Mikkelsmess

Denne helga er det fleire kyrkjer som markerer Mikkelsmess, alle englars dag. Dette er ein gamal skikk som har fått ein renessanse i Den norske kyrkja dei siste åra. Eg har ennå ikkje blitt vant med dette, men eg innser at det kan vera eit behov for å forkynna kva Bibelen seier (og ikkje seier) om englane. Det er mange som er opptatt av spørsmål omkring englar og krefter og ofte blir inspirasjonen henta frå forskjellige nyreligiøse retningar.

Mikkelsmess (29. september) er ein gamal kyrkjeårsdag som er knytt til erkeengelen Mikael. Dagen er tatt inn igjen i kyrkjeåret i Den norske kyrkja, etter at den forsvann ut ved ein såkalla festreduksjon i 1770. Dei kyrkjelydane som ønskjer det, kan markera dagen på den søndagen som kjem nærast 29. september.

– Når kirken ønsker å fornye tradisjonene med Mikkelsmess, er det ut fra en tro på englene som Guds budbærere til oss mennesker, sier Åge Haavik, Kirkerådets rådgiver for liturgiske spørsmål. – Englene fortjener oppmerksomhet når Guds virkelighet skal utfoldes for menigheten gjennom kirkeåret. Mikael-skikkelsen har i den kristne tradisjon stått som frontfigur for kampen mot ondskapens krefter.

Det står mykje om englar i Bibelen. Men Mikael, som erkeengel eller hovding, har ikkje nokon særleg framtredande posisjon. I NT er han nemnt i Judas 1,9 og kanskje også (men då utan namn) i 1. Tess 4,16. I jødedomen var han på den tida rekna som ein av sju erkeenglar som verna om Guds folk.

Fersk rapport frå Herodion

I was preveledged to be able to enter the site of Herod’s Tomb Yesterday (Sept. 21, 2008). The site is open for public from a distance. But we (3 people) were granted by on site-archaeologists to enter the site. It is still being excavated.

Dette er ein heilt fersk rapport frå Herodes si grav på Herodion, eit utdrag frå ein kommentar på BiblePlaces Blog. Eg syns det er interessant å få vita at det framleis pågår utgraving på staden. Eg håper arkeologane finn mykje og at det blir gjort godt tilgjengeleg.

I haustferien i fjor opplevde eg å koma til Herodion saman med ein guide som ikkje hadde peiling på dette funnet. Neste gong eg reiser dit skal eg sørga for å koma på nært hald!

Les tidlegare notat om funnet av Herodes si grav her.

Paulus om einskap i trua

I kyrkja er det ein grunnleggjande einskap mellom menneske som trur på Jesus. Eit godt eksempel på det er forsamlinga som tar imot nattverden i ei vanleg gudsteneste. Dette fellesskapet er sett saman av menneske som tar imot noko dei treng, på tvers av alle moglege menneskelege skilje. Her betyr ikkje alder, kjønn, sosial posisjon, politiske meiningar eller kulturell bakgrunn noko. Alle er likeverdige i dette fellesskapet. Her kan f eks ein lærar og og ein elev knela ved sidan av kvarandre fordi dei begge trur på Jesus og vil ta imot av hans gåver.

Denne grunnleggjande einskapen kan førast tilbake til Jesus og hans opne måte å møta menneske på. Og me finn den dokumentert i dei første kristne fellesskapa som er omtalte i NT.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT. Me har nå kome til Galatarbrevet, og sitatet denne månaden handlar nettopp om einskapen i trua:

De er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus. Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden. (Gal 3,26-29)

Kommentarane til bibelomsetjarane i NTR 1 seier:

I disse versene gjengir Paulus antakelig en del av et dåpsrituale som ble brukt i menighetene. Paulus minner dem om det som ble sagt til dem ved dåpen. Slik vil han få fram at de ikke lenger er under loven. De har i stedet «kledd seg i» Kristus. Det er mulig at de døpte etter dåpen ble kledd i en kappe, som tegn på at de var rene og hadde fått et nytt liv.

Sitatet er henta frå den undervisande delen av Galatarbrevet og dannar avslutninga av eit større avsnitt (v. 11-29) der Paulus skriv om at forholdet mellom Guds løfte (lovnadar) og Guds krav (lova). Hovudsynspunktet hans er at løftet står over lova. Guds løfte om frelse og velsigning blei på grunnleggjande vis gjeve til Abraham i den gamle pakta. Lova blei gjeven fleire hundre år seinare og var tidsavgrensa, ho skulle bare gjelda «til den ætta kom som lovnaden gjaldt«, altså til Kristus kom (v. 19).

Paulus skriv vidare om at me nå lever i trua si tid og at me nå gjennom trua og dåpen blir tatt opp i eit nytt fellesskap som er bygd på arva frå Abraham. Dette nye fellesskapet, kyrkja, består av jødar og ikkje-jødar, av folk frå ulike sosiale lag og av kvinner og menn. Her gjeld ikkje gamle skilje, verken av den eine eller andre art. Det er trua som held fellesskapet saman.

Oppdatering: Eg har markert Paulusåret 2008-2009 med regelmessig å skriva litt i tilknyting til eit sitat frå kvart av dei paulinske breva:

Nyt fra Jaffo

Kære venner! Så er det vist passende, at få sendt lidt nyt fra Immanuel. Sidst I hørte fra mig var kort før påske, så jeg vil forsøge at få dækket nogle af det vigtigste nyheder siden da. Men allerførst lidt om den generelle situation for messianske jøder og kristne i landet lige nu.

Bryne kyrkjelyd har akkurat inngått ein ny misjonsavtale med hovudfokus på Immanuelskyrkja i Tel Aviv / Jaffa. Dette skal markerast i gudstenesta søndag 12. oktober.

Les siste nyhetsbrev frå presten i Immanuelskyrkja her.

Det gjorde inntrykk!

15.09.2008: Møtet med det israelske og palestinske bibelselskapet var flott! Det gjer inntrykk å sjå israelarar og palestinarar sitja saman på scenen og snakka med kvarandre om utfordringane som er knytt til å leva i denne urolege delen av verda. Dei tre gjestene frå bibelselskapa delar trua på Jesus og dette knyter dei saman på ein sterk måte.

Temaet for kvelden var forsoning. Hovuddelen av møtet var lagt opp som ein samtale mellom dei tre. Det dei formidla, utgjer eit viktig supplement til det me elles får høyra om situasjonen i Israel og dei palestinske områda. Dei fortalde om gleder og sorger ved å vera kristne i denne regionen, og dei fortalde om motstand og forfølging frå både jødiske og muslimske grupperingar. Dei kunne også oppleva motstand frå kristne miljø fordi dei ikkje vil dempa og ufarleggjera verksemda si.

Desse gjestene, som altså er messianske jødar og palestinske kristne, trur at vegen til forsoning mellom menneske går gjennom at menneska først blir forsona med Gud. Derfor vil dei gjerne dela den kristne trua med menneske av både kristen, muslimsk og jødisk bakgrunn. Og dei gjer det på ein svært konkret måte: ved å spreia Guds Ord gjennom nytestament, biblar og annan litteratur med bibelsk innhald.

Møtet var leia av generalsekretær Stein Mydske i Det Norske Bibelselskap. Karin Riska, som i fleire år har arbeidd for det palestinske bibelselskapet i Jerusalem, var også med og bidro med tolking.

Som avslutning på kvelden las Stein Mydske denne teksten frå NT:

Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til! Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje steller dei til rekneskap for misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! (2. Kor 5, 17-20)

År 2008 etter Kristus

Ei lærebok i RLE har tatt bort før Kristus og etter Kristus som omgrep i tidsrekninga. Nå er det etter vanleg tidsrekning som gjeld! Dette fordi faget skal vera religionsnøytralt.

Vårt Land skriv om dette i dag i artikkelen Kaster Kristus ut av tidsregningen.

Det er ikkje første gong eg møter dette. Eg ser det f eks i Biblical Archaeology Review (siste nr kom i posten i går og det er alltid ein fest!). Ved sidan av innhaldslista står følgjande notis:

A Note on Style

B.C.E. (Before the Common Era) and C.E. (Common Era) used by some of our authors, are the alternative designations often used in scholarly literature for B.C. and A.D.

Det er ingen god grunn til at skulen i Norge skal slutta å nytta før Kristus og etter Kristus i tidsrekninga, verken i RLE eller i andre fag! Eg meiner det er fullt mogleg å halda fast på to ting samtidig:

  1. Norge er eit land som tilhøyrer den kristne kulturen.
  2. Nettopp den kristne kulturen gjer at me vil vera opne for menneske med ei anna tru og møta dei med respekt.

Det siste punktet betyr at me ikkje treng gje slepp på vår eigen kulturelle ståstad for å kunna møta menneske av anna tru på ein respektfull måte. Det er etter mitt skjønn verken naturleg eller nødvendig å innføra ein religionsnøytral tidsrekning.

Eg meiner forresten også at det var eit feilgrep å innføra det religionsnøytrale faget RLE i skulen. Men det er ei anna sak.

Når eg skriv dette siste, fryktar eg å bli tatt til inntekt for framandfrykt og ei negativ haldning til innvandring. Det ville i så fall vera å misforstå meg fullstendig. Eg meiner at den kristne trua og den universelle kristne kyrkja gir eit svært godt utgangspunkt for å ha ei opa haldning til menneske med ein annan bakgrunn. Til dette temaet vil eg gjerne anbefala bror Arnfinn sin velskrivne og utfordrande artikkel Brunt, kvitt og blått i Klassekampen i dag, gjengjeve på bloggen hans.

Me kan trygt visa til Kristus og halda fast på at me lever i år 2008 etter Kristus.

Kristen demografi i Jerusalem

I dagens utgåve av Caspari Center Media Review fann eg ei interessant demografiske skildring av den litle kristne minoriteten i Jerusalem, henta frå ei israelsk avis.

… According to these, the Christian community in the city numbers around 15,000 persons and constitutes 2% of the city’s population. This has fallen from 31,000 (19%) in 1946 due to the series of wars and the effects of the Israeli-Arab conflict. The Christian population’s birth rate is lower than that of both the Jewish and Muslim communities, standing at 2.14 in contrast to 2.75 amongst the Jewish population and four children per Muslim family on average. The Christian community in Israel in general is split between Arab and non-Arab Christians … (Les meir)

Dei messianske jødane er ikkje med i desse tala. Dei utgjer ein enda mindre minoritet.

Brubygging i Midt-Austen

Bridgebuilders er eit freds- og forsoningsarbeid som legg vekt på å knyta venskap og skapa forståing mellom ungdom frå ulike sider i konflikten mellom jødar og palestinarar. Forsoningsarbeidet er knytt til den kristne minoriteten på  begge sider, og koplar unge kristne palestinarar og messianske jødar saman med unge kristne frå Norge.

Les om Bridgebuilders-prosjektet som er planlagt i 2009/2010 her.

Ramadanfestivalen

I kveld har eg vore på ei samling i regi av RamadanfestivalenInternasjonalt Hus i Stavanger. Det var eit temamøte om Islam i møte med norsk og vestlig kultur.

Møtet opna musikalsk ved Pearls of Islam. Vidare var det innlegg ved Jan Opsal, islamekspert ved Misjonshøgskolen, skribenten Iffit Z. Quershi og Ahmed Larous, grunnleggjar av Ramadanfestivalen i Nederland. Etterpå var det vennskaps- og dialogmåltid der eg kom i prat med ungdomar med marokkansk bakgrunn. Til slutt var det spørsmål og kommentarar til dei som hadde hatt hovudinnlegga.

Det var ein interessant kveld. Eg trur det er viktig med møtestadar der ikkje minst kristne og muslimar kan prata saman (og ikkje om kvarandre). For meg var kanskje den viktigaste oppdaginga i kveld at ramadan ikkje bare handlar om faste, men også har eit sterkt fokus på fellesskap og mellommenneskelege relasjonar.

Fest for Israel 60 år

September 2008:

Eg har tidlegare skrive om Israel sitt 60-års jubileum og om koss eg tenkjer om denne staten som mange har så sterke meiningar om.

Denne veka var eg med på den store jubileumsfesten i Oslo. Feiringa foregjekk i Gamle Logen, eit gamalt og ærverdig festlokale. Det var eit flott arrangement med ca 500 deltakarar og med eit interessant og godt program. Biletet viser ein festpynta talarstol med Menorah (sjuarma lysestake), blomster og flag.

Festen var arrangert av kristne og humanitære israelsorganisasjonar i samarbeid med Det Mosaiske Trossamfund (den jødiske menigheten i Norge). Eg er medlem i Den Norske Israelsmisjon, som var ein av organisasjonane som stod bak arrangementet. Dei andre arrangørane var Det Mosaiske Trossamfund, Hjelp Jødene Hjem, Med Israel for fred, Ordet og Israel. Dette er organisasjonar som har svært forskjellig utgangspunkt for sitt Israelsengasjement og som også har forskjellige synspunkt i aktuelle problemstillingar. Men denne kvelden samla me oss om det som er felles, blant anna ønsket om at Israel skal eksistera som ein demokratisk stat.

Som nemnt var det eit flott program. Skal eg trekkja fram noko spesielt, vil eg nemna helsinga ved statsekretæren i Utanriksdepartementet, som overraska meg positivt. Det var også interessant å høyra Michael Melchior, som hadde hovudtalen. Dessutan syns eg Johannes Kleppe sitt innslag i panelsamtalen der han fortalde om forholdet sitt til Israel, var kjempebra! Elles var diktet Dronning Ester av Haldis Moren Vesaas, lese av Ola B. Johannessen, flott.

Her er statssekretæren si helsing:

Og slik var programmet:

  • Velkomst ved Øyvind Bernatek, styreleiar i Hjelp Jødene Hjem
  • Film: When a Nation builds a Homeland
  • Innleiing ved konferansier Geir Børresen
  • Musikk ved Glorioso ClassiCo
  • Helsing frå den norske regjeringa, ved statssekretær Raymond Johansen
  • Israelsk solosong og musikk
  • Hovudtale ved Michael Melchior, overrabbinar og Knesset-medlem
  • Musikk ved Glorioso ClassiCo
  • Kaffipause
  • Israelsk folkedans ved dansegruppa Menorah
  • Israels fødselshistorie sett frå Norge, ved tidlegare stortingspresident Jo Benkow
  • Diktlesing ved Ola B. Johannessen
  • Panelsamtale ved fire personar som har eit spesielt forhold til Israel
  • Allsong
  • Helsing frå Israel, ved Israels ambassadør Miryam Shomrat
  • Musikk ved Gloriso ClassiCo
  • Avslutning

Eg vil også nemna at det var kjekt å treffa igjen og høyra gruppa Glorioso ClassiCo, som eg var saman med på Solgården sommaren 2005.

 

Likningar

Jesu likningar er fascinerande og imponerande forteljarkunst. Bibelen er forresten full av likningar og liknande uttrykksformer. Bjørnar har utfordra meg til å skriva noko om kva andre ord me kan bruka om «ei likning». Eg har derfor prøvd meg på ei lita utgreiing i form av ein lengre kommentar på bloggen hans. Eg skundar meg med å seia at stoffet ikkje er eigenprodusert. Eg fann fram Hans Kvalbein sin Matteuskommentar og har stole uhemma der!