Haaretz om Jesu dåpsstad

29/01/2018

Den israelske avisa Haaretz hadde tidlegare i januar ein stor og illustrert artikkel om dåpsstaden Qasr el-Yahud i Jordanelva. Artikkelen er ganske kritisk til at området rundt staden ikkje er rydda for miner. Men den fortel også at det var 590.000 (!) besøkande på staden i 2017. Eg var éin av dei.

Eg har elles vore på staden fleire gonger etter at den opna igjen hausten 2011. Det har eg opplevd ufarleg, men det er ikkje ein stad der eg går utanfor inngjerda område! Sommaren 2011 køyrde eg inn til området i leigebil saman med familien min; eg hadde lese at staden skulle opnast og trudde det allereie var gjort. Det er gjerne ikkje det klokaste eg har gjort, – men det gjekk godt, det òg. Me blei heldigvis stoppa av store vegsperringar.

Her er artikkelen frå Haaretz 18.01.2018:

Christian Pilgrims From Across the World Come to Israel to Visit This Site. There’s Just One Problem: It’s Sitting in a Minefield
Despite promises they’ll be cleared away, land mines still dot the area abutting the Jordan River that’s known for the site where Jesus was baptized. Les meir

Det er interessant å lesa at det faktisk er eit engasjement for å få fjerna minene, sjølv om skribenten ikkje er så optimistisk omkring dette. Vidare er det ein del informasjon om historia til staden og om klostera i området. Det er også skildring av feiringa av epifania-festen i januar, med store prosesjoner. Eg har aldri vore der under slik feiring.

Artikkelen omtaler ein kristen spiritualitet som er fjern frå den eg er van med frå Den norske kyrkja. Her er det mange bilde av dåp (gjendåp?) i skittent elvevatn. Artikkelen siterer også ein som hevdar at staden er den tredje mest viktige kristne heilage staden i regionen, etter Fødselskyrkja i Betlehem og Gravkyrkja i Jerusalem. Om eg ikkje vil skriva under på dette, syns eg det er ein interessant stad å besøka.

Sjå relaterte notat her på bloggen:

Advertisements

Jesu dåp i Jordanelva

11/01/2018

Notat til søndagens tekst: Mark 1,3-11

P1060177

Jesu dåpsstad i Jordanelva, Qasr al-Yahud. Foto: Thor Kåre Kalvik 2017

Forteljinga om Jesu dåp i Jordanelva er preiketekst i kyrkjene førstkomande søndag 14.01.2018. Jordanelva var tidlegare var mykje større. I dag inneheld elva bare 2 % vatn i forhold til vassmengda for 60 år sidan!

Bildet viser dåpsstaden Qasr al-Yahud aust for Jeriko. Kyrkjene me ser, ligg på jordansk side av elva. Kyrkja til høgre er ei relativt ny evangelisk-luthersk kyrkje, vigsla i 2014.

Sjå tidlegare relaterte notat:


Om å kryssa Jordanelva

25/08/2016

nypl.digitalcollections.510d47d9-64d4-a3d9-e040-e00a18064a99.001.v

Mange som ser Jordanelva for første gong, blir skuffa. Det er jo så lite vatn i elva. I Bibelen står det fleire gonger om «å gå over Jordan». Det skulle vel ikkje vera så vanskeleg, slik elva ser ut?

Dette notatet på BiblePlaces Blog set saka inn i eit større perspektiv: Seven Fascinating Facts about Crossing the Jordan River.

Eg har lenge visst at Jordanelva tidlegare var mykje større. Men ikkje at den i dag bare inneheld 2 % vatn i forhold til vassmengda for 60 år sidan! Eg har heller ikkje visst noko om gamle vadestadar i Jordanelva. Nå veit eg meir. Det var 41 vadestadar mellom Gennesaretsjøen og sideelva Jabbok, men bare fem vadestadar mellom Jabbok og Dødehavet. Flest vadestadar var det nær Beth Shean, men det var også nokre få vadestadar nær Jeriko, der elva var djupare og vanskelegare å kryssa.

Det gamle bildet av Jordanelva er frå 1894 då elva altså var mykje større enn den er i dag. Eg har funne bildet på The New York Public Library Digital Collections.

Bloggen refererer kortfatta til innhaldet i ein (foreløpig upublisert) artikkel av David Z. Moster.

Her er innleiinga til eit tidlegare notat her på bloggen:

Elva Jordan har stor symbolkraft. I historia om Israelsfolket si ferd frå slaveriet i Egypt er kryssinga av Jordan det siste hinderet undervegs til det lova landet. Dermed har elva blitt symbol på fridom. Men den er også eit symbol på døden, overgangen frå dette livet til det evige livet. (Les meir)

 


Bibelhistorier: Jesu dåp

13/01/2016

Foto: Arne Berge 2012

Jesus blei døypt i Jordanelva av døyparen Johannes. Han opplevde sjølv at dette var noko som «måtte» skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til oppdraget hans.

Bildet er tatt på den tradisjonelle dåpsstaden nær Jeriko på Vestbreidda. Staden heiter Qasr al-Yahud på israelsk side og Al-Maghtas på jordansk side. Det er mogleg å gå ned til elva og vassa i det sterkt forureina vatnet, på begge sider av elva.

Her er historia slik den står i Evangeliet etter Matteus:

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Bibelhistoria fortel at Den heilage ande konkret kom over Jesus og at Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Éin måte å forstå bibeltekstane på, er at det bare var Jesus og Johannes som høyrde dette. Og at andre som var til stades, truleg bare såg dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde ikkje Guds røyst. Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

Er det ein samanheng mellom denne dåpshandlinga og den kristne dåpen me har i kyrkja? Det er vanleg å seia at Jesu dåp peiker fram mot hans død og oppstode, mens vår dåp byggjer på Jesu død og oppstode.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. Det nye testamentet  gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Det er i dag (minst) to såkalla dåpssstadar i dette området; i tillegg til Qasr al-Yahud er det også ein stad som heiter Yardenit (som ligg rett sør for Gennesaretsjøen). Den israelske avisa Haaretz hadde i 2014 ein interessant artikkel om stadane.

Baptism in the River Jordan
Ancient tradition meets modern ecology: Cleansing the soul, cleaning the water.

Av desse stadane har eg absolutt mest sans for Qasr al-Yahud. Staden er, som Haaretz påpeiker, meir autentisk (geografisk) og mindre kommersialisert enn Yardenit. Avisartikkelen legg elles vekt på den dårlege kvaliteten på vatnet, – og ser fram mot ei tid med reinare vatn i elva. La oss håpa den tid vil koma!

Avisa skriv ut frå perspektivet at kristne pilegrimar i vår tid blir døypte i elva. Ja, dette blir praktisert av ein del kristne trussamfunn. Eg er redd mykje av dette er gjendåp, noko eg har lite sans for. For meg betyr det meir å sjå på elva som stad for døyparen Johannes sin aktivitet og for Jesu dåp.

Hendinga er med i alle dei fire evangelia. Men me kan merka oss at evangelisten Johannes (altså ikkje døyparen), ikkje spesifikt nemner at Jesus blei døypt. Han er meir opptatt av at døyparen her peiker på kven Jesus er:

    29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.» (Joh 1,29-34)

Bibelhistoria om Jesu dåp er ein del av forteljingsteksten på 2. søndag i openberringstida (Matt 3,13-4,11). 

Relaterte notat:


Ny kyrkje på Jesu dåpsstad

07/01/2014
Foto: Arne Berge 2012

Foto: Arne Berge 2012

I går blei det vigsla ei ny kyrkje på den tradisjonelle dåpsstaden i Jordandalen, på den jordanske sida av elva. Av dei ulike stadane som blir knytt til Jesu dåp i Jordanelva, er dette utan tvil det mest interessante. Staden er mest utbygd på den jordanske sida, der det er fleire kyrkjer. På Vestbreidda har Israel opna staden dei siste par åra. Bildet er tatt frå Vestbreidda over til den jordanske sida. Elva er, som du ser, ikkje særleg brei.

Det israelske namnet på staden er Qasr al-Yahud.  Er det nokon som kjenner til om namnet blir brukt på begge sider av elva?

Oppdatering 16.07.2015: I samband med at UNESCO nyleg har tatt den jordanske staden på austbreidda av elva inn på verdsarvlista, har eg lært at staden på jordansk side heiter Al-Maghtas.

Det neste bildet som viser nokre av kyrkjebygga på staden, er også tatt over elva mot den jordanske sida. Tårnet til høgre liknar på dei bilda eg i dag har sett av den lutherske kyrkja. Er det nokon som kan bekrefta at det er den nye kyrkja?

Foto: Arne Berge 2013

Foto: Arne Berge 2013

Den nye kyrkja høyrer til Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det heilage land. Den norske kunstnaren Håkon Gullvåg står for utsmykninga av kyrkja.

Borg bispedømme har samarbeidsavtale med ELCJHL, og skriv om kyrkjevigslinga på nettsida si:

Den 6.januar ble kirken og gjestehuset ved dåpsstedet offisielt innviet, vakkert beliggende med utsikt over Jordandalen mot Jeriko. Området har vært et sted for pilegrimsvandringer helt tilbake til 2-300-tallet, og meningen er at dette stedet skal være åpent for mennesker fra ulike kirkesamfunn, med et spesielt fokus på retreat og pilegrimsvandringer.

Les meir


Dåpsstaden

11/01/2012

Notat til søndagens tekst: Mark 1,3-11

På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. (Mark 1,9)

Les meir om Jesu dåp i Jordanelva i eit notat eg skreiv eit tidlegare år til ein annan av dåpstekstane, Matt 3.

Denne filmen viser korleis Epifaniafesten (Openberringsfesten) blir markert ved den tradisjonelle dåpsstaden Qasr Al-Yahud ved Jeriko:

Oppdatering 15.01.2011:

Vårt Land skreiv før helga (papirutgåva 13.01.2011) om Jordanelva

Stinkende kilde til strid

Der reisende folk for 150 år siden beskrev grønne elvebredder og brusende fossefall, møter dagens pilegrimer Jordanelven som en gul og stinkende bekk …


Jesu dåp i Jordanelva

08/01/2011

Notat til søndagens tekst: Matt 3,13-17 / Mark 1,3-11

Jesus blei døypt i Jordanelva av Døyparen Johannes.

Men kvar skjedde det? Det er i det minste tre ulike stadar som blir rekna som Jesu dåpsstad.

Eg har tidlegare skrive om Betania på andre sida av Jordan (i Jordan).

Eg har ikkje nemnt Yardenit (biletet), etter mitt skjøn ein relativt uinteressant stad som ligg på den israelske sida like sør for Gennesaretsjøen.

Om kort tid opnar ein tredje dåpsstad; Kasr al-Yehud

i nærleiken av Jeriko. Dette kan fort bli den staden som får mest merksemd:

Kasr al-Yehud, the probable site where John the Baptist baptized his cousin Jesus of Nazareth, will be opened to the public with a special ceremony on January 18 after 42 years as a closed military zone which pilgrims could only visit after coordinating with the Civil Administration for Judea and Samaria.

The site is located in the Jordan Valley in the West Bank, but starting on the 18th it will be operated by the jurisdiction of the Israel’s Nature and Parks Authority, after Israeli authorities invested millions of shekels to build facilities there to handle a large number of tourists.

The 18th is significant because it is the traditional day when Greek and Russian Orthodox Christians make an annual pilgrimage to the site to celebrate the Feast of the Epiphany.

Vice Premier Silvan Shalom, who was instrumental in the project, said he hoped Kasr al-Yehud would become a symbol for cooperation among Israel, Jordan and the Palestinian Authority, as it would be a major attraction for tourists who would also want to visit other Biblical sites in the area.

(frå ECEJ News, via BiblePlaces Blog)

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. NT gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Alle dei tre lokaliseringane er innanfor dette området.

Sjå også notatet Jordanelva som symbol.

Teksten

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Jesu dåp peiker fram mot Jesu død og oppstode til frelse for alle folkeslag. Vår kristne dåp byggjer på Jesu død og oppstode. Jesu dåp er ei grunnleggjande hending ved starten av Jesu offentlege virke. Han opplevde sjølv at dette ”måtte” skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til hans frelsargjerning.

Den Heilage Ande kom konkret over Jesus og Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Truleg bare Jesus og Johannes. Andre som eventuelt var til stades, såg truleg bare dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde truleg ikkje Guds røyst.

Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.


%d bloggarar likar dette: