Keisar Augustus sitt hus

25/09/2014

Keisar Augustus sitt palass på Palatinhøgda i Roma er nyleg opna etter fleire års restaureringsarbeid (september 2014).

Palatinhøgda er ein flott plass å vera. Stille og fredeleg, og likevel midt i byen. Og full av interessante arkeologiske utgravingar. Mange som er i Roma, går gjennom Forum Romanum og ser bare opp på Palatinhøgda. Eg vil absolutt anbefala å ta turen opp dit. Og nå er det altså mogleg å få med seg flotte freskoar i Augustus sitt palass, i tillegg til alt det andre!

ArtDaily skriv om saka:

Roman Emperor Augustus» frescoed rooms unveiled for first time after years of restoration More Information: http://artdaily.com/news/73014/Roman-Emperor-Augustus–frescoed-rooms-unveiled-for-first-time-after-years-of-restoration#.VCR63UsXA9G[/url] Copyright © artdaily.org

Advertisements

Caspari Center 9/2014

14/09/2014

Caspari Center i Jerusalem har lagt ut den norske utgåva av sitt nyheitsbrev for september 2014.

I hovudoppslaget «Korintere i dagens Israel» samanliknar Alec Goldberg på sjølvkritisk vis dei Jesustruande jødane i Israel i dag med korintarane på Paulus si tid. Eit lite utdrag frå artikkelen:

Kjenner du kristne som beundrer den tidlige kristne menighet og ser på den som det perfekte forbildet for oss? Jeg møter dem stadig, og jeg deler deres beundring og respekt. Jeg tror også at vi har mye å lære av de første Jesus-troende på mange måter. Men om det er et skrift som problematiserer denne beundringen, så er det 1. Korinterbrev. Som James D. G. Dunn sier, gir brevet ”et fascinerende bilde av menigheten, men et bilde som er langt fra den ideelle nytestamentlige menigheten som stadig påvirker manges tenkning om nytestamentlig kristendom”. Når brevet i dag blir lest i Jesus-troende menigheter i Israel, kan man ikke unngå å se mange paralleller.

Elles er det oppslag om tittelen Menneskesonen som Jesus brukte om seg sjølv og om jødisk nyttårsfeiring (på denne tida av året). Dessutan utdrag frå Media Review og oppfordring til forbønn.

Sjå også Caspari Center si heimeside: www.caspari.com


Dåpsstadane i Jordanelva

08/09/2014

Det er i dag to såkalla dåpssstadar i Jordanelva mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet; Yardenit og Qasr-al-Yahud. Den israelske avisa Haaretz har nyleg hatt ein interessant artikkel om stadane.

Baptism in the River Jordan
Ancient tradition meets modern ecology: Cleansing the soul, cleaning the water.

Eg har mest sans for Qasr-al-Yahud på Vestbreidda, nær Jeriko. Staden er, som Haaretz påpeiker, meir autentisk (geografisk) og mindre kommersialisert enn Yardenit. Avisartikkelen legg elles vekt på den dårlege kvaliteten på vatnet, – og ser fram mot ei tid med reinare vatn i elva. La oss håpa den tid vil koma!

Avisa skriv ut frå perspektivet at kristne pilegrimar i vår tid blir døypte i elva. Ja, dette blir praktisert av ein del kristne trussamfunn. Eg er redd mykje av dette er gjendåp, noko eg har lite sans for. For meg betyr det meir å sjå på elva som stad for Døyparen sin aktivitet og for Jesu dåp.

Relaterte notat:

(via BiblePlaces Blog)


%d bloggarar likar dette: