Jesus som flyktning

Notat til søndagens tekst: Matt 2,13-15

Matteusevangeliet fortel at Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt.

For oss kan forteljinga vera ei påminning om at Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krybbe, men også om vondskap og ei dramatisk flukt. Det var eit brutalt samfunn. Dette ser me tydeleg både i samband med Jesu fødsel og ved døden på korset.

Eg tenker at teksten viser oss kor langt Gud var villig til å gå då han blei menneske. Jesus levde aldri eit beskytta liv, i menneskeleg forstand. Eg skal koma tilbake til kva det kan bety for Jesustrua i vår tid. Men først litt om teksten og om den koptiske (egyptiske) kyrkja si bruk av denne historia.

Her er bibelteksten:

Då dei (vismennene) var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min. 

Bildet viser ei vanleg koptisk gjengjeving av dette motivet. Josef går, Maria sit med barnet på eit esel, dei går langs Nilen og i bakgrunnen ligg det nokre pyramidar.

Uttrykket Frå Egypt kalla eg son min, som evangelisten Matteus har henta frå profeten Hosea i GT, er naturleg nok eit populært bibelvers blant dei kristne i Egypt. Dei legg stor vekt på at Jesus var i Egypt som barn. Hos Hosea er dette eigentleg ikkje ein profeti, men eit uttrykk for Guds kjærleik til Israelsfolket med tilvising til exodus, Israels utferd frå Egypt: Då Israel var ung, fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min (Hos 11,1). Matteus let orda vera ein profeti som blei oppfylt då Jesus måtte flykta til Egypt.

Samtidig ligg det mange andre interessante bibelske samanhengar i teksten, blant anna tankegangen om Jesus som den nye Moses; begge måtte som små reddast frå massedrap av barn. Dessutan var Egypt kjent som tilfluktsstad frå mange periodar i Israels historie (f. eks. 1 Kong 11,40; 2 Kong 25,26; Jer 26,21 og 43,1-7).

Teksten seier ikkje noko om kor lenge den heilage familie var i Egypt, heller ikkje noko om kvar i Egypt dei søkte tilflukt. Men her har det vakse fram ein rik tradisjon blant egyptiske kristne. Tradisjonen fortel at dei var i Egypt i tre år og seks månadar, vidare at dei reiste rundt i Nildeltaet og opp til Øvre Egypt. Delar av turen gjekk i båt på Nilen. Det finst mange forteljingar om underfulle ting som skjedde på reisa deira rundt i landet. Desse forteljingane blir knytt til spesielle stadar, som dermed har blitt heilage og utgangspunkt for pilegrimstradisjonar. I notatet Theophilus Openberring skriv eg om nokre av kjeldene for desse koptiske tradisjonane.

Dei koptiske kristne er den største kristne minoriteten i Midt-Austen. Dei lever i ein vanskeleg situasjon og fortener vår omsorg og forbøn.

Men teksten taler til oss som lever i vesten, på fleire måtar. Eg vil peika på dette:

Koss kan Josef ha hatt det då han vakna? Kan smerta hans seia oss noko om den uro og angst som mange menneske ber på i vår tid? Josef er ein av oss. Det er mange som kjenner livet krevjande og som ikkje anar koss dei neste dagane vil bli. Mange er svært usikre på framtida og ser ikkje vegen ein skal gå. Me menneske er sårbare. Denne jula har dette blitt ekstra tydeleg gjennom dødsfallet som har berørt svært mange i landet vårt.

Dessutan: Me kjem ikkje utanom at teksten utfordrar oss i forhold til flyktningesituasjonen i verda i dag. Dette er ikkje eit enkelt tema, men me skal ikkje gløyma, verken i vår refleksjon eller praksis, at Josef og Maria måtte flykta med barnet sitt. Det var folk som ville Jesus til livs. Han måtte reddast frå ein vond makthavar. Og då Jesus blei vaksen, forkynte han eit sterkt bodskap om nestekjærleik. Skal me ta Jesus på alvor, kan me ikkje stilla oss likegyldige til lidinga i verda, same kva form lidinga måtte ha.

Relatert på bloggen: Flukta til Egypt der eg skriv meir om den koptiske tradisjonen.

Dette notatet blei først skrive i 2013. Eg har i 2019 bearbeidd det i samband med at bibelteksten om flukta til Egypt er preiketekst på romjulssøndagen i år.

Theophilus» openberring

Forteljingane om Jesu barndom handlar ikkje bare om fødselen i Betlehem. Det nye testamentet fortel også at Maria og Josef måtte flykta med barnet sitt frå kong Herodes sitt terrorregime (Matt 2,13-22). Flukta gjekk til Egypt, som for ein periode blei tilfluktsstad for den heilage familien. Blant dei koptiske (= egyptiske) kristne i dag er det framleis ein sterk tradisjon som tar utgangspunkt i denne bibelteksten. Dei er stolte av at Jesus kom til deira land og søkte tilflukt der. Eg har tidlegare skrive om dette i notatet Flukta til Egypt.

Det gamle koptiske skriftet Theophilus´ openberring (The Vision of Theophilus) er viktig i denne tradisjonen. Dette er ein homilie, ei preike, som blir knytt til patriarken Theophilus av Alexandria (384-412). Homilien skildrar ei openberring der Jomfru Maria gjev detaljert informasjon om flukta til Egypt. Ho skal ha vist seg for patriarken ein gong han var gjest på klosteret Dayr al-Muharraq, som ligg i Øvre Egypt på staden der den heilage familien, i følgje tradisjonen, oppheldt seg lengst og der dei mottok meldinga om at kong Herodes var død.

Det følgjande utdraget frå Theophilus´ openberring gir eit inntrykk av skriftet. I denne delen av homilien får me høyra Jomfru Maria si eiga skildring av flukta:

We reached afterwards a town called Eshmunain. When we approached the first gate through which we wished to enter the town, we found images of horses on all the four corners of the gate, looking towards the town. In that very hour they fell and were broken up. My beloved Son spoke to them and said to them: «You shall be a sign to this town and to its inhabitants for ever and ever.» And in that hour they became as He said.

Further, there was in that place a tree which worshipped below the traces of the steps of my Son, and cried saying: «Blessed be your coming, O Lord Jesus Christ, the true Son of God.» And my beloved Son spoke to it and said: «Let no worm be found in you for ever, but be you a remembrance to all of my entry today into this town.» And He touched it. It is the tree called Mukantah,  and it shall stand for ever. From it we entered the market of the town of Eshmunain and we saw that all its adults and children were amazed at my beloved Son and admired the glory which was dwelling in Him, and they spoke and said: «We have never met with another child like this.»

Vestlege forskarar meiner at Theophilus´ openberring er ein yngre homilie som er tillagt patriarken Theophilus ein gong i perioden mellom det 8. og det 12. hundreåret. Den koptiske kyrkja held derimot fast på at homilien kan førast tilbake til patriarken. Pave Shenouda III skreiv i samband med jubileet i år 2000:

The tortuous trails the followed in their passage across Sinai, and their subsequent travels within Egypt, are chronicled by Pope Theophilus, 23rd Patriarch of Alexandria (384-412 AD). He testifies, in his celebrated annals, that on the eve on the 6th of Hator (the Coptic month corresponding roughly with November), after long prayer, the Holy Virgin revealed herself to him and, after relating the details of the Holy Family’s jouney to, and from Egypt, instructed him to record what he had seen and heard.

It is a source which no Christian believer would question.

Draumar og openberringar har stor vekt i den koptisk kyrkja. Det at reiseruta er blitt kjent gjennom ei slik openberring, gjer at tradisjonen i koptisk tankegang truleg er mykje sikrare enn om ein måtte stola på munnleg overlevering frå dei som først møtte den heilage familien under flukta.

I følgje koptisk tankegang følgde den heilage familien ei fluktrute som hadde samanheng med kvar det var jødisk busetnad i det første hundreåret. Dei søkte altså tilflukt hos sine eigne. Dette til tross for at jødar ikkje har nokon sentral plass i tradisjonsstoffet, bortset frå at den eine av to røvar som ved fleire høve plaga familien, var jøde (!).

Ei historisk tilnærming til tradisjonen gjer det meir naturleg å tenkja at lokaliseringa av dei ulike stadane på reiseruta har vakse fram med utgangspunkt i stadar med kristen busetnad i tida då tradisjonen festna seg i koptisk kyrkjeliv.  Dei stadane som har vore knytt til den heilage familie si reiserute under flukta, har truleg vore stadar som har vore sentrale for dei koptiske kristne og som det har vore viktig å festa til tradisjonen om Jesu opphald i landet. Daterer me homilien til ca år 1000, er det naturleg å tenkja at skriftet gjenspeglar kva som var viktige stadar for den kristne befolkninga på denne tida. Dette kan også forklara det at skriftet ikkje legg reiseruta innom Alexandria, som var eit viktig jødisk sentrum i tida då Jesus blei født, men som ikkje hadde nokon kristen tyding omkring år 1000.

(Relatert stoff: Eyvind Skeie arbeider for tida med eit bokprosjekt som tar utgangspunkt i den koptiske tradisjonen om flukta til Egypt. Han skriv om dette i artikkelen Jul og påske i ett i Ropet fra øst 7/2009.)

Den heilage salven

Eg har tidlegare skrive om den heilage familie si flukt til Egypt. I kveld oppdaga eg ein artikkel av Eyvind Skeie på Norsk Misjon i Øst si nettside. Her skriv han om ein av dei mange legendene som blir fortalt om denne flukta:

Fortellingen om hvordan den hellige familie flykter til Egypt er helt grunnleggende for de kristne i Egypt. Det er ikke bare fordi Egypt var Jesu barndomsland, men også fordi flukten er et så viktig motiv for de egyptiske kristne. Flukt, farer og forfølgelse har vært deres daglige brød i mange hundre år.

Det finnes en rik tradisjon av fortellinger om hvordan Gud bevarer sine under flukten, slik Gud også gjorde med den hellige familie. En av disse fortellingene skal jeg arbeide med i løpet av neste år, i nært samarbeid med Mamma Maggie og hennes stab. Ung Kirkesang i Norge er også med.

Det handler om de to landeveisrøverne Dismas og Gestas, som … (les meir)