Hyrdebrev frå biskopen 2005

Biskopen vår, Ernst Baasland, sendte denne veka ut hyrdebrev til kyrkjelydane i Stavanger bispedøme. Det er i dag blitt lese opp i gudstenestene i alle kyrkjene. Eg syns han har eit viktig budskap til oss på denne første dagen i det nye kyrkjeåret. Det dreier seg om å gjera året som kjem til eit nådeår. … Hald fram med å lese «Hyrdebrev frå biskopen 2005»

Biskopen vår, Ernst Baasland, sendte denne veka ut hyrdebrev til kyrkjelydane i Stavanger bispedøme. Det er i dag blitt lese opp i gudstenestene i alle kyrkjene. Eg syns han har eit viktig budskap til oss på denne første dagen i det nye kyrkjeåret. Det dreier seg om å gjera året som kjem til eit nådeår.

Les biskopen sitt hyrdebrev under «Continue reading …»

Hald fram med å lese «Hyrdebrev frå biskopen 2005»

Advent

I dag har me funne fram den sjuarma lysestaken og adventsstjerna til å ha i vinduet. Me skal tenna dei i kveld før me går til sengs, – og så skal dei lysa i vekene framover! Og i dagane som kjem, vil det koma ulike formar for adventspreg i heimen vår. Me finn ikkje fram … Hald fram med å lese «Advent»

I dag har me funne fram den sjuarma lysestaken og adventsstjerna til å ha i vinduet. Me skal tenna dei i kveld før me går til sengs, – og så skal dei lysa i vekene framover! Og i dagane som kjem, vil det koma ulike formar for adventspreg i heimen vår.

Me finn ikkje fram julepynten ennå, sjølvsagt, men det går då verkeleg an å pynta til advent! Lilla er fargen for adventstida. Me tenner lys, me har adventskalender, me finn fram englane frå julepynten (dei får vera med saman med den lilla adventspynten) og me finn fram CD’ar med julemusikk.

Adventsstaken med fire lys er ein viktig del av dette. Hos oss tenner me den kvar dag, hos andre gjer dei det kvar sundag fram mot jul. Uansett koss ein gjer dette; ennå er det bare det eine lyset som får brenna.

Nokre av adventstradisjonane våre startar ikkje før 1. desember. Det er sjølvsagt fordi dei er basert på ei nedtelling over 24 dagar. For min eigen del satsar eg også i år på å lesa Jostein Gaarder si bok Julemysteriet på den måten; eitt kapittel kvar dag i 24 dagar. Denne boka fascinerer meg framleis, fleire år etter at me sist hadde høgtlesing av den her i huset.

For meg er advent ei viktig og ei flott tid. Fordi den har eit viktig innhald knytt til Jesus. Og dette gir igjen mange gode ringverknadar, som det at folk blir opptatt av å tenna lys i mørkret, av å skapa fellesskap og varme.

Det er mange flotte adventssongar. Ein av dei seier rett og slett: "Hvert adventslys skal minne om / at Jesus, lysets Herre, kom." (Svein Ellingsen: Mens frost og vintermørke rår, Norsk Salmebok nr 23). Så enkelt kan det seiast!

Ordet advent kjem frå det latinske Adventus Domini og dette betyr Herrens kome. Språkleg sett seier altså ikkje ordet oss noko om å venta, men om å koma. Og det er Jesu kome det dreier seg om. I kyrkjeleg samanheng seier me at det er tre perspektiv på Jesu kome til oss: Han kom ein gong (då han blei født i Betlehem), han kjem til oss i dag og han skal ein gong koma igjen i herlegdom.

Hollywood Onnai

26.11.2005: I går kveld var eg på revy på Undheim, der ungdomsgruppa i Undheim Revyteater framførte årets revy: Hollywood Onnai. Det var ein kjekk kveld. Mykje god song, musikk og dans! Eg syns regissør Iren Førland og gjengen hennar har gjort ein kjempegod jobb. Spesielt kjekt er det jo fordi eg kjenner mange av dei … Hald fram med å lese «Hollywood Onnai»

26.11.2005: I går kveld var eg på revy på Undheim, der ungdomsgruppa i Undheim Revyteater framførte årets revy: Hollywood Onnai. Det var ein kjekk kveld. Mykje god song, musikk og dans! Eg syns regissør Iren Førland og gjengen hennar har gjort ein kjempegod jobb. Spesielt kjekt er det jo fordi eg kjenner mange av dei unge som deltar, anten fordi eg har hatt dei som konfirmantar eller fordi dei er nære venner husets unge familiemedlemar. Stå på, Harald og Eirik og resten av gjengen! Dokke» e» go’e!

Pitabrød

25.11.2005: I dag hadde me pitabrød til middagen vår. Det er i og for seg ikkje noko uvanleg i det berg’ske hus. Etter at familien budde i Jerusalem eit par månadar for nokre år sidan, har både unge og gamle eit spesielt og godt forhold til desse brøda. Det som fanga interessa mi spesielt då … Hald fram med å lese «Pitabrød»

25.11.2005: I dag hadde me pitabrød til middagen vår. Det er i og for seg ikkje noko uvanleg i det berg’ske hus. Etter at familien budde i Jerusalem eit par månadar for nokre år sidan, har både unge og gamle eit spesielt og godt forhold til desse brøda.

Det som fanga interessa mi spesielt då eg laga middagen i dag, var teksten som stod på Pitabrød-pakken Eldorado* frå NorgesGruppen:

«Vi må til det gamle Midt-Østen for mer enn 3000 år tilbake for å finne pitabrødets opprinnelse. Gjennom århundrer har pitabrødet blitt spist på kontinent etter kontinent, for så å ende opp slik vi kjenner det i dag.»

3000 år tilbake i tida i Midt-Austen. Kor er me då i historia? Jo, det var tida då kongane David og Salomo regjerte i Jerusalem. David regjerte ca 1000-965 f. Kr. og Salomo ca 965-926 f. Kr.

Pitabrøda fører oss altså tilbake til den bibelske historie, for ikkje å seia til den bibelske kvardag. Desse brødet er nok det næraste me i dag kjem dei brøda dei åt, dei personane som me kjenner frå GT og NT. Ja, for dette var nok også brødet på Jesu og dei første kristne si tid.

(* Med tanke på at gamle speidarkameratar frå 25. Stavanger KFUM si glanstid på 1970-talet kan koma til å lesa dette, kan eg ikkje unnlata å presisera at eg godt huskar kva ordet Eldorado betydde for oss: Den gedigne to-seters utedoen på speidarhytta Baroniet, der den eine dotønna heitte Eldo og den andre heitte Rado)

Kyrkjeåret

Har du tenkt over at me som lever i ein kultur prega av kristendomen, har to kalendrar som går parallellt? I tillegg til kalenderåret, følgjer me også kyrkjeåret med sine høgtider og årstider. Det er i denne samanhengen ord som advent og jul høyrer heime.

Eg er glad for at kyrkjeåret vekslar mellom ulike søndagar, høgtider og periodar. Det er med og gir året innhald. Det blir på ein måte som med kalenderåret; me er heldige som har ulike årstider. Sjølv om eg ikkje ville vore utan hausten, er eg glad det ikkje er haust heile året!

Kyrkjeåret sitt utgangspunkt er feiringa av søndagen. Dette går heilt tilbake til dei første kristne. Dei begynte å samlast på den første dagen i veka, søndagen, som var dagen då Jesus stod opp frå dei døde. Dei feira altså på ein måte påske kvar veke.

Sidan vaks det fram eit kyrkjeår der kvar søndag og kvar heilagdag har sitt eige namn og sitt spesielle innhald. Den som følgjer med på dette, får setja seg inn i ulike sider ved den kristne trua og ved Jesus, han som er hovudpersonen i den kristne trua.

Kvar søndag og kvar heilagdag har sine bibeltekstar. Vil du finna ut kva som er neste søndags tekstar? Sjå her.

Hovudinndeling av kyrkjeåret

  • Adventstida
  • Jul
  • Openberringstida
  • Fastetida
  • Påsketida
  • Pinse
  • Treeiningstida

Liturgiske fargar

Ut frå innhaldet har dei ulike tidene og dagane i kyrkjeåret sin farge. I vår tradisjon er det vanleg å nytta fire ulike liturgiske fargar; kvit, lilla, rød og grøn. Fargane kan forklarast slik: Kvitt (eller gyllent) er fargen til Kristus-høgtidene, festen og gleda. Lilla (eigentleg: fiolett) er fargen for førebuing, bot og sorg. Rødt er fargen for Anden og Kyrkja, blodet og martyriet sin farge. Grønt er den nøytrale og fargen for vekst. Den blir nytta i dei tidene i kyrkjeåret som ikkje klart er knytt til dei andre fargene.

Verkar dette ukjent? Vel, alle veit at lilla er fargen for adventstida. Og at gult (eigentleg kvitt) er fargen for påske. I kyrkjene blir dei liturgiske fargene nytta heile året, bl a på stola og messehakel som er delar av prestedrakta, og på preikestolklede og andre kyrkjetekstilar i dei kyrkjene som har det.

Koss skal me forstå kyrkjeåret?

Tore Kopperud (som eg hadde som lærar i liturgikk då eg tok praktisk-teologisk seminar på MF) skriv i boka På vandring gjennom kirkeåret at han ser på kyrkjeåret som eit pedagogisk hjelpemiddel: «Talen om kirkeåret er en rent pedagogisk hjelpetanke, båret oppe av et klart teologisk innhold. Denne verdifulle hjelp kan hindre ossfra å falle i subjektivisme, ensidighet og vilkårlighet. Kirkeåret vil verne om Skriftens objektivitet og bidra til at alt Guds ord kommer frem (sml Apg 20,27).»

Det nye(ste) testamentet

Kommentar 22.11.2005: Eg er ikkje blant dei prestane som er skeptiske (jfr oppslag i NRK) til å bruka ei ny og revidert omsetjing av Det nye testamentet! Det har sikkert lesarane av bloggen alt funne ut gjennom det eg har skrive om lanseringa av NT 05. Nå blir forresten NT 05 omtalt og kommentert i … Hald fram med å lese «Det nye(ste) testamentet»

Kommentar 22.11.2005:

Eg er ikkje blant dei prestane som er skeptiske (jfr oppslag i NRK) til å bruka ei ny og revidert omsetjing av Det nye testamentet! Det har sikkert lesarane av bloggen alt funne ut gjennom det eg har skrive om lanseringa av NT 05.

Nå blir forresten NT 05 omtalt og kommentert i omtrent alle medier. Eg vil ikkje her eingong prøva å vera oppdatert på alle desse kommentarane. Men eg vil likevel nemna at Presteforeninga si nettside prest.no er positiv. Heldigvis!

Ein av dei mange interessante omtalane eg har sett, er Jon Kåre Time (frå Bryne!) sitt intervju med forfattaren Hanne Ørstavik i Morgenbladet. Ho har vore korrekturlesar og språkvaskar for Bibelselskapet i prosessen fram mot utgivinga av NT 05, og blir dermed presentert som «Guds korrekturleser». Ho seier bl a at ho syns det var eit stort ansvar å gjera dette, for «NT er en av grunntekstene i vår kultur, og for kristne handler det faktisk om at Gud åpenbarer seg gjennom Ordet. Her. Samtidig kan man si at det å bruke språket alltid er et ansvar som innebærer valg.»

Om du ikkje har kjøpt boka ennå (og det er det vel neppe så mange som har gjort, sidan den ikkje har kome til bokhandlarane før i denne veka), så kan du gå inn på bibelen.no og sjå på teksten der.

Damaris

Damaris er ei spennande nettside som koplar kristen tru og samtidskulturen. Det betyr at her finn du stoff om aktuelle bøker, filmar, fjernsynsseriar, teikneseriar mm. Og det at Damaris koplar det opp mot kristen tru, betyr slett ikkje at nettstaden er negativ til samtidskulturen. Nei, poenget er å sjå etter kva som er bra og … Hald fram med å lese «Damaris»

Damaris er ei spennande nettside som koplar kristen tru og samtidskulturen. Det betyr at her finn du stoff om aktuelle bøker, filmar, fjernsynsseriar, teikneseriar mm. Og det at Damaris koplar det opp mot kristen tru, betyr slett ikkje at nettstaden er negativ til samtidskulturen. Nei, poenget er å sjå etter kva som er bra og kva som ikkje er bra. Her er det mykje å henta for den som har lyst til å ha velbegrunna meiningar om det som er aktuelt i mediebiletet.

Damaris er eit internasjonalt foretak. Damaris Norge er eit nettverk av medarbeidarar over heile landet. Bl a finn du desse lokale bidragsytarane her frå Bryne:

Kanskje det også kan vera av interesse å vita at Damaris har tatt namnet sitt frå ein person i NT? Ho var ei av dei som blei kristne då Paulus møtte sin samtidskultur på Areopagos i Athen. Les meir om dette kulturmøtet her. I Apostelgjerningane 17,34 er dette omtalt slik: "Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios, ein av Areopagos-domarane, og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre."

Månafossen og Mån

Sist sundag var eg på familietur til Månafossen og Mån. Det var ein flott tur opp til Månafossen som har 90 meters høgde og som nå etter alt regnet var utruleg stor. Og ein ikkje mindre flott tur vidare opp til Friluftsgarden Mån. Med det veret me hadde, var det luksus å kunna sitja innandørs i den flotte varmestova med nistepakken og kaffien!

(Dette notatet er skrive i november 2005)

6a00d8341cb87053ef00e54f469c998833-640wi

Eg syns Mån er ein fantastisk plass, med elv og sletter under stupbratte fjellsider, og med Fidjadalen som lokkar innover i fjellet. Dette er eit område eg har mange minne frå. Her reiste eg på turar då eg var tenåring, lenge før turistforening merka løyper i området og friluftsrådet restaurerte den gamle fjellgarden.

Dei lengste og tøffaste turane var nok dei to gongene eg gjekk helgetur frå Eikjeskog i Frafjord til Lysebotn. Det var før vegen mellom Lysebotn og Sirdalen var bygd, og me gjekk då ned til Lysebotn på ein sti som stupte utfor fjellsida omtrent der dagens veg med hårnålssvingar går. På den tida hadde turistforeninga sjølvsagt heller ikkje hytter på Blåfjellenden og ved Langavatn. Det var ein utruleg lang og krevjande tur for ein 14-15 åring, men samtidig noko av det eg verkeleg huskar frå turlivet mitt som tenåring.

Sidan har eg gått mykje i desse fjellområda der turistforeninga nå har bygd hytter og merka løyper. Det er eit fint turområde som ligg lett tilgjengeleg for oss som bur i Sør-Rogaland. Eit heilt spesielt forhold har eg fått til Sandvatn-hytta. Når eg skriv dette, rippar eg forresten opp i det frustrerande forholdet at eg i heile 2005 ikkje har kome meg på tur dit!

Men tilbake til dagsturen sist helg. Det var ein vellukka tur, reint bortsett frå at eg på veg ned frå Mån var uheldig og fekk eit hardt slag i hovudet. Dette førte til smerter i hovud og nakke, som igjen førte til at ”eg skulle ta det med ro ei tid” (les: sjukemelding). Ikkje noko kjekt! Men trass i at eg har kome skada heim frå dei to siste fjellturane mine, meiner eg framleis at det er mykje farlegare å driva med fotball enn med fjellturar!

Danmarks beste kyrkjelege heimeside

Koss kan ein best utnytta Internett som informasjonkanal? Det er det mange som er opptatt av. Også i kyrkjelege kretsar. Den danske avisa Kristelig Dagblad har nyleg hatt ein konkurranse der dei ville kåra Danmarks beste kyrkjelege heimeside. Kanskje me i Den norske kyrkja også kan ha nytte av å sjå på resultatet av den … Hald fram med å lese «Danmarks beste kyrkjelege heimeside»

Kristeligt_dagblad_internettkonkurranse_ Koss kan ein best utnytta Internett som informasjonkanal? Det er det mange som er opptatt av. Også i kyrkjelege kretsar. Den danske avisa Kristelig Dagblad har nyleg hatt ein konkurranse der dei ville kåra Danmarks beste kyrkjelege heimeside. Kanskje me i Den norske kyrkja også kan ha nytte av å sjå på resultatet av den konkurransen?

Vinnaren blei nettsida Folkekirken i Roskilde Stift. I tillegg til å sjå på vinnarsida, kan det vera av interesse å lesa vurderinga til juryen i konkurransen.

Karakteristisk for denne heimesida er at den ”rummer en mangfoldighed af informationer. Den er spændende at gå på opdagelse i og overraskende ved sin alsidighed.  Hjemmesiden formår at nå bredt ud. Ved sin grundige beskrivelse af kirken og dens ritualer åbner den dørene for enhver, der måtte have interesse for at vide mere om Den danske Folkekirke. Her bliver man taget seriøst og hjulpet på vej til at finde svar på de spørgsmål, man måtte have om kirken. Samtidig er den inspirerende og tør være nytænkende.”

Kanskje ikkje våre sider hadde nådd opp i den konkurransen? Likevel: her finn du linkar til Den norske kyrkja sentralt, regionalt og lokalt her på Bryne:

NT 05

I desse dagar blir ei ny utgåve av Det nye testamentet lansert: NT 05. Boka blir gjeve ut samtidig på bokmål og nynorsk. Teksten er alt å finna på http://www.bibelen.no  Frå neste veke blir bøkene til sals hos bokhandlarane. Bibelselskapet reklamerer for den nye utgåva slik: "Ei god omsetjing er blitt enda betre. Nærare grunnteksten. … Hald fram med å lese «NT 05»

I desse dagar blir ei ny utgåve av Det nye testamentet lansert: NT 05. Boka blir gjeve ut samtidig på bokmål og nynorsk. Teksten er alt å finna på www.bibelen.no  Frå neste veke blir bøkene til sals hos bokhandlarane.

Bibelselskapet reklamerer for den nye utgåva slik: "Ei god omsetjing er blitt enda betre. Nærare grunnteksten. Nærare språket vårt. Nærare bileta." Og ut frå det eg har sett og lese, trur eg dei har rett!

I sist veke hadde me som er prestar i Jæren prosti, ein fagdag der me lærte meir om arbeidet som ligg bak NT 05. Me hadde besøk av den teologiske hovudkonsulenten for omsetjingsarbeidet, Gunnar Johnstad. Han er til dagleg førsteamanuensis på Norsk Lærarakademi i Bergen. Han gav oss eit spennande innblikk i dei problemstillingane som ein bibelomsetjar må arbeida grundig med.

Du finn stoff om lanseringa av NT 05 på Bibelselskapets nettside. Her er det linker til mange interessante artiklar om NT og om bibelomsetjing.

For dei som stiller seg spørsmål om korfor Bibelselskapet kjem med ein revisjon av NT nå, anbefaler eg spesielt artikkelen: Hvorfor en ny oversettelse nå?

For dei som er opptatt av diskusjonar om koss NT blei til, vil eg spesielt anbefala følgjande artikkel: Oskar Skarsaune: Det nye testamentets tekst og kanon.

Toleranse

Toleranse blir ofte oppfatta som å meina at alt er like bra. Men eigentleg betyr toleranse å akseptera andre sine meiningar. Det er noko anna! Eg meiner at toleranse (i den siste betydninga) er noko bra. Det dreier seg om dette: Skal du vera tolerant, må du vita kva du sjølv står for og vera … Hald fram med å lese «Toleranse»

Toleranse blir ofte oppfatta som å meina at alt er like bra. Men eigentleg betyr toleranse å akseptera andre sine meiningar. Det er noko anna!

Eg meiner at toleranse (i den siste betydninga) er noko bra. Det dreier seg om dette: Skal du vera tolerant, må du vita kva du sjølv står for og vera trygg på det! Då kan du òg akseptera at andre opplever saka annleis.

Toleranse blei i dag eit tema ved opninga av Kyrkjemøtet 2005. Les meir om dette i artikkelen Toleranse i fokus.

Toleranse i fokus

Thor Bjarne Bore som er leiar i Kyrkjerådet, heldt i dag opningstale på Kyrkjemøtet 2005. Der kom han inn på dette med toleranse. Han kom òg inn på forholdet mellom toleranse og misjon. Eit interessant tema! Hovudtema for Kyrkjemøtet i år er kva det vil seia at Den norske kyrkja er «ei misjonerande kyrkje». Eg … Hald fram med å lese «Toleranse i fokus»

Thor Bjarne Bore som er leiar i Kyrkjerådet, heldt i dag opningstale på Kyrkjemøtet 2005. Der kom han inn på dette med toleranse. Han kom òg inn på forholdet mellom toleranse og misjon. Eit interessant tema! Hovudtema for Kyrkjemøtet i år er kva det vil seia at Den norske kyrkja er «ei misjonerande kyrkje».

Eg tar med eit par avsnitt frå Thor Bjarne Bore sin tale:

«Den populære oppfatningen av toleranse – at ingen bør holde seg med ”intolerante standpunkter”, altså standpunkter som flertallet kan ha noe imot – vil i virkeligheten føre til at alle må beklippe sine syn, slik at de ikke støter noen. Alle pålegger seg selv, og dermed andre, en flertalls-sensur.
For kirken vil det være en trussel mot egen eksistens. Det budskap som er oss gitt, kan ikke underkastes noe flertallsvotum., Det er ikke garantert mot å vekke anstøt, og skal det lyde i sin bredde, må det også være med krav på universell gyldighet, for det ligger i sakens karakter: Det er et budskap fra Skaper til skapning, derfor må det gjelde alle. At ikke alle opplever det slik, det er den smertelige situasjon vi lever i, i splittelsens og fallets verden.

Toleranse vil i den sammenheng si at budskapet får lyde, men at det aldri må settes makt bak det. Men beklipper man budskapet, svikter man både toleransen og budskapet. Det er jo nettopp derfor vi trenger toleransen: for at alle skal få ytre seg i full bredde, med hele sin oppfatning.»

Bore held fram:

«Av samme grunn blir det galt å spille misjon og toleranse ut mot hverandre. Toleransen må tåle at budskap som gjør krav på universell sannhet, forkynnes. Bare da kan toleransen bli satt på prøve. Og bare da kan budskapet utfoldes i sin bredde. Men til gjengjeld må det ikke stilles en makt bak budskapet som forhindrer motsigelse, debatt og helt andre oppfatninger. Flere krav på å være sannhet må få leve side om side. Løsningen på det dilemma som ligger i forholdet mellom toleranse og pretensjoner om noe allmenngyldig, ligger i at man ikke løser dilemmaet. Lager man et kompromiss – litt mindre ambisjoner med budskapet, og litt mindre enn total toleranse – så blir resultatet ingen av delene: Ingen klare posisjoner, men heller ingen reell toleranse. Da får vi lett et flertallsdiktatur, der innholdet blir en slags trendenes stadig skiftende ti på topp.

Misjon kan i stedet bli en virkelig prøvestein på toleransen, også fordi man ikke kan vite hvordan det kristne budskap vil ta form i en ny kontekst. Det er en del av inkarnasjonen at evangeliet skal forkynnes på alle tungemål, og det vil også si at det virkelig finnes en kristendom på norsk – eller riktigere: det finnes flere kristendomsformer på norsk – en annen på japansk og en tredje på amhari – og det skal være slik. Det samme resonnementet kan gjøres gjeldende i forholdet til kultur. Den tradisjonelt lavkirkelige motstanden mot kultur, som har mistet mye av sin makt også blant lekfolket i våre dager, var ikke en kristendom uten kultur, men en kristendom som tok avstand fra en bestemt type urban kultur, kanskje også en overklassens kultur. I stedet ville man ha en lekfolkets kultur, preget av alvor og nødvendighet.»

Fangar fann gamal kyrkje

Det er ikkje kvar dag det kjem stort oppslag om eit arkelogisk funn på førstesida i ei dagsavis. I går skjedde det, og eg med mine (litt spesielle?) interesser sette mest morgonkaffien fast i halsen då eg las om funnet av det som kan vera ei kyrkje frå 200-talet. Ikkje nok med at dette i … Hald fram med å lese «Fangar fann gamal kyrkje»

Det er ikkje kvar dag det kjem stort oppslag om eit arkelogisk funn på førstesida i ei dagsavis. I går skjedde det, og eg med mine (litt spesielle?) interesser sette mest morgonkaffien fast i halsen då eg las om funnet av det som kan vera ei kyrkje frå 200-talet.

Ikkje nok med at dette i så fall er veldig interessant for kyrkjehistorisk og arkeologisk forsking. Sjølve historia om koss restane etter den gamle kyrkja kom for dagen, er jo også fascinerande! Eg saksar litt frå artikkelen i Vårt Land:

"Razilo var ein av 60 fangar som vart sett til å grave ut tomta til påbygg av Megiddo-fengselet nord i Israel. Stor var overraskinga då han og medfangane fann mosaikk med bilete av det gamle kristne symbolet fisken og tekstar som kan kaste nytt lys over nattverdfeiringa i den tidlegaste kristne kyrkja.

Israelske arkeologar trur dei har funne restar av ei kristen kyrkje bygd allereie på 200-talet, fleire tiår før keisar Konstantin innførde kristendommen som statsreligion i det bysantiske imperiet.
– Det er ein svært gammal konstruksjon, kanskje den eldste i Det heilage landet, seier sjefarkeolog Yotam Tefer, ifølgje Kristeligt Dagblad."

Den norske forskaren Torleif Elgvin uttaler i ein kommentar til Vårt Land 08.11 at kyrkja, viss dette stemmer, er ei av dei tre eldste kyrkjene som er gravde ut. Dei to andre finn me i Akaba i Jordan og i Dura Europos i Syria.

Meir stoff om funnet:

Ichtys

6a00d8341cb87053ef00e54f5994a38834-640wi

Det aller eldste kristne symbolet er nok ikkje eit kors, men ein fisk! Bakgrunnen for at fisken kunne bli eit symbol på det å vera kristen, finn me i det greske språket som var det internasjonale språket i det første hundreåret e. Kr.

Det greske ordet som betyr fisk, ICHTYS, er sett saman av første bokstav i orda «Jesus Kristus Guds Son Frelsar» på gresk: Iesous CHristos Theou (H)Yios Soter.

Dei første kristne brukte, i periodar med forfølging i Romarriket, fisken som hemmeleg teikn for å gje seg til kjenne for kvarandre.

I dei arkeologiske utgravingane i Efesos har ein funne denne figuren som igjen er ein kode for ordet Ichtys. I sirkelen kan du finna alle bokstavane i ordet, og når dei teikna dette, trong dei heller ikkje teikna fisken!

07 Efesos. Ichtyssymbol i gata
Ichtyssymbol, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Fisken brukes òg i vår tid som kristent symbol. Blant anna blir det brukt som klistremerke på bilar. Då er det eit teikn på at eigaren av bilen er kristen!

Johannes i Efesos

Frå Johannesbasilikaen, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Tradisjonen seier at apostelen Johannes var ein viktig leiar for dei kristne i Efesos mot slutten av det første hundreåret. Dersom dette stemmer, er det naturleg å tenka at han kom til byen i tida rundt katastrofen i år 70 då Jerusalem blei øydelagt av romarane og dei kristne blei spreidde rundt omkring.

Det er vidare vanleg å rekna med at Johannes blei forvist frå Efesos til Patmos ca år 95 under den romerske keisar Domitian (keisar 81-96). Dette er då bakgrunnen for orda i Johannes Openberring: «Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.» (Op 1,9).

Då keisar Domitian blei drept i 96, kunne Johannes ifølge denne tradisjonen koma tilbake til kyrkjelyden sin i Efesos.

Dei skrifta i NT som er knytt til Johannes, har truleg blitt til i Efesos og på Patmos. Dette gjeld Johannesevangeliet, tre Johannesbrev og Johannes openberring. Men det er mange teoriar om forfattarspørsmålet til desse fem skrifta. Er dei skrivne av same person, og er dette i så fall apostelen Johannes? Eg tenker at dei anten er skrivne av apostelen eller av personar som har blitt prega av forkynninga hans.

Me veit sjølvsagt ikkje om apostelen verkeleg levde så lenge som til omkring år 100. Den store og imponerande Johannesbasilikaen blei bygd på 500-talet på staden der tradisjonen seier at Johannes blei gravlagt.

Johannesbasilikaen ligg på høgda Ayasoluk, namnet er ei tyrkisk form av Ayos Theologos (den heilage teologen) som igjen er den ortodokse kyrkja sitt æresnamn på Johannes. Kyrkja blei bygd av keisar Justinian (527-565) då det bysantinske riket var på høgda av si makt, over ei eldre og mindre kyrkje frå 300-talet. Kyrkjeruinen er restaurert i nyare tid og grava er nå markert med ei minneplate sentralt i kyrkja, der hovudaltaret ein gong stod.

Det finst lokale tradisjonar om at Johannes kom til Efesos allereie ca 42. Dette er gjengjeve i enkelte tyrkiske guidebøker som om det var historiske facts. Dersom dette er korrekt, var Johannes der før Paulus første gong dreiv misjon i byen! Korfor er då ikkje Johannes nemnt i Apg 18-20 som er det avsnittet som fortel om Paulus si verksemd i Efesos?

Desse lokale tradisjonane legg også stor vekt på at Jesu mor Maria kom til Efesos saman med Johannes. Dette blir knytt til at Johannes fekk ansvar for henne etter korsfestinga (Joh 19,25-27). Men det er òg sterke tradisjonar knytt til Marias død i Jerusalem. Eg trur den mest sannsynlege teorien er den at Johannes kom til Efesos omkring år 70, og at Maria døde i Jerusalem før dette.

Oppdatering 2020: Teorien om at Johannes kom tidleg til Efesos saman med Jomfru Maria, er også formidla gjennom offentleg informasjon i Johannesbasilikaen. Dette bildet er frå september 2019:

IMG_1421
Informasjonstavle i Johannesbasilikaen, Efesos. Foto: Arne Berge 2019

Paulus i Efesos

Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005
Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Paulus var i Efesos i to periodar på 50-talet. Han var misjonær der, og forkynte trua på Jesus blant folket i byen.

Den siste gongen Paulus forlot byen, var det under dramatiske omstendigheter. Det var nærast opprør i byen fordi Paulus blei oppfatta som ein trussel for det berømte Artemistempelet i byen. Det store teateret som låg midt i Efesos blei sentrum for bråket, eit teater som hadde plass til ca 25.000 menneske (sjå biletet)! Stemninga var så opprørsk at Paulus sine disiplar var redde for han og fekk forhindra at han gjekk inn i folkemassen. Du kan lesa heile historia om dette i ei levande skildring i Apg 19,23 ff.

Då dette skjedde, var det alt etablert ei kristen forsamling i byen. I Apostelgjerningane står det at Paulus, før han reiste frå byen, samla dei kristne og sette mot i dei (Apg 20,1). Det kunne nok trengast etter dei dramatiske hendingane. Seinare vaks kyrkja i Efesos, og byen blei i dei neste generasjonane ein viktig by for den kristne trua.

Men kva veit me om Paulus sitt misjonsarbeid i byen før problema tårna seg opp med uro i teateret?
Paulus kom første gongen til Efesos ca år 52. Han var då ute på ei lengre reise med utgangspunkt i Antiokia. Denne reisen varte i fleire år. Paulus var på veg frå Hellas til Jerusalem då han stoppa ei tid i Efesos. Han kom tilbake eit par år etter, og då blei han verande i 2-3 år i byen. I denne perioden etablerte Paulus seg som misjonær i Efesos, og det vaks fram ein kristen kyrkjelyd i byen.

På denne tida var det mange religionar som var representerte i storbyen Efesos. Blant anna budde det mange jødar der. Trua på Jesus blei ennå ikkje sett på som ein eigen religion, den blei meir sett på som ei av fleire retningar innan jødedomen.

Paulus gjekk alltid først til synagogen når han kom til ein stad der det var jødisk befolkning (og det var det i svært mange byar i Romarriket). Han ville koma i kontakt med folk og presentera budskapet om at Jesus var den Messias som var lova i GT. Saman med jødane trefte han då òg andre menneske som trudde på Israels Gud, eller ”dei gudfryktige heidningar” som dei ofte blir kalla. Dette var heidningar som på ein eller annan måte var knytt til jødane og til synagogen. Nokre av dei var vel det me i dag kunne kalla sympatisørar. Andre var direkte tilhengarar av jødane si gudstru. Desse var ei viktig målgruppe for Paulus sin misjon.

Paulus sitt første besøk i Efesos varte ikkje lenge. Folk i synagogen ville ha han til å stoppa lenger, men han hadde det travelt med å koma vidare. «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil», sa han (Apg 18,21).

I ettertid er det ikkje vanskeleg å sjå at dette var noko Gud ville, for Paulus kom tilbake og Efesos blei eit av dei viktigaste utgangspunkta for Paulus si misjonsverksemd utover på 50-talet.

Neste gong han kom til byen blei han buande i byen i to-tre år i perioden 54-56 (Apg 19). Dei første månadane underviste han med utgangspunkt i synagogen, men som så mange stadar blei det strid omkring han. Nokre ville høyra på budskapet han kom med, mens andre avviste trua på Jesus. Paulus flytta derfor verksemda si over til Tyrannusskulen. Verken synagogen eller denne skulen er lokalisert i dei arkeologiske utgravingane (ennå). Kva slags skule dette var, veit heller ikkje forskarane noko om.

Det blir fortalt at Paulus hadde samtalar i Tyrannusskulen kvar dag i to år. Her utrusta han dei som kom til tru, så dei sjølve kunne vera vitne om Jesus. Me kan gjerne lett tenkja at Lukas overdriver, når han skriver i Apostelgjerningane at resultatet av Paulus si verksemd i Tyrannusskulen var at «alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord». Men ordet Asia betydde på den tida den romerske provinsen der Efesos var hovudstad, ikkje verdsdelen Asia som me tenkjer på. Og me har verkeleg vitnesbyrd i NT om at Paulus si verksemd spreidde seg utover i regionen rundt Efesos. Historia om Epafras er eit eksempel på det. Han blei ein kristen leiar i heimtraktene sine i Lykosdalen, i byane Hierapolis, Laodikea og Kolossæ som ligg snaut 20 mil aust for Efesos (Kol 4,12-13).

I den moderne byen Selcuk, dagens Efesos, er det for øvrig ein evangelisk kyrkjelyd med ein bibelskule som heiter Tyrannusskulen!

Oppdatering 2020: Eg har skrive fleire nye notat om Efesos etter nytt besøk på staden i 2019. Sjå oversikt i notatet Dei sju byane i Johannes openberring.

På New Age – festival i Israel

Nei, eg har ikkje vore på New Age – festival i Israel. Men eg syns det er flott å lesa om kristne ungdomar som driv misjon på slike festivalar nå i 2005. Der kjem det mange unge jødar som er søkjer etter sanninga i ulike nyreligiøse retningar, og så blir dei møtt av andre unge … Hald fram med å lese «På New Age – festival i Israel»

Nei, eg har ikkje vore på New Age – festival i Israel. Men eg syns det er flott å lesa om kristne ungdomar som driv misjon på slike festivalar nå i 2005. Der kjem det mange unge jødar som er søkjer etter sanninga i ulike nyreligiøse retningar, og så blir dei møtt av andre unge som kan fortelja dei om Jesus. Dei fleste jødar i Israel har bare ein overflatisk (og ofte forvrengt) kjennskap til Jesus og den kristne trua, viss dei då har nokon kjennskap til dette i det heile tatt. Derfor har Israelsmisjonen både ei spennande og ei viktig teneste med å dela evangeliet med det jødiske folket.

Det er ein samanheng mellom den misjonen desse ungdomane er med på og den misjonen som Paulus og medarbeidarane hans dreiv blant jødar og grekarar i Efesos ca år 50!