Himmelfartskapellet på Oljeberget

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

I dag (17. mai 2007) er det Kristi Himmelfarsdag, ein heilagdag som for dei fleste her i Norge truleg har forsvunne i skuggen av feiringa av nasjonaldagen.

I fjor skreiv eg på denne dagen om kva det betyr at Jesus “fór opp til himmlen” (her). I år vil eg skriva litt om Himmelfartskapellet på det høgaste punktet på Oljeberget (biletet) i Jerusalem.

Eigentleg er det nok meir korrekt å nytta namnet Himmelfartsmoskéen. Den vesle kristne kyrkja blei nemleg gjort om til ein muslimsk moske for drøyt 800 år sidan, etter at Saladin hadde vunne over korsfararane. Eg har vore innom staden ein gong. Bygningen som står der, er verken imponerande eller spesielt fin. Men staden er likevel interessant på grunn av tradisjonen som plasserer Jesu himmelfart her.

Her er eit par viktige bibeltekstar:

Så førte han dei ut av byen mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud. (Luk 24,50-53)

Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. (…) Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna. (Apg 1,9-12)

Den danske avisa Kristeligt Dagblad har i dag ein artikkel som fortel at kristne frå fleire av dei kristne trussamfunna i Jerusalem i dag feirer Kristi Himmelfartsdag ved den muslimske heilagdomen.

På en almindelig dag er Himmelfartskapellet en forladt og nærmest kedelig bygning, sammenlignet med andre af Jerusalems helligdomme. Men på Kristi himmelfartsdag forvandler kristne fra fem forskellige kirkesamfund stedet til et farverigt centrum for fejringen af Kristi himmelfart.

Medlemmer af menighederne fra den armenske, græske, syriske, etiopiske og koptiske kirke kommer til Himmelfartskapellet med store telte, der hver især udgør menighedens improviserede kirke på det hellige sted.

Men den glædelige stemning er ofte kortvarig, og endda til tider blandet med bitterhed og vold. Ligesom kristne på almindelige dage skal betale for at gå ind i kapellet, forlanger de muslimske wakf-myndigheder i Jerusalem ofte store summer for at leje stedet ud til de forskellige kirker på den hellige dag.

– Ikke mange kristne i Europa er klar over de detaljer, siger dr. Petra Heldt, der bor i Jerusalem, og som forsker i de tidlige kirkers periode. Ved enkelte højtider er det sågar kommet så vidt, at muslimer har angrebet kristne med sten, fordi kirkerne nægtede at betale det, de betegner som overpris for leje af Himmelfartskapellet, siger hun.

Litt meir historie om staden for den som er historisk interessert:

Dei første kristne i Jerusalem feira himmelfarten i ei grotte som ligg nær Himmelfartskapellet. I åra etter 325 blei det bygd tre store kyrkjer over viktige stadar i Jesu liv: Fødselskyrkja over grotta i Betlehem, Gravkyrkja over Jesu grav og Eleonakyrkja over grotta som blei knytt til himmelfarten. Men Eleonakyrkja blei ganske snart knytt til Jesu undervisning på Oljeberget, og alt på 300-talet blei himmelfarten meir knytt til Imbomon, det høgare punktet litt nord for kyrkja.

Pilegrimen Egeria som besøkte Jerusalem i 381-384, skriv om desse stadane, og andre kjelder viser at den første kyrkja på staden var bygd ca 390. Dette var ei kyrkje utan tak, interessant med tanke på at kyrkja var bygd til minne om Jesu himmelfart! Denne kyrkja blei seinare øydelagt. Korsfararane bygde det nåverande kapellet ca 1150, og det var denne bygningen som blei gjort om til moské av Saladin på slutten av 1100-talet.

Restane etter Eleonakyrkja med grotta står også framleis og er ein del av den moderne Fadervårkyrkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: