og seks månadar, vidare at dei reiste rundt i Nildeltaet og opp til Øvre Egypt. Delar av turen gjekk i båt på Nilen. Det finst mange forteljingar om underfulle ting som skjedde på reisa deira rundt i landet. Desse forteljingane blir knytt til spesielle stadar, som dermed har blitt heilage og utgangspunkt for pilegrimstradisjonar.

old-cairo1Biletet viser eit skilt ved nedgangen til Abu Serga (St. Sergiuskyrkja) i Koptisk Kairo. Under altaret i denne kyrkja er det ei krypt der den heilage familie i følgje tradisjonen budde ein periode.

Tilbake til bibelteksten frå Matteusevangeliet. Professor Stephen J. Davis ved det evangeliske teologiske seminaret i Kairo peiker på to viktige observasjonar i denne teksten:

  • Forteljinga om flukta er nøye knytt til evangelisten sin bruk av GT. Flukta og tilbakereisa blir forstått som ei oppfylling av profetiar frå GT. Nøkkelteksten er sitatet frå Hos 11,1:  Frå Egypt kalla eg son min. I den opphavlege konteksten hos profeten, er dette ei utsegn om exodus, utferda frå Egypt under Moses. Men evangelisten nytolkar teksten, og let den vera ein profeti om at Jesus, Guds Son, måtte flykta til Egypt og koma tilbake derifrå.
  • Forteljinga om flukta legg vidare stor vekt på geografi. Matt 2 er fylt av geografiske namn: Betlehem, Egypt, Israelslandet, Galilea og Nasaret. Kapittelet tar oss med på ei reise til kjente geografiske stadar. Egypt får eit viktig fokus knytt til den gamaltestamentlege tradisjonen om at landet både var ein stad for eksil og for tilflukt.

Me kan også ta med oss ei bøn, skriven av den danske presten Holger Lissner med utgangspunkt i bibelteksten om flukta til Egypt:

Herre Jesus Kristus! Vi takker deg for at du ikke forble i din himmelske urørlighet, men gikk inn i vår sårbarhet og kom oss til hjelp i vår angst og smerte. Vær hos oss når vi trues av mørke makter og ikke vet hvor vi skal flykte hen. Vis oss at for deg er natten klar som dagen, og at du har veier der vi ingen sti kan se. Herre, du er vårt håp. For deg er alt mulig, du som er ett med din himmelske Far i kraft og ånd fra evighet og til evighet. (frå Svein Ellingsen: Og lyset skinner i mørket. Juletiden dag for dag)

Oppdatering: Les meir om kjeldene til kunnskap om flukta i notatet Theophilus’ openberring.

3 svar til Flukta til Egypt

  1. […] Les tidlegare bloggnotat om ramaskrik og om flukta til Egypt. […]

  2. […] Flukta til Egypt (29.12.2008) Lik dette:LikVer den første til å like dette post. […]

  3. […] Flukta til Egypt (2008) […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: