Barluzzi-kunst i Gravkyrkja

Arkitekten Antonio Barluzzi laga flott mosaikk-kunst i det latinske kapellet på Golgata i Gravkyrkja då han restaurerte dette kapellet på 1930-talet. Motiva er knytt til at Jesus blir festa til korset. Han viser også til gamaltestamentleg bakgrunnsstoff for dette. Utgangspunktet hans er ein liten medaljong med mosaikk bevart frå korsfarartida.

Barluzzi er kjent som Det heilage landets arkitekt. Han bygde kyrkjer som mange set pris på, f eks Englekapellet på Hyrdemarkene i Beit Sahour utanfor Betlehem, Dominus Flevit på Oljeberget og kyrkja på til minne om saligprisningane i Galilea. For meg var det ukjent at han også hadde arbeidd i Gravkyrkja i Jerusalem.

Nå har den israelske guiden Shira Elazary skrive eit bloggnotat med ein presentasjon av denne mosaikken til Barluzzi: Calvary Hill Mosaics. Neste gong eg kjem til Gravkyrkja, vil eg studera dette kapellet grundigare enn eg har gjort før. Takk for interessant bakgrunnsstoff, Shira!

Golgataklippa er bygd inn i bygningsstrukturen i Gravkyrkja. Over Golgata er det bygd ei plattform som ligg 4,5 meter over golvet i kyrkja. Denne plattforma er delt i to; eit latinsk (dvs romersk-katolsk) kapell og eit gresk-ortodokst kapell. Kapellet med Barluzzi-mosaikken markerer 11. stasjon på Via Dolorosa. Men for den som ikkje grundig følgjer heile Via Dolorosa, er det dessverre lett å oversjå dette kapellet på veg til staden for Jesu korsfesting, som blir markert i det gresk-ortodokse kapellet.

Caspari Center 9/2015

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for september 2015. Toppartikkelen handlar denne gongen om ulike kalendrar. I Israel blir det i dag brukt to ulike kalendrar. Slik var det truleg også på Jesu tid. Dette forklarar kanskje ei vanskeleg nøtt i forholdet mellom dei synoptiske evangelia og Johannesevangeliet. Les Elisabeth Levis artikkel om dette i nyheitsbrevet!

IMG_4059CC er eit studie- og ressurssenter som blir drive av Den Norske Israelsmisjon i samarbeid med andre aktørar. Fokus er på leiarutvikling, disippeltrening og forsking. CC er også ein viktig brubyggjar mellom den messianske bevegelsen og den verdsvide kyrkja.

Sjå også Caspari Center si nettside.