Jesus på flukt til Egypt

Notat til søndagens tekst: Matt 2,13-15

Matteusevangeliet fortel at Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt.

Bildet viser ei vanleg koptisk gjengjeving av dette motivet. Josef går, Maria sit med barnet på eit esel, dei går langs Nilen og i bakgrunnen ligg det nokre pyramidar.

For oss kan forteljinga vera ei påminning om at Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krybbe, men også om vondskap og ei dramatisk flukt.

Eg har dei siste åra, etter ein studietur til Kairo i 2008, interessert meg spesielt for den koptiske kyrkja si bruk av denne historia.

Her er bibelteksten:

Då dei (vismennene) var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min. 

Uttrykket Frå Egypt kalla eg son min, som evangelisten Matteus har henta frå profeten Hosea i GT, er naturleg nok eit populært bibelvers blant dei kristne i Egypt. Dei legg stor vekt på at Jesus var i Egypt som barn. Hos Hosea er dette eigentleg ikkje ein profeti, men eit uttrykk for Guds kjærleik til Israelsfolket med tilvising til exodus, Israels utferd frå Egypt: Då Israel var ung, fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min (Hos 11,1). Matteus let orda vera ein profeti som blei oppfylt då Jesus måtte flykta til Egypt.

Samtidig ligg det mange andre interessante bibelske samanhengar i teksten, blant anna tankegangen om Jesus som den nye Moses; Moses måtte som barn reddast frå Farao. Dessutan var Egypt kjent som tilfluktsstad frå mange periodar i Israels historie (f. eks. 1 Kong 11,40; 2 Kong 25,26; Jer 26,21 og 43,1-7).

Teksten seier ikkje noko om kor lenge den heilage familie var i Egypt, heller ikkje noko om kvar i Egypt dei søkte tilflukt. Men her har det vakse fram ein rik tradisjon blant egyptiske kristne. Tradisjonen fortel at dei var i Egypt i tre år og seks månadar, vidare at dei reiste rundt i Nildeltaet og opp til Øvre Egypt. Delar av turen gjekk i båt på Nilen. Det finst mange forteljingar om underfulle ting som skjedde på reisa deira rundt i landet. Desse forteljingane blir knytt til spesielle stadar, som dermed har blitt heilage og utgangspunkt for pilegrimstradisjonar. I notatet Theophilus’ Openberring skriv eg om nokre av kjeldene for desse koptiske tradisjonane.

Dei koptiske kristne er den største kristne minoriteten i Midt-Austen. Dei står midt i ei vanskeleg tid og fortener all vår omsorg og forbøn.

Èitt svar til Jesus på flukt til Egypt

  1. […] til Norge. Eg har denne jula tenkt mykje på at Jesus sjølv var flyktning då han var barn (meir her). Han blei født inn i ei brutal verd. Han kom som eit sårbart lite menneskebarn. Så langt var […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: