Over Pyreneane i godt ver

Ein flott etappe på pilegrimsvandringa

IMG_0845 (1)
Inger på veg oppover i det grøne landskapet i Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019

Det blir ingen pilegrimstur i Spania i år. Men eg har rikeleg med bilde og andre minne frå turen i fjor, også stoff som eg hittil ikkje har skrive om her på bloggen.

I desse dagane er det eit år sidan Inger og eg gjekk over Pyreneane i juli 2019. Dette var eitt av høgdepunkta på pilegrimsturen sist sommar. Men det blei likevel ikkje at eg skreiv om denne strekninga på bloggen. Eg prioriterte å skriva om vandringa fram til Saint-Jean-Pied-de-Port, som langt færre pilegrimar får med seg, og så innhenta sikkert kvardagen meg. Nå tar eg fram igjen desse minna.

For oss var det å koma fram til den gamle pilegrimsbyen ved foten av Pyreneane, avslutninga på ei ca 75 mil lang vandring i Frankrike, fordelt over fire feriar. Les om vandringa i Frankrike i notatet Pilegrimsvegen Via Podiensis.

Men turen gjekk altså vidare, over Pyreneane og inn i Spania. Me heldt fram eit par dagsetappar i Spania før me reiste heim.

Det kjem fleire bilde frå turen over fjellet lenger nede i notatet.

Veret kan vera mildt sagt skiftande i desse fjella. Me var heldige og hadde ein flott tur med behageleg temperatur og god sikt. Det vil seia, det var i høgda me kan kalla temperaturen behageleg. I låglandet var temperaturen uvanleg høg.

Pilegrimsvegane går normalt ikkje til fjells. Som pilegrimar held me oss meir der folk bur og i kulturlandskapet. Me er ofte innom landsbyar, av og til innom større byar. Men så hender det sjølvsagt at naturen krev at me må over fjellparti for å koma vidare mot målet. For dei som går dei lange løypene mot Santiago de Compostela frå denne delen av Frankrike, er turen over Pyreneane ein slik fjellovergang.

Løypa me gjekk, blir kalla Napoleonsruta. Rett og slett fordi Napoleon skal ha brukt denne ruta over fjellet under felttoget mot Spania og Portugal på begynnelsen av 1800-talet.

Napoleonsruta går frå Saint-Jean-Pied-de-Port (180 moh) i Frankrike til Roncesvalles (900 moh) i Spania. Det høgaste punktet på løypa er 1429 moh. Dette er i dag den vanlegaste ruta å gå for dei som går denne pilegrimsvegen. Men det finst også eit alternativ i Valcarlosruta.

Me hadde høyrt mykje om kor hard fjellovergangen skulle vera. Opplevinga er nok ganske veravhengig, og me var som sagt heldige.

Me hadde dessutan planlagt turen slik at me tok den første delen av stigninga på ettermiddagen dagen før me skulle heilt over fjella. Dei fleste pilegrimane overnattar i Saint-Jean. Me hadde heller berekna å ha lunch der og hadde bestilt overnatting på eit gjestehus i landsbyen Honto, eit stykke oppe i bakkane. Det var ei god løysing. For oss blei turen over Pyreneane ein flott etappe på pilegrimsvegen!

Me tok oss god tid i den historiske pilegrimsbyen Saint-Jean. Byen har ca 1500 innbyggarar og den har pilegrimskontor, sportsbutikk, kyrkje og mange restaurantar. Altså alt det me kunne trenga for ein lang pause før fjellovergangen.

På ettermiddagen gjekk me opp bakkane til overnattingsstaden Ferme Ithurburia. Dette var ein flott stad med nydeleg utsikt tilbake mot det franske landskapet der me hadde gått i dei siste dagane.

Ferme Ithurburia, Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019
Utsikt frå Ferme Ithurburia. Foto: Arne Berge 2019

Neste dag starta me tidleg på morgonen, og det gjekk bratt oppover på smale gardsvegar omkransa av blomar og dyr. Etter ei stund kom me til Orisson. Der ligg det siste herberget på vegen til fjells. Her hadde eg sjølvsagt kaffi.

Morgonstemning i Orisson, Pyreneane. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Vidare følgde me vegar og stigar til fjells i ein heilt fantastisk natur!

Over oss såg me ofte store fuglar som såg ut som ørn. Ein medvandrar fortalde at det var gribbar (åtselgribb/egyptisk gribb) og at dei har eit vingespenn på 170 cm! Me syns dei store fuglane var eit flott syn!

Elles såg me helst husdyr på beite, først og fremst saueflokker. Og sidan Inger har eit nært forhold til sauer og det er lettare å få tatt gode bilde av sauene enn av gribbane, kjem det her eit par sauebilde.

Saueflokk i Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019

«Markene kler seg med sauer …» (Sal 65,14). Eg syns dette poetiske uttrykket frå Salmane i Det gamle testamentet passar veldig godt til bildet over. Den gamle salmen handlar elles om mykje meir enn sauer. Den er ein lovsong til Gud for alle velsigningane i naturen, først og fremst for vatnet si store tyding. Og vatn er det mykje av i Pyreneane; det er derfor fjella er så grønkledde.

Det neste sauebildet viser koss sauene gjekk på beite, også langs vegen.

Frå Pyreneane. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Men som pilegrim har eg vanlegvis meir kontakt med menneske enn med dyr. Ei viktig side ved slike turar er å vera open for nye menneske. På pilegrimsvegen er det lett å koma i kontakt med andre som er på vandring. Det er eit internasjonalt miljø, folk har ofte felles interesser og er positivt interesserte til meir enn overfladisk kontakt. Denne dagen blei me kjent med Marco frå Brasil. Me hadde følge med han ein del av dagen, gjekk og prata saman, hadde fleire pauser saman, blant anna ved ein varebil som fungerer som salsbod langt oppe i fjellheimen.

Denne bilen som mest dagleg står parkert oppe i fjellet, hadde me høyrt om på førehand. Pilegrimskontoret i Saint-Jean fortalde om den, men sa at me ikkje kunne stola på at den ville vera der. Det heile er visst avhengig av éin mann som køyrer opp frå bygda og sel frukt og drikke til pilegrimane som passerer. Ein populær pauseplass!

Det er mange kristne symbol og markeringar langs pilegrimsvegen. Først og fremst er me ofte innom kyrkjer og kapell. Me ser også ofte ulike kors som er sett opp langs løypa. Og av og til passerer me andre typar monument, som Jomfruen av Orisson som står her i Pyreneane. Kyrkjer er det sjølvsagt lite av på fjellovergangen, men denne Mariaskulpturen står der, langt over 1000 moh. Den er visstnok frakta hit den lange vegen frå Lourdes.

Jomfruen av Orisson. Foto: Arne Berge 2019

Det neste bildet er tatt enda lenger oppe. På dette tidspunktet trudde me at me hadde nådd toppen. Det viste seg likevel at det ennå var eit stykke igjen til det høgaste punktet. Me var framleis i Frankrike. Og heile tida let me oss fascinera av dei grøne fjella.

Frå Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019

Riksgrensa er ved Rolandskjelda. Grensa er mest ikkje markert, og faktisk oppdaga me ikkje at me hadde kome inn i Spania, før me hadde passert. Me hadde vore for opptatt med å drikka vatn!

Då me kom fram til sjølve toppunktet, Col Lopoeder på 1429 moh, opna verkeleg det spanske landskapet seg for oss.

Col Lopoeder, 1429 moh.

Herfrå er det 500 meter bratt nedstigning i skog. Det er to vegar å gå. Me gjekk den brattaste. Kjem eg nokon gong tilbake til desse fjella, og det ville ikkje vera meg i mot, så vil eg gå den andre løypa ned til Roncesvalles! Den er ikkje så bratt og det er også den som blir anbefalt frå pilegrimskontoret.

Skjelvande i beina kom me utpå ettermiddagen fram til Roncesvalles. Dette er ein historisk landsby som ligg ganske for seg sjølve inne i store skogar, ca 900 moh. Her er det spisestadar, kyrkjer, museum og klosterhotell. Eg trur det er få som bur fast i landsbyen, for det er meir vanlege bustadar i den vesle byen Burguete som ligg 3 km unna. Der er det også fleire overnattingsstadar. Me passerte denne byen på vandringa neste morgon.

Kulturhistorisk sett er Roncesvalles (fransk: Roncevaux) knytt til den berømte tradisjonen om Roland, som var Karl den stores hærførar på 700-talet og som fall i eit slag i dette området i 778. Den mytiske forteljinga om heltemotet hans har blitt ein del av den europeiske litteraturkanon gjennom diktet Rolandskvadet.

Me hadde ei svært god overnatting i Roncesvalles, på hotellet som framleis er relativt nyinnreia i bygningane etter eit gamalt og stort kloster. Tidlegare budde pilegrimane her i ein stor sal med 100 senger! Det var dette overnattingstidbodet som blei skildra i filmen The Way (2010), som har handlinga si frå ei pilegrimsvandring til Santiago de Compostela.

Klosterhotellet i Roncesvalles. Foto: Arne Berge 2019

Pilegrimsvegen Via Podiensis i Frankrike

Pilegrimsvegen i retning Santiago de Compostela, frå Le Puy-en-Velay til Saint-Jean-Pied-de-Port

Pilegrim, Frankrike 703

Det er mange som går på pilegrimsvandring til Santiago de Compostela. Dei fleste begynner i den franske byen Saint-Jean-Pied-de-Port like ved Pyreneane eller ein stad langs caminoen i Spania. Men det er også eit nett av pilegrimsvegar gjennom Frankrike og for så vidt heile Europa, og mange av desse samlar seg i Saint-Jean-Pied-de-Port der dei går saman i retning den berømte Camino Francés gjennom Nord-Spania til Santiago.

Eg har nyleg avslutta ei etappevis vandring på Via Podiensis, pilegrimsvegen som går frå Le Puy til Saint-Jean. Bildet over er tatt eit tidlegare år nær landsbyen Faycelles. Her er det flott utsikt over Lot-dalen. Turane har gått saman med Inger, kona mi. Me vil gjerne anbefala andre å legga ut på ei lengre pilegrimsvandring, og start gjerne i Le Puy-en-Velay! Om ein ikkje har høve til å ta alt i eitt, er det fullt mogleg å gå turen etappevis slik me gjer det, – og bruka feriar i fleire år på prosjektet.

Dette kartet viser dei viktigaste pilegrimsvegane i Frankrike, frå Paris, Vézelay, Le Puy og Arles (kart: Wikimedia Commons).

573px-Chemins-Saint-Jacques-PM-en-France_fr.svg

Slike turar består av masse friluftsliv, god mat, opne kyrkjer, kaffipauser, kontakt med andre pilegrimar, besøk i mange små landsbyar langs vegen, spennande vertshus og (meir eller mindre) kontakt med vertskapet der me overnattar. Ei lang pilegrimsvandring inneheld sjølvsagt både slit og gode opplevingar, men absolutt mest av det siste. Me syns det er ei herleg form for friluftsliv!

Via Podiensis er ca 740 km lang. Me delte vandringa på 36 dagsetappar på ca 20 km, fordelt på fire feriar. Det opplevdes absolutt som å nå eit foreløpig mål å koma til den flotte pilegrimsbyen Saint-Jean-Pied-de-Port, men det endelege målet er sjølvsagt Santiago de Compostela. Vegen vidare går over Pyreneane og gjennom Nord-Spania. I Saint-Jean var me halvvegs på vegen til Santiago, som er ca 1500 km lang frå Le Puy. Inger og eg fekk også med oss dei første dagsetappane av caminoen i Spania, før me reiste heim for denne gongen.

Det var mange høgdepunkt undervegs, ikkje minst knytt til interessante stadar me overnatta. Sjølv syns eg gamle befesta småbyar er veldig fascinerande, f eks Auvillar og Navarrenx. Vandringa i fjellområdet Massif Central den første veka etter Le Puy var også flott.

Det er mogleg å finna overnattingsstadar i alle standardar, frå enkle pilegrimsherberge (Gîte communal) til hotell. Me har brukt heile spekteret, men overnatta mest på såkalla Chambres d´hôtes, det vil seia små private vertshus. Dette er gjerne gamle hus som er renovert i ein personleg stil. Her kunne me normalt få halvpensjon, og middagen var då ofte saman med vertskapet.

Den mest minneverdige overnattinga var nok heime hos Rose-Marie og Rainer A. Jehle i mellomalderbyen Morlanne. Rainer er tysk kunstnar som har budd lenge i Frankrike. Me var dei einaste gjestane og fekk ein heilaften saman med dette flotte paret. Rainer har eit prosjekt som Inger fekk bli med på; han gir pilegrimane som bur der eit lite kunstverk som han ønsker skal berast synleg på pilegrimsvegen. Derfor kallar han dette med eit smil for ei vandreutstilling! Det han ønsker tilbake, er bilde av kunsten på vegen og helst også ute i naturen på heimstaden vår. Det blei ein del bilde av bildet undervegs, blant anna det som kjem under her. Og etter at me kom heim, har me vore på Orrestranda og tatt bilde av kunsten i sanddynane her på Jæren.

IMG_0673
«Vandreutstilling». Foto: Arne Berge 2019

Her er nokre glimt frå Saint-Jean-Pied-de-Port:

IMG_0785
Jakobsporten inn til Saint-Jean-Pied-de-Port. Foto: Arne Berge 2019

IMG_0789
Av 57.881 registrerte pilegrimar i byen i 2018, kom 196 frå Norge

IMG_0794
Saint-Jean-Pied-de-Port. Foto: Arne Berge 2019

IMG_0288
Kyrkjebesøk i Saint-Jean-Pied-de-Port. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Les om vandringa vidare frå St. Jean i 2019 i notatet Over Pyreneane i godt ver.

Eg har skrive nokre notat frå dei tidlegare turane her på bloggen:

Eitt av mange vakre kapell

IMG_2978.jpg

Kapellet Sainte Germaine de Baradieu er eitt av dei mange flotte kapella me var innom på pilegrimsvandringa i Frankrike. Kapellet ligg ca 10 km før Condom.

Dette kapellet ligg inne i ein skuggefull hage. Det er ein god pauseplass, anten ein er ute etter sol eller skugge. Me hadde fint ver denne dagen, men det var ikkje varmare enn at me syns det var godt å sitja i sola i grasbakken utanfor hagemuren.

Kapellet er visstnok frå 12.-13. hundreår og det er bygd over restar av eit tidlegare kloster som blei øydelagt av normannarane. Det er fint restaurert med mange vakre detaljar både innandørs og utandørs.

IMG_2975.jpg

IMG_2980.jpg

Saman med eit oppslag med ein historisk tekst knytt til staden (dessverre bare på fransk), fann eg denne skissa over kapellet med hage og kyrkjegard.

IMG_2977.jpg

IMG_2979.jpgMe har lært oss at det normalt er vatn å finna på ein kyrkjegard, og her var det som vanleg (heldigvis) merka med Eau Potable – drikkbart vatn.

IMG_2984.jpg

Eg tar med enda eit par av bilda våre frå denne staden. Utanfor hagemuren var det flott med fargerike blomar. Og då me la ut på vandringa vidare, stod eit kors i vegkanten og forkynte lågmælt om Han som er kyrkja sin herre.

IMG_2985.jpg

IMG_2986.jpg

Pilegrim i Le Gers

IMG_2919.jpg

Le Gers er eit landleg og tynt befolka distrikt i sørvest-Frankrike. Her er det mykje jordbruk. Inger og eg gjekk årets etappe av pilegrimsvegen til Santiago de Compostela ved pinsetider, og me brukte snaue seks dagar på å gå gjennom Departement du Gers, frå den vakre landsbyen St. Antoine til småbyen Barcelonne-du-Gers.

The Gers is often referred to as amongst the least densely populated, or most rural, areas in all of Western Europe. (Sitert frå Wikipedia 02.06.2016)

Me las ein stad at den lokale leiinga i Le Gers har lagt ekstra mykje arbeid i å laga gode stigar der pilegrimsruta GR65 følgjer større vegar. Det stemmer! Me har derfor gått relativt lite på asfalt desse dagane. Me sende mang ein venleg tanke til bøndene som har avsett jord til stigen, ofte inne i kanten av åkrar og eng, jfr det første bildet. Håper dei har fått kompensasjon for dette!

Me gjekk gjennom enorme område med vinranker. Her blir det mykje druer seinare i år. Det neste bildet viser litt av ein vingard, med eit gamalt steinkors som stod i vegkanten.

IMG_2987Mange av landsbyane og småbyane var herlege stadar der me gjerne kunne hatt meir tid. Som eksempel viser eg nokre bilde frå St. Antoine, ein flott idyll. Vegen inn i landsbyen gjekk gjennom ein gamal portal.

IMG_2904

Her i St. Antoine hadde me lang pause med den gode kombinasjonen kyrkjebesøk og kafebesøk. Me sikra oss påfyll og nye krefter med mat, kaffi, kald drikke og nokre pinsetankar frå Henrik Syse si bok Med andakt.

IMG_2905Rundt oss låg det gamle og flotte hus, som dette på det neste bildet.

IMG_2907Overnattingsstadane våre låg i landsbyar og småbyar som alle var mindre enn Bryne. Dei viktigaste småbyane var Lectoure, Condom, Eauze og Nogaro. Då me kom fram til Aire-sur-l´Adour der denne etappen av vandringa vår slutta, var me også så vidt komne ut av Le Gers.

Departement du Gers, eller Le Gers, er merka av på dette Frankrikekartet. Som du ser, nærmar me oss Pyreneane og Spania. Det er bare litt meir enn ei vekes vandring igjen. Den turen blir tidlegast neste år. Men eg har framleis meir å fortelja frå årets etappe på pilegrimsvegen. Det kjem derfor meir ein annan dag 🙂

 

Gers-Position.svg

Kart: Wikipedia

Historisk sus i Auvillar

La Halle, Auvillar. Foto: Arne Berge 2016
La Halle, Auvillar. Foto: Arne Berge 2016

Eg blei veldig begeistra for den historiske småbyen Auvillar som ligg på ei høgde over Garonne-elva. Staden presenterer seg som ein gamal oksitansk handelsby. I dag har den ca 1000 innbyggjarar, tidlegare har den vore større.

Her var det mykje å sjå. Heldigvis kom me fram tidleg på ettermiddagen etter ein relativt kort dagsetappe på pilegrimsvandringa vår.

Den historiske juvelen i byen er utan tvil den sirkulære torghallen frå første halvdel av 1800-talet. Hallen står sentralt på eit torg som er forma som eit triangel, Place de la Halle. Dei gamle bygningane har fine arkadar ut mot plassen. Sjølve torghallen er omkransa av 20 søyler som skal vera i toscansk stil. Eg syns det er vakkert!

Hallen har vore ein stad for kornhandel. Den inneheld framleis gamle mengdemål for denne handelen; mål i stein frå mellomalderen og i metall frå tida då hallen blei bygd. Guideboka seier at sjølve bygningen er frå mellomalderen. Det er ikkje korrekt. Men det skal tidlegare ha stått ein eldre rektangulær torghall på staden, og den kan eventuelt ha vore så gamal.

IMG_2881

Me budde på vertshuset Le Baladin på Place de la Halle. Den gamle bygningen var heilt overgrodd av eføy. Innreiinga hadde mange spesielle og stilfulle detaljar. Det mest originale var nok spisesalen, som var utsmykka med gamle gjenstandar, mange av dei montert opp-ned på veggar og i taket. I eit hjørne hang det for eksempel eit piano ned frå taket. Den gamle gardintrappa som blei brukt som skostativ for skitne tursko i entreen, var ikkje dum, den heller.

Studer bilda under og bli i godt humør!

IMG_2888

IMG_2883

Det gamle huset på det neste bildet, ligg i bakken opp til torget frå hamna nede ved Garonne-elva. Eg syns slike hus er flotte å sjå på og blir imponert over koss mange hus er tatt vare på.

IMG_2860

Slik kunne eg ha halde fram med fleire bilde, for eksempel av kyrkja, klokketårnet og utsiktspunktet i byen. Det får halda med dette. Men eg kan jo til sist nemna at byen er stolt av å vera heimstad for trubaduren Marcabru (ca 1110-1150). Han er blant anna kjent for å ha forfatta nokre av dei eldste pastoralar som finst. Det er  mykje og interessant kulturhistorie å finna langs pilegrimsvegen!

Auvillar er med i organisasjonen Les Plus Beaux Villages de France (dei vakraste landsbyane i Frankrike). Me har på tidlegare etappar på pilegrimsvegen også vore innom nokre andre av dei 153 landsbyane i organisasjonen.

Langs Canal des Deux Mers

IMG_2846

Den første dagen av pilegrimsvandringa vår, gjekk me lenge langs den vakre Canal des Deux Mers. Her kan ein reisa med båt frå Middelhavet til Atlantarhavet, på eit system av elvar og kanalar som er bundne saman.

Kanalen frå Middelhavet til Garonne-elva ved Toulouse heiter Canal du Midi og blei bygd på 1600-talet. Den strekninga me gjekk langs, er nyare og den følgjer stort sett sett Garonne i retning mot Bordeaux nær Altantarhavet. Namnet Canal du Midi blir også brukt om heile kanalsystemet frå Middelhavet til Atlantarhavet, altså synonymt med Canal des Deux Mers.

CanalDuMidi map

Kart: Wikimedia Commons

Me følgte kanalen i ca 13 km vestover frå Moissac, ein liten by som ligg ved den grønne delen av kanalen på kartet. Turvegen langs kanalen var dessverre stort sett asfaltert, men me syns det var fint å gå her likevel. Det skjedde også heile tida noko på kanalen. På det neste bildet ser me på ein båt som ventar på å koma gjennom slusene. Det var mange blomsterkasser på denne båten, og mens dei venta her, gjekk mannen i land og plukka roser til kona.

IMG_2842

Den merka løypa GR 65 forlet kanalen nokre km og gjekk i eit kupert skogsterreng eit stykke unna. Men me fekk tips frå vertshuseigaren i Moissac om at dei fleste pilegrimane følgte kanalen også denne strekninga. Guideboka The Way of Saint James la også opp til at me burde gå slik.

Då me kom til landsbyen Malause, tok me ein liten avstikkar inn til sentrum for å kjøpa mat. Me har funne ut at plassen utanfor kyrkja er «sentrum» i franske landsbyar, så det er bare å peila seg inn på kyrkjetårnet. Her fann me heldigvis ein open landhandel og kjøpte brød og ost. Bildet viser kyrkjetårnet og krusifikset utanfor kyrkja.

IMG_2844

Me passerte fleire små slusar. Det siste bildet viser slusa ved Pommevic, rett før me skulle svinga av og forlata kanalen. Etter dette gjekk løypa sørvestover mot den historiske byen Auvillar, der me skulle overnatta.

IMG_2849

 

Pilegrim i Frankrike, pinsen 2016

IMG_2942

Eg har kome heim frå ein ny etappe med pilegrimsvandring i Frankrike saman med Inger. Me har nå gått dei første 580 km av 1500 km på Vegen til Santiago de Compostella, – eller for å seia det på fransk: Le Chemin de Saint Jacques de Compostelle. Dette året gjekk me sju dagsetappar frå Moissac til Aire-sur-l`Adour, tilsaman ca 170 km. Neste år passerer me kanskje Pyreneane og dermed grensa til Spania.

Ein slik tur består av masse friluftsliv, god mat, kontakt med andre pilegrimar, besøk i opne kyrkjer langs vegen, mange kaffipausar, spennande vertshus og (meir eller mindre) kontakt med vertskapet der me overnatta. Det er ei herleg form for ferie!

Bildet er frå landsbyen Castet-Arrouy ca 10 km før Lectoure. Her var det sett fram kaffi til passerande pilegrimar utanfor eit Gîte (herberge). Skjellet som heng på veggen, er symbol på pilegrimsvegen til Santiago de Compostella.

Eg har skrive små dagboksnotat undervegs. Nokre av desse vil eg bruka som grunnlag for notat her på bloggen i tida som kjem. Eg syns eg har opplevd mykje som er verdt å ta vare på og å dela med andre.

Det har også blitt god tid til å lesa. Me hadde med oss kvar vår roman. I tillegg hadde me med oss Henrik Syse si bok Med andakt. Tekster for mot, håp og tro i hverdagen. Her skriv han nokre fine tekstar om pinsehøgtida. Han legg vekt på at pinsen handlar om Guds nærvær, og det både på gode og vonde dagar.

Ei pilegrimsvandring blir ofte samanlikna med livet sjølv. For på ein slik tur er naturleg nok nokre dagar lette og andre tyngre. Det har både med terrenget og med veret å gjera, og sjølvsagt med kor lange dagsetappar me har planlagt.

Eg er nå i ganske god form etter ei ulukke i august i fjor. Det er eg takknemleg og glad for. Det har derfor vore ekstra godt å kjenna på at eg kunne gjennomføra ein slik tur enda ein gong.

Oppdatering: Her er det eg har skrive på bloggen om pilegrimsvandringa i Frankrike:

Pont Valentré i Cahors

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2014, del 2

The finest fortified bridge in Europe. Slik blir Pont Valentré omtalt i guideboka eg brukar på den franske delen av pilegrimsvegen til Santiago. Sjølv har eg ikkje så stort samanlikningsgrunnlag, men eg kan skriva under på at eg syns denne brua er flott!

Brua over Lot-elva er eit historisk monument, og blir i dag sjølvsagt bare brukt som gangbru. Den blei bygd i perioden 1308-1378, men har vore open for bruk frå 1350.

Inger og eg har dei siste par åra vore innom Cahors tre gonger. I fjor ferierte me der eit par dagar etter at me hadde avslutta vandringa. Då fekk me oppleva fyrverkeri frå brua seint om kvelden på den franske nasjonaldagen. Det var ein stilig plass å ha fyrverkeri!

I år var me igjen innom byen på veg til Cajarc, der me skulle starta å gå. Og så, etter tre dagsmarsjar av årets etappe, gjekk me ein tidleg morgon pilegrimsvegen gjennom sentrum av byen (der me nå følte oss rimeleg godt kjent) og vidare over den gamle brua frå mellomalderen.

Eg tar med nokre bilde frå staden.

Pont Valentré, Cahors. Foto: Arne Berge 2014
Pont Valentré, Cahors. Foto: Arne Berge 2014

Utsikt frå Pont Valentré, Cahors. Foto: Arne Berge 2013
Utsikt frå Pont Valentré, Cahors. Foto: Arne Berge 2013

Pont Valentré, Cahors. Foto: Arne Berge 14.07.2013
Pont Valentré, Cahors. Foto: Arne Berge 14.07.2013

Pont Valentré, Cahors. Foto: Arne Berge 14.07.2013
Pont Valentré, Cahors. Foto: Arne Berge 14.07.2013

Pont Valentré, Cahors. Foto: Inger Bakke Berge 2014
Pont Valentré, Cahors. Foto: Inger Bakke Berge 2014

Vidare i retning Santiago

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2014, del 1

Inger og eg har kome heim frå årets etappe på det store pilegrimsprosjektet vårt. Me fortsatte der me slutta i fjor og gjekk seks dagsetappar vidare på pilegrimsvegen til Santiago de Compostella. Me har nå gått over 400 km av dei ca 1500 km frå Le Puy i Frankrike til Santiago i Spania. Det har vore ein herleg ferie. Me har hatt mange flotte naturopplevingar langs vegar og stigar, har hatt gode pauser, sett mange fine kapell og kyrkjer, og hatt godt fellesskap med medvandrarar som me kom i kontakt med undervegs. Kvar overnattingsstad har sitt preg, – og nokre av dei har utsøkt kvalitet!

Meir frå turen: Pont Valentré i Cahors

Her er notat frå vandringa i fjor: Pilegrim i Frankrike

IMG_5176 IMG_5132 IMG_3208

Språk-muséet i Figeac

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 5

Musée ChampollionOvernattingsstaden var normalt det me først oppsøkte, når me kom til målet for dagsetappane på pilegrimsvandringa. I Figeac var dette annleis. Eg hadde lese om Musée Champollion, og hadde eit sterkt ønske om å få med meg dette før stengetid. Eg fekk meg ein sein og varm ettermiddagstime i muséet, og var godt fornøgd.

Jean-François Champollion (1790-1832) var egyptolog og mannen som greidde å «knekka koden» og forstå hieroglyfane ved hjelp av Rosetta-steinen. Han var frå Figeac, og byen har altså eit flott språkmuseum som tar for seg mange ulike sider ved språkforskning og språkutvikling.

Eg tar med ei oversikt over utstillingsromma med overskrifter frå den engelske museumsguiden:

  • Room 0. Champollion and Egypt
  • Room 1. Mankind, the world and the writing
  • Room 2. The first scripts
  • Room 3. The first scripts
  • Room 4. The invention of the alphabet around the Mediterranean
  • Room 5. The book: the memory of mankind
  • Room 6. Writing, government and the citizen

Musée ChampollionDet var utstillinga om Champollion og Egypt eg var førebudd på å sjå. Men muséet inneheld altså mykje meir. Eg syns f eks at utstillinga om språkutviklinga i Middelhavsområdet var veldig interessant. Her var det også ein del stoff om det hebraiske språket.

Muséet var topp moderne, men omsetjing til engelsk var det dessverre lite av. Hadde eg kunna fransk betre, ville eg hatt meir enn ein time der!

Les meir om pilegrimsvandringa vår her: Pilegrimsvegen Via Podiensis i Frankrike (oppsummerande artikkel skrive i 2019)

Figeac var elles ein vakker og gamal småby med ca 10000 innbyggjarar. Eg tar med eit bilde med kveldsstemning frå byen. Me hadde middag på restauranten med parasollar ved elvebreidda.

Figeac

 

Kristen kultur i vegkanten

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 4

Kors, mellom  Le Puy og  St ChristopheMe passerte utruleg mange kors i vegkanten på pilegrims-vandringa, og me såg på dette som eit konkret og fint uttrykk for gamal kristen kultur. Det var små og store kors, utført i stein, metall eller tre.

Me tok gjerne pause når me kom til desse korsa, i alle fall dei første dagane. Seinare blei me så vant med synet at me ikkje kunne stoppa kvar gong me passerte eit kors.

Eg tar med ein liten bildekavalkade med slike kors. Dei var absolutt med og sette sitt preg på turen.

Det første bildet viser eit av dei første korsa me passerte på veg ut frå Le Puy.

Det neste bildet viser eit kors som står like før landsbyen La Chaze som me passerte om morgonen då me var på veg opp til Aubrac-fjella.
Kors nær La Chaze utanfor Aumont-Aubrac

Det store trekorset på neste bilde stod på veg ned frå Aubrac-fjella. Dette var ein flott utsiktsplass, der me såg utover Lot-dalen. som me skulle ned i. Staden ligg ein snau times vandring etter landsbyen Aubrac.
Kors mellom Aubrac og Belvézet

Kors nær GolinhacI området rundt Golinhac var det spesielt mange kors. Det viste seg at det her var gjennomført eit spesielt prosjekt der gamle kors frå distriktet var flytta og plassert langs GR65, løypa som utgjer pilegrimsvegen.

Bildet til høgre viser eit av desse små korsa som stod meir eller mindre skjult i vegkanten. Me passerte det like før me kom til Golinhac.

Eg avsluttar notatet med eit bilde av korset på den flotte utsiktsplassen like etter landsbyen Faycelles, mellom Figeac og Gréalou. Her var det vid utsikt over Lot-dalen.

Eit herleg syn.

Pilegrim, Frankrike 702

Sjå andre notat frå turen:

1. Pilegrim i Frankrike

2. Startpunktet: Le Puy

3. Kaffi i bollar

4. Kristen kultur i vegkanten

5. Språk-muséet i Figeac

Kaffi i bollar

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 3
Frukost i SauguesFrykta for at eg ikkje skulle få nok kaffi til frukost i Frankrike, var ubegrunna. På herberga der me overnatta, blei morgonkaffien servert i bollar! Dei små koppane med espresso kom fram først seinare på dagen.

Her et eg frukost i Saugues, ein liten by med ca 2000 innbyggjarar, 960 meter over havet og to dagsetappar frå Le Puy. Dei to karane som overnatta same staden som oss, kalla seg ikkje pilegrimar. Dei var frå denne delen av Frankrike og var bare ute på fjelltur på GR65 den helga.

Bildet er tatt på L’Etape, ein overnattingsstad av typen Chambre et table d’hôtes. Her er det enkle og trivelege forhold, og vertinna Christiane og mannen hennar et kvar kveld middag saman med gjestene sine! Middagen me fekk, hadde fem rettar. Det var godt humør og mykje latter rundt bordet. Engelskkunnskapen var ikkje så stor, men den fransk-norske lommeordboka mi blei tatt godt imot, – og me hadde ein flott kveld saman.

Men tilbake til frukosten. Dei sju plastspanna i treskuffa på bordet inneheld sju slag lokalt produsert honning!

Sjå andre notat frå turen:

1.  Pilegrim i Frankrike

2. Startpunktet: Le Puy

3. Kaffi i bollar

4. Kristen kultur i vegkanten

5. Språk-muséet i Figeac

Startpunktet: Le Puy

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 2

Katedralen i Le Puy. Foto: Arne Berge 2013

Det er tidleg morgon. Klokka er sju og me deltar på pilegrimsmessa i katedralen i Le Puy-en-Velay. 30-40 menneske er samla til gudsteneste med velsigning og utsending, mange av oss har allereie fått på oss turutstyret. Ryggsekken står ferdig pakka i benken ved sidan av meg.

Etter gudstenesta inviterer presten oss fram til Jakobsstatuen. Her presenterer me oss. Ei nonne noterer namn og heimstad for den enkelte pilegrimen, og kor langt me har planar om å gå.

Byen er eit pilegrimsmål i seg sjølv. Katolske kristne har kome hit frå gamal tid på grunn av den svarte madonnaen i katedralen. Eg har kome fordi byen er eit kjent utgangspunkt for vandringa mot Santiago de Compostela på GR65, den merka langdistanseløypa som fører pilegrimar og andre vandrarar i retning Pyreneane.

Oppdatering: Sjå notatet Pilegrimsvegen Via Podiensis i Frankrike, som er skrive etter at me nådde Pyreneane.

Me hadde ein heil dag i Le Puy før me starta vandringa. Det var me glade for. Det var mykje å sjå og godt å ha tid. Me gjekk i gamle bygater og fekk eit første inntrykk av den lokale kulturen. Me hadde tid til å «utforska» katedralen før me skulle delta på den tidlege pilegrimsmessa. Me var oppe på utsiktspunkta ved den store Mariaskulpturen og i det gamle Mikaelskapellet. Me var til og med innom eit antikvariat! Der hadde dei eit Norgeskart utgitt i Berlin midt på 1800-talet. Eg motstod såvidt freistinga. Det var ikkje tidspunktet for innkjøp som ikkje direkte kunne relaterast til turen eg skulle ut på.

Me var også innom det nye pilegrimssenteret Le Camino. Her er det bokhandel, pilegrimskafe og utstillingar i eit gamalt hus like ved katedralen. Ein del av utstillingsromma er ferdig renovert, og dette er verkeleg gjort med stil. Me fekk blant anna sjå ein flott «scenografi» over pilegrimsvegen frå Le Puy til Santiago. Senteret og utstillingane er opne på dagtid. På kveldstid har frivillige medarbeidarar med vandrarerfaring uformelle pilegrimstreff  (denne sesongen dagleg kl 1730-1930). Dessverre trefte me ingen medarbeidarar som snakka engelsk her, og språklege vanskar gjorde at me møtte opp då dei skulle stenga kl 1930! Me rakk likevel å få kontakt med ein pilegrim som også skulle ut på vandring dagen etter, og som me seinare hadde (litt) kontakt med.

Chapelle St. Michel d´Aiguilhe. Foto: Arne Berge 2013

Eg syns kanskje Mikaelskapellet (Chapelle St. Michel d’Aiguilhe) frå 900-talet var det mest fascinerande i Le Puy, både fordi det viser koss folk bygde på «umoglege» stadar for over 1000 år sidan, og fordi det historisk er knytt til den eldste kjente pilegrimsturen frå byen til Santiago de Compostela. Dessutan var fjellet kledd med ei utruleg fargeprakt som me ikkje kunne sjå før me kom heilt på nært hald.

Oppdatering: Her er det eg har skrive på bloggen om pilegrimsvandringa i Frankrike:

St Jakobs dag med sorg

St Jakob som pilegrim. Place du Plot i Le Puy-en-Velay

Det er apostelen Jakobs dag i dag, 25. juli 2013. Dette ville normalt vera ein festdag i Santiago de Compostela og sikkert også i pilegrimsmiljøet langs stigane og vegane som fører til byen. I år har det blitt ein sorgens dag på grunn av den tragiske togulukka i byen i går kveld. Feiringa av Jakobs dag er naturleg nok avlyst. I staden er det landesorg i byen og landet. Mange menneske er ramma. Det heile er utruleg trist!

Dagen kan likevel markerast på ein lågmælt måte. Eg tar med ein av dei mange referansane til apostelen langs turen eg har gått i sommar.

Bildet viser St Jakob som pilegrim på ein veggplakett ved Place du Plot i Le Puy-en-Velay. Dette er utgangspunktet for Via Podiensis, ein av dei mange pilegrimsvegane til Santiago de Compostela.

Pilegrim i Frankrike

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 1

Eg har nyleg kome heim frå pilegrimsvandring i Frankrike. Saman med Inger har eg gått dei første 280 km av Chemin de Saint Jacques de Compostelle, frå Le Puy-en-Velay. Me har opplevd mykje og hatt herlege dagar! Bildet er tatt ein av dei siste dagane, nær landsbyen Faycelles. Her er det flott utsikt over Lot-dalen.

Utsikt over Lot-dalen 2013. Foto: Inger Bakke Berge

Dette er noko me har drøymt om å gjera i fleire år. Nå la det seg til rette slik at me kunne begynna på vandringa mot Santiago de Compostela. Spørsmålet var bare kor lang rute me skulle velja. Det ville vera vel langt å starta heimefrå, slik pilegrimane sjølvsagt gjorde det i mellomalderen. Og viss me starta ved Pyreneane, slik mange gjer, var me redde me ville trega etterpå fordi me gjekk glipp av den franske delen av «vegen». Godt påverka av venner som hadde starta i Le Puy, let me derfor denne byen bli utgangspunktet også for oss. Dermed har me begynt på ei vandring som fysisk sett er ca 1500 km lang. Kor mange etappar me kjem til å dela den opp i, anar eg ikkje. Heller ikkje om eg nokon gong kjem fram.

Eg har mange bilder med heim igjen, både dei som er tatt med kamera og dei som bare finst inni meg. Eg satsar på å dela noko av dette med andre her på bloggen i tida framover.

Oppdatering: Her er det eg har skrive på bloggen om pilegrimsvandringa i Frankrike: