Staden Jesus blei dømt?

Er det mogleg å finna staden der Jesus blei dømt? Det skjedde i alle høve innanfor murane i Jerusalem, og desse murane gjekk delvis på same stad som bymurane rundt Gamlebyen går i dag. Dei fleste historikarar vil seia at Pilatus truleg oppheldt seg i slottet som Herodes den store hadde bygd, omtrent på stadenLes meir «Staden Jesus blei dømt?»

Langfredag i Hinna kirke

Nå i den stille veka har eg lyst til å visa fram Victor Sparre sin store glaskunst i Hinna kirke enda ein gong. Les om kunsten her: Victor Sparre: Golgata. Du kan også lesa kunstnaren sin artikkel Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri her: Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke.

Bibelhistorier: Getsemane

Getsemane er eit kjent stadnamn i den bibelske geografien, knytt til Jesus og påsken. Bildet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda. Bibelhistoria om Jesu bønekamp i Getsemane er spesielt knytt til skjærtorsdag: Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane,Les meir «Bibelhistorier: Getsemane»

Hurtado om Megiddo-mosaikken

Professor Larry Hurtado skriv at det er fagleg debatt om dateringa av mosaikken som er funnen i Megiddo. Godt at dei sensasjonsprega avisoppslaga får litt fagleg motstand! Den israelske arkeologen som har hatt ansvar for funnet, meiner mosaikken kan vera frå ca år 230, ei oppsiktsvekkjande tidleg datering med tanke på det tydelege kristne innhaldet.Les meir «Hurtado om Megiddo-mosaikken»

Megiddo-mosaikken skal bli tilgjengeleg

Megiddo-fengselet i Galilea skal avviklast. Dette opnar for at staden kan bli gjort om til ein arkeologisk park. Her er det funne ein stor golvmosaikk som skal vera frå ca år 230, med tekst som omtalar Jesus som Gud. Det var avisa Haaretz som denne veka kom med nyheita om at Megiddo-mosaikken skal bli gjort tilgjengeleg.Les meir «Megiddo-mosaikken skal bli tilgjengeleg»