Å kom, bli med til Davids by. Del 3

Etter besøk på Hyrdemarkene (del 1) og i Fødselskyrkja (del 2) forlet me nå fortida og skal møta nokre av dei kristne palestinarane som bur i området i dag (28.12.2007). Tidlegare var Betlehem ein kristen by, nå er muslimane i fleirtal. Og dei kristne blir stadig færre. Mange reiser ut for å få eit enklare liv. Den kristne kyrkja i området prøver å motverka denne tendensen, men det er vanskeleg å gjera noko med det.

Dei fleste kristne palestinarane høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja, men det finst fleire kyrkjesamfunn her. For oss er det naturleg å oppsøkja den evangelisk-lutherske kyrkja, og me finn igjen fram til ein drosjesjåfør og bed han køyra oss til Reformasjonskyrkja i Beit Jala.

Beit JalaHer blir me tatt godt i mot av pastor Jadallah Shihadeh, som har gode kontaktar i europeiske kyrkjer og som bl a har besøkt Bryne. Han fortel meir om den kristne delen av det palestinske folket. Dei har vore eit kristent folk sidan Paulus si tid, dei er ikkje muslimar som har blitt kristne! Vidare fortel han om den lutherske kyrkjelyden som er ein minoritet i Beit Jala med ca 500 medlemer i ein bydel med 15.000 innbyggjarar.

Me blir invitert med på gudsteneste med kyrkjelyden. Liturgi og preike er på arabisk, men me kjenner oss heime likevel. Og når dei hentar fram brød og vin, får me feira vår felles tru på at den Jesus som blei født i Betlehem, også lever i dag.

Beit Jala, interiørEtterpå inviterer presten oss inn i gjestehuset deira, Abrahams Hus. Me får høyra om visjonen: ”Det eine folket si lukke er avhengig av det andre folket si lukke.” Kyrkjelyden ønskjer å vera eit senter for kultur, samtale og forsoning, og dei arbeider for å overvinna motsetnadar og konfliktar. I denne samanhengen er dei heller ikkje redde for å knyta kontaktar med jødar og muslimar.

Turen vår rundt i Betlehem har ført oss til ein kristen kyrkjelyd i byen der Jesus blei født. Her møter me menneske som lever i ei verd full av konfliktar, og som tar Bibelens ord om forsoning på alvor. Dei har eit håp om fred på jord, og dei trur at dei som kristne har ei viktig oppgåve i å arbeida for den freden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: