Fotturar i Israel

Eg likar å vera ute i naturen. Og eg syns det er interessant å bli kjent med kulturen i eit land til fots. Det gjeld også i Israel. Det var derfor kjekt å oppdaga den nye nettsida Israel By Foot. Her er det mykje interessant stoff om ulike fotturar under kategoriane Self-Guided Hikes, Bible Walks,Les meir «Fotturar i Israel»

Pilegrimsvegen Via Podiensis i Frankrike

Pilegrimsvegen i retning Santiago de Compostela, frå Le Puy-en-Velay til Saint-Jean-Pied-de-Port Det er mange som går på pilegrimsvandring til Santiago de Compostela. Dei fleste begynner i den franske byen Saint-Jean-Pied-de-Port like ved Pyreneane eller ein stad langs caminoen i Spania. Men det er også eit nett av pilegrimsvegar gjennom Frankrike og for så vidt heileLes meir «Pilegrimsvegen Via Podiensis i Frankrike»

Jesus Trail og Jerusalem, oktober 2019

Tre dagars vandring til fots på Jesus Trail i Galilea, frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Fleire dagar med mange ulike opplevingar i Jerusalem. Besøk i Nasaret og Betlehem. Og enda mykje meir, f eks å koma til Qumran der Dødehavsrullane blei funne. Og det at me får med oss Yom Kippur (den store forsoningsdagen, ein viktigLes meir «Jesus Trail og Jerusalem, oktober 2019»

Sommardagar på Taumevatn

Eg har nyleg kome heim frå ei herleg veke til fjells. Inger og eg har vore hyttevertar på Taumevatn. Me har hatt nokre gode dagar i Sirdalsheiane. Les om Taumevatn på Ut.no. Det er alltid kjekt når det kjem folk til hytta. Ekstra kjekt var det at eitt av barnebarna med foreldre tok turen oppLes meir «Sommardagar på Taumevatn»

Langs Canal des Deux Mers

Den første dagen av pilegrimsvandringa vår, gjekk me lenge langs den vakre Canal des Deux Mers. Her kan ein reisa med båt frå Middelhavet til Atlantarhavet, på eit system av elvar og kanalar som er bundne saman. Kanalen frå Middelhavet til Garonne-elva ved Toulouse heiter Canal du Midi og blei bygd på 1600-talet. Den strekninga meLes meir «Langs Canal des Deux Mers»

Pilegrim i Frankrike, pinsen 2016

Eg har kome heim frå ein ny etappe med pilegrimsvandring i Frankrike saman med Inger. Me har nå gått dei første 580 km av 1500 km på Vegen til Santiago de Compostella, – eller for å seia det på fransk: Le Chemin de Saint Jacques de Compostelle. Dette året gjekk me sju dagsetappar frå Moissac til Aire-sur-l`Adour, tilsaman caLes meir «Pilegrim i Frankrike, pinsen 2016»

Ein smakebit av Nahal Amud

Naturreservatet i dalen Nahal Amud i fjellområda i Galilea var eitt av måla for ferien i Israel i sommar. Eigentleg hadde Inger og eg planlagt å gå frå Safed ned dalen til Gennesaretsjøen. Det er ein tur på ca 20 km og med over 1000 meter nedstigning. Varmen gjorde at me endra desse planane. DetLes meir «Ein smakebit av Nahal Amud»

Pont Valentré i Cahors

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2014, del 2 The finest fortified bridge in Europe. Slik blir Pont Valentré omtalt i guideboka eg brukar på den franske delen av pilegrimsvegen til Santiago. Sjølv har eg ikkje så stort samanlikningsgrunnlag, men eg kan skriva under på at eg syns denne brua er flott! Brua over Lot-elvaLes meir «Pont Valentré i Cahors»

Pilegrim i Frankrike

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 1 Eg har nyleg kome heim frå pilegrimsvandring i Frankrike. Saman med Inger har eg gått dei første 280 km av Chemin de Saint Jacques de Compostelle, frå Le Puy-en-Velay. Me har opplevd mykje og hatt herlege dagar! Bildet er tatt ein av dei siste dagane, nærLes meir «Pilegrim i Frankrike»

Langs våre stigar

Eg har gått på kryss og tvers i Sørmarka i sommar. Det har vore kjekt å gjenoppdaga denne skogen, som eg eigentleg kjende ganske godt då eg var ung, gjennom speidararbeidet i 25. Stavanger KFUM i Ynglingen. Nå i sommar har eg likt spesielt godt å gå utanom turvegane, for å finna små og storeLes meir «Langs våre stigar»

STF har fått ny leiar

Advokat Preben Falck er i kveld tilsett som ny leiar i Stavanger Turistforening: Preben Falck (43) fra Stavanger har hatt sommerjobb med å tømme utedoen på turisthytter i Ryfylkeheiane. Nå blir han sjef for hele organisasjonen. Les meir Me er mange som set pris på Turistforeninga her i denne delen av landet. Eg ønskjer den nyeLes meir «STF har fått ny leiar»

Ei helg på Vega

Eg er på Vega igjen. Eg har gode sommarminne frå eit kort opphald på øya for tre år sidan (her), men nå er eg på besøk hos Trygve, som har budd her i eit halvt år. Det gir eit heilt anna utgangspunkt for å oppleva dette spesielle øyriket. Vegaøyan er Norges største skjærgard med 6.500Les meir «Ei helg på Vega»

Tur til Preikestolen

Påskens høgdepunkt i bokstavleg forstand, var turen til Preikestolen. Sjølve Preikestolen er ca 25×25 meter, og ligg 604 moh. Det er flott utsikt innover og utover fjorden, i tillegg til utsikta rett ned frå fjellhylla! Dette berømte platået på nordsida av Lysefjorden har ein enorm tiltrekningskraft. Det er over 100.000 besøkjande kvart år! Eg harLes meir «Tur til Preikestolen»

Tur til Helberghytta

Det er befriande å koma seg til fjells. For Inger og meg er det ein av dei beste ferieformene som kan tenkjast. Denne sommaren (2008) valde me ei lite krevjande form for fjelltur. Me køyrde til Rjukan, tok Krossobanen til fjells og gjekk inn til Helberghytta. Då var me faktisk, på ein lettvint måte, komneLes meir «Tur til Helberghytta»

Steinkjerringa

Eg var på tur til Steinkjerringa i dag. Dette er eit av dei meir originale turmåla her på Jæren. Alle jærbuar kjenner sjølvsagt staden, men av omsyn til andre lesarar, tar eg med denne spesielle historia. Skulpturen, som også blir kalla Mor Norge, står plassert langt inne i heia på Høg-Jæren, i Synesvarden landskapsvernområde. DetLes meir «Steinkjerringa»

Sju av Nordlands underverk

Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Eg har nå prøvd å rydda opp, sletta og ta vareLes meir «Sju av Nordlands underverk»

Langt til havs

Sommarminne frå Nordland VII Røst ligg langt til havs, ytterst i Lofoten. Men me var ikkje nøgde med å koma til Røstlandet, øya der dei omlag 600 innbyggjarane i kommunen bur. Me skulle lenger ut enn som så. Målet vårt var å sjå skulpturen Il Nido (reiret) som er plassert på Vedøya, ei av fugleøyaneLes meir «Langt til havs»

Midnattssol

Sommarminne frå Nordland VI Eg syns midnattssola er fascinerande. Her sit eg i strandkanten og nyt sola og havet. Klokka er 00.48. For å få denne utsikta, reiste me seint på kvelden litt nordover frå Reipå Camping ved Ørnes. Det blei ein svært vellukka nattleg ekspedisjon. Ei stor mengde mygg var det einaste som trakkLes meir «Midnattssol»

Svartisen

Sommarminne frå Nordland V Svartisen er imponerande! Det vil seia, eg såg jo eigenteg bare Engenbreen, ein brearm av sjølve Svartisen. Me tok skyssbåt over Holandsfjorden og sykla vidare på grusveg innover mot breen. På biletet ser du den nederste delen av Engenbreen. Dette er den lågast liggjande isbreen i fastlands-Europa, ca 20 moh. MeLes meir «Svartisen»

Skulpturlandskap Nordland

Sommarminne frå Nordland IV Ferien i Nordland var også ei kunstreise. Me var sjølvsagt innom fleire galleri og verkstadar, men først og fremst var det ei kunstreise fordi me oppsøkte flest mulig skulpturar som høyrer til i Skulpturlandskap Nordland. Dette var Ingers store prosjekt for turen. Og sanneleg: eg blei fascinert av dette, eg òg,Les meir «Skulpturlandskap Nordland»

Dønnes kyrkje

Sommarminne frå Nordland III Eg var innom ein heil del kyrkjer på ferien i Nordland. Den kyrkja som gjorde sterkast inntrykk, var Dønnes kyrkje, ei flott mellomalderkyrkje nord på øya Dønna. Kyrkja blei bygd på 1200-talet på storgarden Dønnes. I tidlegare tider var dette ei privatkyrkje knytt til Dønnesgodset, men nå er det ei vanlegLes meir «Dønnes kyrkje»