Turutstyr på Jesus trail

20/02/2017

Bilde #7 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 301

Kva slags turutstyr brukar me viss me skal gå fottur i Galilea? Det spørsmålet har eg fått frå folk som syns det ville vera fint å vera med på pilegrimsvandring på Jesus trail. Og koss er terrenget?

Terrenget på Jesus trail er stort sett veldig lett; mykje grusvegar og elles gode stiar. Dessverre også noko asfalt. Det er lett å finna fram; løypa er godt merka. Dette bildet er frå dag 2 på Jesus trail, mellom Kana og Kibbutz Lavi. Den fire dagar lange turen går gjennom landbruksområde og småbyar, skog, hei og fjell. Dei brattaste motbakkene er faktisk i gamlebyen i Nasaret, der me går oppover i trappar mellom gamal bebyggelse. Når me går oppom Arbelfjellet, er det ein bratt sti ned i Duedalen med fantastisk utsikt over Gennesaretsjøen.

Eg har gått mykje på fjellstøvlene mine, som på bildet her. Men etter at dette bildet blei tatt i 2012, har eg gått over til lettare midi-tursko. Det er også fullt mogleg å gå i gode joggesko, for terrenget er normalt heilt tørt bortsett frå om vinteren.

Eg likar å gå med stavar når eg går lengre turar. Men det er det jo dei færraste som gjer. Og om ein ikkje har gått med stavar på turar i Norge, er det neppe nokon grunn til å gjera det på Jesus trail.

Sjølv om det er varmt, bør ein ha med seg klær som dekker skuldrane og knea. Dette fordi me er innom heilage stadar for ulike religionar. Elles er dagstursekk, vatn, solbriller og noko å ha på hovudet viktig turutstyr. Altså ikkje noko spesielt i forhold til andre turar.

Tidlegare notat i serien med bilde frå Jesus trail:

  1. Klar for vandring i Galilea
  2. Morgonlys over Nasaret
  3. Kulturlandskap i Galilea
  4. Galileas Mona Lisa
  5. Kana i Galilea
  6. Bryllaupskyrkja i Kana

Pilegrim i Le Gers

03/06/2016

IMG_2919.jpg

Le Gers er eit landleg og tynt befolka distrikt i sørvest-Frankrike. Her er det mykje jordbruk. Inger og eg gjekk årets etappe av pilegrimsvegen til Santiago de Compostela ved pinsetider, og me brukte snaue seks dagar på å gå gjennom Departement du Gers, frå den vakre landsbyen St. Antoine til småbyen Barcelonne-du-Gers.

The Gers is often referred to as amongst the least densely populated, or most rural, areas in all of Western Europe. (Sitert frå Wikipedia 02.06.2016)

Me las ein stad at den lokale leiinga i Le Gers har lagt ekstra mykje arbeid i å laga gode stigar der pilegrimsruta GR65 følgjer større vegar. Det stemmer! Me har derfor gått relativt lite på asfalt desse dagane. Me sende mang ein venleg tanke til bøndene som har avsett jord til stigen, ofte inne i kanten av åkrar og eng, jfr det første bildet. Håper dei har fått kompensasjon for dette!

Me gjekk gjennom enorme område med vinranker. Her blir det mykje druer seinare i år. Det neste bildet viser litt av ein vingard, med eit gamalt steinkors som stod i vegkanten.

IMG_2987Mange av landsbyane og småbyane var herlege stadar der me gjerne kunne hatt meir tid. Som eksempel viser eg nokre bilde frå St. Antoine, ein flott idyll. Vegen inn i landsbyen gjekk gjennom ein gamal portal.

IMG_2904

Her i St. Antoine hadde me lang pause med den gode kombinasjonen kyrkjebesøk og kafebesøk. Me sikra oss påfyll og nye krefter med mat, kaffi, kald drikke og nokre pinsetankar frå Henrik Syse si bok Med andakt.

IMG_2905Rundt oss låg det gamle og flotte hus, som dette på det neste bildet.

IMG_2907Overnattingsstadane våre låg i landsbyar og småbyar som alle var mindre enn Bryne. Dei viktigaste småbyane var Lectoure, Condom, Eauze og Nogaro. Då me kom fram til Aire-sur-l´Adour der denne etappen av vandringa vår slutta, var me også så vidt komne ut av Le Gers.

Departement du Gers, eller Le Gers, er merka av på dette Frankrikekartet. Som du ser, nærmar me oss Pyreneane og Spania. Det er bare litt meir enn ei vekes vandring igjen. Den turen blir tidlegast neste år. Men eg har framleis meir å fortelja frå årets etappe på pilegrimsvegen. Det kjem derfor meir ein annan dag 🙂

 

Gers-Position.svg

Kart: Wikipedia


Pilegrim i Frankrike, pinsen 2016

17/05/2016

IMG_2942

Eg har kome heim frå ein ny etappe med pilegrimsvandring i Frankrike saman med Inger. Me har nå gått dei første 580 km av 1500 km på Vegen til Santiago de Compostella, – eller for å seia det på fransk: Le Chemin de Saint Jacques de Compostelle. Dette året gjekk me sju dagsetappar frå Moissac til Aire-sur-l`Adour, tilsaman ca 170 km. Neste år passerer me kanskje Pyreneane og dermed grensa til Spania.

Ein slik tur består av masse friluftsliv, god mat, kontakt med andre pilegrimar, besøk i opne kyrkjer langs vegen, mange kaffipausar, spennande vertshus og (meir eller mindre) kontakt med vertskapet der me overnatta. Det er ei herleg form for ferie!

Bildet er frå landsbyen Castet-Arrouy ca 10 km før Lectoure. Her var det sett fram kaffi til passerande pilegrimar utanfor eit Gîte (herberge). Skjellet som heng på veggen, er symbol på pilegrimsvegen til Santiago de Compostella.

Eg har skrive små dagboksnotat undervegs. Nokre av desse vil eg bruka som grunnlag for notat her på bloggen i tida som kjem. Eg syns eg har opplevd mykje som er verdt å ta vare på og å dela med andre.

Det har også blitt god tid til å lesa. Me hadde med oss kvar vår roman. I tillegg hadde me med oss Henrik Syse si bok Med andakt. Tekster for mot, håp og tro i hverdagen. Her skriv han nokre fine tekstar om pinsehøgtida. Han legg vekt på at pinsen handlar om Guds nærvær, og det både på gode og vonde dagar.

Ei pilegrimsvandring blir ofte samanlikna med livet sjølv. For på ein slik tur er naturleg nok nokre dagar lette og andre tyngre. Det har både med terrenget og med veret å gjera, og sjølvsagt med kor lange dagsetappar me har planlagt.

Eg er nå i ganske god form etter ei ulukke i august i fjor. Det er eg takknemleg og glad for. Det har derfor vore ekstra godt å kjenna på at eg kunne gjennomføra ein slik tur enda ein gong.


Kristen kultur i vegkanten

21/08/2013

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 4

Kors, mellom  Le Puy og  St ChristopheMe passerte utruleg mange kors i vegkanten på pilegrims-vandringa, og me såg på dette som eit konkret og fint uttrykk for gamal kristen kultur. Det var små og store kors, utført i stein, metall eller tre.

Me tok gjerne pause når me kom til desse korsa, i alle fall dei første dagane. Seinare blei me så vant med synet at me ikkje kunne stoppa kvar gong me passerte eit kors.

Eg tar med ein liten bildekavalkade med slike kors. Dei var absolutt med og sette sitt preg på turen.

Det første bildet viser eit av dei første korsa me passerte på veg ut frå Le Puy.

Det neste bildet viser eit kors som står like før landsbyen La Chaze som me passerte om morgonen då me var på veg opp til Aubrac-fjella.
Kors nær La Chaze utanfor Aumont-Aubrac

Det store trekorset på neste bilde stod på veg ned frå Aubrac-fjella. Dette var ein flott utsiktsplass, der me såg utover Lot-dalen. som me skulle ned i. Staden ligg ein snau times vandring etter landsbyen Aubrac.
Kors mellom Aubrac og Belvézet

Kors nær GolinhacI området rundt Golinhac var det spesielt mange kors. Det viste seg at det her var gjennomført eit spesielt prosjekt der gamle kors frå distriktet var flytta og plassert langs GR65, løypa som utgjer pilegrimsvegen.

Bildet til høgre viser eit av desse små korsa som stod meir eller mindre skjult i vegkanten. Me passerte det like før me kom til Golinhac.

Eg avsluttar notatet med eit bilde av korset på den flotte utsiktsplassen like etter landsbyen Faycelles, mellom Figeac og Gréalou. Her var det vid utsikt over Lot-dalen.

Eit herleg syn.

Pilegrim, Frankrike 702

Sjå andre notat frå turen:

1. Pilegrim i Frankrike

2. Startpunktet: Le Puy

3. Kaffi i bollar

4. Kristen kultur i vegkanten

5. Språk-muséet i Figeac


Startpunktet: Le Puy

27/07/2013

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 2

Katedralen i Le Puy-en-Velay

Det er tidleg morgon. Klokka er sju og me deltar på pilegrimsmessa i katedralen i Le Puy-en-Velay. 30-40 menneske er samla til gudsteneste med velsigning og utsending, mange av oss har allereie fått på oss turutstyret. Ryggsekken står ferdig pakka i benken ved sidan av meg.

Etter gudstenesta inviterer presten oss fram til Jakobsstatuen. Her presenterer me oss. Ei nonne noterer namn og heimstad for den enkelte pilegrimen, og kor langt me har planar om å gå.

Byen er eit pilegrimsmål i seg sjølv. Katolske kristne har kome hit frå gamal tid på grunn av den svarte madonnaen i katedralen. Eg har kome fordi byen er eit kjent utgangspunkt for vandringa mot Santiago de Compostela på GR65, den merka langdistanseløypa som fører pilegrimar og andre vandrarar i retning Pyreneane.

Oppdatering: Her er oversikt over det eg har skrive frå denne turen og frå seinare turar langs pilegrimsruta til Santiago: Vegen til Santiago de Compostela.

Me hadde ein heil dag i Le Puy før me starta vandringa. Det var me glade for. Det var mykje å sjå og godt å ha tid. Me gjekk i gamle bygater og fekk eit første inntrykk av den lokale kulturen. Me hadde tid til å “utforska” katedralen før me skulle delta på den tidlege pilegrimsmessa. Me var oppe på utsiktspunkta ved den store Mariaskulpturen og i det gamle Mikaelskapellet. Me var til og med innom eit antikvariat! Der hadde dei eit Norgeskart utgitt i Berlin midt på 1800-talet. Eg motstod såvidt freistinga. Det var ikkje tidspunktet for innkjøp som ikkje direkte kunne relaterast til turen eg skulle ut på.

Me var også innom det nye pilegrimssenteret Le Camino. Her er det bokhandel, pilegrimskafe og utstillingar i eit gamalt hus like ved katedralen. Ein del av utstillingsromma er ferdig renovert, og dette er verkeleg gjort med stil. Me fekk blant anna sjå ein flott “scenografi” over pilegrimsvegen frå Le Puy til Santiago. Senteret og utstillingane er opne på dagtid. På kveldstid har frivillige medarbeidarar med vandrarerfaring uformelle pilegrimstreff  (denne sesongen dagleg kl 1730-1930). Dessverre trefte me ingen medarbeidarar som snakka engelsk her, og språklege vanskar gjorde at me møtte opp då dei skulle stenga kl 1930! Me rakk likevel å få kontakt med ein pilegrim som også skulle ut på vandring dagen etter, og som me seinare hadde (litt) kontakt med.

Mikaelskapellet, Le PuyEg syns kanskje Mikaelskapellet (Chapelle St. Michel d’Aiguilhe) frå 900-talet var det mest fascinerande i Le Puy, både fordi det viser koss folk bygde på “umoglege” stadar for over 1000 år sidan, og fordi det historisk er knytt til den eldste kjente pilegrimsturen frå byen til Santiago de Compostela. Dessutan var fjellet kledd med ei utruleg fargeprakt som me ikkje kunne sjå før me kom heilt på nært hald.

Fargeprakt på Chapelle St. Michel d'Aiguilhe, Le Puy-en-Velay

Sjå andre notat frå turen:

1. Pilegrim i Frankrike

2. Startpunktet: Le Puy

3. Kaffi i bollar

4. Kristen kultur i vegkanten

5. Språk-muséet i Figeac


%d bloggarar likar dette: