Kanaan-hunden

Den hunderasen som er omtalt i Bibelen, finst framleis. Den har namnet Kanaan-hunden. Aftenposten skreiv i går om desse hundane i artikkelen Brudulje om bibelske bikkjer. Avisa har henta stoffet frå The Washington Post.

Her er nokre avsnitt frå Aftenposten:

Spisse ører og mandelformede, brune øyne. Beige eller svart-og-hvit pels og en hale som krøller seg oppover.

For mange i Israel er dette beskrivelsen av en løshund som lever av søppel. For en liten gruppe entusiaster er det en kulturskatt som bør bevares.

Det er den bibelske hund, en av de eldste kjente pariaraser.

Når de snakker om hunder i Bibelen, var det disse, sier Myrna Shiboleth, som har gjort mer enn noen for å redde rasen som formelt går under navnet Kanaan-hunden.

(…)

Arkeologiske bevis finnes det flere av, fra hulemalerier fra det første århundre i Sinai til skjelettene av mer enn 700 hunder fra det femte århundre før Kristus som er oppdaget sør for Tel Aviv. Da Jesus og Moses, i hver sin epoke, vendte hodene mot lyden av hunder som bjeffet, var det Kanaan-hunden de så.

Les heile artikkelen

I artikkelen blir desse hundane kalla “hellige hunder”. Det er det ingen grunn til. Eit dyr blir ikkje heilagt av å bli nemnt i Bibelen. Men Aftenposten sin saklege informasjon om Kanaan-hunden og andre “bibelske dyr” er sjølvsagt interessant frå denne bloggen sitt perspektiv.

I ein faktaboks seier avisa følgjande om rasen:

Kanaan-hunden er blitt anerkjent som Israels nasjonalrase.

Den ble lenge betraktet som en bastard, en blandingshund, inntil en østerriksk biolog kom til Palestina i 1930-årene og lette etter en hund som kunne gjøre tjeneste i de fremtidige jødiske forsvarsstyrker.

Rudolphina Menzel identifiserte den som en innfødt rase, og ga hunden navn etter det bibelske landet Kanaan

Hundar er nemnt fleire stadar både i GT og NT, for eksempel i denne forteljinga som står i Matteusevangeliet:

Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. 22 Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» 23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» 24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» 25 Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» 26 Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» 27 «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» 28 Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.

(Matt 15,21-28)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: