Den litle bibelen

Notat til søndagens tekst: Joh 3,11-16

Søndagens tekst inneheld den best kjente setninga i Bibelen. Bibelverset Joh 3,16 er kalla Den litle bibelen / Den vesle bibelen (eller om du heller vil ha det på bokmål: Den lille bibel). Eg kjenner ikkje til kven som først gav bibelverset dette namnet. Er det nokon som kan hjelpa meg med dette? Slik er den berømte setninga:

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Evangeliet etter Johannes, kapittel 3, vers 16)

Det er mange sentrale bibelske tankar som er med i denne setninga: Guds kjærleik, Jesus som Guds Son, trua si tyding og håpet om evig liv. Med andre ord: Tru, håp og kjærleik. Så det kan godt forsvarast å sjå dette som eit samandrag av heile Bibelen. Likevel: Bibelen er jo mykje meir enn dette!

Setninga blei i 2014 kåra til årets “mest populære” bibelvers på nettet:

Elles inneheld teksten også anna interessant stoff:

Orda kjem i ein undervisande samtale mellom Jesus og Nikodemus (hebraisk: Naqdimon). Les meir i eit tidlegare notat: Nikodemus.

Jesus trekker linja tilbake til den gamle jødiske forteljinga om Moses og koparslangen i ørkenen. Han brukar dette som eit bilde på korfor han som Menneskesonen (ein tittel Jesus ofte brukte om seg sjølv), skulle bli “løfta opp” på ei stong / ein påle / eit kors / ein kross:

Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

Og her er forteljinga om Moses frå 4. Mosebok, kapittel 21, vers 6-9:

Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.  7 Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.  8 Då sa Herren til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.» Moses laga ein koparslange og sette han på stonga. Og når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva.

Men altså: Er det nokon som kjenner bakgrunnen for omgrepet “Den litle bibelen”?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: