Tænkepauser i ferien

14/07/2017

sp_rgsm_l

I går sat eg på strandpromenaden i Villajoyosa og hadde ein siste filosofisk «tenkepause» før eg reiste heim frå ferien. Temaet var spørsmål. Kor mange spørsmål stiller eg i løpet av ein dag? Og korfor spør eg eigentleg? Er det alltid for å bli klokare? Finst det spørsmål som eg ikkje forventar svar på, – eller som rett og slett ikkje kan besvarast?

Tidlegare i sommar oppdaga eg den danske bokserien Tænkepauser. Serien består av små hefte på 60 sider om svært ulike tema, utgitt av Aarhus Universitet. Dyktige forskarar skriv lett tilgjengeleg og kortfatta om spesialfelta sine. Det blir gitt ut ei ny bok kvar månad. Foreløpig har det kome 50 titlar, eg kjøpte i første omgang fem av dei.

Den siste dagen i Villajoyosa blei det til at eg sat med ein kopp kaffi og las i boka om spørsmål. Eg las eit avsnitt om dei mange spørsmåla eit barn kan stilla og om koss me som vaksne reagerer på desse spørsmåla. Dagen før hadde eg lese kapittelet Det første spørgsmål, der filosofen går tilbake til forteljinga om syndefallet i Første Mosebok og blant anna skriv om samanhengen mellom svar og ansvar. Tidlegare i ferien har eg lese ei teologihistorisk bok om reformasjonen og ei psykologibok om livshistoriene våre. Men husk, kvar av dei var på bare 60 sider!

«Formatet er småt, men tankerne er store», skriv forlaget. Den foreløpig siste boka i serien handlar om velferd (utgitt juni 2017). Til hausten kjem det bøker om smerte, humor, valg og karma. Og som sagt, serien inneheld allereie 50 titlar.

Vanskeligheden ved å anmelde de fine små bøger i Tænkepauser-serien er, at man presses til bestandigt at finde nye og varierende ord for sin begejstring (Henrik Dahl i Weekendeavisen).

Les meir på tænkepauser.dk. Bøkene finst også som lydbøker og ebøker.

Advertisements

Monumentet på Hattins horn

04/07/2017

Heilage stadar bør bli vist respekt av alle menneske, uavhengig av religion. I særleg grad gjeld dette kyrkjer, synagogar, moskear og andre gudshus. Men eg syns også at andre og mindre monument bør få stå i fred. Det er naturleg for meg å respektera andre religionar sine heilage stadar. Og eg forventar som kristen tilsvarande respekt tilbake.

Det var derfor ein skuffelse å koma til det kristne monumentet ved Hattins horn då eg gjekk fottur på Jesus trail i mai 2017. Eg hadde ikkje vore på staden sidan hausten 2013. Staden var blitt endra på desse åra ved at det var sett opp eit nytt monument, ein svart stein som etter mitt skjøn ikkje passa inn i terrenget slik det gamle monumentet gjorde. Mi vurdering av dette er likevel uvesentleg. Det som gjorde meg trist var at det var gjort grovt hærverk på det nye monumentet, slik at all tekst var uleseleg.

Det er truleg brukt vinkelslipar eller liknande for å gjera teksten uleseleg. Eg syns det er veldig trist at nokon kan gjera noko slikt. Eg veit ikkje kven som har gjort dette og vil ikkje spekulera i kven det kan ha vore.

Eg har tidlegare skrive om staden i notatet Jesus på fjellet Hattins horn? Her er det bilde av det gamle monumentet (tatt i 2012). I dette notatet skriv eg om tidlegare teoriar om at det var her Jesus heldt bergpreika. Eg har også med nokre sitat frå litteratur knytt til staden og til temaet. La meg med ein gong ta med at for meg blir dette spekulasjon. Eg syns likevel det er interessant at kristne har knytt Jesus til staden.

Då eg skreiv dette tidlegare notatet, kjende eg ikkje historia til staden. Det viser seg at det er ei internasjonal pinsekyrkje som i 1962 sette opp det første monumentet og som i 2014 erstatta dette med eit nytt. Informasjonen om dette har eg funne på nettsida Israel and You. Nettsida har bilde både av det gamle og det nye (før det blei vandalisert) monumentet. Denne kyrkja lokaliserer visstnok framleis Jesu bergpreike til denne staden, slik det for 100 år sidan var meir vanleg å tenka.

Det er sikkert ulike meiningar om slike monument skal få stå i ein nasjonalpark. Og det kan sikkert også diskuterast om eit slikt monument treng reknast som «ein heilag stad». Eg meiner likevel at ein skal respektera eit religiøst monument og la det få stå i fred, på same måte som eg meiner at kyrkjer, synagogar og moskear skal visast respekt, jfr Universal Code of Conduct on Holy Sites:

The Universal Code maps out a practical code of conduct and policy for sacred places worldwide, aiming to improve the protection of holy sites and promote inter-religious reconciliation. Completed in 2011 after a three-year development process, the Universal Code is now endorsed by senior religious leaders from over ten faiths and numerous religious institutions. Field projects implementing the Universal Code in local contexts are being implemented in several countries around the world.

Les meir


Feriebesøk i Fjellerup kirke

02/07/2017

IMG_0061.jpgDet er utruleg mange gamle kyrkjer i Danmark. Eg har nyleg kome heim frå ein god familieferie i Fjellerup. Dermed blei det litt tilfeldig Fjellerup kirke eg fann fram til og fekk gjort meg kjent med. Men den er nok ein god representant for dei mange bygdekyrkjene på Jylland.

Fjellerup ligg på nordsida av Djursland, halvøya eg som barn lærte å kalla nasen på Jylland. Det viser seg at danskene sjølv framleis brukar dette uttrykket. Eit anna uttrykk eg såg i ein turistbrosjyre, var Det vildeste Danmark. Djursland er eit vakkert landskap, men vilt er nok ikkje eit ord eg som nordmann hadde kome på å bruka!

Det var dessverre ikkje gudsteneste i kyrkja den veka eg var i Fjellerup. Men eg var på kyrkjebesøk og det var fint å koma åleine inn i stilla i den gamle kyrkja. Allereie i våpenhuset forstod eg at det var godt lagt til rette for bruk av det heilage rommet. Der blei eg møtt av denne inviterande teksten:

Fjellerup kirke er ei historisk kyrkje frå mellomalderen:

Det meste af kirken, kor og en del af den østlige fløj, er bygget omkring år 1200, den store kirkebyggingstid i Danmark, et kvaderarbejde (en kvader er en tilhugget, firkantet blok som regel i granit anvendt til ydermure) udført med spidshammer og håndkraft af egnens bønder. (…) Kirken er senere udvidet mod vest med groft murværk. I det sydvestlige hjørne ses kæmpestore kampesten, nogle af grundstenene rager nogle steder langt ind i kirkerummet. Endnu senere er våbenhus og tårn bygget til af munkesten og rå granit (frå brosjyren Fjellerup 2017. Byen ved skov og strand).

Kyrkja er lang og låg. Dei neste bilda viser kyrkjeskipet, altarpartiet og døypefonten. Altartavla er eit nyare maleri frå kyrkja si restaurering i 1959, med tema frå Luk 24,30-31 om då Jesus synte seg for Emmaus-vandrarane.

IMG_0060

Fjellerup kirke. Foto: Arne Berge 2017

IMG_4337.jpg

IMG_4338.jpg

Eit særtrekk ved dansk kyrkjeliv er at det heilt sidan 1868 har vore høve til å danna «valgmenigheder» innanfor folkekyrkja. Så vidt eg veit har så ulike grupperingar som grundtvigianarar, indremisjonsfolk og karismatikarar, nytta seg av denne retten. Det viste seg at dette var tilfellet her i Fjellerup; både sognemenigheden og ein valgmenighed med tilknyting til Indre Mission har gudstenester i kyrkja.

Eg blei glad då eg oppdaga at den flotte kyrkja står open på dagtid. Det er imponerande at eit så lite sokn (ca 700 fastbuande) maktar å halda kyrkja open slik at det heilage rommet kan brukast både av fastbuande og ferierande. Eg håper den blir mykje brukt!


%d bloggarar likar dette: