Restaurering av Jesu grav

16/04/2016

Jesu grav skal restaurerast, – eller faktisk: bli bygd opp på nytt!

Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

“Grava” som det her er snakk om er ein liten bygning, på engelsk omtalt som The Edicule, over og rundt det som måtte vera igjen av den eigentlege grava. The Edicule blei sist bygd opp i 1810 og er altså 200 år gamal. Nå held den på å falla frå kvarandre. Denne våren (mai 2016) blir det sett igang ein stor og sikkert heilt nødvendig restaurering.

Bildet viser inngangen til The Edicule, som ligg inne i Gravkyrkja i Jerusalem, under den største kuppelen i kyrkja. Det engelske ordet kjem frå aedicula, lite hus (latin).

Ecumenical News skriv:

Decades on, historic accord reached on renovation of Jerusalem’s Holy Sepulcher Church

(…)

The renovation will cost $3.4 million, Christian Today reports noting that the monument, dating back to 1810 in its present form, it to be completely rebuilt.

Marble slabs will be taken off and with repairs to the 12th century Crusader shrine beneath and the cracks in the rock-hewn tomb under that, where many Christians believe Jesus was buried, will be filled.
The Greek Orthodox, Armenian Orthodox and Roman Catholic Churches will each pay a third of the cost.

The renovations will carried out National Technical University of Athens team and work will start May 15, expected to last eight months. The complex will remain open throughout this time.

Eg fann restaureringa først omtalt hos Luke Chandler, som viser til ein tilsvarande artikkel i The New York Times.

Sist The Edicule blei reparert, var i 1947 (altså før staten Israel blei oppretta). Då blei den redda av jernband som blei skrudd fast utanpå bygningen. Vakkert er det ikkje!

Gravkyrkja er styrt av fleire kyrkjesamfunn som har strevd med å samarbeida. Dette har ført til stillstand, også når det gjeld vedlikehald. Det er utruleg bra at dei nå har greidd å samarbeida!

51TMGXX6E7L

Eg har hatt glede av boka Martin Biddle: The Tomb of Christ.

Using results of an investigation and a collection of illustrations, this book explores the site of the tomb of Christ in Jerusalem. It examines the site in detail, its appearance, and the destruction’s and rebuilding through the years.

I eit tidlegare notat her på bloggen, har eg oppsummert historia til staden slik:

Ca 10 år etter Jesu død og oppstode blei Jerusalem utvida og Golgata og Jesu grav blei då liggjande innanfor bymurene. Staden blei då uaktuell som gravstad (både rettarstad og gravstad skulle vera utanfor byen). Det var godt kjent blant dei første kristne kor Jesu grav var, og det er ikkje urimeleg å tenkja seg at dei heldt staden heilag og nytta den til f.eks. bønesamlingar. Eg vil likevel presisera at dette veit me ingenting om.

Ca 100 år etter Jesu død og oppstode øydela romarane Jerusalem for andre gong på grunn av eit opprør mot det romerske styret (første gong var i år 70). Denne gongen bestemte dei seg for å gjera endeleg slutt på den jødiske motstandsrørsla. Dei bygde då rett og slett ein ny, romersk by på ruinane av det gamle Jerusalem, og kalla byen Aelia Capitolina. I samband med dette la dei ein heidensk heilagdom på staden der Golgata og Jesu grav var, kanskje for å knusa ei gryande tilbeding der. I 200 år var dermed staden merkt for dei kristne. Dei kunne ikkje nå Jesu grav, men dei visste kor den låg skjult.

Ca 325 blei denne heilagdomen fjerna av dei kristne og dei fann det dei var sikre var Jesu grav. Over dette funnet bygde dei ei imponerande kyrkje i åra etterpå. Kyrkja som me finn der idag, Gravkyrkja, er mykje mindre enn kyrkja frå Konstantins tid. Den nåverande kyrkja blei bygd i korsfarartida over restane av kyrkja frå 300-talet.

I år 1009 blei Gravkyrkja frå 325 øydelagt av kalif Hakim. Men Jesu grav blei, som den sentrale kristne heilagdomen, heldigvis rekonstruert i løpet av få år, mens folk ennå huska koss den hadde sett ut. Det er denne rekonstruerte grava som står i Gravkyrkja i dag.

På 1100-talet bygde korsfararane opp kyrkja igjen, og den kyrkja som står der i dag, er i hovudsak frå den tida.

Gravkyrkja er ei merkeleg kyrkje. Den består av mange og mørke kapell, og er ikkje spesielt imponerande. Men den har likevel ei eiga tiltrekningskraft pga at den rommer Golgataklippa og Jesu grav. Du kan lesa om mi oppleving av å besøkja Gravkyrkja her.

Denne avsluttande historiske skissa om Gravkyrkja er henta frå eit tidlegare notat om staden: Golgata og Jesu grav.

Sjå også notatet Gravkyrkja. Jerusalems 10 på topp #2.


Kaldavad 1972

11/04/2016

Kaldavad 1972

Det var den sommaren eg var 16 år. Eg var på den første verkeleg lange fjellturen min. Bildet er frå Kaldavad i Dyraheio, ca 1000 m.o.h. Me var fire ungdomar som gjekk ei veke i Ryfylkeheiane. Det blei mange slike turar dei følgjande somrane.

Me overnatta stort sett i turistforeningshytter eller i telt. Då me passerte Kaldavad, var me utanfor løypenettet til STF. Me var på veg til den gamle jakthytta på Breiavad. Overnattinga der var den ultimate villmarksopplevinga for oss.

Eg hadde ikkje skikkelege fjellskor. Skorne eg ber i hendene, var tøysko med tjukk gummisåle. Me kalla dei traktorsko på grunn av dei grove spora i sålene.

Eg fann bildet frå Kaldavad under rydding på loftet. Det er eit godt og viktig minne frå fjellturane i ungdomsåra. Desse turane betydde mykje for meg. Og interessa for fjellet har fylgt meg sidan.

Det har skjedd mykje i Dyraheio i åra etter 1972. Kaldavad er nærast tørrlagt. Jakthytta frå 1892 brann ned i 1988, men det er bygd ny hytte på same staden. Og Undeknuthytta, som var målet for dagsetappen etter Breiavad, har nå vore neddemt i Blåsjø i mange år.

Men Ryfylkeheiane er framleis eit fantastisk fjellområde!


Luftskip over Jerusalem

05/04/2016

Det tyske luftskipet Graf Zeppelin var i 1931 på tur med luksusturistar over Jerusalem. Turen var ein dagstur med utgangspunkt i Kairo.

Tom Powers har ein interessant artikkel om besøket: Through the American Colony Lens: GRAF ZEPPELIN OVER JERUSALEM.

Oppdatering 11.04.2016: Det er i dag nøyaktig 85 år sidan luftskipet hang over Gravkyrkja i Jerusalem. Denne dagen var påskeaftan i 1931, og dei som var på tur fekk sjå seremonien med Den heilage elden ovanfrå. Sjå det tidlegare notatet Heilag eld i Gravkyrkja.

Tom Power har også lenker til meir stoff om The American Colony. Eg har tidlegare skrive litt om denne grupperinga her på bloggen: (The American Colony og The American Colony II)

04721v

Bildet er henta frå Library of Congress: Matson (G. Eric and Edith) Photograph Collection.

(via BiblePlaces Blog)

 


%d bloggarar likar dette: