Ny guidebok om tempelhøgda

Denne veka fekk eg tilsendt den rykande ferske guideboka om tempelhøgda i Jerusalem. Eg hadde bestilt boka frå forlaget, slik at eg skulle få den så snart som mogleg. Boka blir omtalt slik: JERUSALEM—THE TEMPLE MOUNT is the first modern guide  to the Temple Mount for visitors of all religions. (…) The authoritative text of JERUSALEM: THELes meir «Ny guidebok om tempelhøgda»

Caspari Center 3/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for mars 2015. Tematisk tar dei denne gongen utgangspunkt i den jødiske høgtida Trea sitt nyttår og har fleire artiklar knytt til temaet tre og røter. Dei brukar dette til å fortelja om korfor Caspari Center er opptatt av å undervisa om denLes meir «Caspari Center 3/2015»

Helsing til kretsmøtet 2015

Kretsårsmøte 22. mars 2015 i Den Norske Israelsmisjon, Stavanger krets Her er helsinga eg som kretsstyreleiar har skrive til årsmeldinga: Det er ei glede å kunna invitera til Kretsmøtet 2015. Den Norske Israelsmisjon vil i ord og handling vera med på å bringa evangeliet om Jesus Messias tilbake til det jødiske folket. Samtidig vil meLes meir «Helsing til kretsmøtet 2015»

Iskapellet i Alta

I dag har eg vore på gudsteneste i eit veldig spesielt kyrkjerom: Iskapellet i Sorrisniva i Alta. Det var ei flott oppleving å koma dit. Kapellet er ein del av Sorrisniva Igloo Hotel. Kvar vinter blir hotellet og kapellet bygd opp av snø og is, og brukt i nokre månadar før sommaren kjem og altLes meir «Iskapellet i Alta»

Den litle bibelen

Notat til søndagens tekst: Joh 3,11-16 Søndagens tekst inneheld den best kjente setninga i Bibelen. Bibelverset Joh 3,16 er kalla Den litle bibelen / Den vesle bibelen (eller om du heller vil ha det på bokmål: Den lille bibel). Eg kjenner ikkje til kven som først gav bibelverset dette namnet. Er det nokon som kanLes meir «Den litle bibelen»

Gordons Golgata 2/2015

Storm og vintervêr øydela i februar 2015 «nasen» på Gordons Golgata i Jerusalem. Dette er ei fjellklippe som kan minna om ei hovudskalle, like ved den såkalla Gravhagen nord for Gamlebyen og Damaskusporten. Denne staden blir i nokre samanhengar presentert som ei alternativ lokalisering av Golgata og Jesu grav i forhold til den tradisjonelle iLes meir «Gordons Golgata 2/2015»