Biblioblogging

– a blog dedicated to Biblical studies

Dette er den enkle og treffande definisjonen på ein biblioblogg i notatet An Introduction to Biblioblogs som du kan finna på bloggen Exploring Our Matrix. Men skribenten James McGrath skriv samtidig at ein biblioblogg ikkje nødvendigvis bare handlar om bibelske studiar. Alt avhengig av interessene til den som skriv, kan den innehalda mykje anna også.

Du finn ei oversikt over dei største bibliobloggane på The Biblioblog Top 50. Her er oversikta som viser rangeringa sist månad:

1. James McGrath, Exploring Our Matrix
2. Daniel O. McClellan
3. James Bradford Pate, James’ Thoughts and Musings
4. Jim Davila, Paleojudaica
5. Andrew Byers and Joel Busby, Hopeful Realism
6. Stephen Douglas, Undeception
7. Various, Biologos
8. Kurk Gayle, Aristotle’s Feminist Subject
9. Kevin Brown, Diglotting
10. J. R. Daniel Kirk, Storied Theology

Men The Biblioblog Top 50 registrerer mange fleire enn dei største og mest aktive bibliobloggane. Nettstaden held seg med ei oversikt over store og små bloggar, der til og med min har kome med! Den lange lista over bibliobloggar er systematisert slik:

General Biblical Studies
Theory and Reception
Biblical and Religious Studies
Hebrew Bible / Early Judaism
Early Judaism and ANE
Early Judaism and Judaism
New Testament / Early Christianity
Early Christianity and Greco-Roman Culture
Textual Criticism, Translation, and Linguistics
Technical and Software

In addition, Related Blogs with a different primary focus to biblical studies are categorized as follows:

Christian Spiritual, Theological, Homiletic, Patristics
Judaica
Atheist / Agnostic
Religious Studies
Fringe-dwellers and Conspiracy Theorists
Modern Languages
Ancient Languages
Commercial Journal and Publisher Blogs
ANE & Mediterranean Archaeology Blogs

Eg registrerer at bloggen min er plassert i kategorien Early Christianity and Greco-Roman Culture. Det er ikkje ei heilt umogleg plassering. Men neppe den einaste moglege.

Bob Dylans konvertering

Bob Dylan er 70 år i dag (24.05.2011). Grunnen til at eg omtalar han her på bloggen, er det som kjem fram blant Dylan-kjennarar om hans forhold til religion. Vårt Land skriv i samband med 70-års dagen:

I 1978 skjedde en av de mest omtalte religiøse konverteringene siden Paulus. Den moderate jøden Bob Dylan ble aktiv kristen.

Nå er ikkje dette alt som kan seiast om forholdet mellom jødedom og kristendom i Bob Dylan sitt liv og i tekstane hans. Vårt Land sin artikkel, og mykje som elles er skrive om temaet, viser eit nært forhold til begge religionane, også i åra etter «konverteringa».

Eg er ingen Dylan-ekspert, men syns det kjem fram ein del interessante utsegn i artiklane som omtalar trua hans.

Eg skreiv om temaet då artisten var her i Rogaland for tre år sidan, i notatet Bob Dylan, jøde og kristen.

Bøn om styrke og skjøn

Notat til søndagens tekst: Ef 3,14-21

Eg syns teksten som er preiketekst komande søndag (29. mai 2011), er ein flott tekst som seier meg noko om kor god Gud er og kor mykje han har å gje oss menneske.

I dag vil eg peika på tekstgjennomgangen til denne teksten på Israelsmisjonen sin preikeverkstad. Her har min gode venn Paul Odland skrive om teksten og om samanhengen i Efesarbrevet. Paul skal forresten snart begynna å arbeida som misjonssekretær på Israelsmisjonen sitt kontor i Stavanger. Det ser eg fram til!

Og her er teksten frå Efesarbrevet:

14 Difor bøyer eg mine kne for Far,

15 han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.

16 Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.

17 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua,
og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

18 Må de saman med alle dei heilage
få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

19 ja, kjenna Kristi kjærleik som er større enn nokon kan forstå.
Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!

20 Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,

21 han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus
gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Norsk tekst på minnesmerket i Auschwitz-Birkenau

Frå Auschwitz-Birkenau. Foto: Arne Berge 2011

Mai 2011: For eit par veker sidan besøkte eg Auschwitz og fekk omvising i konsentrasjons-leirane der. Det gjorde djupt inntrykk.

Leirane fungerer både som museum og minnesmerke. Her kan me læra meir om den ufattelege vondskapen som nazistane sette i system under krigen og me kan samtidig minnast alle dei menneska som blei utsletta under holocaust.

Det kjendest naturleg og rett  leggja ned blomar på minnesmerket i Auschwitz-Birkenau, der det også er ei plate med norsk tekst:

Alltid la dette sted være et rop av fortvilelse og et varsel til menneskeheten, hvor nazistene myrdet omkring halvannen million menn, kvinner, og barn, hovedsaklig jøder fra flere land i Europa. 

Auschwitz-Birkenau 1940-1945

Les meir

Det jødiske Krakow

Eg var i Krakow nokre dagar sist veke (mai 2011). Den polske byen blir nokre stadar omtalt som ein av dei vakraste i Europa. Eg har ikkje føresetnad til å vera domar i den konkurransen, men det er ingen tvil om at det er mykje flott å sjå i den gamle byen. Eg reiser gjerne tilbake!

Krakow var i tidlegare tider ein by med stor jødisk befolkning. Det jødiske området Kazimierz var først ein eigen by, men har sidan 1800-talet vore ein del av Krakow.

Kazimierz, Krakow. Foto: Arne Berge 2011

Det var interessant å gå rundt i gatene i Kazimierz og oppleva atmosfæren der. Eg var innom eit par synagogar, den gamle gravplassen og eit par bokhandlarar. Dessutan fann eg meg sjølvsagt ein stad der eg kunne sitja ned med tankane mine og ein kopp kaffi.

Det er seks ortodokse synagogar og ein reformsynagoge på eit lite område i Kazimierz. Nokre av desse er renoverte og framstår som museum. Eg var blant anna innom Remusynagogen (frå 1553), som er den einaste som har eit aktivt gudstenesteliv i dag. Den blei renovert på 1950-talet, men framstod dessverre likevel som ganske nedsliten.

Like utanfor Remusynagogen ligg den gamle jødiske gravplassen frå 1500-talet.

Den jødiske gravplassen ved Remusynagogen, Krakow. Foto: Arne Berge 2011

Denne nærleiken mellom gudshus og gravplass, som me er vant med i kristen samanheng, er ikkje vanleg i den jødiske kulturen. Gravplassen blei erstatta av ein annan på 1800-talet. Under den andre verdskrigen blei den vandalisert av nazistane.

Historia til jødane under krigen ligg naturleg nok som eit mørkt bakteppe for det som i dag er ein sjarmerande bydel. Før krigen var det over 64.000 jødar i Krakow. Dette var ca ein fjerdedel av befolkninga i byen. Over 90 % av desse jødane blei utrydda av nazistane, som tidleg under krigen samla jødane i ein ghetto like utanfor Kazimierz. Her blei dei anten skotne eller sende vidare til konsentrasjonsleir.

Ei minneplate utanfor Remusynagogen hadde følgjande tekst på hebraisk, polsk og engelsk:

In memory of the Jewish martyrs of Cracow who were annihilated by the Nazi Germans in the terrible period 1939-1945. Earth Do Not Cover Their Blood. 

I dag er det visst ikkje meir enn ca 150 jødar igjen i byen. I 2008 blei det oppretta eit jødiske samfunnssenter som skal styrka den jødisk kulturen i byen idag. Senteret ligg like ved den reformerte synagogen (Tempelsynagogen).

Eg fekk forresten også sett fabrikken til Oskar Schindler. Han er kjent for innsatsen for å redda jødiske arbeidarar frå holocaust. Filmen Schindlers liste er i stor grad spelt inn i Krakow.

Bokhandel i Den høge synagogen, Krakow. Foto: Arne Berge 2011

Eg var innom eit par bokhandlarar. Eg syns spesielt den som ligg i Den høge synagogen var interessant. Her var det blant anna mykje litteratur om jødedommen i Europa og om holocaust.

Eg har ennå ikkje sett meg inn i kva det har vore av kristen misjon blant jødane i Krakow. Den Norske Israelsmisjon (DNI) har i alle høve ikkje hatt arbeid i byen. Men eg har lese at den norske presten Gisle Johnson (1876-1946), som i mange år var misjonær for DNI i Romania og Ungarn, var innom byen på sin første reise til Romania i 1902. Han reiste då med tog frå Leipzig til Balkan og gjorde i følgje biografien eit opphald hos ein tysk israelsmisjonær i Krakow.

Krakow har mykje å by på. Ikkje minst er Gamlebyen frå mellomalderen imponerande og flott. Men for meg var møtet med Kazimierz minst like interessant.

Jerusalem 614-638 e.Kr.

24 dramatiske år førte til store endringar i Jerusalem på 600-talet. Byen hadde då vore under bysantinsk (kristent) styre sidan 325.

I 614 kom ein persisk hær og inntok byen. Dette førte blant anna til massakrar og riving av kyrkjer.

Byen blei erobra tilbake av den bysantinske keisaren Heraklios i 629. Bare ni år etter dette kom den muslimske invasjonen som førte til mange hundre års muslimsk styre.

Eg tar med eit eksempel på øydeleggingane under invasjonen i 614: Kyrkja Hagia Sofia var bygd på 400-talet på staden der tradisjonen sa at Jesus blei dømt til døden. Kyrkja låg i Tyropoiondalen, truleg i nærleiken av det som i dag blir kalla Vestmuren eller Klagemuren.

Kyrkja blei først kalla Pilatuskyrkja, men skifta nok namn fordi det kjendest unaturleg at Pilatus skulle gje namn til ei kyrkje. Hagia Sofia tyder den heilage visdomen. Eg ser for meg at kyrkja fekk dette namnet fordi Jesus her stod som Guds visdom i møte med verda sin visdom.

Kyrkja blei totalt øydelagt av persarane og er i dag først og fremst kjent frå tekstar skrive av kristne pilegrimar på 500-talet.

Professor Isaiah Gafni har skrive ein kort, men informativ artikkel om perioden 614-638:

Palestine under Persian, Byzantine and Arab Rule 24 years, 3 empires, and 1 new faith in Palestine The early decades of the seventh century C.E. comprised one of the most eventful periods in the history of the Land of Israel. Within 24 years, between 614 and 638, the country changed hands three times. The four-centuries long conflict between Rome and Persia was to come to an end in a final collision of the Byzantine and Sassanid armies. Both these powers had attained great victories and suffered terrible defeats, and as they continued to enfeeble each other, they gave way to the rise of a new power, the Islamic forces, which would drive them both out of the region. The two monotheistic religions claiming Palestine as their holy land were joined by a third faith, newly born and extraordinarily vigorous. The Muslim conquest was destined to shape the character of the entire Middle East for the following thirteen centuries, down to this very day. Les meir