Born som lar lovsongen lyda

Eg ønskjer alle lesarane av bloggen god påske 2014 med dette lovsongsmotivet. Det er er inspirert av hosiannaropa til borna på tempelplassen i Jerusalem den dagen Jesus rei inn i byen på eit esel. Altså den hendinga som har gitt opphavet til vår palmesøndagsfeiring. Borna som dansar og syng er brodert av Inger, kona mi.Les meir «Born som lar lovsongen lyda»

Studietur til Assisi 2014

Assisi er ein herleg liten by i Umbria i Italia. Her er det tronge gater og opne torg, mange kyrkjer og gode restaurantar. Byen er viktig på grunn av éin person: Frans av Assisi. Men denne eine personen er ikkje nokon kven som helst. Sjølv 800 år etter sin død er han ein viktig inspirasjonskjeldeLes meir «Studietur til Assisi 2014»

Charlesworth om Jesu påske

Det finst mykje interessant bakgrunnsstoff for påsken i Bibelen. Vår kristne påskefeiring handlar om Jesu liding, død og oppstode. Men bak dette ligg den jødiske påsken, fridomsfesten som Jesus og disiplane feira. Dette er ikkje to påskefeiringar som bør haldast frå kvarandre. Tvert imot, nettopp når me ser etter samanhengar og kryssreferansar mellom GT ogLes meir «Charlesworth om Jesu påske»

Helsing til kretsmøtet 2014

Kretsårsmøte 6. april 2014 i Israelsmisjonen, Stavanger krets Her er helsinga eg som kretsstyreleiar har skrive til årsmeldinga: Israelsmisjonen sitt kretsstyre er samansett av representantar frå ulike delar av kretsen. Me har ulik erfaring og bakgrunn i arbeidet i organisasjonen. Men me samlest om felles mål og me har gode relasjonar til kvarandre. Eg oppleverLes meir «Helsing til kretsmøtet 2014»