La meg vera rar!

30/07/2005

Det er herleg å møta folk som er seg sjølv, heilt og fullt. Nesten like bra er det å lesa om menneske som er slik. I dag las eg eit sommarintervju med den 93 år gamle filosofen Arne Næss. Denne mannen har fascinert meg frå eg var tenåring. Han var alt då ein gamal mann, og var ein av dei som støtta Erik Dammann sin aksjon Framtiden i våre hender som betydde mykje for meg. Og nå lar eg meg fascinera igjen. Den gamle mannen har noko å læra meg. "La meg være rar" var overskriften i dag! Og her er eit lite utdrag frå intervjuet:

– Hva er det beste rådet du har fått?
– Å si hva jeg mener, og ikke hva jeg synes jeg burde mene. Da blir man oppfattet som rar. Og det er ikke noe å skamme seg over, det å være rar.

– Og det verste?
– Du må ikke tro du er noe! Det vil si at du ikke må ha målsetninger som er uvanlige, men som du samtidig tror du greier å nå. Jeg tenkte jeg måtte motbevise det. Derfor ble jeg professor da jeg var 27 år gammel.

Du kan lesa heile intervjuet her.


Litt meir frå Solgården

26/07/2005

Sommaren 2005

solgården 2

Korfor er det så bra å vera på ferie på Solgården i Spania? Korfor trivst både barn, tenåringar og vaksne så godt der? Eg trur ikkje eg har nokon fasitsvar på dette. Men ein del tankar har eg jo. Sjølv om eg var der som leiar, hadde sjølvsagt eg òg glede av staden og miljøet, av fellesskapet og av turane rundt i distriktet, på same måte som dei andre som var der. Eg vil derfor skriva litt meir om ferien på Solgården før eg lar den gå over i historia og bloggen igjen kan bli prega av andre tema.

Sjølve staden er spesiell. Ein oase i eit elles brunsvidd landskap. Det er flott å bare vera på Solgården, anten ein vil liggja i sola, bada i bassenget eller finna ein stad i skuggen. Staden er eigentleg eit norsk ferie- og helsesenter. Om sommaren når Solgården har ferie, var heile anlegget i år leigd ut til Fokus Reiser som arrangerte ferieturar i kristen regi.

Gruppa som er på ferie der, blir som ein stor storfamilie. Me finn på ting saman eller kvar for oss. Me blir knytt saman i eit fellesskap og kan alltid ha nokon å vera saman med. Nye vennskap blir danna. Men det er òg muleg å vera for seg sjølv og bare slappa av i fred og ro. Siste dagen tok eg forresten dette biletet av ungdomane som hadde vore med på turen.

solgården 3

I løpet av tida på Solgården er det tilbod om ein del programsamlingar. Ikkje så mange, men nokre føremiddagar rett etter frukost, og nokre kveldar. Her er det forkynning, musikk og underhaldning. Det musikalske nivået er på topp. Og seint på kvelden er det daglege kveldsavslutningar i kyrkja som ligg i nærheten. For dei av oss som gjekk på desse kveldsavslutningane, var dette noko av det mest verdifulle: ein kveldstur i den mørke, varme natta og ein fredeleg andaktsstund i kyrkja.

Dessutan har eg reist på ein del turar rundt i distriktet. Eg har skrive eit par separate innlegg om dette (Altea og Sierra Bernia). Men eg kunne like gjerne ha skrive om andre småturar. For eksempel om turen til Algarfossen, der kjeldevatnet held 17 gr (ein forfriskande temperatur når luften er omkring 35 gr). Eller om turen til fjell-landsbyen/turiststaden Guadelest. Eller til grotta Cueva de las Calaveras. Det er mykje å sjå og oppleva på Costa Blanca!

Eg syns det er mange kvalitetar knytt til ferieturane til Solgården. Og derfor syns eg det har vore meiningsfullt å vera med på å arrangera desse turane.


Altea

23/07/2005

Bilde_006_1 Mens eg var på Solgården, var eg fleire kveldar på tur til kunstnarbyen Altea. Det er den gamle bydelen på ei høgde som har ei spesiell tiltrekkingskraft. Her er det ei spesiell stemning om kveldane. Det er mange gode restaurantar og mange små butikkar, spesielt med brukskunst, som held oppe langt ut på natta. På toppen av byen ligg ei stor kyrkje med nokre fantastiske blå kuplar på tårna, og rundt kyrkja er det ein plass med mykje liv. Eit par kveldar var eg der med gode venner og inntok herlege måltid på El Negro, med ein utruleg utsikt over Alteabukta. Ein kveld (eller rettare: natt) var eg der saman med ungdomane mine og eit par av deira venner og fekk forhandla oss fram til pizzaservering på kyrkjeplassen, etter at kjøkkenet eigentleg hadde stengt.

NattFoto: Eirik


Sierra Bernia

23/07/2005

Sierra_bernia Spania er meir enn herlege strender. Det er også eit land med mykje fjell. Faktisk er det i større grad eit fjell-land enn Norge! Eg har vore på fleire små fjellturar i Spania før, og denne gongen blei det med ein tur opp i Sierra Bernia, arrangert av sommarvikar-sjømannspresten Jan Høifødt. Han har tidlegare budd fleire år i området, og er lokalkjent. Me køyrde ein smal og svingete fjellveg opp i 800 meters høgde. Sikten blei dårlegare og dårlegare. Men då gjengen på ca 40 ungdomar og vaksne parkerte bilane, var stemninga god og alle var innstilt på å gå den planlagte turen. Me gjekk oppover på god sti, men i ein så bratt skråning at nokre av deltakarane med høgdeskrekk hadde mest lyst til å snu. Heldigvis fekk me med oss også desse forbi dei brattaste partia. Målet for turen var ei kjelde, nokre gamle ruinar etter ei borg og ikkje minst utsikten frå staden der desse ruinane ligg. Og då me kom til utsiktspunktet i 1000 meters høgde, der landskapet opnar seg og me ser langt mot sør og vest, letta faktisk tåken, akkurat som bestilt! Det var eit fantastisk syn. Me fekk god oversikt over byane som ligg nede på sletta ved kysten og over andre fjell i området.

FjellFoto: Eirik.


Heime igjen

21/07/2005

Heilt kort: Me er heime igjen. Fantastisk ferie. Kjekke folk. Mange opplevingar. Og på vegen heim med bil frå Gardermoen, fekk me med oss Ingers ankomst til Lindesnes. Det var stort! Då hadde ho sykla frå Nordkapp, mens Eirik, Pål og eg kom frå Spania. Og seint i natt var me alle heime igjen på Bryne. Eg kjem tilbake med litt meir reiseskildringar frå ferien i Spania.


Feriemodus

15/07/2005

Villajoyosa_photos_11 Må bare innsjå at bloggen min, i likhet med meg sjølv, har gått over i feriemodus. Men ein liten oppdatering er vel likevel på sin plass.

Veret er herleg her på Costa Blanca, etter ein kort periode med overskya ver og til og med noko regn for ei veke sidan. Det blir mange turar ned i byen Villajoyosa (biletet) som ligg like ved Solgården. Stranda i byen er framleis heilt førsteklasses. Og det er mange fine turmål for kortare eller lengre turar ut i området her. Det dreier seg om alt frå fottur i 1000 meters høgde i Sierra Bernia til det eg skal ut på i kveld, ein tur på byen i Altea, der det er eit yrande folkeliv på kveldstid.

Når eg skriv at eg har gått over i feriemodus, er det sjølvsagt bare ein del av sanninga. Eg er her som leiar på ein ferietur med 150 deltakarar og har sjølvsagt ansvar for mykje i den samanhengen. Men me er mange som delar på oppgåvene, og eg opplever verkeleg at eg nyter livet her. Det er flott å vera tilbake på Solgården og å oppleva det spesielle fellesskapet som blir skapt her i løpet av eit par ferieveker. Ja, me har det herleg!


%d bloggarar likar dette: