Liturgisk skattejakt

28/01/2008

Heidi er denne veka så raus at ho tar oss inn i den liturgiske verkstaden sin:

Men nå sit eg nå her og leiker meg med å formulera nye bøner. Det er
ei stor utfordring å bevara formen og samtidig utfordra formen. Det er
reine skattejakta å prøva å finna formuleringar som er gode, og som har
spenst, samtidig som dei skal vera slitesterke nok til å kunna brukast
over tid. Dei skal vera så personlege at dei kjennest personlege, og
samtidig så allmenne at folk kan leggja sitt eige liv og sine eigne
erfaringar inn i dei.

Dei må heller ikkje vera så runde at dei ikkje lenger utfordrar oss, språket og trua vår.

So help me God… (les meir)

Advertisements

Turen til Egypt

20/01/2008

Eg har i dag (21.01.2008) sett gjennom bileta mine frå studieturen til Egypt. Eg sit igjen med mange gode minne og nokre gode bilete. Eg vil nå prøva å gje ei oversikt over noko av det eg har opplevd.

Turen 1Programmet dei første dagane var knytt til det gamle Egypt. Og her kjem verkeleg ordet gamal til sin fulle rett. Det dreier seg om 5000 års kulturhistorie! Her er ei slik mengde med arkeologiske utgravingar at det i denne samanhengen sjølvsagt bare blei snakk om ei innføring i stoffet.

Dette er historie eg har høyrt om sidan eg var liten, og det var rett og slett ei utruleg flott oppleving å koma dit og få sjå nokre av funna og bygningane.  Me besøkte gamle graver med fantastiske relieff frå dagleglivet, imponerande pyramidar i Sakkara og Giza og sjølvsagt den spesielle Sfinxen (biletet). Dessutan hadde me omvisning på det egyptiske museet med vekt på funna frå Tut-ankh-Amon si grav.

Turen 2Dei neste dagane var knytt til det muslimske Egypt. Kairo er byen med 1000 moskear og med ein svært sentral posisjon i den islamske verda i dag. Gjennom forelesingar, byvandringar og moskebesøk lærte me om den muslimske historia i Egypt, om muslimsk arkitektur og om ulike mosketypar. Biletet er frå Sultan Hasan-moskeen.

Dessutan møtte me dagens islam f eks gjennom besøk og samtale i Al-Azharmoskeen som blir rekna som det viktigaste teologiske senteret for sunnimuslimane. Ei oppvisning med intens sufidans stod forresten også på programmet!

Hovudinnhaldet i turen var likevel å bli kjent med det kristne Egypt. Det er ca 10 % kristne i landet. Dei fleste høyrer til den koptisk-ortodokse kyrkja (koptisk = egyptisk), mens ein mindre del høyrer til forskjellige katolske eller evangeliske kyrkjesamfunn.

Turen 3Dette blei verkeleg eit inspirerande møte med eit livskraftig kyrkjeliv, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Det historiske blei ivaretatt gjennom besøk i fleire gamle kyrkjer og stadar med stor tyding for den lokale kristne tradisjonen. Dei som kjenner meg, veit at eg syns dette er svært interessant. Biletet viser fasaden i Mu’allaqa-kyrkja, kanskje den viktigaste av dei historiske kyrkjene i Kairo.

Me fekk også eit glimt inn i noko som gjorde uutsletteleg inntrykk; livet i Søppelbyen der fattige menneske bokstavleg talt lever og arbeider i søppelet. Mange av desse er kristne, og me fekk høyra om arbeidet som blir drive for dette folket i dei spesielle Holekyrkjene i området.

På flyet heim sat eg og tenkte på det eg hadde høyrt om søndagsskulerørsla som gjennom det 20. hundreåret har fornya den koptiske kyrkja radikalt. Plutseleg såg eg ein inspirerande parallell til vår trusopplæringsreform! Søndagsskulane deira har verkeleg nådd ut til breidda av den kristne befolkninga, i alle aldrar. I dag sit det barn av søndagsskulen i alle dei leiande stillingane i kyrkja. Og sjølv om dei er svartkledde og gamle, er dei framleis opptatt av barn og unge sin plass i kyrkjelivet! Ein biskop me besøkte, biskop Youannes, sa det slik: «Ei kyrkje utan ungdom er ei kyrkje utan håp. Ein ungdom utan kyrkje er ein ungdom utan håp.»

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest for meg når eg nå ser tilbake på turen.  Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft. Me får besøk av han i Stavanger bispedøme i september 2008. Det gleder eg meg til.

Oppdatering: Interessa for Egypt etter denne studieturen har ført til nokre notat her på bloggen. Sjå kategorien Egypt.


Heim frå Egypt

19/01/2008

Eg har i dag kome tilbake frå Egypt. Har deltatt på ein tur som gav enda meir inspirasjon og ny kunnskap enn eg hadde drøymt om på førehand! Eg satsar på å koma tilbake med meir stoff frå turen etter kvart, sjølv om eg dei næraste vekene vil ha mest fokus på rydding, pakking, oppussing og flytting til ny bustad her på Bryne.


Studietur til Egypt

12/01/2008

Eg er paa studietur i Egypt, og er innom ein pc ein liten stund.  Opplever utruleg mykje spennande. Laerar baade om faraonisk religion, islam og det kristne Egypt, med vekt paa det siste. Det blir nok lite aktivitet her paa bloggen den naeraste veka. Men eg reknar med aa koma heim med mange inntrykk. Kanskje det ogsaa vil prega bloggen ei tid framover?


Jesus-debatt i Dagbladet

09/01/2008

Dagbladet har for tida ein debatt om kven Jesus var og kva kjelder me har om den historiske Jesus.

Det heile begynte før jul med ein artikkel om tolkinga av Judasevangeliet. Artikkelen var skriven av Astrid Meland, leiaren for Magasinet (Dagbladet) på nettet. Seinare har fagfolka Einar Thomassen og Torleif Elgvin debattert med kvarandre. Det er ikkje kvardagsleg kost å finna slikt stoff i denne avisa.

Elgvin skriv blant anna i det siste innlegget frå denne veka:

For historikeren Thomassen blir mesteparten av det evangeliene
forteller om Jesu liv sekundært, legendarisk og uinteressant.

Han skreller bort avsnittene om helbredelser og undere, beretninger om
møter med den oppstandne og fortellinger om Jesu fødsel og barndom. Det
blir lite igjen av Jesu liv og virke.

Thomassens reduksjonisme ser ut til å plassere ham blant en gruppe
forskere som bruker Thomasevangeliet og Q-kilden til å rekonstruere
autentiske Jesus-ord (Q-kilden er det stoffet Lukas og Matteus har
felles men som mangler hos Markus som de også bruker som kilde).

De tviler på at den tidligste Jesus-tradisjonen brød seg om Jesu liv –
man tenkte kun på Jesus som en vis lærer.

For de fleste evangelieforskere er Jesus mer enn en vis lærer. De
kommer ikke utenom Jesus-ord som avslører en spesiell selvbevissthet:
Jesus profilerer seg som en profet med et unikt gudsforhold som står i
en særlig posisjon til å formidle Guds nærvær til menneskene.

(…)

Lesere som er interessert i gode diskusjoner av evangelienes Jesus-tradisjon på norsk kan gå til Skarsaune og Sandnes» Mannen som ble Messias samt Joseph Ratzingers (nå pave Benedikt XVI) Jesus fra Nasaret.

Pavens ferske bok om Jesus vil forstå ham ut fra Det gamle testamente og Jesu jødiske samtid. Dødehavsrullene og andre skrifter har utvidet vårt kjennskap til det jødiske miljø i Judea i det første århundre.

Og det er dette miljøet som gir den primære bakgrunn for å forstå profeten fra Nasaret og evangelienes fortellinger, ikke gnostisk-pregede evangelier fra annet til fjerde århundre. (les meir)

Vårt Land spør i dag Astrid Meland i Dagbladet om bakgrunnen for debatten:

– Hvorfor åpne spaltene for Jesus-debatt?

– Jeg kan bare svare for min egen del. Jeg skrev artikkelen ut fra egen
interesse for temaet. Men jeg vet jo at mange lesere er interessert i
alt som har med historien om Jesus å gjøre, sier leder for Magasinet på
nett, Astrid Meland. (les meir)

 

 


Kirkenorge.no

08/01/2008

Logo_kirkenorge_1
Nettsida Kirkenorge.no blei presentert i Vårt Land (papirutgåva) i går. Det er kapellan Trond Laksaa i Narvik som står bak prosjektet. Eg har nå vore innom nettstaden for første gong. Sida presenterer seg sjølv slik:

Kirkenorge.no er en ressursside for alle. Her finner du blant annet bilder av kirker, prekener og andre taler, bokanmeldelser, konfirmantopplegg, omtale av menighetsblad, liturgier med mer. I tillegg finner du linker til alle norske menigheter som har egne nettsider.

Ein sjekk på kva kirkenorge.no skriv om mi eiga kyrkjelyd her på Bryne, fortel meg at sida truleg framleis er under oppbygging. Omtalen av Bryne kyrkje er kort. Det er ikkje bilete av kyrkja. Kyrkjelydsbladet vårt, Helgedagen, er ikkje vurdert. Men det er ein link til heimesida vår (som rett nok i si nye form også er ufullstendig!).

Sjølv om dei lokale opplysningane er mangelfulle (kanskje eg burde hjelpa til med å senda noko inn?), ser eg at det her er lagt planar for noko som kan bli veldig bra. Info om kyrkjer kan vera interessant, men dette krev nok meir innhald før det triggar meg. Liturgiar finn eg like godt på kirken.no. Eg syns likevel det er flott med alle som tar jobben med å samla kyrkjeleg stoff på nettet. Ikkje minst treng me gode samlingar med ressursmateriale for forkynning og undervisning i ein norsk samanheng. Eg kjem heilt sikker tilbake.


Kristi openberringsdag

06/01/2008

Den første søndagen i det nye året heiter Kristi openberringsdag og den har fokus på Jesu universelle tyding. Dagen har på ein spesiell måte blitt misjonssøndagen i Den norske kyrkja. Teksten for dagen er kort:

Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» (Joh 8,12)

Uavhengig av at det er Kristi openberringsdag, er også dagen spesiell sidan det er 6. januar. Dei ortodokse kristne nyttar ein annan kalender og feirer i dag julaftan (les meir). Hos oss er trettande dag jul tradisjonelt dagen for å rydda etter jul. Så langt har ikkje eg kome denne helga!


%d bloggarar likar dette: