Dramatikk ved Anafora

Det koptiske senteret Anafora er til vanleg ein fredeleg stad. I helga opplevde også dei som bur og arbeider der, at uroen kom heilt inn på livet.

Det er sjølvsagt dei dramatiske hendingane i Kairo og andre byar som først og fremst får omtale i norske aviser i desse dagar. Det er naturleg, for her skjer det ein viktig kamp for folket sin fridom.

Eg tar likevel med ei lenke til eit oppslag om at uroen laurdag nådde Anafora, fordi eg er opptatt av dette kristne senteret og fordi den koptiske biskop Thomas her kjem til orde og kommenterer utviklinga.

Sjå også tidlegare omtale av Anafora her på bloggen.

Her er eit utdrag frå oppslaget i Vårt Land:

Truga kristen retreat-stad

Då fangane i egyptiske fengsel vart sleppte fri laurdag, vart også den koptiske retreat- og konferansestaden Anafora truga av fangar på rømmen. Frå eit fengsel like ved kom ei gruppe fangar mot Anafora.

– Vi samla det som var av arbeidarar for å vise styrke. Fangane gav opp og vart borte. Heldigvis vart det ikkje vald, og heldigvis vart ingen skadde, seier den koptiske biskopen Thomas til Vårt Land. Anafora som er bygt opp av biskop Thomas, ligg langs hovudvegen mellom Kairo og Alexandria.

Han er fortvilt over at det som starta som demonstrasjonar med krav om fridom i Egypt, med eit slag vart gjort om til anarki og kaos då fengselsportane over heile landet vart opna og fangane kunne rømme.

Les meir

Jesus stiller stormen

Notat til søndagens tekst: Matteus 8,23-27

Sjølv om Gennesaretsjøen ikkje er så stor, kan det raskt koma kraftig vind der. Eg har sjølv opplevd dette naturfenomenet utpå sjøen.

Matteus kjenner Markus si historie (Markus 4,35-41), men gjer den kortare og fokuserer på etterfølginga (v 23), sjå samanhengen han har plassert forteljinga i (v 18-22).

Teksten om då Jesus stilte stormen, handlar konkret om eit naturunder. Likevel har alltid kyrkja forstått det slik at teksten også har ei overført tyding. Kyrkja er eit skip. Jesus er ombord. Den som følgjer Jesus vil oppleva at det stormar i livet.  Jesus kan hjelpa. Disiplane var redde. Dei ropte: Herre, frels! Ei bøn som minnar om vår liturgiske bøn Kyrie eleison.

Jødisk bakgrunn for teksten: Både i GT og i andre jødiske tekstar er havet/sjøen symbol for kaosmaktene. Jesus viser her at han har makta over kaos/det vonde. Me finn den same symbolikken knytt til havet i Op 21,1 i omtalen av den nye himmel og den nye jord. Her står det at «havet var ikkje meir». Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje er vatn på den nyskapte jorda, men at kaosmaktene er borte.

(Til Markus-varianten av teksten; sjå notatet Evangelisten Markus).

Tunnel nær tempelhøgda

Arkeologar har grave ut ein gamal dreneringstunnel som bind saman Davidsbyen i Jerusalem med området ved tempelhøgda. Tunnelen er frå tida før år 70 e. Kr.

Haaretz skriv:

Digging completed on tunnel under Old City walls in East Jerusalem

(…) The tunnel, which was uncovered during excavations conducted over the past few months, was formerly used for drainage and dates back to the Second Temple. It links the City of David in Silwan with the Archaeological Park & Davidson Center, which is located near the Western Wall.

(Les meir)

Arbeidet med tunnelen har vore kjent i nokre år. Eg skreiv om den i 2007 i notatet Imponerande dreneringskanal. Desse utgravingane også har nær samanheng med funnet av den gamle pilegrimsvegen som gjekk opp frå Siloadammen til tempelhøgda (her).

BiblePlaces Blog skriv også om samanhengen mellom pilegrimsvegen og dreneringstunnelen.

(via PaleoJudaica)

Lite fisk i Gennesaretsjøen

Det er lite fisk i Gennesaretsjøen (Lake Kinneret) for tida.

I 1999 blei det fanga 2.144 tonn fisk.

I 2009 blei det bare fanga 157 tonn.

Biletet viser fiskarar i arbeid i 2006.

Jerusalem Post skriv nå: «Kinneret could become a fish-free lake».

I følgje avisa er grunnen at det har kome rekordlite regn. Årsaksforholda er vel truleg meir samansette enn som så.

(via BiblePlaces Blog)

Sjå også tidlegare notat om krisen i fisket her.

Mosaikken frå Lod

I 1996 blei det funne nokre flotte romerske mosaikkbilete i Lod nær Tel Aviv. I desse dagar skal noko av dette visast fram på utstillingar i USA, og kritikaren James Gardner skriv i den samanheng om mosaikken frå Lod i The Wall Street Journal.

Lod er kjent frå bibelsk tid. I Apg 9,32-35 blir det fortalt om at Peter gjorde eit under her og at dette førte til at folket i byen vende om til Herren. Dette var før byen blei øydelagt i år 66 under Den jødiske krigen. Dei omtalte mosaikkfunna er frå ei seinare tid, ca år 300.

Her er eit utdrag frå artikkelen i The Wall Street Journal:

A Dining Room’s Feast for the Eyes

In 1996 a highway was being constructed in Lod, a town 10 miles southeast of Tel Aviv, when, as so often happens in those parts, the workers came upon an ancient and heretofore unknown archaeological site. Naturally all work stopped at once, a bevy of specialists, led by Dr. Miriam Avissar, was called in and, a few months later, a wonder was announced to the world.

The most conspicuous component of the excavations was a merchant’s house from about A.D. 300. Discovered therein was the nearly intact mosaic floor of a dining room.

(…)

Anciently known as Lydda, Lod was destroyed by Roman soldiers during the Jewish Wars in A.D. 66. Refounded by the emperor Hadrian as Diospolis some 60 years later, it fell to Muslim invaders in A.D. 636. Probably we will never know anything about the owner of the house in Lod. Whether he was a Roman or a native of Roman- occupied Judaea is unclear. It is equally uncertain whether he was Christian, Jewish or pagan. What is evident is that, at a time when Christianity was becoming the dominant creed of the Roman Empire, there is nothing visibly religious about the recently unearthed floor.

(les meir)

(via PaleoJudaica)

Vatn og vin; bryllaupet i Kana

Notat til søndagens tekst: Joh 2,1-11

Historia om at Jesus gjorde vatn til vin, er ei forteljing som skil seg ut i NT. Dette var i følgje Johannesevangeliet det første teiknet han gjorde og han «openberra sin herlegdom» gjennom dette. Forteljinga er preiketekst i kyrkjene denne helga.

Oppdatering 2012: Omsider har eg vore i Kana! Les her om besøket i Kana sommaren 2012 då eg gjekk The Jesus trail: Å koma til Kana.

Her på bloggen kan du finna tidlegare notat relatert til teksten:

  • Frå vatn til vin. Ei preike over teksten der eg brukar mykje stoff frå den danske diktarpresten Kaj Munk. Preika inneheld blant anna noko om kva det vil seia at underet er eit teikn.
  • Bryllaupet i Kana. Eit notat der eg blant anna skriv om uttrykket den tredje dag og stiller spørsmålet om kven som kan ha vore brud og brudgom.
  • Kana i Galilea. Eit notat der eg refererer til arkeologiske funn som viser at byen Kana har røter tilbake til kong Salomo si tid på 900-talet f. Kr.

Rubljov: Treeininga

Ikonet Den heilage treeininga frå ca 1410 fascinerer også i vår tid. Det er 650 år sidan kunstnaren Andrej Rubljov blei født. Jubileet har ført til fornya fokus på kunsten hans. Eg les for tida ei ny, norsk bok om dette ikonet. Morgenbladet skriv denne veka (papirutgåva 7.-13. januar 2011) om Rubljov: Ikonmaleren som samlet Russland. Stipendiat Caroline Serck-Hanssen (kunsthistorie, UiB) fortel til avisa om korleis ho opplevde å sjå originalen på Tretjakovgalleriet i Moskva:

Den største opplevelsen var at – wow – det er så stort! Mye større enn jeg hadde forestilt meg etter å ha sett avbildninger og kopier. Det andre er at det nærmest lyser av seg selv. Det har en lysintensitet som ingen reproduksjon kan få frem, og virker helt overnaturlig, som om det kommer lys innenfra og ut, sier hun.

Boka eg les er Kjærlighetens hus av biskop Halvor Nordhaug (Verbum 2010). Boka handlar om Rubljov sitt ikon. Nordhaug blir også intervjua av Morgenbladet. På spørsmål om korfor han har skrive bok om biletet, svarar han:

Fordi treenigheten er det sentrale i den kristne tro. Og fordi ikonet til Rubljov gir en vakker, emosjonelt bevegende og intellektuelt innholdsmettet fremstilling av hva det vi [sic!] si å tro på en Gud i tre personer, sier Nordhaug.

Den bibelske bakgrunnen for biletet er forteljinga i 1. Mosebok 18 om då Abraham og Sara fekk besøk av Herren, på ein merkeleg måte omtalt som tre menn (eller englar?):

Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøra midt på heitaste dagen.  Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda og sa: «Herre, dersom du har god vilje for meg, så gjer vel og sjå innom til tenaren din! Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet! Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger – sidan de no har lagt vegen om tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!» (1. Mos 18,1-5).

Nordhaug skriv litt om denne forteljinga før han går inn i ulike detaljar i ikonet:

Her er det påfallende at Abraham tiltaler de tre mennene som «Herre». En av dem er altså «Herren». Eller er «Herren» alle tre, siden de nærmest svarer Abraham i kor? Senere i fortellingen leser vi at en av dem fører ordet, og at denne mannen kalles «Herren», mens de to andre beskrives som engler. Her synes det å være noe som ikke helt går opp. (Nordhaug: Kjærlighetens hus, s. 6f).

Eg anbefaler med dette både Nordhaug si bok, Morgenbladet sin artikkel og ikkje minst forteljinga i 1. Mosebok.

Og la deg gjerne bli inspirert til gjestfridom av denne teksten! Sjå kva som står i Hebrearbrevet:

Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. (Hebr 13,2)

Oppdatert 26.05.2018

Luthersk Kirketidende

Frå i dag (11.01.2011) har Luthersk Kirketidende fått eigne nettsider. Bladet presenterer seg slik:

Velkommen til Luthersk Kirketidende
Luthersk Kirketidende er Norges eldste og største fagblad for prester og teologer i Den norske Kirke.

(…) På nettsidene kan du lese bladets lederartikler. Andre artikler, debattinnlegg, tekstgjennomgåelser, stillingsutlysninger m.m. får du som abonnent på papirutgaven.

Sjå også Innhald 2010.

The American Colony II

… the history of the American Colony, a non-denominational utopian Christian community founded by a small group of American expatriates in Ottoman Palestine in 1881.

Les tidlegare notat om The American Colony her, blant anna om at stiftaren Anna Spafford faktisk var født i Stavanger, at denne historia er utgangspunkt for Selma Lagerlöfs roman Jerusalem og at staden i dag blir driven som hotell (i Aust-Jerusalem).

Delar av samlingane etter The American Colony er nå lagt ut på nettet:

The American Colony in Jerusalem 1870-2006

This presentation features selected documents from the American Colony in Jerusalem Collection. The full collection in the Manuscript Division of the Library of Congress represents well over 10,000 items stemming from the history of the American Colony, a non-denominational utopian Christian community founded by a small group of American expatriates in Ottoman Palestine in 1881.

The physical collection focuses on the personal and business life of the colony from the waning years of the Ottoman Empire, through World War I and the British Mandate, and into the formation of the state of Israel. It includes draft manuscripts, letters, postcards, telegrams, diaries or journals, scrapbooks, printed materials, photographs, hand-drawn maps and ephemera. Most collection items are in English, with some material in Arabic, Hebrew, Turkish, and Swedish.

Items in the collection begin in 1786 and date to 2006. The bulk of the materials date from 1870 to 1968. Included are items related to the leadership of the colony by members of the Spafford, Vester, and Whiting families. There is information as well pertaining to the colony’s Swedish members and other residents, as well as neighbors, friends, diplomats, dignitaries, associates in Jerusalem and sponsors in the United States.

Documented are the colony’s business, educational, and philanthropic enterprises, including the American Colony Photo Department, the Vester and Co.–American Colony Store, the American Colony Nurses, the American Colony School of Handicrafts, the Christian Herald Orphanage, and the Spafford Baby Home. American Colony leader Bertha Vester’s diaries, written from home in Palestine and during trips to the United States between 1922 and her death in 1968, record personal life in the Vester family, internal politics of the American Colony, and Vester’s first-hand views of Turkish, Arab, Jewish, and British colonial society and modern world events.

The materials in the collection were initially retained by Bertha Vester in connection with her writing of the memoir Our Jerusalem, and later by her daughter-in-law Valentine Vester and others at the American Colony Hotel. The collection is a gift to the Library of Congress from the board of directors of the American Colony of Jerusalem, Ltd., which is made up primarily of descendants of the early colonists.

(via BiblePlaces Blog)

Jesu dåp i Jordanelva

Notat til søndagens tekst: Matt 3,13-17 / Mark 1,3-11

Jesus blei døypt i Jordanelva av Døyparen Johannes.

Men kvar skjedde det? Det er i det minste tre ulike stadar som blir rekna som Jesu dåpsstad.

Eg har tidlegare skrive om Betania på andre sida av Jordan (i Jordan).

Eg har ikkje nemnt Yardenit (biletet), etter mitt skjøn ein relativt uinteressant stad som ligg på den israelske sida like sør for Gennesaretsjøen.

Om kort tid opnar ein tredje dåpsstad; Kasr al-Yehud

i nærleiken av Jeriko. Dette kan fort bli den staden som får mest merksemd:

Kasr al-Yehud, the probable site where John the Baptist baptized his cousin Jesus of Nazareth, will be opened to the public with a special ceremony on January 18 after 42 years as a closed military zone which pilgrims could only visit after coordinating with the Civil Administration for Judea and Samaria.

The site is located in the Jordan Valley in the West Bank, but starting on the 18th it will be operated by the jurisdiction of the Israel’s Nature and Parks Authority, after Israeli authorities invested millions of shekels to build facilities there to handle a large number of tourists.

The 18th is significant because it is the traditional day when Greek and Russian Orthodox Christians make an annual pilgrimage to the site to celebrate the Feast of the Epiphany.

Vice Premier Silvan Shalom, who was instrumental in the project, said he hoped Kasr al-Yehud would become a symbol for cooperation among Israel, Jordan and the Palestinian Authority, as it would be a major attraction for tourists who would also want to visit other Biblical sites in the area.

(frå ECEJ News, via BiblePlaces Blog)

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. NT gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Alle dei tre lokaliseringane er innanfor dette området.

Sjå også notatet Jordanelva som symbol.

Teksten

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Jesu dåp peiker fram mot Jesu død og oppstode til frelse for alle folkeslag. Vår kristne dåp byggjer på Jesu død og oppstode. Jesu dåp er ei grunnleggjande hending ved starten av Jesu offentlege virke. Han opplevde sjølv at dette ”måtte” skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til hans frelsargjerning.

Den Heilage Ande kom konkret over Jesus og Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Truleg bare Jesus og Johannes. Andre som eventuelt var til stades, såg truleg bare dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde truleg ikkje Guds røyst.

Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

Netzer om Herodes» grav

Herodes den store døydde i år 4 f. Kr. og blei gravlagt på Herodion. Grava blei først funnen i 2007 (her).

Arkeologen bak dette funnet, Ehud Netzer, døydde dessverre etter ei fallulukke på Herodion i oktober 2010 (her).

Nå har eit nytt nummer av Biblical Archaeology Review (januar/februar 2011) kome bl a med ein artikkel der Netzer fortel om Herodion og grava.

In Search of Herod’s Tomb

During the 38 years since I began working at Herodium, Herod’s luxurious desert retreat, this architectural masterpiece has yielded many treasures, but none more exciting than the 2007 discovery of Herod’s elusive tomb. Some still question this identification, but more recent discoveries confirm my initial conclusion. Today, I have no doubt of it.

Les meir

Kultursenter i Gamlebyen

Old City Ottoman barracks reinvented as cultural center – Haaretz Daily Newspaper | Israel News.

(…) Over the past 40 years, the Ottoman-built mid-19th-century Kishle compound in the Old City of Jerusalem has been closed to visitors.

The impressive 450-meter arched structure, which includes a former prison, contains artifacts from nearly every period in Jerusalem’s history, from Herod to the Crusaders to the Jordanians. (…)

(via Ritmeyer Archaeological Design)

Samaritanane i dag

Ordet samaritan er relativt godt kjent. Men det er ikkje mange som kjenner denne folkegruppa i dag. Derfor er det bra at BBC skriv om dei. Det er visstnok ikkje meir enn ca 700 samaritanar igjen i vår tid.

Først litt om samaritanane i NT. Bakgrunnen var blant anna at samaritanane hadde si eiga gudsdyrking med utgangspunkt i Mosebøkene, men ikkje resten av GT. Dei hadde ca 300 f.Kr. bygd sitt eige tempel på Garisimfjellet, men dette var øydelagt av jødane ca 128 f.Kr. Særleg evangelisten Johannes viser korleis denne motsetninga kom til uttrykk på Jesu tid. Han skriv om Jesu møte med den samaritanske kvinna (Joh 4,1 ff) og her er den religiøse motsetninga bakteppe for samtalen. Og i Joh 8,48 kallar Jesu motstandarar han for ein samaritan!

Evangelisten Lukas har ei anna vinkling. Han viser at Jesus på oppsiktsvekkjande vis omtalte folkegruppa positivt; Jesus fortalde ei eksempelforteljing om ein miskunnsam samaritan (Luk 10,30-35) og han framheva møtet med ein takksam samaritan (Luk 17,11-19). Og då Lukas skreiv Apostelgjerningane, la han vekt på at innbyggjarane i Samaria tidleg tok imot den kristne trua (Apg 8), i tida etter steininga av Stefanus ca år 33.

Men tilbake til den samaritanske folkegruppa i dag. Her er eit utdrag frå BBC:

The modern trials of the ancient Samaritans

(…) Mr Cohen is a priest from the ancient religious sect of the Samaritans. He lives on Mount Gerizim in the West Bank. It is the Samaritans» holiest place, where their temple once stood and where they say Abraham came to sacrifice Isaac.

In the fifth century, there were more than a million Samaritans. Now, after years of persecution and forced conversions, there are just over 700 of them left.

They say they are the descendants of the ancient Israelites and they celebrate many of the same festivals as Jews – for example Sukkot, when they commemorate the 40 years that the Israelites spent in the desert.

The Samaritans split from Judaism around 2,000 years ago, but because they speak ancient Hebrew and pray in synagogues, they are often mistaken for Jews.

For those Samaritans living in the West Bank, this can be problematic. «The Palestinians know we live with Arabic people, but inside their mind, they think we’re Jewish,» Mr Cohen says. «And because we also speak Arabic, the Jewish people think we’re Arab.»

«So we have a big problem – we’re between two fires.»

(…)

«The good Samaritan story is about a Samaritan who is caring for someone not of their own religion,» she says.

«And although the title has been used by so many organisations, the people themselves are unknown.»

(les meir)

(via PaleoJudaica)

Koptisk frykt etter nyttår

– og ei oppfordring til forbøn for den koptiske kyrkja

Den kristne minoriteten i Egypt lever i frykt. Terroren nyttårsaftan har gjort situasjonen deira enda verre. Den koptiske kyrkja feirar jul 6. januar, og dei kristne er nå svært usikre på korleis feiringa vil bli.

Biskop Thomas, som eg fleire gonger tidlegare har nemnt her på bloggen (her), meiner at dei kristne er sterke og at dei til tross for den vanskelege situasjonen, vil møta fram på gudstenestene i julehøgtida. Han fortel at kyrkjene er beskytta av politi, men at dei kristne likevel er svært usikre på kva som kan skje.

Vårt Land skriv:

Biskop Thomas i den koptiske kirken i Egypt sier mange koptere frykter nye voldsangrep mot kristne i landet under den ortodokse julefeiringen som starter torsdag 6. januar om kvelden.

– Mange er redde for at noe skal skje. Vi ber om at det ikke skjer noe, sier Thomas til Vårt Land på telefon fra sitt bispedømme i ElQussia i det sørlige Egypt.

Rundt alle kirker, også i hans bispedømme, og ved hans retreat- og konferansested Anafora midt mellom Kairo og Aleksandria, er det politi som beskytter etter terroren i Aleksandria nyttårsdag. 21 mennesker ble drept.

Les meir

Det er sjølvsagt flott at det egyptiske politiet vil beskytta dei kristne i landet mot terror. Dei kristne demonstrantane hevdar på si side at politiet sin innsats skulle vore mykje større i denne situasjonen.

Det er likevel viktig å peika på at dette ikkje er ein situasjon som kan løysast med meir politi. Aftenbladet skreiv om dette på leiarplass i går og avslutta slik:

Problemet kan ikkje løysast med politi og militærmakt, men med ein kraftfull innsats for å løysa problema som gjer kristne og andre til syndebukkar. Og det hastar. (Stavanger Aftenblad, papirutgåva 03.01.2011)

I dag har norske kyrkjeleiarar saman gått ut og oppfordra til forbøn for situasjonen i Egypt:

Etter terroraksjonen ved Al Qiddissin-kirken i Alexandria nyttårsaften, der mer enn 20 kirkegjengere mistet livet og mange flere ble hardt skadd, kjenner vi på forferdelse og vantro over det grusomme som har skjedd. Vi oppfordrer alle menigheter i Norge til å be for våre kristne søsken i Egypt som torsdag 6. januar starter sin julefeiring.

Førstkommende søndag vil vi be for de pårørende og familiene til dem som er rammet av denne tragedien. Be også om beskyttelse og trosfrihet for de kristne i Egypt, og om at ekstremister ikke skal få ødelegge for fredelig sameksistens mellom kristne og muslimer.

Les meir

Om guder og mennesker

… munkene i vår film viser at religion kan skape fred i like stor grad som konflikt. Hvis vi kan plante det i hodene til folk – at de alltid må holde håpet levende og dialogen gående – da er jeg fornøyd. 

Det er manusforfattar Etienne Comar som seier dette, om filmen Om guder og mennesker (her).

Eg har nå sett filmen. Det var ei flott oppleving. Ein seriøs og sterk film om tvil og tru hos kristne som kjem opp i ein pressa situasjon.

Filmen viser også at eit respektfullt fellesskap mellom muslimar og kristne er mogleg. Me blir minna om at islam som religion og islamisme som ideologi ikkje er det same.

Her er eit utdrag frå distributøren sin omtale:

Munkenes trygge tilværelse mellom klosterets tykke murer trues av fundamentalister, som ikke er nådige mot folk med feil tro. De lokale myndighetene ber munkene reise hjem til Frankrike. Munkene tviler og diskuterer, men velger å bli. Trofaste mot sitt kall og sine oppgaver i lokalsamfunnet. OM GUDER OG MENNESKER er en stillferdig, men intens film om å beholde troen på det gode, selv om det onde synes å ta overhånd. (Les meir)

Omtalen er god, bortsett frå at eg ikkje syns omgrepet «klosterets tykke murer» passa særleg godt i denne samanhengen. Munkane i filmen budde ikkje bak tjukke murar, verken i bokstavleg eller overført tyding. Dei hadde nær kontakt med folket utanfor murane, og portane inn til klosteret var ikkje særleg avskrekkande for ubudne gjestar.

Omtalen gir også bakgrunnsstoff om cisterciensarane.

Anno Domini 2011

Eg ønskjer alle lesarane av bloggen eit godt nytt år!

Uttrykket Anno Domini – Herrens år – minnar oss om kven som er utgangspunktet for tidsrekninga vår.

Me kan ta preiketeksten for nyttårsaftan med oss inn i det nye året:

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. (Jer 29,11)