Langfredag kveld på Golgata

Påskefeiring 2023 i Jerusalem, del 3

Bogen mellom det latinske og det greske kapellet på Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Langfredag kveld gjekk me til Gravkyrkja i det kristne kvarteret i Gamlebyen. Det kjendest som å vera på rett stad til rett tid. Denne kvelden var det fint å vera der og minnast Jesu død på korset, på staden der det skjedde.

Gravkyrkja har ei lang og samansett historie, men historikarar er stort sett einige om at kyrkja er bygd over staden der Golgata og Jesu grav låg.

Golgataklippa er bygd inn i sjølve bygningsstrukturen. Me går opp ei bratt trapp og kjem til to kapell; det latinske (katolske) kapellet som er knytt til at Jesus blir festa til korset og det gresk-ortodokse kapellet knytt til at Jesus døydde på korset.

Eg la for første gong merke til den flotte bogen mellom dei to kapella. Teksten Stabat ivxta crucem mater eivs (framfor/ved korset stod mor hans) er henta frå den latinske bibelteksten i Joh 19,25. Uttrykket Stabat mater er kjent frå ein tekst frå 1300-talet. Teksten handlar om Maria sin smerte då sonen hennar blir korsfesta. Svært mange komponistar har sidan opp gjennom historia komponert flott musikk til Stabat mater.

Det neste bildet viser mosaikken over altaret i det latinske kapellet. Dette er 11. stasjon på Via Dolorosa og temaet er altså koss Jesus blei nagla til korset. Også her er Maria, Jesu mor, sentral i bildet.

Mosaikk over altaret i det latinske Golgatakapellet. Foto: Arne Berge 2023

Mosaikken i det latinske kapellet blei laga av den italienske arkitekten Antonio Barluzzi på 1930-talet, då han hadde ansvar for å restaurera kapellet. Barluzzi blir gjerne blir kalla «The Architect of the Holy Land», og han tok i denne samanhengen utgangspunkt i at heile kapellet i korsfarartida var dekka av mosaikk.

Det neste bildet viser det greske altaret som står sentralt på Golgata. Dette er 12. stasjon på Via Dolorosa. Kapellet er rikt utsmykka i ortodoks tradisjon, med mange ikon og oljelampar. Klippa er synleg, under glas, på begge sider av altaret. Her ser me også koss folk står i kø for å knela på staden. Under altaret er det ei plate med eit hol i. Tar ein handa ned i dette holet, skal det vera sjølve Golgataklippa ein tar i. Eg har gjort det, men denne gongen stilde eg meg ikkje i køen. Eg opplevde at det å vera på staden, var det viktige for meg.

Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Over altaret er det eit stort bilde av Jesus på korset.

Golgata. Foto: Arne Berge 2023

Jesu død på korset må vera det mest omtalte dødsfallet i verda. Inga dødsscene er framstilt av så mange kunstnarar opp gjennom historia. Bildet over det greske altaret på Golgata er ikkje stor kunst i den samanhengen, men det minte meg denne kvelden på at eg var på staden der det skjedde.

Ut frå den kristne trua er det naturleg å seia at Jesu død forandra verda for alltid. Det som såg ut som eit nederlag, viste seg å vera ein stor siger. Jesus blei sigerherre gjennom å vera slaktoffer, sa Augustin, i eit flott uttrykk på latin: Victor quia victima!

Her er heile serien om påskefeiring i Jerusalem 2023:

Inntrykk frå Pasjonsspelet i Oberammergau 2022

I sommar var eg i Oberammergau i dei tyske alpane og fekk sett det berømte pasjonsspelet. Det var ei stor oppleving på mange plan. Eit pasjonsspel er eit skodespel som framstiller Jesu lidingshistorie. 

Denne veka har Pasjonsspelet lagt ut ein fin presentasjonsfilm om byen og spelet. Eg nyttar høvet til å dela og anbefala filmen, som varer ca 20 minutt, og skriva litt om inntrykka eg sjølv sit igjen med etter besøket i Oberammergau i sommar.

Pasjonsspelet er svært lokalt basert i Oberammergau, ein liten by med ca 5400 innbyggarar. Ca 1800 av desse er engasjert som deltakarar i prosjektet. For å få vera med må deltakarane vera født og oppvaksne i byen eller ha budd der i minimum 20 år. Eg syns det er fascinerande og spesielt at folket i denne byen er så sterkt opptatt av å framstilla Jesu lidingshistorie. 

Dette pasjonsspelet har utvikla seg over nesten 400 år til å bli eit stort prosjekt som engasjerer «heile byen». Dei fleste skodespelarane er unge vaksne, så vidt eg forstår i alderen 20-35 år. Men det er både barn og tenåringar med, – og godt vaksne og eldre menneske. Eldste deltakar i år er 96 år. Hennar «rolle» er å koma dei dagane ho maktar det, – og vera ein del av folkemassene i dei store scenene!

Det blir sagt at pasjonsspelet er ein stor sosial happening som skapar eit sterkt samhald og godt vennskap på tvers av generasjonane i byen. Og det er tydeleg at det betyr mykje for folk å få vera med. Det blei fortald om folk som tok permisjon frå jobben og om studentar som tok pause i studiet for å kunna koma heim til Oberammergau og delta. 

Musikalsk er det også ei flott oppleving med stort kor og orkester. Det dreier seg om eit oratorium med klassisk musikk. Komponisten heiter Rochus Dedler, født i Oberammergau i 1779, og dagens musikalske leiar Markus Zwink har bearbeidd og lagt til nye element.

For meg er det likevel først og fremst innhaldet som gjer pasjonsspelet så interessant; det er mangfaldig og set i gang refleksjon og undring omkring den bibelske historia. «Kven seier folk at Menneskesonen er?» spurte Jesus disiplane (Matt 16,13). Det spørsmålet blir verkeleg levande i møtet mellom skodespelarar og publikum i Oberammergau.

Pasjonsspelet blir framført kvart tiande år. I løpet av sesongen kjem det nærare 500.000 tilskodarar til byen. Det er framføringar fem dagar i veka frå mai til oktober. Inger og eg var reiseleiarar for ei av dei mange norske gruppene som denne sommaren har lagt turen til Oberammergau.

Sjølve pasjonsspelet varar i fem timar. I tillegg er det ein pause på tre timar, der alle tilskodarane får servert middag i Oberammergau eller i ein av småbyane i området rundt. Det er ein omfattande logistikk knytt til arrangementet!

Kven er alle desse som kjem til Oberammergau? Ca halvparten kjem frå Tyskland, den andre halvparten kjem frå «heile verda». Regissøren Christian Stückl svarar slik på spørsmålet om ein må vera «religiøs» for å få noko ut av pasjonsspelet:

Religious – what does that actually mean? You certainly don´t have to belong to a church, no. As a spectator you don´t really have to bring anything, you can just turn up. But as a director, if I didn´t have the belief and conviction that there is a certain power behind this story, behind this Jesus, I wouldn´t be able to tell the story. I wouldn´t need to tell it. 

Passion Play. Oberammergau 2022. Published by the Municipality of Oberammergau. Theater der Zeit. Side 146.

Seinare i haust skal eg ha ein temakveld om pasjonsspelet i Hinna kirke. Då vil eg gå meir inn på innhaldet, både det som særpregar framstillinga av evangelieforteljinga og dei interessante linjene som blir trukke tilbake til Det gamle testamentet. Truleg kan det også bli nokre notat her på bloggen om dette. Det vil i så fall bli etter denne temakvelden, som skal vera onsdag 21. september. I denne omgangen anbefaler eg filmen øvst dette bloggnotatet.

Oppdatert 30.08.2022

Om Gravkyrkja og Gravhagen på pTro. Podkast

Koss er det i dag å koma til den staden der Jesus blei korsfesta og gravlagt? Er folk einige i kvar det skjedde? I denne episoden i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om den historiske (og underlege) Gravkyrkja, og om den alternative staden Gravhagen.

Dette er siste episode i serien. Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Om Getsemane og Via Dolorosa på pTro. Podkast

Koss er det å koma til Getsemane i dag? Kan me finna spor av bibelforteljinga om Jesu bønnekamp og arrestasjonen? Og kva er eigentleg Via Dolorosa? Koss er det å gå den vegen i dag? Her er ein ny episode i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om desse stadane. 

Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Getsemane og Oljeberget

Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Fastetida er ei tid for å førebu påskehøgtida. Eg vel å ta fram dette bildet som eg tok for mange år sidan, som ein del av den førebuinga. Getsemane og Oljeberget er kjende stadnamn frå Bibelen, og dei er begge knytt til pasjonshistoria. Bli med på ei vandring i påskeforteljinga sin geografi, gjennom dette notatet frå fastetida i 2021.

Bildet viser Oljeberget i Aust-Jerusalem. Her kom Jesus ridande på eit esel under inntoget i Jerusalem, det me markerer på palmesøndag. Og her var Jesus og disiplene samla då han i dagane før påskehøgtida underviste dei om dei siste tidene.

Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda. Bildet er tatt frå den muslimske gravplassen som ligg langs austsida av tempelplassen. Du kan derfor sjå muslimske graver i forgrunnen. Kedronbekken renn (dersom det skulle vera vatn i den) i dalen framfor Getsemane.

Les me bibelforteljingane nøye, ser me at Jesus og disiplane truleg relativt ofte var samla i dette området. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Getsemane var i følge bibeltekstane éin slik stad.

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til andre sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der. 

Joh 18,1-2

Bibelhistoria om Getsemanehagen er spesielt knytt til forteljinga om Jesu bønekamp og om då han blei tatt til fange:

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45 Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.» 

47 Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane og dei eldste i folket. 48 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!» 49 Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han. 50 Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.

Matt 26,36-50

Me veit ikkje i dag kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. I vår tid blir namnet Getsemane brukt om eit område som omfattar fleire kyrkjer og eigedomar. Denne kartskissa (med italiensk tekst) viser det meste av dette området.

By Deror Avi (Own work) [GFDL (http://www.gnu.org/copyleft/fdl.html) or CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)%5D, via Wikimedia Commons

Samanhengen mellom bildet øverst og denne teikninga er slik, frå høgre mot venstre (frå sør mot nord):

Den store kyrkja med mosaikk i gavlen, blir kalla Alle nasjonars kyrkje. På kartskissa er den omtalt som basilica moderna. Denne katolske kyrkja blei bygd i 1924 over restane av ei kyrkje frå 300-talet (basilica bizantina) og ei korsfararkyrkje frå 1100-talet (basilica crociata). Framfor altaret i Alle nasjonars kyrkje kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Utanfor Alle nasjonars kyrkje ligg ein liten hage med gamle og store oliventre, orto del Getsemani. Forskarar har funne ut at trea er frå 1100-talet, altså frå tida då korsfararane bygde si kyrkje på staden.

Over vegen ligg ein innegjerda og avlåst del av Getsemane. Dette er ein stille stad i forhold til resten av området. Her er det mogleg å bestilla tid for å koma inn og få ei stille stund, borte frå folkemengda som ofte fyller dette området. På bildet er dette hagen som ligg heilt til venstre, frå midten av bildet og nedover. Kartskissa viser at denne hagen ligg over Getsemanegrotta.

Inngangen til Getsemanegrotta (grotta del tradimento o degli apostoli) går gjennom ein smal gang som er nedfelt i terrenget, og som derfor ikkje viser på bildet. Eg syns dette er ein flott stad å besøka. I dag er dette eit fransiskansk kapell. Tradisjonen knyter grotta til Jesus og disiplane og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden?

Frå den same staden er det også nedgang til den gresk-ortodokse kyrkja (tomba della Vergine) som ligg under jorda. Dette er etter ortodoks tradisjon Jomfru Maria si grav.

Kyrkja med gullkuplar oppe i bakken er ikkje med på teikninga. Dette er den russisk-ortodokse Maria Magdalena-kyrkja. Den ligg over vegen som går opp til toppen av Oljeberget: strada per la cima del monte degli Ulivi. Dette er den vegen dei fleste pilegrimane kjem ned, når ein går turen frå toppen av Oljeberget og ned til Getsemane. Då er ein gjerne også innom kyrkja Dominus flevit, som me ser langt oppe i bakkane heilt til høgre i bildet.

Til slutt eit bilde av dei eldgamle oliventrea i Getsemane. Sjølv om trea ikkje er frå Jesu tid, er dei likevel for meg med og dannar nokre sterke indre bilde som eg knyter til bibeltekstane om Jesu bønekamp og hans lidingshistorie.

Sjå det tidlegare notatet Gamle oliventre i Getsemane.

Gamle oliventre utanfor Alle nasjonars kyrkje, Getsemane. Foto: Arne Berge

Oppdatert 28.02.2021.

Tur til Oberammergau og Tyrol 2022

Pasjonsspelet i Oberammergau 2022

Frå pasjonsspelet i Oberammergau. Foto frå Plussreiser sin brosjyre for turen

Oppdatering: Sjå det eg har skrive etter turen her: Inntrykk frå Pasjonsspelet i Oberammergau.

Bli med meg til pasjonsspelet i Oberammergau i 2022! Innbyggarane i den litle byen i Sør-Tyskland dramatiserer kvart tiande år Jesu lidingshistorie, som ei stor teateroppsetjing. Sesongen 2020 er utsett til 2022 på grunn av pandemien, og me får håpa at forholda til den tid er normaliserte.

Det er framføringar fem dagar i veka i perioden mai til oktober. Gjennom eit sommarhalvår har fleire hundre tusen tilreisande kome for å oppleva dette spesielle pasjonsspelet.

Inger og eg skal sommaren 2022 vera turteam/reiseleiarar for ei gruppe som drar for å sjå pasjonsspelet. Turen er arrrangert av Plussreiser. Me skal først vera nokre dagar til fjells i Østerrike. Her blir det aktive feriedagar med fjellturar og andre naturopplevingar i Tyrol. Me skal også på busstur over Brennerpasset til den italienske sida av Alpene.

Så reiser me til Oberammergau for å oppleva pasjonsspelet. Framføringa tar ein heil ettermiddag og kveld, inkludert middagspause.

Her er program og meir opplysningar om turen.

Her kan du lesa meir om pasjonsspelet i Oberammergau.

Ingen har større kjærlighet

Påsketanker, langfredag 2020

Det sentrale motivet i Victor Sparres glasskunst i Hinna kirke (1967)

I Hinna kirke er vi så heldige at vi har en hel vegg med fargerik glasskunst av Victor Sparre. Vi er mange som er glade i denne kunsten og som opplever at veggen gir farge og liv til kirkerommet. Denne langfredagen må vi dessverre bare se for oss alterveggen i tankene våre.

Victor Sparre (1919-2008) var aktiv som kunstner, debattant og menneskerettsforkjemper. Han har laget utsmykning til 25 kirker. Da han skulle beskrive glasskunsten på Hinna, sa han det slik:

«Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.»

Det er en underlig – og samtidig spennende – tanke kunstneren har: Det vi ser som den lysende Jesus på korset, er egentlig et avtrykk som står igjen etter at Jesus er tatt ned fra korset. Er det mulig? Hva er det Victor Sparre vil si oss med et slikt perspektiv?

Det er nok et spørsmål vi aldri blir ferdige med. Men jeg syns det gir god mening å snakke om et avtrykk i denne sammenhengen. Jesu død på korset er verdens mest omtalte dødsfall. Og ingen dødsscene er framstilt av så mange kunstnere opp gjennom historia. Ut fra vår kristne tro er det også naturlig å si at Jesu død forandret verden for alltid. Det som ser ut som et nederlag, viser seg å være en stor seier. Jesus ble seierherre gjennom å være slaktoffer, sa Augustin, i et flott uttrykk på latin: Victor quia victima!

Lidelseshistoria blir å år lest fra Evangeliet etter Markus (Mark 14,26-15,37). Dette dreier seg om historia fra Jesus og disiplene samlet seg i Getsemanehagen torsdag kveld til Jesus ble korsfestet om ettermiddagen på langfredagen. Les gjerne hele historia i Bibelen!

Markus forteller at Jesus like før han døde, ropte med høy røst: «Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?» Det er arameisk og betyr: «Min Gud, min Gud, hvorfor har du forlatt meg?» Litt etter skriver Markus at Jesus ropte høyt og utåndet.

De fire evangeliene gjengir litt forskjellig av de ordene Jesus sa da han ble korsfestet. I kristen tradisjon er dette satt sammen til det vi kaller Jesu sju ord på korset. Med det menes selvsagt ikke sju enkelte ord, men sju utsagn. Antallet ord vil uansett variere ut fra hvilket språk det er oversatt til.

Her er «Jesu sju ord på korset»:

  • Om folket som spottet og mobbet ham: «Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør.» (Luk 23,34)
  • Til Maria: «Kvinne, dette er din sønn.» Til Johannes: «Dette er din mor.» (Joh 19,26-27)
  • Til den ene røveren som var korsfestet ved siden hans: «Sannelig, jeg sier deg: I dag skal du være med meg i paradis.» (Luk 23,43)
  • «Min Gud, min Gud, hvorfor har du forlatt meg?» (Mark 15,34 / Matt 27,46)
  • «Jeg tørster.» (Joh 19,28)
  • «Det er fullbrakt!» (Joh 19,30)
  • «Far, i dine hender overgir jeg min ånd!» (Luk 23,46)

Hva var drivkraften som holdt Jesus oppe? Jeg tror vi finner hemmeligheten i hans egne ord: «Ingen har større kjærlighet enn den som gir livet for vennene sine.» (Joh 15,13)

Salmedikteren Svein Ellingsen døde på palmesøndag nå i år. Vi synger ofte hans salmer i Hinna kirke. Jeg vil i dag i takknemlighet hente fram en av tekstene hans. Salmen Fremdeles blør den kjærlighet ble skrevet i 1976 på bakgrunn av en eldre tekst. Den står i Norsk Salmebok, på nr 142.

1 Fremdeles blør den kjærlighet
som du til verden gav.
Du bærer korsets dype sår
igjennom død og grav.

2 Men korset, der ditt liv brant ned,
der du bar all vår nød,
forvandles til et seiers-tegn;
du gir oss liv av død.

3 Den kjærlighet du gir vår jord
er fylt av kongemakt.
Ditt kors er tronen, der vårt liv
skal bli deg underlagt.

4 Og vi får se deg opphøyd der,
med utstrakt hånd du står
og drar oss med den kjærlighet
som leger verdens sår.

5 Ved korset får vi se vår nød,
vår avstand ifra deg.
Hvor ofte vi har vendt oss bort
fra lydighetens vei!

6 O du som seiret i vårt sted,
vinn seier i oss nå!
O Kjærlighet, la oss få se
den vei som vi skal gå!

La oss be:

Vår Far i himmelen!
La navnet ditt helliges.
La riket ditt komme.
La viljen din skje på jorden slik som i himmelen.
Gi oss i dag vårt daglige brød,
og tilgi oss vår skyld, 
slik også vi tilgir våre skyldnere.
Og la oss ikke komme i fristelse,
men frels oss fra det onde.
For riket er ditt og makten og æren i evighet.
Amen. 

Ta imot Herrens velsignelse:

Herren velsigne deg og bevare deg! Herren la sitt ansikt lyse over deg og være deg nådig! Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred!

Påsketankane blei skrivne til Hinna menighet og publisert på hinnakirke.no langfredag 10.04.2020.

Sjå også det tidlegare notatet Jesu bønerop på korset om Jesu sju ord på korset og om samanhengen med Salme 22 i GT.

Pasjonsspelet Oberammergau 2020 er utsett til 2022

Last-supper_783e934e0c67f08be13bd948c695ffc6-2
Frå pasjonsspelet i Oberammergau

Pasjonsspelet Oberammergau 2020 kan ikkje gjennomførast i år. Det overraskar ikkje, med den krevande situasjonen me er i nå. Beslutninga blei offentleggjort i går 19. mars. Turen som eg, saman med kona mi Inger, skulle vera reiseleiar for i sommar, blir dermed naturleg nok avlyst. Sjølve pasjonsspelet er derimot ikkje avlyst, men utsett til 2022. Så det blir høve til å sjå det igjen!

Dette er eit stort arrangement. Pasjonsspelet i Oberammergau blir sett opp kvart tiande år. I løpet av sommarsesongen 2020 skulle omlag 500.000 menneske vera tilskodarar. Og det blir opplyst at ca 95 % av billettane var selde.

Her er pressemeldinga frå Pasjonsspelet:

Wichtige Mitteilung

Die 42. Oberammergauer Passionsspiele werden aufgrund der aktuellen Situation durch die Corona-Pandemie verschoben. Grundlage ist ein Bescheid des Landratsamtes Garmisch-Partenkirchen, der die Durchführung der vom 16.05.2020 bis zum 04.10.2020 geplanten Veranstaltung untersagt. Die Gesundheit unserer Gäste und Mitwirkenden hat für uns höchste Priorität, daher haben sich die Verantwortlichen entschlossen, die für den 16. Mai 2020 geplante Premiere der Passionsspiele auf das Jahr 2022 zu verschieben. Die Premiere ist für den 21. Mai 2022 geplant.

(…)

Wir möchten uns bei Ihnen herzlich für die vielen warmen Worte und die Unterstützung bedanken! Auch wir müssen den Beschluss erst einmal verarbeiten, uns sortieren und für 2022 neu aufstellen. Bitte haben Sie etwas Geduld, wir versuchen Sie so schnell wie möglich über den neuen Stand zu informieren. Gemeinsam blicken wir nun auf 2022 und hoffen, Sie dann in Oberammergau begrüßen zu dürfen.

(Les meir)

Turen me skulle leia, var arrangert av Plussreiser AS. Sjå deira orientering om situasjonen her.

Hebrearbrevet om å bli bønhøyrd

Kva betyr det å bli bønhøyrd? Hebrearbrevet i Det nye testamentet gir eit overraskande svar på dette spørsmålet. Dette kjem i ein omtale av Jesu bønnekamp i Getsemane:

Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig. Endå han var Son, lærte han lydnad ved å lida. (Hebr 5,7-8)

Eg har streka under orda om at Jesus blei bønhøyrd. Koss kan me seia det, når han ikkje slapp unna lidinga, men blei korsfesta? Det er vel meir naturleg å seia at han ikkje blei bønhøyrd?

Avsnittet frå Hebrearbrevet var ein del av lesetekstane i gudstenesta i går på Første søndag i fastetida. Sjølv er eg ikkje ferdig med dette ennå, og tar her med eit avsnitt om temaet frå Per Lønning si bok Kristen tro:

Hva forstår vi ved «bønnhørelse»? Det ordet som brukes i NT (gresk: eisakúein, egentlig: lytte oppmerksomt på), brukes bare i passiv form: å bli bønnhørt. Den greske oversettelsen av GT hadde brukt ordet i denne mening, men bruker det også i betydningen «høre på, adlyde». Uttrykket «bli bønnhørt» forekommer fire ganger i NT (Matt 6:7, Luk 1:13, Apg 10:31, Hebr 5:7). I de tre første tilfellene betyr det tydelig nok å få noe man har bedt om. Det fjerde tilfelle er imidlertid overraskende. Det heter om Jesus at han «bad og bønnfalt … med høye rop og tårer ham som kunne berge ham fra døden, og han ble bønnhørt fordi han var gudfryktig. Enda han var Sønn, lærte han lydighet av det han led». Ved et første blikk synes dette selvmotsigende. Jesu bønn om at den bitre kalk måtte tas fra ham, ble jo nettopp ikke tatt til følge. Altså ville vi ut fra vanlig språkbruk si: Han ble ikke «bønnhørt», Gud hørte ikke hans bønn. At han lærer lydighet av bønnen, må bety at hovedsaken ikke er at Gud hører på ham, men at han hører på Gud. Ordene «bønnhørelse» og «lydighet» er på gresk avledninger av den samme ordstamme (eis-akué og hyp-akué, av akué = hørsel). Bønnhørelsen vendes altså i dette tilfellet om til å lære i bønn å høre på Gud og å rette seg etter hans vilje.

(Per Lønning: Kristen tro. Universitetsforlaget. Oslo 1989. 2. opplag. Side 244)

Relatert på bloggen: Bibelhistorier: Getsemane

Staden Jesus blei dømt?

IMG_5962 Citadellet. Murar
Citadellet i Jerusalem. Foto Arne Berge 2005

Er det mogleg å finna staden der Jesus blei dømt? Det skjedde i alle høve innanfor murane i Jerusalem, og desse murane gjekk delvis på same stad som bymurane rundt Gamlebyen går i dag.

Dei fleste historikarar vil seia at Pilatus truleg oppheldt seg i slottet til Herodes den store, som låg like sør for staden der me i dag finn Citadellet og Jaffaporten. Slik sett kan ein ved å vera inne i borggarden på Citadellet (bildet), få ei oppleving av å vera «på staden». Dei eldste murane i Citadellet er frå Herodes si tid.

Men det er også andre teoriar om kor i byen Jesus kan ha blitt dømt. Sjølv syns eg teorien om at Jesus blei dømt i det hasmoneiske kongepalasset, som låg nærare tempelplassen, er svært interessant. Den følgjer i større grad den kristne tradisjonen i det bysantinske Jerusalem. Les gjerne det tidlegare notatet Pilatus si borg der eg skriv om tre ulike teoriar om lokaliseringa av domfellinga.

I dag på langfredag vil eg også visa til notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie.

Sist oppdatert 21.02.2022

VG om Jesu grav

Jesu grav i Gravkyrkja
Frå Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

01.12.2017: Det er ikkje kvardagskost at VG skriv om arkeologi knytt til Jesus og Det nye testamentet. Men funnet av mørtel frå 300-talet i Jesu grav i Gravkyrkja i Jerusalem er utan tvil så spesielt at det fortener omtale i dei større media, også her i Norge.

Eg syns artikkelen gjengir saka på ein god måte. Det er riktig nok ikkje vanleg å omtala tradisjonen om Jesu grav i Gravkyrkja som «legende», men dette er ei ubetydeleg sak i den større samanhengen.

Bildet er tatt inne i grava, som i dag er som eit lite kapell. Her er det ein tom benk med lys. Teksten på teppet, xristos anestæ, betyr Kristus er oppstaden. Benken er omtalt som hylle i VG-artikkelen.

Bakgrunnen for artikkelen i VG er at National Geographic denne veka offentleggjorde arkeologisk forsking som viser at mørtel som er funne i grava, kan tidfestast til 300-talet. Dette er svært interessant fordi det bekreftar den kristne tradisjonen om staden. Eg har tidlegare referert til saka i notatet Spor frå 300-talet i Gravkyrkja.

Her er eit utdrag frå VG-artikkelen:

National Geographic: Nye bevis for at Jesu grav faktisk ligger i Gravkirken
Testresultater av steinprøver fra Den hellige gravs kirke i Jerusalem skal bevise at krypten er den som ble funnet av romerne i år 326.

(…)

En prøve av mørtel, hentet fra mellom den originale kalksteinen og en marmorplate som dekker den, har blitt datert til cirka år 345, skriver tidsskriftet. Det samsvarer rimelig nært med de originale historiske nedtegningene om at en romersk delegasjon ble sendt til Jerusalem, lokaliserte graven og bygget et alter rundt den omkring år 326.

(…)

Det mest fremtredende med gravkammeret er en avlang hylle, som ifølge legenden var stedet hvor Jesu legeme ble lagt etter korsfestelsen. Slike hyller er typiske for gravkamre tilhørende rike jødiske familier fra det første århundre, skriver National Geographic.

På denne hyllen lå en marmorplate, som er antatt å ha blitt lagt der senest i 1555, og muligens så tidlig som midten av 1300-tallet. Men da forskerne gikk inn i gravkammeret i 2016, fant de også en eldre, ødelagt marmortavle som lå direkte på kalksteinen grotten var gravd ut i. På denne eldre platen var det risset inn et kors, og man antok ifølge National Geographic at den kunne ha blitt lagt der rundt Det første korstog. Andre foreslo at den allerede lå der da kirken ble revet i 1009.

Men ingen turte gjette at marmorplaten altså ble sparklet på plass på midten av det fjerde århundret, etter ordre fra Konstantin den store.

– Denne dateringen treffer åpenbart blink for uansett hva det var Konstantin gjorde. Det er svært bemerkelsesverdig, sier arkeologiprofessor Martin Biddle ved University of Oxford til National Geographic.

(Les meir)

(oppdatert 01.12.2017 med bilde og meir tekst)

Barluzzi-kunst i Gravkyrkja

Arkitekten Antonio Barluzzi laga flott mosaikk-kunst i det latinske kapellet på Golgata i Gravkyrkja då han restaurerte dette kapellet på 1930-talet. Motiva er knytt til at Jesus blir festa til korset. Han viser også til gamaltestamentleg bakgrunnsstoff for dette. Utgangspunktet hans er ein liten medaljong med mosaikk bevart frå korsfarartida.

Barluzzi er kjent som Det heilage landets arkitekt. Han bygde kyrkjer som mange set pris på, f eks Englekapellet på Hyrdemarkene i Beit Sahour utanfor Betlehem, Dominus Flevit på Oljeberget og kyrkja på til minne om saligprisningane i Galilea. For meg var det ukjent at han også hadde arbeidd i Gravkyrkja i Jerusalem.

Nå har den israelske guiden Shira Elazary skrive eit bloggnotat med ein presentasjon av denne mosaikken til Barluzzi: Calvary Hill Mosaics. Neste gong eg kjem til Gravkyrkja, vil eg studera dette kapellet grundigare enn eg har gjort før. Takk for interessant bakgrunnsstoff, Shira!

Golgataklippa er bygd inn i bygningsstrukturen i Gravkyrkja. Over Golgata er det bygd ei plattform som ligg 4,5 meter over golvet i kyrkja. Denne plattforma er delt i to; eit latinsk (dvs romersk-katolsk) kapell og eit gresk-ortodokst kapell. Kapellet med Barluzzi-mosaikken markerer 11. stasjon på Via Dolorosa. Men for den som ikkje grundig følgjer heile Via Dolorosa, er det dessverre lett å oversjå dette kapellet på veg til staden for Jesu korsfesting, som blir markert i det gresk-ortodokse kapellet.

Anastasis

God påske 2015 

Bildet er tatt i Jesu grav i Jerusalem. Her er det ein tom benk med lys og anna utsmykning, typisk for gresk-ortodokse kyrkjer. Teksten på teppet, XRISTOS ANESTÆ (transkribert til vårt alfabet), betyr: KRISTUS ER OPPSTADEN.

Jesu grav i Gravkyrkja

«Grava» er i dag ei bygning eller eit kapell inne i Gravkyrkja, under den store kuppelen. Grava har vore øydelagt nokre gonger gjennom historia, men er kvar gong bygd opp på ny på den same plassen.

Me vestlege kristne kallar kyrkja Gravkyrkja, The Church of the Holy Sepulchre. Dei ortodokse kristne har eigentleg eit mykje finare namn på kyrkja; Anastasis (ανάστασις), oppstode.

(Her kan du lesa meir om historia bak staden: Golgata og Jesu grav)

Eg tar i dag fram Johan Nordahl Brun sin gamle og monumentale påskesalme:

Jesus lever, graven brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøsten står som klippen fast:
at hans død og blod skal gjelde.
Lynet blinker, jorden bever,
graven brast, og Jesus lever!

Jeg har vunnet, Jesus vant,
døden oppslukt er til seier.
Jesus mørkets fyrste bandt,
jeg den kjøpte frihet eier.
Åpen har jeg himlen funnet,
Jesus vant, og jeg har vunnet!

Denne påskesalmen passar innhaldsmessig spesielt godt til evangeliet etter Matteus, som er preiketekst på påskedag nå i 2015. Her er det lyn og jordskjelv ved Jesu oppstode:

1 Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. 6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
 8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. 9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» (Matt 28,1-10)

Gamle oliventre i Getsemane

Oliventre er det mange av i Israel. Men ingen gjer inntrykk på same måte som dei åtte gamle trea i hagen utanfor Alle nasjonars kyrkje i Getsemane.

Nå har forskarar funne ut at trea er frå midten av 1100-talet. Dei er altså nærare 900 år gamle. Røtene er kanskje enda eldre?

Mannen som i forrige veke (oktober 2012) presenterte dei nye forskingsresultata, nemnte også koss desse trea blir oppfatta av mange:

… for every Christian, the olive trees of the Garden of Gethsemane serve as a “living” reference to the Passion of Christ …

Getsemane. Foto: Arne Berge

I denne samanhengen er det interessant at det midt på 1100-talet blei bygd ei kyrkje på denne staden, over ruinane av den første kyrkja frå bysantinsk tid. Trea som står her i dag, blei kanskje planta i ein hage utanfor denne korsfararkyrkja.

Terrasanta.net skriv:

The research results show that three of the eight olive trees (the only ones on which it was technically possible to carry out the study), as dating from the middle of the twelfth century. Hence, the trees are about nine hundred years old. But one point needs to be made clear: the date indicated refers only to the aboveground part of trees – the trunk and foliage. In fact, the same research has shown that the part below ground, i.e. the roots, is certainly more ancient.

The outcome of the investigation must also be put in relation with ancient travel chronicles of pilgrims, according to which the second of Gethsemane basilica was built between 1150 and 1170 (the period during which the Crusaders were engaged in the reconstruction of the great churches of the Holy Land and Jerusalem in particular). It therefore seems likely that, during the construction of the Basilica of Gethsemane, the garden was rearranged, creating a renovation of the olive trees present at that time.

https://www.terrasanta.net

Eg håper at seriøse guidar nå vil slutta å snakka om at desse trea stod der då Jesus hadde sin bønekamp i Getsemane. Eg har aldri likt slike utsegn. Ei anna sak er at trea på ein sterk måte minnar om den spesielle historia som er knytt til staden. Her var det Jesus bad før han gjekk inn i lidinga og døden, og her i området var det også han blei arrestert.

Mannen som presenterte forskinga uttrykte dette perspektivet slik:

Fr Pierbattista Pizzaballa, presenting the results of the research, noted that «for every Christian, the olive trees of the Garden of Gethsemane serve as a “living” reference to the Passion of Christ, they witness to the absolute obedience to the Father, even sacrificing his person for the salvation of man, of all men, and are also an indication and memory of man’s disposition to “doing the will of God», the only way to identify a believer. In this place, Christ prayed to the Father, and put his trust in Him to overcome the agony of death,” the Agony”, the Passion and the terrible execution on the cross, trusting in the ultimate victory, the resurrection and the redemption of men.

Eg tar også med eit par bibeltekstar:

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til andre sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. (Joh 18,1)

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45 Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.» (Matt 26,36-46)

(via BiblePlaces Blog)

Jesu bønerop på korset

Eg tenker meg at Jesus bad Salme 22 på korset, eventuelt at han bad med enkelte ord (på arameisk) som sidan har blitt knytt til denne salmen.

Alle dei fire evangelistane siterer Jesu bønerop og utsegner på korset. Men innhaldet er ulikt. I den kristne tradisjonen har det vakse fram ei harmonisering som gjerne blir kalla Jesu sju ord på korset.

Eg har lese Raymond E. Brown si bok  The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. Han er opptatt av å skilja mellom tolkinga av orda slik dei bevisst er nytta av evangelistane og det me kan seia om kva Jesus ropte/sa på korset.

Jesu ord på korset er altså sterkt knytt til Salme 22. Det har vore drøfta om han bad heile denne salmen mens han hang på korset. Brown viser at det er mogleg å knyta alle dei fire evangelistane sine gjengjevingar av kva Jesus ropte og/eller sa, til denne salmen.

I Markus- og Matteusevangeliet roper Jesus eit fortvila ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?” Begge evangelia gjengjev Jesu ord (i litt ulik form) på arameisk, hans talemål. Dette er innleiingsorda til Salme 22. Markus og Matteus lar Jesus gjennom lidingshistoria bli forlaten av Gud. Han når, ved døden på korset, botnen av den menneskelege eksistensen. I Getsemane, ved innleiinga av lidingshistoria, bad han tillitsfullt til Gud som Far. Nå ber han med meir allmennmenneskeleg form til ”min Gud”. Me kan likevel merka oss at også denne bøna har tillit som føresetnad. Men sjølv om Salme 22 endar i siger, med orda om at Gud har «vist si rettferd”, lar ikkje evangelistane denne samanhengen bli synleg før etter Jesu død.

I Lukasevangeliet ropar Jesus med urokkeleg tillit: ”Far, i dine hender gjev eg mi ånd”. Dette er også ord henta frå Salmane, nå frå Sal 31,6. Brown tenker seg at dette kan vera eit utslag av lukansk redigering. Både Sal 22 og 31 har utfriing frå fiendar som tema. Lukas har såleis kanskje ved redigeringa valt å nytta ein annan, men tilsvarande, salme som utgangspunkt, og så lagt eit vers prega av tillit i munnen på Jesus? Hos Lukas er Jesus gjennom heile livet prega av eit tillitsfullt forhold til Gud som Far; alt som 12-åring uttalte han seg om behovet for å vera ”i huset åt Far min” (2,49). I lidingshistoria møter me dette forholdet først i Getsemane (22,42), vidare i bøna hans i det han blir korsfesta (23,34) og så til sist i det han døyr med ønsket om å få vera i Fars hender.

I Johannesevangeliet møter me Jesus som han som meistrar situasjonen. Han har kome med eit oppdrag frå Gud, og på korset ”visste han at alt var fullført” (19,28+30). For at Skrifta skulle oppfyllast, sa han ”Eg er tørst”. Kanskje er det også her trådar tilbake til Sal 22; ”Munnen er tørr som eit potteskar, tunga er klistra til ganen” (Sal 22,16). Hans ord ”Det er fullført” referer både til den oppgåva Gud hadde gjeve han, og til oppfyllinga av Skrifta.

Her er det mest aktuelle avsnittet:

Salme 22

  2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
Kvifor er du så langt borte
når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?

3 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,
eg ropar om natta og finn ikkje ro.

4 Men du er Den heilage,
som tronar over Israels lovsong.

5 Til deg sette fedrane si lit,
dei leit på deg, og du fria dei ut.

6 Dei ropa til deg og vart berga,
dei leit på deg og vart ikkje til skamme.

7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,
spotta av menneske, forakta av folk.

8 Alle som ser meg, håner meg,
vrengjer leppene og rister på hovudet:

9 «Han har gjeve seg over til Herren,
lat han fria han ut og berga han,
han har då glede i han!»

10 Du drog meg fram frå mors liv,
du gjorde meg trygg ved hennar bryst.

11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
frå mors liv er du min Gud.

12 Ver ikkje langt borte frå meg,
for trengsla er nær,
og det finst ingen som hjelper.

13 Store oksar samlar seg om meg,
stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.

14 Dei spilar opp gapet mot meg
lik ei løve som brøler og riv sund.

15 Eg renn bort som vatn,
alle mine bein har losna.
Hjartet er som voks, det smeltar inni meg.

16 Munnen er tørr som eit potteskar,
tunga er klistra til ganen.
Du legg meg ned i dødens støv.

17 Hundar samlar seg om meg,
ein flokk av valdsmenn kringset meg.
Dei gjennomborar mine hender og føter.

18 Kvart bein i kroppen kan eg telja.
Dei stirer, dei ser på meg.

19 Dei deler kleda mine mellom seg
og kastar lodd om kappa.

Jesu bøn i fangehòlet

Salme 88

Jesus kunne sin Bibel. I Salmane fann han ord til sine bøner i ulike situasjonar. Eg ser for meg at Jesus bad Salme 88 då han natt til langfredag sat arrestert i øvstepresten sitt hus.

Her er eit utdrag:

2 Herre, du Gud som frelser meg,
eg ropar til deg dag og natt.

3 Lat mi bøn nå fram til deg,
vend øyret til mitt rop!

4 Mitt liv er fylt av ulukker,
eg står ved dødsrikets rand.

5 Eg blir rekna til dei som har gått i grav,
eg er som ein mann utan kraft.

6 Eg er forlaten mellom dei døde,
lik falne som ligg i grav.
Du kjem dei ikkje lenger i hug,
dei er støytte bort frå di hand.

7 Du har lagt meg i hòla der nede,
i det mørke djupet.

Øvstepresten sitt hus låg truleg på eller ved Sionshøgda i Jerusalem. Les om lokaliseringa av staden i notatet Kaifas» hus.

Oversikt over Jesu lidingshistorie

Nå i den stille veka er det tid for å lesa Jesu lidingshistorie, som er detaljert skildra i Det nye testamentet. Historia kan delast inn på denne måten:

  1. Jesus bed og blir arrestert i Getsemane på Oljeberget
  2. Jesus overfor dei jødiske leiarane
  3. Jesus overfor Pilatus, den romerske guvernøren
  4. Jesus blir korsfesta og døyr på Golgata, og blir gravlagt i nærleiken

Men under kvar av desse fire overskriftene, skjular det seg ei forteljing med mange detaljar. Full oversikt over lidingshistoria kan du få i notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie. Og sjølve teksten, – den finn du altså i NT.

Moxnes om pavens Jesusbok

23.04.2011: Professor Halvor Moxnes har skrive om pave Benedikt si Jesusbok bd 2 i Vårt Land. Her er eit utdrag:

Pavens personlige Jesus-forhold

De som har oppfattet Joseph Ratzinger som kirkepolitiker og som en streng håndhever av rettroenhet, kan bli overrasket over pavens personlige Jesus-forhold.

Pave Benedikts nye Jesus-bok frikjenner jødene for skyld i Jesu død. Det var den oppsiktsvekkende forhåndslanseringen fra Vatikanets PR-avdeling. Nå er boken kommet, slik at vi kan lese hva Ratzinger skriver i det andre bindet om Jesus, Jesus fra Nasaret. Fra inntoget i Jerusalem til oppstandelsen.

Det viser seg at de mest kyndige kommentarene til denne meldingen hadde rett: Det er ikke mye nytt i dette. Dette har bibelforskere og kirkeledere sagt i minst én generasjon. Det er velkjent at evangeliene beskriver hvordan jøder i Jerusalem var skyld i at Jesus ble tatt til fange, dømt og henrettet en påske i Jerusalem ca. år 30. Disse beretningene ble senere brukt til å overføre skyld til «alle jøder» gjennom alle tider, slik at mange jøder opp gjennom historien har opplevd å bli beskyldt for å ha «drept Jesus». Dette er selve kjerneeksemplet på å overføre «fedrenes skyld til barna».

(…)

Denne boken er ikke først og fremst historien om Jesu påske, men Ratzingers religøse fortolkning. Selv om han er tilbakeholdende med referanser til seg selv er det nærliggende å se et personlig element særlig i beskrivelsen av fotvaskingen. Dette er fortellingen i Johannes-evangeliet om hvordan Jesus ved avskjedsmåltidet med disiplene vasket deres føtter. Den finnes ikke i de andre evangeliene som i stedet har fortellingen om nattverden. For Ratzinger blir fotvaskingen det sentrale sakrament i påsken, ikke bare som et eksempel på å tjene andre, men som uttrykk for Jesu kjærlighet som forener ham med disiplene. Dette er sikkert en tolkning som preger paven når han selv går inn i Jesu rolle. Det skjer i et av de sentrale ritualene i påskefeiringen i Roma når paven skjærtorsdag foretar en fotvasking av tolv menn.

De som har oppfattet Ratzinger som kirkepolitiker og som en streng håndhever av rettroenhet, kan bli overrasket over hans personlige Jesus-forhold. Men det er åpenbart dette som bærer hans engasjement i boken og som gjør det til en bok også om pavens påske.

Pilegrim i Jorsalaborg III

Eg er i gang med ein serie bloggnotat om den norrøne abbeden Nikolas som reiste som pilegrim til Jerusalem på 1150-talet (sjå del I og del II). Her kjem eit nytt notat i serien.

Nikolas kom til Jerusalem midt i korsfarartida. Byen var styrt av korsfararane i 88 år, i perioden 1099-1187. Korsfararane er først og fremst huska for si råe framferd i kampen for å sikra Den heilage landet eit kristent styre. Det paradoksale sett med vår tids auge, er at korsfararane fór fram på alt anna enn kristeleg vis for å nå sine mål.

Det som er mindre kjent, er at korsfararane også var aktive med store byggeprosjekt. Jerusalem hadde vore muslimsk i over 450 år då korsfararane inntok byen. Nå ville dei at den tidlegare muslimske byen skulle oppgraderast til eit sentrum for den kristne verda. Slik gjekk det ikkje, men fleire av bygga frå korsfarartida er framleis med og pregar Gamlebyen i Jerusalem.

Det var nok imponerande for den norrøne abbeden å koma til byen midt i denne tidsepoken. Det viktigaste pilegrimsmålet var Golgata og Jesu grav, som pilegrimen kunne finna inne i Gravkyrkja. Då Nikolas kom til Jerusalem, var denne gamle kyrkja nyleg gjenopna og gjenvigsla i 1149. Korsfararane hadde markert sine første 50 år i byen med ei omfattande utviding av Gravkyrkja.

Det norrøne namnet på kyrkja var Pulkrokyrkja – jfr dagens engelske namn: The Church of the Holy Sepulchre.

Abbed Nikolas skreiv slik om kyrkja:

Der er kyrkja med Herrens grav og staden der Kristi kross stod. Der kan ein klårt sjå Kristi blod på steinen, som om det nyleg hadde blødd, og slik vil det vera til dommedag. Der får folk lys ned frå himmelen påskeaftan. Ho er kalla Pulkrokyrkja og er open ovanom grava.

Eg merker meg tre ting i omtalen av Gravkyrkja. For det første den nærast naivistiske trua på korleis Jesu blod framleis var tydeleg til stades på Golgata. For det andre omtalen av den heilage elden, ein spesiell tradisjon med lystenning som framleis er levande kvart år på påskeaftan. Eg har sjølv opplevd denne lystenningstradisjonen, i påsken 2001 (her).

Det tredje eg merkar meg, er vanskelegare å forstå. Det er kjent at den første Gravkyrkja, bygd på 300-talet, var open over grava. Men eg har tidlegare oppfatta det slik at også denne delen av kyrkja var komen under tak i korsfarartida. Dette vil eg finna ut meir om!

I dag er det ein stor kuppel over sjølve gravstaden.

Jesu grav

Jesus blei korsfesta på Golgata og lagt i ei grav i ein hage like ved. Der skjedde dei grunnleggjande handlingane som heile den kristne trua byggjer på. Er det muleg å vita nøyaktig kor dette skjedde? Koss ser det ut på denne staden idag? (Les meir)

Det er påskeaftan i dag. NT fortel om Jesu grav (og om gravlegginga). Her er tekstane frå Matteus- og Johannes-evangeliet:

Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu disippel. Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han. Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava. (Matt 27,57-61)

Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu kropp. Josef var ein av disiplane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned kroppen. Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloë, omkring hundre pund. Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane. På den staden der Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som ingen endå var lagd i. Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hos jødane og grava låg så nær. (Joh 19,38-42)


14 stasjonar på korsvegen

Korsvegen er ei vandring eller ein andaktsform med 14 stasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Korsvegen kan vera knytt til 14 bilete med motiv frå lidingshistoria eller den kan vera ei vandring i meir overført tyding ved at ein les og tenkjer og på den måten følgjer Jesus på lidingsvegen.

(Les meir)

Sjå også Wikipedia: Stations of the Cross

Getsemane

oljebergetGetsemane er eit kjent stadnamn frå Bibelen, knytt til Jesu lidingshistorie.

Biletet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda. Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om området ved Getsemanegrotta (til venstre på biletet, ovanfor vegen som går på tvers), Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Les me bibelforteljingane nøye, ser me at Jesus og disiplane truleg relativt ofte var samla i Getsemane. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Kanskje dette var ein slik stad? (Les meir)

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja.  Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp. (Les meir)

Tradisjonen knyter Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden? (Les meir)

The Passion of the Christ

Seint langfredag kveld såg eg The Passion of the Christ på TV. Då filmen var ny, kjende eg ikkje noko behov for å sjå den pga det eg hadde lese av omtalar. Seinare har eg tenkt at eg likevel skulle sett filmen, ikkje minst sidan eg har arbeidd ein del med Jesu lidingsveg. Derfor passa … Hald fram med å lese «The Passion of the Christ»

Seint langfredag kveld såg eg The Passion of the Christ på TV. Då filmen var ny, kjende eg ikkje noko behov for å sjå den pga det eg hadde lese av omtalar. Seinare har eg tenkt at eg likevel skulle sett filmen, ikkje minst sidan eg har arbeidd ein del med Jesu lidingsveg. Derfor passa det meg godt at TV2 sette den på programmet nå.

TV2 omtalte filmen som omstridt, og det har dei jo rett i. På nettsida skreiv dei blant anna:

Filmen gir et sterkt inntrykk av Jesu lidelse, og de mentale påkjenninger han gjennomgår under rettssaken, og på korset der han gjør bot for alle menneskers synder. (…) "The Passion of the Christ" er en svært sterk filmopplevelse, som får oss til å stille mange spørsmål om religion, menneskets evne til å tro, vår råskap, kjærlighetens styrke og om filmen i seg selv. (les meir)

Eg syns det både er positive og negative sider ved filmen. Det er positivt at Mel Gibson er trufast mot lidingshistoria slik me finn den i Bibelen, sjølv om han utbroderer råskapen i historia og legg til ein del der. Det var dessutan interessant å leggja merke til at Mel Gibson følgjer den kyrkjelege tradisjonen med 14 definerte stasjonar på korsvegen: Jesus fell tre gonger under korset, han møter mora si, Simon frå Kyrene, Veronika og dei sørgjande kvinnene, alt i den tradisjonelle rekkefølgjen frå 1-14. Vidare la eg merke til ein del interessante koplingar i dei tilbakeskuande innskota, der det som skjer med Jesus i lidingshistoria, blei knytt saman med det han sjølv hadde sagt tidlegare i livet.

Men det er også gode grunnar for å kritisera "filmen i seg selv". Her er det nærbilete av slag, vald og blod så det held, og vel så det. Nå tvilar eg ikkje på at Jesus blei utsett for grov vald både hos dei jødiske leiarane og hos dei romerske soldatane. Det kjem fram i bibelforteljinga. Men det har noko med kor detaljerte bilete me treng av dette. Langfredag morgon høyrde eg programmet Kunstreisen på radio. Der høyrde eg kunstprofessor Gunnar Danbolt fortelja om bibelhistoriske kunstverk frå middelalderen og renessansen, og eg merka meg at han i ei bisetning faktisk også sa noko om moderne bibelhistoriske filmar. Han la vekt på at den gamle kunsten, på same måte som sjølve bibelforteljinga, var tilbakehalden med å seia for mykje. På den måten kan me tenkja sjølv i møte med historia, og danna våre indre bilete. Etter å ha sett The Passion of the Christ er eg bare enda meir einig med han i desse tankane. I denne filmen er det sanneleg ikkje mykje som blir overlatt til fantasien.

Korsvegen

Korsvegen er ei vandring eller ei andaktsform med 14 stasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Korsvegen kan vera knytt til 14 bilete med motiv frå lidingshistoria eller den kan vera ei vandring i meir overført tyding ved at ein les og tenkjer og på den måten følgjer Jesus på lidingsvegen.

Mest konkret blir korsvegen som andaktsform når me er til stades i Jerusalem, der det skjedde. Her er den andaktsvegen som har danna utgangspunkt for alle korsvegandaktar og biletserier i kristne kyrkjer verda rundt. Kvar fredag ettermiddag går det organisert vandring langs vegen, med andakt på alle dei 14 stasjonane. Langfredag er det sjølvsagt spesielt mange som er med på dette. Men dei fleste som går denne vandringa, gjer det for seg sjølv eller saman med ei gruppe, uavhengig av om det er fredag eller ein annan dag.

Ved mange av stasjonane er det små kapell, ofte godt skjult i den tette bygningsmassen rundt dei tronge gatene. Desse kapella står opne og me kan gå inn og ha ein stille stund før me går vidare.

Sjølv har eg gått langs Via Dolorosa fleire gonger, både åleine og saman med andre. Ein gong har eg, saman med familien min, vore der i påsken (2001). Då deltok me sjølvsagt på korsvandringa langfredag. Men det var rett og slett for mange som deltok til at me kunne halda kontakten med dei som gjekk først og som leia med tekstlesingar og bøner. Det enda med at me frå femte stasjon gav opp og heller gjekk i vårt eige tempo fram til Gravkyrkja. Den gong traff me forresten også nokre me såvidt kjente frå Bryne, og slo følgje med dei.

Tradisjonen med å følgja lidingshistoria langs akkurat denne vegen, går tilbake til fransiskanske munkar som tok imot pilegrimar i det 13. eller 14. hundreåret. Men heilt tilbake til bysantinsk tid (Jerusalems periode som kristen by i tre hundre år i perioden 325-638) var det tradisjon med å gå frå stad til stad til minne om Jesu lidingshistorie. Uansett kva rute ein følgte, var målet Golgata og Jesu grav i Gravkyrkja.

Dette med dei 14 stasjonane er ein tradisjon som har vakse fram gjennom kyrkjehistoria, knytt til Via Dolorosa i Jerusalem:

  1. Jesus blir dømd til døden
  2. Jesus tar korset på skuldrane sine
  3. Jesus fell første gong under korset
  4. Jesus møter mor si
  5. Simon frå Kyrene blir tvunge til å bera Jesu kors
  6. Veronikas svetteduk
  7. Jesus fell andre gong under korset
  8. Jesus taler til dei sørgjande kvinnene
  9. Jesus fell tredje gong under korset
  10. Kleda blir tatt frå Jesus
  11. Jesus blir nagla til korset
  12. Jesus døyr på korset
  13. Jesus blir tatt ned frå korset
  14. Jesus blir lagd i grava

Dei fire siste av desse stasjonane er ved eller i Gravkyrkja.

Eg syns det er fint å bruka tradisjonen med desse stasjonane for å leva meg inn i lidingshistoria, både i ei kyrkje og når eg er i Jerusalem. Når Inger og eg er reiseleiarar og tar andre med til Jerusalem, brukar me eit forkorta opplegg der me går Via Dolorosa og stoppar på nokre av stasjonane.

Eg skriv dette langfredag, og i dag var det flott å sitja i kyrkjebenken og delta på ein korsvegandakt i eigen kyrkjelyd her på Bryne. Me nytta eit opplegg av den svenske biskopen Martin Lønnebo, omsett og tilrettelagt for bruk i norske kyrkjer.

Detaljar i Jesu lidingshistorie

Raymond E. Brown har sett opp ei detaljert inndeling av lidingshistoria i boka The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. Eg syns at inndelinga gir god oversikt og at den samtidig hjelper meg til å legga merke til detaljar og til kva dei ulike evangelistane framhever.

Raymond E. Brown deler lidingshistoria opp i fire akter som igjen blir delt i ulike scener og vidare i små avsnitt. For alle avsnitta blir det vist til dei aktuelle tekstane i dei fire evangelia Matteus, Markus, Lukas og Johannes.

AKT I: JESUS BED OG BLIR ARRESTERT I GETSEMANE PÅ OLJEBERGET OVER KEDRON

Scene 1: Jesus går til staden og bed der. Mark 14,26-42 / Matt 26,30-46 / Luk 22,39-46 / Joh 18,1

Overgangsavsnitt: Jesus går med disiplane til Oljeberget. Mark 14,26-31 / Matt 26,30-35 / Luk 22,39 /Joh 18,1a

Bøna i Getsemane, del 1: Inngang og førebuing. Mark 14,32-34 / Matt 26,36-38 / Luk 22,40 / Joh 18,1b

Bøna i Getsemane, del 2: Jesus bed til Faderen. Mark 14,35-36 / Matt 26,39 / Luk 22,41-42

Bøna i Getsemane, del 3: Den styrkande engelen. Luk 22,43-44

Bøna i Getsemane, del 4: Jesus kjem fyrste gongen tilbake til disiplane sine. Mark 14,37-38 / Matt 26,40-41 / Luk 22,45-46

Bøna i Getsemane, del 5: Jesus kjem andre og tredje gongen tilbake til disiplane sine. Mark 14,39-42 / Matt 26,42-46

Scene 2: Jesus blir arrestert. Mark 14,43-52 / Matt 26,47-56 / Luk 22,47-53 / Joh 18,2-11

Arrestasjonen av Jesus, del 1: Det innleiande møtet. Mark 14,43-46 / Matt 26,47-50 / Luk 22,47-48 / Joh 18,2-8a

Arrestasjonen av Jesus, del 2: Medfølgjande hendingar. Mark 14,47-50 / Matt 26,51-56 / Luk 22,49-53 / Joh 18,8b-11

Arrestasjonen av Jesus, del 3: Ein ung mann flyktar naken bort. Mark 14,51-52

AKT II. JESUS OVERFOR DEI JØDISKE LEIARANE

Scene 1: Rettsleg behandling og utspørjing ved dei jødiske leiarane. Mark 14,53-64 / Matt 26,57-66 / Luk 22,54-55 + 66-71 / Joh 18,12-25

Overgangsavsnitt: Jesus blir ført til dei jødiske leiarane. Utspørjing ved Annas. Mark 14,53-54 / Matt 26,57-58 / Luk 22,54-55 / Joh 18,12-25a

Rådet si behandling, del 1: Leiarane som var samla, vitna og påstanden om at Jesus skulle øydeleggja tempelet. Mark 14,55-59 / Matt 26,59-61 / Luk 22,66

Rådet si behandling, del 2: Spørsmål om Messias, Guds Son. Mark 14,60-61 / Matt 26,62-63 / Luk 22,67-70a

Rådet si behandling, del 3: Jesu svar og utsegn om Menneskesonen. Mark 14,62 / Matt 26,64 / Luk 22,67-70b

Rådet si behandling, del 4: Dei jødiske leiarane sin reaksjon på Jesu svar. Mark 14,63-64 / Matt 26,65-66 / Luk 22,71

Scene 2: Jesus blir spotta og mishandla / Peters fornekting / Judas. Mark 14,65-15,1 / Matt 26,67-27,10 / Luk 22,54b-65 + 23,1 / Joh 18,15-18+22-23+25-28a

Den jødiske mishandling og spott av Jesus. Mark 14,65 / Matt 26,67-68 / Luk 22,63-65 / Joh 18,22-23

Peter sine tre fornektingar av Jesus. Mark 14,66-72 / Matt 26,69-75 / Luk 22,54b-62 / Joh 18,15-18 + 25-27

Avslutning av Rådet si behandling, overføring til Pilatus. Mark 15,1 / Matt 27,1-2 / Luk 23,1 / Joh 18,28a

Judas, overprestane og prisen for det uskuldige blod. Matt 27,3-10

AKT III: JESUS OVERFOR PILATUS, DEN ROMERSKE GUVERNØREN

Mark 15,2-20a / Matt 27,11-31a / Luk 23,2-25 / Joh 18,28b-19,16a

Den romerske rettssaka, del 1: innleiande utspørjing ved Pilatus. Mark 15,2-5 / Matt 27,11-14 / Luk 23,2-5 / Joh 18,28b-38a

Den romerske rettssaka, del 2: Jesus overfor Herodes. Luk 23,6-12

Den romerske rettssaka, del 3: Barabbas. Mark 15,6-11 / Matt 27,15-21 / Luk 23,13-19 / Joh 18,38b-40

Den romerske rettssaka, del 4: Domfelling over Jesus. Mark 15,12-15 / Matt 27,22-26 / Luk 23,20-25 / Joh 19,1 + 4-16a

Den romerske spott og mishandling av Jesus. Mark 15,16-20a / Matt 27,27-31a / Joh 19,2-3

AKT IV: JESUS BLIR KORSFESTA OG DØYR PÅ GOLGATA, OG BLIR GRAVLAGT I NÆRLEIKEN

Scene 1: Jesus blir korsfesta og døyr. Mark 15,20b-41 / Matt 27,31b-56 / Luk 23,26-49 / Joh 19,16b-37

Overgangsavsnitt: Jesus blir ført ut for å bli korsfesta. Mark 15,20b-21 / Matt 27,31b-32 / Luk 23,26-32 / Joh 19,16b-17a

Jesus blir korsfesta, del 1: Situasjonen. Mark 15,22-27 / Matt 27,33-38 / Luk 23,33-34 / Joh 19,17b-24

Jesus blir korsfesta, del 2: Aktivitetar ved korset. Mark 15,29-32 / Matt 27,39-44 / Luk 23,35-43 / Joh 19,25-27

Jesus blir korsfesta, del 3: Dei siste hendingane. Døden. Mark 15,33-37 / Matt 27,45-50 / Luk 23,44-46 / Joh 19,28-30

Jesus blir korsfesta, del 4: Hendingar etter Jesu død. A: Utanforliggjande effektar. Mark 15,38 / Matt 27,51-53 / (Luk 23,45b)

Jesus blir korsfesta, del 4: Hendingar etter Jesu død. B: Reaksjonar hos dei som var tilstades. Mark 15,39-41 / Matt 27,54-56 / Luk 23,47-49 / Joh 19,31-37

Scene 2: Jesus blir gravlagt. Mark 15,42-47 / Matt 27,57-66 / Luk 23,50-56 / Joh 19,38-42

Jesus blir gravlagt, del 1: Josef spør om å få lekamen. Mark 15,42-45 / Matt 27,57-58 / Luk 23,50-52 / Joh 19,38a

Jesus blir gravlagt, del 2: Lekamen blir lagt i grava. Mark 15,46-47 / Matt 27,59-61 / Luk 23,53-56a / Joh 19,38b-42

Jesus blir gravlagt, del 3: Vakt ved grava på sabbaten. Matt 27,62-66 / Luk 23,56b

(Inndelinga er henta frå Brown, Raymond E.: The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. A Commentary on the Passion Narratives in the Four Gospels, 2 Volumes. The Anchor Bible Reference Library, New York etc. 1994. First Paperback Edition 1998)

Golgata og Jesu grav

Gravkyrkja sett frå tårnet på Redeemer Church. Foto: Arne Berge 2005

Jesus blei korsfesta på Golgata og lagt i ei grav i ein hage like ved. Der skjedde dei grunnleggjande handlingane som heile den kristne trua byggjer på. Er det muleg å vita nøyaktig kor dette skjedde? Koss ser det ut på denne staden idag?

Det er i dag to stadar som blir vist fram som staden for Jesu død og oppstode. Men det er likevel ikkje slik at me derfor må seia: «Me kan ikkje eigentleg vita kor det skjedde». Forskarar er nemleg stort sett einige i at Gravkyrkja i Gamlebyen i Jerusalem ligg på den historisk korrekte staden der Golgata og Jesu grav var. Der har det vore ei kyrkje med samanhengande historie (om enn ei voldsom historie med mange kritiske periodar) heilt tilbake til ca 325, då Jerusalem blei ein kristen by som del av keisar Konstantin sitt rike. Og før det var det ein tradisjon blant dei kristne i byen som sa kor staden var. Historikarar og arkeologar reknar det idag som svært sannsynleg at denne tradisjonen blant Jerusalems kristne, var korrekt.

Jesus blei gravlagt på ettermiddagen den dagen Jesus blei korsfesta:

Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggjast. På den staden Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som ingen endå var lagd i. Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hjå jødane og grava låg så nær. (Joh 19,40-42)

Jesu næraste venner visste kor Jesus blei gravlagt:

Dei kvinnene som hadde vore han frå Galilea, følgde etter. Dei såg grava og at lekamen hans vart lagd der. (Luk 23,55)

Vegen fram til Gravkyrkja går i dag gjennom tronge og uoversiktlege marknadsgater innanfor Gamlebyens murar. Kyrkja ligg heilt innebygd, og kan faktisk vera vanskeleg å finna for den som ikkje er lokalkjent.

Arkeologane kan fortelja at området på Jesu tid låg utanfor bymuren, og at det var eit gamalt steinbrot frå gamaltestamentleg tid der. I steinbrotet var det nokre klipper som stod igjen unytta, truleg fordi steinmaterialet hadde vore for dårleg. På ein av desse klippene (som blei kalla Golgata, hovudskallestaden) blei Jesus korsfesta, og i ein av klippene i nærleiken blei han gravlagt i ei grav som var hogd inn i fjellet.

Når dei første kristne tenkte på Jesu død og oppstode i desse klippene, kom dei til å tenkja på det som står i Salme 118,22: Den steinen bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette verset frå Salmane er sitert fleire stadar i Det nye testamentet, nettopp med tanke på Jesu død og oppstode, f.eks. i Peter sin tale i Apgj 4:

Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. Han er den steinen som de bygningsmenn vraka, men som har vorte hjørnestein. (Apgj 4,10-11)

Historia til denne staden kan vidare oppsummerast slik:

Ca 10 år etter Jesu død og oppstode blei Jerusalem utvida og Golgata og Jesu grav blei då liggjande innanfor bymurene. Staden blei då uaktuell som gravstad (både rettarstad og gravstad skulle vera utanfor byen). Det var godt kjent blant dei første kristne kor Jesu grav var, og det er ikkje urimeleg å tenkja seg at dei heldt staden heilag og nytta den til f.eks. bønesamlingar. Eg vil likevel presisera at dette veit me ingenting om.

Ca 100 år etter Jesu død og oppstode øydela romarane Jerusalem for andre gong på grunn av eit opprør mot det romerske styret (første gong var i år 70). Denne gongen bestemte dei seg for å gjera endeleg slutt på den jødiske motstandsrørsla. Dei bygde då rett og slett ein ny, romersk by på ruinane av det gamle Jerusalem, og kalla byen Aelia Capitolina. I samband med dette la dei ein heidensk heilagdom på staden der Golgata og Jesu grav var, kanskje for å knusa ei gryande tilbeding der. I 200 år var dermed staden merkt for dei kristne. Dei kunne ikkje nå Jesu grav, men dei visste kor den låg skjult.

Ca 325 blei denne heilagdomen fjerna av dei kristne og dei fann det dei var sikre var Jesu grav. Over dette funnet bygde dei ei imponerande kyrkje i åra etterpå. Kyrkja som me finn der idag, Gravkyrkja, er mykje mindre enn kyrkja frå Konstantins tid. Den nåverande kyrkja blei bygd i korsfarartida over restane av kyrkja frå 300-talet.

I år 1009 blei Gravkyrkja øydelagt av kalif Hakim. Men Jesu grav blei, som den sentrale kristne heilagdomen, heldigvis rekonstruert i løpet av få år, mens folk ennå huska kvar den låg. Det er eit kapell med denne rekonstruerte grava som står i Gravkyrkja i dag.

På 1100-talet bygde korsfararane opp kyrkja igjen, og den kyrkja som står der i dag, er i hovudsak frå den tida.

Gravkyrkja er ei merkeleg kyrkje. Den består av mange og mørke kapell, og er ikkje spesielt imponerande. Men den har likevel ei eiga tiltrekningskraft pga at den rommer Golgataklippa og Jesu grav.

Eg nemnte innleiingsvis at det er ein annan stad som blir vist fram som muleg stad for Jesu død og oppstode. Dette er den såkalla Gravhagen. Sjølv om staden ikkje er den historisk korrekte, er det ein flott stad for andakt, og parken gir verkeleg ei spesiell oppleving. På denne staden er det lett å tenkja: «Slik kan det ha vore ved Jesu grav!».

Les om Gravkyrkja som nr 2 på lista over «Jerusalems 10 på topp».

Les andre nyare notat om Gravkyrkja med ulike vinklingar her.

Oppdatert 06.02.2022

Døden på korset

Jesus døde på korset. Sidan har korset blitt det mest kjente symbolet knytt til kristendomen. Eigentleg er korset eit frykteleg tortur-instrument. Dei første korsfestingane er kjente frå Athen på 600-talet f.Kr. På 300-talet blei korsfesting ein allmen praksis i det hellenistiske riket, det vil seia riket som oppstod med Alexander den store. På den måten møtte jødane korsfesting, og i dei siste hundreåra før Jesu tid var det mange som blei korsfesta i Jerusalem. I 1968 blei det, i ei grav i Jerusalem, funne bein etter ein mann som var korsfesta i dei siste åra før byen blei øydelagt av romarane i år 70 e.Kr. Dette funnet gav interessant kunnskap som kunne samanliknast med det me veit om Jesu korsfesting.

Det var fleire typer kors som blei nytta ved korsfestingar. Vårt ord kors gir inntrykk av to linjer som kryssar kvarandre. Verken det greske stauros eller det latinske crux har nødvendigvis den betydninga. Den einaste opplysninga som kan seia noko om kva type kors som blei nytta då Jesus blei korsfesta, er opplysninga med klagemålet som stod over hovudet på han.

Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med klagemålet mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.» (Matt 27,37)

Det betyr truleg at tradisjonen som alltid har rekna med eit kors av typen «forlenga plussteikn» har rett. Mest sannsynleg har den vertikale pålen stått fast på Golgata, mens den horisontale stokken blei boren til staden, først av Jesus, sidan av Simon frå Kyrene (Matt 27,32).

Me veit ikkje kor høgt Jesu kors var. Men det blei nytta ein stong då det blei løfta ein svamp med eddikvin opp til Jesus (Matt 27,48). Eg har lese gjettingar på at korset var i overkant av 2 meter høgt.

Kva veit me så om koss Jesus var festa til korset? Det står ikkje noko om det i samband med korsfestinga, men enkelte skildringar frå tida etter oppstoda gjev informasjon om at han hadde naglemerke i hendene og på føtene.

Då Jesus openberra seg for disiplane etter oppstoda, sa han: «Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå!» (Luk 24,39)

Og møtet med Tomas fortel òg noko om dette:

«Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.» Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!» (Joh 20,25-27)

Langfredag

Påske 2005

Det er langfredag i dag, ein spesiell heilagdag. Jesu død på korset står i sentrum. Eg har i vekene før påske gjennom ein del innlegg her på bloggen gått gjennom dei ulike delane av Jesu lidingshistorie.

Jesus blei piska og dømt til døden etter forhøyret hos Pilatus. Så måtte han bera korset (det vil truleg seia tverrbjelken, for den vertikale pålen stod nok fast på staden der dei korsfesta folk) den siste tunge vegen ut av byen og til staden som heiter Golgata / Hovudskallestaden.

Evangelia skildrar det som så skjer ganske enkelt og nøkternt:
Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei.

I dei fire evangelia er det gjengitt litt forskjellig av dei orda Jesus sa då han blei korsfesta. I kristen tradisjon har ein sett dette saman til det me kallar Jesu sju ord på korset:

  • Om folket som spotta og mobba han: Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer. (Luk 23,34)
  • Til Maria: Kvinne, det er son din. Til Johannes: Det er mor di. (Joh 19,26-27)
  • Til den eine røvaren som var korsfesta ved sida av han: Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis. (Luk 23,43)
  • Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? (Matt 27,46)
  • Eg er tyrst. (Joh 19,28)
  • Det er fullført. (Joh 19.30)
  • Far, i dine hender gjev eg mi ånd. (Luk 23,46)

Så vil eg bare på denne langfredagen minna dykk om eit enkelt bibelvers, som kan seia oss noko om kva drivkraft som heldt Jesus oppe.

Jesus seier: Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. (Joh 15,13)