Å kom, bli med til Davids by. Del 2

Les del 1

FødselskyrkjaJuleevangeliet fortel at gjetarane fekk ei himmelsk oppfordring til å gå inn i byen og finna det nyfødde barnet. Me følgjer i gjetarane sine spor, og finn ein drosje som kan frakta oss vidare inn til sentrum av Davids by, til Fødselskyrkja.

Sjåføren køyrer oss heilt inn på Krubbeplassen og stansar framfor den store bygningen. Fødselskyrkja er ei svært gamal kyrkje, den har røter tilbake til keisar Konstantin si tid på 300-talet. Her har det vore eit samanhengande gudstenesteliv i snart 1700 år! Og tradisjonane om staden går enda lenger tilbake. Det er fleire skriftlege kjelder som syner at Jesu fødestad var kjent blant dei kristne i dei første hundreåra, og det var dei lokale kristne som peika ut staden då bygginga av den første Fødselskyrkja starta i 326.

Konstantins kyrkje blei øydelagt på 500-talet, og keisar Justinian bygde då ei ny og større kyrkje. I hovudsak er det faktisk denne kyrkja som står her ennå. Interiøret er rett nok sterkt prega av korsfarartida på 1100-talet. Og muslimar fjerna på 1500-talet marmoren som dekte kyrkja, og brukte den på Tempelplassen i Jerusalem.

Men kyrkja har utruleg nok blitt spart for meir omfattande herjingar i urolege tider, for eksempel i 614 då persarane øydela mykje i denne delen av det bysantinske riket.

Mange kyrkjer blei brent, men Fødselskyrkja blei ståande. Grunnen skal vera at den persiske hæren her møtte eit stort mosaikkbilete av tre menn med gull, røykjelse og myrra, – og dei hadde persiske klede på seg! I respekt for dette møtet med vise menn frå sin eigen kultur, sparte dei kyrkja.

Fødselskyrkja har verkeleg bevart preget av å vera ein heilagdom. Sjølv om det til tider kan vera mange menneske her, opplever me at roen senker seg. Og me blir uvilkårleg dregne mot trappa ned til grotta under hovudaltaret.

Stjerna

Fødselsgrotta er ein stad for undring og tilbeding, og svært mange som kjem hit, endar opp med å knela ned ved sølvstjerna som markerer Jesu fødestad. Me òg knelar ned, og me les innskrifta på stjerna: Hic de Virgine Maria Jesus Christus natus est (her blei Jesus Kristus født av jomfru Maria).

Besøket i Fødselsgrotta er eit høgdepunkt på turen rundt i Betlehem. Dette er ein fantastisk stad å koma! Sjølv om me har lese juleevangeliet tidlegare på dagen, tar me på nytt fram nytestamentet og les: ”Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.”

Og etterpå fell det naturleg å syngja Brorson sin julesalme:

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom,
der samles mine tanker som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt!

Men verda er full av paradoks. Midt i dette heilage rommet blir me minna om sølvstjerna si spesielle historie. Den blei først plassert her av katolikkane i 1717. Den gresk-ortodokse kyrkja fjerna den i 1847, men blei seks år seinare tvunge til å setja den på plass igjen av det tyrkiske (muslimske) styret.

Og denne ”stjernekrigen” var faktisk ei medverkande årsak til Krimkrigen (1853-1856) mellom Russland på den eine sida og England, Tyrkia og Frankrike på den andre sida. I dag er det den gresk-ortodokse kyrkja som har ansvar for grotta, og det verkar ikkje som om dei har nokon problem med å ha sølvstjerna her.

Les del 3

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: