Palmesøndag med pasjon og håp

Påsketanker på palmesøndag 5. april 2020 Palmesøndag og den stille uke. Pasjonstid og påske. Det er så mange navn knyttet til dagene og ukene vi er inne i. Navnene har bakgrunn i fortellingen om Jesus. De viser til påsken som en kristen høytid. Årets påske er ikke avlyst, som det av og til blir sagt. MenLes meir «Palmesøndag med pasjon og håp»

Arkeologiske utgravingar i sentrum av Nasaret

Eg kom nyleg over ein artikkel som fortel om arkeologiske utgravingar frå Jesu tid like ved Bodskapskyrkja (Basilica of the Annunciation) i sentrum av Nasaret. Ei kartskisse i artikkelen viser at den moderne kyrkja ligg der den jødiske landsbyen Nasaret låg i tidleg romersk tid. Eg syns dette er interessant fordi me her er påLes meir «Arkeologiske utgravingar i sentrum av Nasaret»

Høgtidsprat om påskemåltidet

Eg delar denne litle filmen der eg fortel om påskemåltidet. Som du forstår blei filmen laga før koronaviruset gjorde det umogleg å samla folk til eit slik måltid denne påsken. «Påsken er avlyst» høyrde eg i ei nyheitssending for nokre dagar sidan. Det er den ikkje! Eg skal feira på påske, sjølv om det ikkjeLes meir «Høgtidsprat om påskemåltidet»

Pasjonsspelet Oberammergau 2020 er utsett til 2022

Pasjonsspelet Oberammergau 2020 kan ikkje gjennomførast i år. Det overraskar ikkje, med den krevande situasjonen me er i nå. Beslutninga blei offentleggjort i går 19. mars. Turen som eg, saman med kona mi Inger, skulle vera reiseleiar for i sommar, blir dermed naturleg nok avlyst. Sjølve pasjonsspelet er derimot ikkje avlyst, men utsett til 2022. SåLes meir «Pasjonsspelet Oberammergau 2020 er utsett til 2022»

Midt i virkeligheten

I bokhylla mi har jeg ei svensk bok som heter «Mitt i verkligheten». Denne helga synes jeg boktittelen ble veldig aktuell. Den minner meg om Guds nærvær, også i ei tid da vi er alle påvirket av den alvorlige situasjonen med koronaviruset og smittefaren. Vår kristne tro sier oss at vi også i slike krevendeLes meir «Midt i virkeligheten»

God bok: Boka om boka – gjennom to tusen år

Boka om boka peiker på Bibelen som eit lokomotiv som har drive bokhistoria framover. «I denne store boka har ein alltid brukt berre det beste av skrivematerialar, det vakraste av kunsten, det nyaste av teknologi – alt dette som har forma både bokkunsten og vår eigen kultur» skriv forlaget på omslaget. Eg har lese bokaLes meir «God bok: Boka om boka – gjennom to tusen år»

Artemistempelet i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring Ei fordjupning i terrenget, stein frå gamle murar og ei søyle som er reist opp av arkeologar. Det er dei restane me i dag kan sjå etter det berømte Artemistempelet i Efesos. Men sjølv om det ikkje er så mykje å sjå av tidlegare tiders prakt, erLes meir «Artemistempelet i Efesos»

På torget i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring Paulus og Johannes på torget Det å rusla rundt på restane av det store torget (agora) i Efesos, gjer det bibelske stoffet knytt til byen ganske nært for meg. Dette var den sentrale markedsplassen i det gamle Efesos. Her har nok både Paulus og Johannes, som begge buddeLes meir «På torget i Efesos»

Dei sju byane i Johannes openberring

 «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.» (Op 1,11) Slik står det i første kapittel i Johannes openberring. Eg har reist til desse sju byane og vil i tida framover dela nokre bilde frå stadane. AndreLes meir «Dei sju byane i Johannes openberring»

Tur til Oberammergau og Mayrhofen

Pasjonsspelet i Oberammergau 2020 Oppdatering 20. mars 2020: Turen er avlyst, då Pasjonsspelet Oberammergau 2020 er utsett i to år til 2022. Dette sjølvsagt pga korona-epidemien. Eg anbefalar folk å dra til pasjonsspelet i 2022! Innbyggarane i den litle byen i Sør-Tyskand dramatiserer kvart tiande år Jesu lidingshistorie, som ei stor teateroppsetjing. Det er framføringarLes meir «Tur til Oberammergau og Mayrhofen»

Fagartiklar om misjon blant jødar

Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap har nyleg kome med eit temanummer om misjon blant jødar og om messianske jødar. Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap utgis og publiseres av Egede Instituttet.  Det er det eneste og viktigste organ for misjonsvitenskapelig publisering på norsk eller nordiske språk med fagfellevurdering. Artiklane kan lastast ned som pdf-filar via desse lenkene: ReidarLes meir «Fagartiklar om misjon blant jødar»

Jesus som flyktning

Notat til søndagens tekst: Matt 2,13-15 Matteusevangeliet fortel at Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt. For oss kan forteljinga vera ei påminning om at Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krybbe, men også om vondskap og ei dramatisk flukt. Det var eit brutalt samfunn. Dette ser me tydelegLes meir «Jesus som flyktning»

Gjetaren frå Betlehemsmarkene

Preike på familiegudstenestene i Hinna kirke 24.12.2019 Hei! Nå e eg hjemma igjen. Godt å komma hjem! Nå har eg vore ude på nattevakt og passa på sauene for bøndene i Betlehem. Kan tru eg har opplevd møje! Nå ska dokker få høyra. Eg va samen med dei andre gjetarane ute ved grottene på Betlehemsmarkene.Les meir «Gjetaren frå Betlehemsmarkene»

Fødselskyrkja AD 1900

Adventsblogg 20. desember Adventsbloggen i dag blir enkel; eit gamalt foto av Fødselskyrkja i Betlehem. Eg såg bildet då eg var i Betlehem i haust, og tok bilde av bildet! Kyrkja er svært viktig; tradisjonen seier at den er bygd over Jesu fødestad. Eg kjem tilbake til staden i adventsbloggen i dagane som kjem. I kveldLes meir «Fødselskyrkja AD 1900»

Englekapellet

Adventsblogg 19. desember Det vakre Englekapellet på Hyrdemarkene i Beit Sahour utanfor Betlehem er bygd som eit telt. Her er me i eit område som tradisjonelt har blitt rekna som «Betlehemsmarkene» i juleevangeliet. Adventsbloggen i dag høyrer altså saman med det forrige notatet om englesongen. Det var den berømte arkitekten Antonio Barluzzi som designa Englekapellet. DetLes meir «Englekapellet»

Englesong utanfor Betlehem

Adventsblogg 18. desember Gloria in excelsis Deo. Den latinske teksten er svært godt kjent. Det dreier seg om englesongen frå Betlehemsmarkene, tatt vare på i vår kultur gjennom musikkverk og annan kunst og kultur. I norsk omsetjing syng me dette i kyrkja sin liturgi kvar søndag: Ære vere Gud i det høgste og fred påLes meir «Englesong utanfor Betlehem»

Inn i Betlehem

Adventsblogg 16. desember Adventsbloggen vil vera prega av Betlehem dei siste dagane før julehøgtida. Den lokale tradisjonen vil ha det til at Josef og Maria kom til byen gjennom byporten Qoos Az Zarara (eller Qauz Az-Zararah) i den gamle delen av Betlehem. Det finnes knapt noen flekk i den bibelske geografi som gjennom tidene harLes meir «Inn i Betlehem»

Reiseguide, år 50 e Kr

Adventsblogg 15. desember Adventsbloggen på 3. søndag i adventstida handlar om ei faktabok for barn (og unge ungdomar). Den fortel om landet der Jesus levde og er skriven som ein reiseguide i år 50, altså mens området ennå var omtrent som på Jesu tid. Eg hadde ikkje sett boka før eit av barnebarna mine introduserte denLes meir «Reiseguide, år 50 e Kr»

Josef sitt esel

Adventsblogg 14. desember Josef sitt esel har ein heilt naturleg plass blant figurane i julekrybba vår, sjølv om det ikkje er nemnt i bibelteksten om Jesu fødsel. Alle «veit» at Josef og Maria hadde eit esel då dei reiste frå Nasaret til Betlehem før fødselen. Julekrybba er viktig heime hos oss nå i adventstida, og egLes meir «Josef sitt esel»

Jakobs protevangelium

Adventsblogg 12. desember Mange av dei allmenne førestillingane me har om det som skjedde rundt Jesu fødsel, kjem frå det tidlege kristne skriftet Jakobs protevangelium. Likevel er dette skriftet, som truleg blei skrive på siste del av 100-talet, ukjent for dei fleste. Det finst på norsk i Bokklubben si bok Apokryfe evangelier i serien VerdensLes meir «Jakobs protevangelium»

På veg til Betlehem

Adventsblogg 11. desember Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, … (Luk 2,4) Slik står det i juleevangeliet. Det står ikkje noko om reiseruta. Det er likevel vanleg å tenka seg at dei drog ned Jordandalen til Jeriko, derfrå opp til Jerusalem og vidareLes meir «På veg til Betlehem»

Nasaret på Jesu tid, rekonstruert

Adventsblogg 10. desember Mens adventsbloggen framleis hovudsakleg handlar om Nasaret, vil eg også fortelja om Nazareth Village. Dette er ein park, eller om du heller vil, ein rekonstruert gard og landsby som gjenskaper Nasaret på Jesu tid. Eg har fleire gonger besøkt staden med grupper som Inger og eg har vore reiseleiarar for, seinast nåLes meir «Nasaret på Jesu tid, rekonstruert»

Josefskyrkja i Nasaret

Adventsblogg 9. desember Josefskyrkja frå 1914 ligg like ved Bodskapskyrkja i Nasaret. Den er bygd over ei kyrkje frå mellomalderen. Under kyrkja er det ei grotte som blir vist fram som Josefs verkstad. Informasjonstavla utanfor kyrkja seier at staden blei peikt ut som dette allereie på 600-talet og at seinare tradisjonar har identifisert staden somLes meir «Josefskyrkja i Nasaret»

Forventninga sin adventssøndag

Adventsblogg 8. desember Her er ein kortversjon av preika eg hadde i dag på 2. søndag i adventstida i Hillevåg kirke. Det står skrive i Evangeliet etter Johannes: 1 Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2 I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde egLes meir «Forventninga sin adventssøndag»

St. Gabriels kyrkje i Nasaret

Adventsblogg 7. desember Det er også ei gresk-ortodoks bodskapskyrkje i Nasaret i tillegg til den mykje større og meir berømte katolske Bodskapskyrkja. Den ortodokse kyrkja heiter St. Gabriels kyrkje og er altså sterkare knytt til engelen Gabriel enn til Maria. Kyrkja ligg ved ein open plass like ovanfor Mariakjelda som eg skreiv om på adventsbloggenLes meir «St. Gabriels kyrkje i Nasaret»

Om julekrybber

Adventsblogg 6. desember Adventsbloggen i kveld blir ei oppfølging av gårsdagens blogg om sauer. Julekrybba i tova ull er laga av menneske med utviklingshemming i fellesskapet Saman for livet (arabisk:  Ma’an lil-Hayat) i Betlehem, ein del av L’Arche–bevegelsen. Eg kjøpte den i 2013. I dag vil eg dela ein tekst om julekrybber som eg fann i Aftenbladet forLes meir «Om julekrybber»